Stortinget - Møte onsdag den 17. april 2013 kl. 10

Dato: 17.04.2013

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 1

Bjørn Lødemel (H) [11:11:01]: «I februar 2013 oppnemnde Miljøverndepartementet medlemar i nasjonalparkstyret for Skarvan og Roltdalen nasjonalpark. I styret er ordførarane frå dei fire kommunane, to representantar for fylkestinga og tre representantar for Sametinget. Det er ingen representantar for grunneigarane eller dei som har bruksrettar i dette området. Dette vitnar om mangel på respekt for privat eigedomsrett.

Kvifor er ikkje grunneigarane og dei med bruksrettar med i nasjonalparkstyret, og kva vil statsråden gjere for å rette opp dette?»

Sigvald Oppebøen Hansen hadde her teke over presidentplassen.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:11:38]: Eg er svært glad for engasjementet knytt til den nye ordninga med lokal forvaltning av verneområda våre. Verneområdestyra har mynde til å forvalte nasjonale og internasjonale verdiar på vegner av oss alle.

Det er viktig at forvaltninga av nasjonalparkane og dei andre store verneområda har legitimitet i lokalsamfunna. Det meiner eg modellen for lokal forvaltning som Stortinget gjekk inn for gjennom handsaminga av Miljøverndepartementet sin budsjettproposisjon i 2009, varetek på ein god måte. Modellen opnar for lokale tilpassingar av samansetninga av styra dersom særskilte høve ligg til grunn. Når eg oppnemner styra, vurderer eg i kvart einskilde høve korleis styret bør setjast saman.

Vi har vore varsame med å gje grunneigarar eller andre brukarinteresser same mynde som folkevalde representantar i forvaltningsstyra. Årsaka til det er at dersom grunneigarar får slik mynde, vil det kunne oppstå spørsmål om habilitet. Forvaltningsstyresmakta er avhengig av å ha tillit i alle interessegrupper.

Det er berre i styra for nasjonalparkane Breheimen og Reinheimen det er medlemar som ikkje er politisk oppnemnde. I Breheimen er Skjåk Almenning representert fordi deira eigardel utgjer over 50 pst. av nasjonalparken. I Reinheimen er Ottadalen villreinutval representert på grunn av villreinen si særleg viktige rolle i denne nasjonalparken.

Eg har gjort ei grundig og konkret vurdering av samansetjinga av styret for Skarvan–Roltdalen. Eg har kome til at det ikkje er tilsvarande særskilte grunnar til at grunneigarane bør vere representerte i det styret.

Når det gjeld samisk representasjon i område med samiske interesser, vil eg vise til at Noreg har godkjent ILO-konvensjon nr. 169. Noreg har gjennom det forplikta seg til å sikre samisk deltaking ved bruk, forvaltning og bevaring av naturressursane i samiske område. Skarvan–Roltdalen er eit slik område. Ved konsultasjon med Sametinget har vi kome til semje om at Sametinget skal peike ut tre representantar i styret for Skarvan–Roltdalen.

Bjørn Lødemel (H) [11:13:37]: Eg takkar for svaret.

Eg så i Nationen den 12. april at statsråden ville sjå på grunneigarane sin representasjon i dette området ein gong til. Det ser eg på som ei positiv opning til å sjå på det, og eg forventar òg at statsråden følgjer opp dei lovnadane som ligg i oppslaget i Nationen. Eg registrerar òg at han seier at argumenta om å ta med grunneigarane er gode.

Vi veit at ein sjettedel av Fastlands-Noreg er verna, og grunneigarane er ikkje representerte i desse vernestyra. Høgre meiner at grunneigarane og folk med bruksrettar står i særstilling med tanke på å vere representerte i nasjonalparkstyra. Respekt for eigedomsretten skapar òg respekt for vern. Grunneigarane og dei som har bruksrettar har forvalta desse områda på ein slik måte at storsamfunnet ser verdien i det, og storsamfunnet ønskjer å verne det. Det skjer med bakgrunn i at grunneigarane forvaltar sine gode på ein god måte.

Ser ikkje statsråden at grunneigaren er i ei særstilling med tanke på å vere med i nasjonalparkstyra?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:14:49]: Spørsmålet om grunneigarrepresentasjon er viktig og vert vurdert kvar enkelt gong. Eg har tenkt å følgje opp det eg varsla etter spørsmålet om det på USS’ årsmøte, og som er omtalt i Nationen, om å sjå nærmare på dei spørsmåla.

Men det som er mitt poeng, er at det er veldig stor forskjell på dei ulike verneområda våre. Når det gjeld verneområdet som meir spesifikt vart teke opp då eg var på landsmøtet i USS, som er omtalt i saka i Nationen og gjeld verneområda ved Trollheimen, er det – viss eg ikkje tek feil – slik at det er ein privat grunneigar som eig så å seie all grunn, iallfall store delar av grunnen, der. Viss vi t.d. ser på Skarvan–Roltdalen, som representanten spør om, er det slik at delen statsgrunn er rundt 70 pst. Det er ein veldig forskjellig situasjon. Det er staten som er den suverent største grunneigaren. Derfor meiner eg at vi i det tilfellet har teke riktig avgjerd om styret.

Bjørn Lødemel (H) [11:15:57]: Eg takkar for svaret.

Då har vi eigentleg fått to svar. Det eine er at ein skal sjå på representasjonen, og det andre er at ein meiner at ein har sett opp det styret på rett måte. Det er ikkje i samsvar med forventninga som er skapt om at ein skal sjå på dette ein gong til.

Høgre meiner at grunneigarrettar, respekt for privat eigedomsrett, tilseier at grunneigaren må inn i eit nasjonalparkstyre. Vi ser at dei representantane som er oppnemnde frå Sametinget, er reineigarar og representantar frå reindriftsnæringa. Det er positivt, men det skapar ein ubalanse når grunneigarane og dei med bruksrettar ikkje er representerte på same tid. Dette kan vere grobotn for konflikt, i staden for at det kan vere grobotn for å skape eit godt samarbeidsklima. Det gjeld konkret i Skarvan–Roltdalen nasjonalpark. Her er det ein ubalanse med tanke på grunneigarinteresser, og statsråden har verkeleg skapt ei forventning om at statsråden vil sjå konkret på den grunneigarrepresentasjonen når det gjeld Skarvan–Roltdalen nasjonalpark.

Vil statsråden sjå på det, og eventuelt når skjer det?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:17:03]: Eg har ikkje skapt nokon forventningar om Skarvan–Roltdalen, det er tvert imot no avklart at eg meiner vi har gjort det rette når det gjeld den nasjonalparken. Så er det grunngjeve kvifor det er riktig der.

Derimot kjem eg til å gjere det eg har sagt eg skal gjere, sjå nærmare på spørsmålet om grunneigarrepresentasjon. Eg har gjeve eit eksempel på ein nasjonalpark der eg heilt klart kan sjå at det er argument, og som er ei grunngjeving for kvifor det kan vere aktuelt å sjå nærmare på. Men det er allereie i dag slik at vi opnar styra kvar for seg. Sidan verneområda våre er veldig ulike, ser styra ganske ulike ut. Derfor finst det styre som i dag, der det er grunneigarrepresentasjon – og eg vil sjå på det spørsmålet på nytt – men ein vil òg finne styre der det ikkje er naturleg, og dette er eit eksempel på det, etter mitt syn.

Når det gjeld representasjon frå Sametinget, er det heimla i ILO-konvensjonen, som eg er oppteken av at det er brei einigheit om i Stortinget, òg frå Høgre.