Forslag fra mindretall

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre og Kristelig Folkeparti:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa setta ned eit offentleg utval som skal gjera ein heilskapleg gjennomgang av det norske eksportkontrollregimet, både regelverket og den forvaltningsmessige sida, for å sikre reell og etterprøvbar etterleving av Stortinget sitt 1959-vedtak og 1997-presisering og av internasjonale forpliktingar. I tillegg skal utvalet vurdera om det er behov for fleire presiseringar, i tråd med norske folkerettslege, humanitærrettslege og menneskerettslege forpliktingar.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringa sørga for å setta i gang ei uavhengig gransking av eksporten av strategiske varer til landa som har vore involvert i Jemen-krigen, med mandat til å undersøka risikoen for at norskproduserte strategiske varer har blitt brukt i Jemen.

Forslag 3

Stortinget ber regjeringa tolka kriterium 2 i Utanriksdepartementet sine retningslinjer for eksportkontroll, om menneskerettssituasjonen i mottakarlanda strengare enn i dag, og sikra at Noreg ikkje eksporterer strategiske varer til regime som er ansvarlege for alvorlege menneskerettsbrot.

Forslag 4

Stortinget ber regjeringa komma tilbake til Stortinget med ei sak som skal sikra at FN sin våpenhandelavtale (ATT) artikkel 6 og 7 blir inkludert i lov eller forskrift.

Forslag 5

Stortinget ber regjeringa greia ut moglegheita for å utvikla kontrollmekanismar som gjer det mogleg å etterkontrollera sluttbrukarerklæringane, til dømes gjennom ein stikkprøvemekanisme, og som blir rapportert på i den årlege stortingsmeldinga om eksport av strategiske varer.

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti og Rødt:
Forslag 6

Stortinget ber regjeringa sørga for ein umiddelbar stans i all eksport av strategiske varer til land som deltek i borgarkrigen i Jemen.

Forslag 7

Stortinget ber regjeringa stansa all eksport av norske strategiske varer til statar der militæret og tryggingsapparatet er instrumentelle i systematiske og alvorlege menneskerettsbrot.

Forslag 8

Stortinget ber regjeringa halda Stortinget fortløpande oppdatert om endringar i eksporten til landa i den Saudi-leia koalisjonen som intervenerer i Jemen, og orientera Stortinget umiddelbart om det skjer endringar i eksporten av strategiske varer til desse landa, på bakgrunn av føre-var-prinsippet om å unngå at norske varer bidreg til folkerettsbrot.

Forslag 9

Stortinget ber regjeringa om at krav om sluttbrukardokumentasjon blir praksis i all eksport av strategiske varer, òg til NATO-land og nære allierte.

Forslag 10

Stortinget ber regjeringa offentleggjera grunngjevingar for avslag på og godkjenning av lisenssøknadar til land utanfor NATO.

Forslag 11

Stortinget ber regjeringa styrka openheita i det norsk eksportkontrollregimet og greia ut moglegheita for å innføra ein liknande praksis som den i Nederland, der parlamentet blir informert offentleg om godkjenning av eksportlisensar over ein viss sum, unntatt til dei nærmaste allierte, med detaljar om vurderinga av kriteria opp mot søknaden innan to veker etter at søknaden er godkjend.

Forslag 12

Stortinget ber regjeringa legga fram eit forslag til endring i eksportkontrollforskrifta som skal sikra at norsk digital overvakningsteknologi ikkje blir eksportert til land kor det er fare for at teknologien blir brukt i strid med menneskerettane.

Forslag 13

Stortinget ber regjeringa styrka førebyggingsarbeidet opp mot potensielle eksportørar av strategiske varer og klargjera overfor selskap som eksporterer strategiske varer, at dei er ansvarlege for å gjera sjølvstendige aktsemdsvurderingar, og rapportera om oppfølginga av dette som ein del av den årlege stortingsmeldinga om eksport av strategiske varer.

Forslag fra Venstre og Kristelig Folkeparti:
Forslag 14

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en oversikt over måter Nederland har økt graden av parlamentarisk kontroll rundt eksport av A- og B-materiell.

Forslag 15

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en oversikt over dagens lisenser for salg av A- og B-materiell og tilfeller der salg av utstyr eller våpen brukes som et ledd i å undertrykke egen befolkning eller bryte folkeretten.

Forslag 16

Stortinget ber regjeringen utrede konsekvensene for næringslivet og effektiv eksportkontroll av å slå sammen listene over A- og B-materiell.

Forslag 17

Stortinget ber regjeringen sikre at eksport av biometrisk overvåkningsteknologi omfattes av norsk eksportkontrolls definisjon av flerbruksvarer.