Søk

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit, frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet, Solveig Horne, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård, frå Venstre, Terje Breivik, og uavhengig representant Ulf Leirstein, viser til at forslaget går ut på å grunnlovfeste at Norge skal ha si eiga pengeeining, alternativt at den norske pengeeininga er ei krone og ei krone er hundre øre.

Komiteen registrerer at forslagsstillarane grunngjev forslaget med at dei ser det som grunnleggjande for ein suveren stat å ha råderett over sitt eige mynt- og pengestell og tek derfor til orde for å gje pengestellet konstitusjonelt vern ved å ta det inn i Grunnlova.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og uavhengig representant Ulf Leirstein, er av den oppfatninga at staten i dag har full sjølvråderett over penge- og myntsystemet, og at ei grunnlovfesting ikkje vil bidra til å styrke dette.

Fleirtalet viser til Stortinget si handsaming av eit tilsvarande forslag i førre stortingssesjon, der fleirtalet viste til at det kunne førekome økonomiske forhold som kunne tilseie at storting, regjering og Norges Bank bør handle raskt for å sikre nasjonen sine interesser, og at ei grunnlovfesting slik det også den gongen var forslag om, kunne gjere handlingsrommet mindre og seinke naudsynte grep frå dei aktuelle aktørane.

Fleirtalet deler denne vurderinga og tilrår på dette grunnlaget at forslaget ikkje vert vedteke.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og uavhengig representant Ulf Leirstein viser til grunngjevinga frå forslagsstillarane om at det å ha ei eiga pengeeining er eit av kjenneteikna ved ein sjølvstendig nasjon. Pengesuverenitet er grunnleggjande viktig for fridom og handlingsrom både i penge- og finanspolitikken. Forslaget om å grunnlovfeste ei føresegn om at Noreg skal ha si eiga pengeeining, saman med grunnlovsføresegna om sentralbanken, understrekar at den norske staten har full sjølvråderett over penge- og myntsystemet og kan bruke det som nasjonalt styringsverkemiddel i økonomiske kriser. Desse medlemene viser til Innst. 260 S (2019–2020) og anbefaler på denne bakgrunnen at alternativ 2a vert vedteke, slik at Grunnlova § 120 a nytt andre ledd skal lyde:

«Noreg skal ha si eiga pengeeining.

Norge skal ha sin egen pengeenhet.»