Innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om Grunnlovsforslag fra Ingrid Heggø, Knut Storberget, Odd Omland, Torgeir Knag Fylkesnes, Geir Pollestad, Martin Kolberg, Gunvor Eldegard, Jette F. Christensen, Abid Q. Raja og Line Henriette Hjemdal om endring i § 112 (om vern av matjordressursene)

Dette dokument

Til Stortinget

Samandrag

Dokument 12:24 (2015–2016), grunnlovsforslag fremmet av Ingrid Heggø, Knut Storberget, Odd Omland, Torgeir Knag Fylkesnes, Geir Pollestad, Martin Kolberg, Gunvor Eldegard, Jette F. Christensen, Abid Q. Raja og Line Henriette Hjemdal, gjelder vern av matjordressursene.

Stortinget vedtok 25. mai 1992 en bestemmelse om miljøvern som § 110 b i Grunnloven. I bestemmelsens første ledd annet punktum het det: «Naturens Ressourcer skulle disponeres ud fra en langsiktig og alsidig Betragtning, der ivaretager denne Ret ogsaa for Efterslægten.» (jf. Dokument nr. 12:15 (1987–1988) og Innst. S nr. 163 (1991–1992)). Vern av matjordressursene var ikke spesifikt nevnt under behandlingen av forslaget. Bestemmelsen ble ved grunnlovsendringene i 2014 videreført som ny § 112.

Forslagsstillerne mener at forvaltningen av det grunnlaget for matproduksjon som matjordressursene representerer, er verdier av en slik langsiktig karakter at de bør bli eksplisitt nevnt i Grunnloven. Det foreslås derfor et tillegg i Grunnloven § 112 første ledd annet punktum om dette.

Etter andre verdenskrig har omdisponeringen av dyrka og dyrkbar jord vært på ca. 1,2 millioner dekar totalt. Det meste av dette er arealer som har vært egnet til matkornproduksjon. I perioden 1994–2003 ble det i gjennomsnitt rapportert en årlig omdisponering på over 11 400 dekar dyrka jordbruksareal. Som følge av dette ble det i 2004 satt et mål om at årlig omdisponering av de mest verdifulle jordressursene skulle halveres innen 2010 (St.meld. nr. 21 (2004–2005)). I praksis innebar dette at årlig omdisponering av dyrka jord måtte komme under 6 000 dekar.

Sammenlignet med perioden fra 1994 til 2003 har det vært en markant nedgang i den årlige omdisponeringen av dyrka jord de siste årene.

De fleste byer og tettsteder i Norge med befolkningsvekst er omkranset av dyrka jord. Mye av den beste jorda ligger derfor der hvor utbyggingspresset er størst. Kombinert med ønsket om en mest mulig samlet utbygging rundt eksisterende byer og tettsteder skaper dette utfordringer i arbeidet med å ivareta jordressursene for fremtiden. Dersom vi ser på de 20 kommunene som har omdisponert mest dyrka jord i løpet av sjuårsperioden 2007–2013, finner vi at disse til sammen omdisponerte 16 869 dekar, noe som utgjør 34 pst. av all omdisponering av dyrka jord i perioden.

Det er omtrent 10 millioner dekar jordbruksareal (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) i drift i Norge i dag. I tillegg har Norge omtrent 12,5 millioner dekar dyrkbar jord egnet for nydyrking. Produksjonspotensialet til den dyrkbare jorda er imidlertid i sum vesentlig mindre enn for dagens jordbruksareal.

Stortinget vedtok den 8. desember 2015 at det årlige målet for omdisponering av dyrka mark skulle settes til 4 000 dekar.

Forslagsstillerne mener matjorda er en så viktig ressurs at den bør nevnes eksplisitt i Grunnlovens bestemmelse om naturressursene.

Forslagsstillerne fremmer følgende forslag:

«§ 112 første ledd annet punktum skal lyde:

Naturens ressurser, herunder matjordressurser, skal disponeres ut fra en langsiktig og allsidig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten.

Naturressursane, medrekna matjordressursane, skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.»

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit, frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari og Ulf Leirstein, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, og frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, syner til Dokument 12:24 (2015–2016) og forslaget om å endre § 112 for å verne matjordressursane.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, vil streke under at matjorda her til lands er ein sårbar, men særs nødvendig ressurs. Store areal med matjord som det tek nokre timar å skubbe vekk med maskinar, tek fleire tusen år å opparbeide. Matjorda me har, legg til rette for matproduksjon, busetjing og sysselsetjing over heile landet. Med andre ord; matjorda har ei særstilling fordi ho i tillegg til å styrkje mattryggleiken vår også er ein viktig premiss for anna samfunnsutvikling. Samanliknar me oss med andre land, har me eit klart mindre areal med dyrka jord. I Europa er me til dømes eit av dei landa som har lågast prosentdel dyrka jord. Av dei tre prosentane av Noreg som er dyrka mark, er det berre 1/3 som er eigna til korndyrking.

Fleirtalet syner til den nasjonale jordvernstrategien som vart handsama i Stortinget i 2015, og den revideringa av strategien som no skal skje. Her er målet at den årlege omdisponeringa av dyrka jord må vere på under 4 000 dekar innan 2020. Fleirtalet peiker på at det dei seinare åra har vore ei betring nasjonalt, men at det framleis står att mykje arbeid før ein har nådd målet som vart sett.

Fleirtalet vil òg syne til den oppdaterte jordvernstrategien som vart lagd fram av regjeringa i samband med framlegginga av statsbudsjettet for 2019. Regjeringa har her ikkje sett seg nye mål for omdisponering av dyrka mark.

Fleirtalet vil peike på at det særleg er matjorda i dei sentrale stroka som treng eit sterkare vern enn ho har i dag. Utbyggingspress, både frå lokale og regionale styresmakter og utbyggingsaktørar, set matjorda i ein skvis mellom omsynet til matproduksjon og dei lokale vekstambisjonane.

Fleirtalet legg vekt på at fylkesmennene har skjerpa merksemda rundt omdisponeringa av dyrka og dyrkbare areal i planprosessane etter plan- og bygningslova. Ved å opprette eit grunnlovsvern for matjorda vil ein òg leggje til rette for å nå fleire mål, mellom anna å betre regional planlegging og fortetting og betre utnyttinga av areala i byar og tettstader.

Fleirtalet vil også peike på at matryggleiken er ein fundamental del av den nasjonale tryggingspolitikken. Sjølvforsyningsgraden har gått ned, og noko av årsaka til dette er at det blir produsert mindre mat etterkvart som areal for matproduksjon har gått tapt. I ei tid der me reknar med vekst i folketalet og samstundes får klimatiske utfordringar som erosjon, flom og jordras, må me ta betre vare på dei matareala me allereie har. Dette krev tiltak frå norske styresmakter slik at me sikrar grunnlaget for norsk matproduksjon og tilgang på mat for innbyggjarane. Matjorda er såleis ein nasjonal ressurs og må forvaltast nasjonalt.

På denne bakgrunnen gjer fleirtalet framlegg om ei endring, slik at § 112 fyrste ledd andre punktum skal lyde:

«Naturressursane, medrekna matjordressursane, skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.

Naturens ressurser, herunder matjordressurser, skal disponeres ut fra en langsiktig og allsidig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten.»

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at de fleste byer og tettsteder i Norge er omkranset av dyrket jord, og at mye av den beste jorda ligger der hvor utbyggingspresset er størst. Ønsket om en mest mulig samlet utbygging rundt eksisterende byer og tettsteder skaper utfordringer med å ivareta jordressursene for fremtiden.

Disse medlemmer viser til at etter hvert som samfunnsutviklingen går fremover, vil noe dyrkbar mark måtte brukes til andre gode formål. Likevel har omdisponeringen av dyrket mark de siste årene gått betydelig ned etter at det har blitt satt fokus på denne problemstillingen.

Disse medlemmer viser til at det i 2017 ble vedtatt omdisponert i alt 8 800 dekar jord til andre formål enn landbruk. Samme år ble 22 700 dekar godkjent for nydyrking. Nydyrkingen har vært større enn bortfallet de senere år, hvilket betyr at samlet jordbruksareal nå øker i motsetning til tidligere.

Disse medlemmer mener derfor at dagens lovgivning gir et tilstrekkelig vern, og at det ikke er et eksplisitt behov for et særskilt grunnlovsvern av jordressursene.

Disse medlemmer vil på denne bakgrunn ikke bifalle forslaget om endring i Grunnloven § 112.

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen vert fremja av medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Dokument 12:24 (2015–2016) – Grunnlovsforslag fra Ingrid Heggø, Knut Storberget, Odd Omland, Torgeir Knag Fylkesnes, Geir Pollestad, Martin Kolberg, Gunvor Eldegard, Jette F. Christensen, Abid Q. Raja og Line Henriette Hjemdal om endring i § 112 (om vern av matjordressursene) – vert vedteke.

Oslo, i kontroll- og konstitusjonskomiteen, den 15. januar 2019

Dag Terje Andersen

Nils T. Bjørke

leiar

ordførar