Søk

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit, frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari og Ulf Leirstein, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, og frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, syner til Dokument 12:27 (2015–2016) og forslaget om å grunnlovfeste retten til bustad.

Komiteen syner til at forslaget om grunnlovfesting av retten til ein bustad har vore handsama av ei rekkje storting dei par siste tiåra, men aldri fått fleirtal.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, vil peike på at det per i dag ikkje finst nokon rett til ein varig bustad. Samstundes har sosialtenestelova i § 15 ein regel knytta til bustader til vanskelegstilte. Her heiter det at

«Kommunen i arbeids- og velferdsforvaltningen skal medvirke til å skaffe boliger til vanskeligstilte personer som ikke selv kan ivareta sine interesser på boligmarkedet.»

Med andre ord har me i dag køyrereglar for korleis dei som ikkje klarer å skaffe bustader sjølv, skal få hjelp.

Fleirtalet meiner kommunane, som har eit ansvar for å sikre ein forsvarleg bustad for personar som ikkje maktar å skaffe seg det sjølv, gjer ein god jobb. Vidare har Arbeids- og sosialdepartementet sett vilkår om kva slags krav ein bør stille til dei som får ein midlertidig bustad.

Fleirtalet vil streke under at det er eit politisk ansvar å leggje til rette for ei sosial bustadbyggjing. Med dei aukande bustadprisane me har sett her til lands dei siste åra, ligg det eit særskilt ansvar for å ta omsyn til at det i dag er for mange som har ein høg kostnad med å kome seg inn på bustadmarknaden. Det er òg eit politisk ansvar å leggje til rette for at borgarane har gode levekår, mellom anna ein bustad.

Fleirtalet vil syne til at den nasjonale strategien for boligsosialt arbeid, Bolig for velferd (2014–2020), har bidrege til å koordinere det boligsosiale politikkområdet. Fleirtalet legg òg til grunn at denne strategien vil bli revidert når tidspunktet for planen går ut i 2020.

Fleirtalet er samd med forslagsstillarane i at det å ha ein tilfredsstillande bustad er ein sentral føresetnad for at den einskilde skal kunne leve og bu sjølvstendig, skaffe seg eller halde på arbeidet og elles få delta i samfunnet på like vilkår som alle andre. Særskilt gjeld dette familiar. Samstundes meiner fleirtalet at det lovverket me har i dag, er tilfredsstillande når det gjeld å hjelpe dei som har det vanskeleg.

På denne bakgrunnen foreslår fleirtalet at forslag om ein ny § 107 i Grunnlova ikkje vert vedteke.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener at bolig er et nødvendig gode ingen i Norge kan klare seg uten. Uten et sted å bo er en ikke sikret å kunne bruke verken sine demokratiske rettigheter, kunne gjøre seg nytte av skole- og helsestell eller ha noen form for privatliv. Bolig må ses på som en forutsetning både for å få og fungere i en jobb, ha mulighet til å stifte familie og til å kunne ta vare på helsa. Behovet for en bolig er udiskutabelt.

Et samfunn som ikke har nok boliger til borgere som enten varig eller i en fase av livet har dårlig råd, vil preges av store og økende sosiale forskjeller og av at økonomiske eller sosiale problemer forsterkes. Andelen personer som blir låst fast i en avmaktssituasjon med varig utestenging fra å kunne ta del i samfunnslivet på like vilkår, vil øke. Samfunnets innsats på områder som helse, omsorg og skole vil ikke fungere effektivt overfor personer uten bolig.

Det faktum at det i Norge i mange år har vært flere tusen bostedsløse og at stadig flere verken har råd til å kjøpe eller leie bolig, viser at grunnleggende og elementære behov ikke blir dekket. Dette dreier seg både om et alvorlig velferdsproblem for den enkelte, et anstendighetsproblem i fordelingspolitikken og et demokratisk problem for samfunnet. Ut over samfunnets og fellesskapets ansvar for å legge forholdene til rette slik at den enkelte kan gjøre seg nytte både av sine demokratiske og sine sosiale rettigheter, ligger det en stor samfunnsinteresse i å hindre nød og uverdige levekår hos innbyggerne.

På dette grunnlag innstiller dette medlem på alternativ 3, slik at ny § 107 a skal lyde:

«Enhver borger har rett til en bolig. Nærmere bestemmelser om gjennomføringen av denne grunnsetning fastsettes i lov.

Kvar borgar har rett til bustad. Nærare føresegner om gjennomføringa av denne grunnsetninga blir fastsette i lov.»