Søk

Sammendrag

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram lovendringar som er naudsynte ved gjennomføringa av Meld. St. 27 (2014–2015) På rett spor – Reform av jernbanesektoren.

Departementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar i jernbanelova som går ut på å presisere kven som har ansvaret for å ta vare på tryggleiken, stille opp krav om likeverdige vilkår for konkurranse, styrke lovheimlane for tilsynsmyndigheiten, verne om dei som varslar om moglege brot på jernbanelova og for å trygge den nasjonale vernebuinga. Det vert òg gjort framlegg om endringar i pantelova, tinglysingslova og matrikkellova for å syte for at dei nye einingane som vert oppretta med jernbanereforma, får effektive og gode prosessar, særleg knytt til erverv av grunn.

Departementet tek sikte på at dei framlagde endringane skal gjelde frå 1. januar 2017.

Meldinga skildrar ei reform av dagens jernbanesektor. Strukturelle hovudtrekk ved reforma er at Jernbaneverket vil bli omdanna til eit statsføretak som følgjer statsføretakslova (infrastrukturføretaket) og eit direktorat. Infrastrukturføretaket skal ha ansvar for operative oppgåver som drift, vedlikehald og bygging av jernbaneinfrastruktur, trafikkstyring mv.

Direktoratet vil ha ansvar for strategiske og styrande oppgåver, dvs. langsiktig planlegging av infrastruktur, bestilling av togtilbod, koordinering av trafikktilbodet på jernbanen og samordning av tilbodet med annan kollektivtransport. Vidare vil direktoratet ha eit overordna og heilskapleg ansvar for tryggleik og vernebuing for jernbanen som del av eit samla transportsystem.

Reforma legg opp til meir konkurranse om persontransport med tog. Utføring av fleire byggje-, drifts- og vedlikehaldsoppgåver skal gradvis utsetjast for konkurranse.

NSB-eigde Mantena, som driv vedlikehaldstenester på rullande materiell, vil bli eit sjølvstendig selskap direkte under Samferdselsdepartementet. Eigedomsselskapet ROM Eiendom AS vil bli overført til det nye infrastrukturføretaket. Vidare vil rullande materiell bli overført frå NSB AS og overteke av eit nyoppretta aksjeselskap underlagd Samferdselsdepartementet. Dette togmateriellet vil brukast av dei togselskapa som vinn konkurranse om trafikkpakkane.

Behova for lovendringar er for det første knytt til den nye organiseringa av Jernbaneverket, som i dag er ein statleg etat under Samferdselsdepartementet. Dei langt fleste lovregulerte oppgåvene som Jernbaneverket gjer i dag, vil bli tatt over av eit statsføretak skilt ut frå staten som eige rettssubjekt.

Reforma vil føre til ei organisering av jernbanesektoren som opnar for fleire aktørar, nemleg fleire persontogselskap og leverandørar. I ein reformert sektor er det av den grunn eit særskild behov for å gjere tydeleg jernbaneverksemdene sitt ansvar for å ta vare på tryggleika for sin del av jernbanesystemet.

Konkurranseutsetting og opprettinga av eit statsføretak med ansvar for den operative drifta vil kunne svekkje moglegheitene staten har til å løyse dei nasjonale vernebuingsomsyna gjennom styring av aktørane. For å oppretthalde den naudsynte graden av vernebuing og samtidig sikre likebehandling av dei ulike aktørane som driv aktivitet knytt til jernbane, har Samferdselsdepartementet, i samråd med Forsvarsdepartementet, kome til at det er naudsynt å innføre ein nasjonal vernebuingsheimel i jernbanelova.

I kapittel 3 gjer departementet greie for høyringa som er gjennomført i samband med den foreslåtte lovendringa.

I kapittel 4 greier departementet ut om innhaldet i jernbanelova, og korleis lova er foreslått endra.

I kapittel 5 greier departementet ut om lovføresegner om erverv av grunn.

I kapittel 7, 8, 9 og 10 gjer departementet greie for korleis den foreslåtte lovendringa vil påverke plan- og bygningslova, forvaltningslova, offentleglova, mållova og arkivlova.

I kapittel 11 drøfter departementet dei økonomiske og administrative konsekvensar av den foreslåtte lovendringa.

Departementet har vurdert dei gjeldande lovene i lys av målsetjinga om at reforma m.a. skal medføre effektiv ressursbruk og ein fornuftig arbeidsdeling mellom aktørane i sektoren. Fleire av dei nemnde lov- og forskriftsendringane kjem av eit ønskje om å sikre effektive og rasjonelle prosessar for infrastrukturselskapet, på lik line med dei prosessane som Jernbaneverket har i dag. Dersom desse lovendringane blir vedtekne, er det rimeleg å forvente at dei administrative og økonomiske konsekvensane blir små. Dette følgjer av at både private partar og offentlege styresmakter vil vere i stand til å kommunisere og samhandle med infrastrukturføretaket på liknande vis som det i dag vert gjort med Jernbaneverket. På denne måten kan dei forventa effektane enkelt bli realisert. Dette gjeld fyrst og fremst framlegga som er omtala i kapittel 5.

Det er ei tydeleg uttalt målsetjing at tryggleiken ved jernbanen ikkje bør svekkast ved gjennomføringa av reforma. Dette gjeld òg den nasjonale samfunnstryggleiken og vernebuinga. Tilsvarande er det ønskjeleg å leggje til rette for ein vel fungerande konkurranse på likeverdige og ikkje-diskriminerande vilkår. Desse målsetjingane er det teke omsyn til i forslaga som er gjennomgått i kapittel 4.

Vernebuingsoppgåver og aktivitetar aktørane kan bli pålagde etter den framlagde heimelen i jernbanelova § 6 b, vil berre i liten grad få økonomiske og administrative konsekvensar for dei det gjeld. I dag gjer Jernbaneverket mange av dei oppgåvene som følgjer av den framlagde heimelen. Etter reforma vil desse oppgåvene fordelast mellom det nye infrastrukturføretaket og jernbanedirektoratet, og samla sett vil desse aktørane ikkje bli pålagde nye oppgåver. Departementet legg til grunn at dei etablerte private aktørane har tilfredsstillande vernebuing i dag, og desse vil difor ikkje bli pålagde nokon vesentlige byrder av administrativ eller økonomisk art. Fører eit pålegg til vesentlege kostnader for dei private aktørane, og kostnadene ikkje vart oppveia av motsvarande fordelar, skal departementet fastsetje eit rimeleg vederlag. Departementet legg likevel til grunn at pålegg berre blir nytta i dei tilfella der det ikkje er mogeleg å nå fram til frivillige ordningar med dei private aktørane.

Dei andre endringsforslaga fører med seg minimale konsekvensar for dei aktørane som er gjenstand for tilsyn, samstundes som tilliten til jernbanen som ei trygg transportform vert styrka. Vidare vil desse endringane m.a. forenkle gjennomføringa av tilsyn for Statens jernbanetilsyn og gjere rettstilstanden for dei som nytter seg av leverandørar, så vel som for leverandørane sjølve, føreseieleg. Endringane vil truleg òg ha positive verknadar for korleis jernbanemarknadane fungerer.

Å oppheve føresegnene som er nemnde i kapittel 4.4–4.6, vil òg kunne gje ein klårare rettstilstand. Dette har samanheng med innføring av andre føresegner som følgje av gjennomføring av direktiv 2012/34/EU om eit felles europeisk jernbaneområde. Samla sett vil desse endringane ha positive effektar for korleis jernbanemarknadane fungerer, ettersom dei gir eit heilskapleg regelverk for tilgang til jernbanenett og relaterte tenester, strukturelle krav til sektoren som m.a. hindrar kryssubsidiering, eit velfungerande marknadsovervakingsorgan mv.

I kapittel 12 kjem departementet med særskilde merknader til nokre paragrafar i jernbanelova.