I proposisjonen legg Nærings- og fiskeridepartementet
fram endringsforslag på statsbudsjettet 2015.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om
å auke løyvinga med 3 mill. kroner, frå 50,02 mill. kroner til 53,02
mill. kroner.
Noreg har forplikta seg til å innføre eit nasjonalt register
for offentleg støtte innan 1. juli 2016. Registeret skal være brukarvennleg,
og Brønnøysundregistra vil derfor bli gitt oppdraget med å etablere
registeret. Berekna totalkostnad er om lag 10 mill. kroner, medan
årleg driftskostnad er berekna å bli om lag 2 mill. kroner. For
å kunne starte arbeidet med å etablere det nye registeret blir det
fremje forslag om å auke bestillingsfullmakta under kap. 900 post
21 med 8,4 mill. kroner, frå 7,5 til 15,9 mill. kroner, jf. forslag
til vedtak IV.
Det blir foreslått å utarbeide ein eigen nærings- og
innovasjonsstrategi for Svalbard. Nærings- og fiskeridepartementet
vil leie arbeidet med ein slik strategi.
Grunna utfordringar med å finne eit godkjent
deponi for mottak av massane frå Søve, har tildeling av oppdraget
med opprydding blitt utsett.
Departementet gjer derfor framlegg om å redusere
løyvinga frå 19,2 mill. kroner til 0 kroner.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om
å auke løyvinga med 2 mill. kroner, frå 39,4 til 41,4 mill. kroner.
Basert på oppdatert informasjon er det samla
behovet no anslått til 7,8 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 6,6 mill. kroner, frå 1,2 til 7,8
mill. kroner.
Nærings- og fiskeridepartementet har omdisponert
1 mill. kroner frå fiskeriministerens til næringsministerens ansvarsområde.
Gjennom Stortinget si handsaming av revidert nasjonalbudsjett
2015 blei det løyvd 20 mill. kroner i støtte til Mechatronics Innovation
Lab (MIL) over Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett. Løyvinga
er i utgangspunktet ikkje overførbar. Dette bør gjerast for å sikre
at prosjektet har nok tid til å oppfylle dei krava til progresjon
og dokumentasjon som er stilt for utbetaling av det statlege tilskotet.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om at posten blir gjort overførbar ved å leggje til stikkordet
«kan overførast», jf. forslag til vedtak II.
Norsk akkreditering sine utgifter vil bli høgare enn
budsjettert m.a. på grunn av ein auke i søknader frå verksemder.
Endringa i utgifter knytt til akkreditering av verksemder vil dekkast inn
av ein tilsvarande inntektsauke under kap. 3903 post 1.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner, frå 42,26 til 45,26
mill. kroner.
I samband med innføringa av nøytral meirverdiavgift
i staten er det trekt ut 23,9 mill. kroner frå kap. 904 post 1.
Nye berekningar viser at det er trekt ut 3,5 mill. kroner for mykje.
Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har
på vegne av offentlege verksemder inngått ein avtale om leveranse
av sikker eID. Basert på Difi sine berekningar av transaksjonsvolum
må det overførast 1,523 mill. kroner til Brønnøysundregistra, mot
ein tilsvarande reduksjon på kap. 540 Direktoratet for forvaltning
og IKT, post 22.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å auke løyvinga med totalt 5,023 mill. kroner, frå 294,29
til 299,31 mill. kroner.
I samband med innføringa av nøytral meirverdiavgift
i staten er det trekt ut 34,1 mill. kroner frå kap. 904 post 22.
Nye berekningar viser at dette uttrekket er for høgt.
På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner frå 205,27 mill.
kroner til 210,27 mill. kroner.
Overslagsløyvinga for 2015 (1 802 mill. kroner) tok
utgangspunkt i gjennomsnittleg 11 900 sjøfolk i ordninga totalt.
Utviklinga i offshoremarknaden har ført til at talet på sjøfolk omfatta
av tilskotsordninga blir lågare enn venta etter at fire av seks
av budsjettårets terminar er handsama og utbetalt.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å redusere løyvinga med 52 mill. kroner frå 1 802 til
1 750 mill. kroner.
Konkurransetilsynet får i 2015 inntekter frå
m.a. refusjonar for kurs og konferansar. Det visast til nærare omtale
av saka under kap. 3911 post 3 (ny).
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 200 000 kroner, frå 92,1 til 92,3
mill. kroner.
Klagenemnda for offentlege innkjøp får i 2015 inntekter
frå m.a. eksterne refusjonar for kurs og konferansar og dekking
av sakskostnader. Det visast til nærare omtale av saka under kap.
3911 post 4 (ny).
På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 350 000 kroner, frå 9,99 til 10,34
mill. kroner.
Etableringa av regelrådet vil først finne stad
mot slutten av året.
Som følgje av utsetjinga gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, frå 7 til 2
mill. kroner.
For å styrke arbeidet med omstillinga i Fiskeridirektoratet
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga
med 3,5 mill. kroner, frå 360,869 til 364,369 mill. kroner.
I juni 2015 fekk alle etablerte lakse- og aureoppdrettarar
tilbod om 5 pst. auka kapasitet på eksisterande oppdrettsløyve.
I saldert budsjett 2015 er det lagt til grunn at samla innbetalt
vederlag i 2015 blir 360 mill. kroner, noko som gir utbetaling til
kommunane på 180 mill. kroner. Det bereknast no at 25 pst. av vederlaga
blir innbetalt i 2015 og resten i 2016, jf. omtale under kap. 3917 post
13. Forskyving av innbetaling av vederlag fører til at utbetaling
til kommunane må forskyvast tilsvarande.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å redusere løyvinga med 90 mill. kroner, frå 555 til
465 mill. kroner.
Ut frå utbetalingar så langt i 2015 ventast
det eit vesentleg mindreforbruk på posten.
På dette grunnlaget gjer Næring- og fiskeridepartementet
framlegg om å redusere løyvinga med 4,2 mill. kroner, frå 7,2 til
3 mill. kroner.
Det er venta at utbetalingane i 2015 blir vesentleg
høgare enn det som var lagt til grunn i saldert budsjett 2015.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 6,4 mill. kroner, frå 2,1 til 8,5
mill. kroner.
Kontingenten i den europeiske romorganisasjonen
ESA blir utbetalt i euro. Ved Stortinget si handsaming av Prop.
119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet
2015, blei det gitt ei tilleggsløyving på 9,7 mill. kroner for å
kompensere for auka eurokurs. Det har no vist seg at anslaget for
eurokursen var for lågt, og gjeldande løyving må såleis aukast med
ytterlegare 6,9 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 6,9 mill. kroner, frå 195,7 til
202,6 mill. kroner.
Utgifter ved deltaking i internasjonal romverksemd
blir utbetalt i euro og amerikanske dollar. Ved Stortinget si handsaming
av Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar
i statsbudsjettet 2015, blei det gitt ei tilleggsløyving på 20,2
mill. kroner for å kompensere for styrka kursar. Det har no vist
seg at anslaga var for høge, og gjeldande løyving kan såleis reduserast
med 5,5 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å redusere løyvinga med 5,5 mill. kroner, frå 369,8
til 364,3 mill. kroner.
Noreg har hatt innbetalingar til EU til annan valutakurs
enn det som blei lagt til grunn i saldert budsjett 2015. Endringane
utgjer ei auke på 33 mill. kroner. Samstundes har det vore ei endring
i oppkallinga frå EU, som utgjer ei auke på 63,5 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 96,5 mill. kroner, frå 224,4 til
320,9 mill. kroner.
Løyvinga dekkjer kontingent til Europakommisjonen
for norsk deltaking i EU-program som Nærings- og fiskeridepartementet
har fagansvar for. I tillegg dekkjer løyvinga utgifter knytt til oppfølging
av programma og til ein norsk nasjonal ekspert i EU-kommisjonens
generaldirektorat for konkurranse.
Faktiske utbetalingar til Europakommisjonen har
vore høgare enn forventa, m.a. som følge av høgare eurokurs enn
føresett og høgare kontingentinnbetalingar.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 23,65 mill. kroner, frå 47,45 til
71,1 mill. kroner.
I saldert budsjett 2015 blei det løyvd 23,774
mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg bistand i samband med
aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og fiskeridepartementet
si forvalting. Dei samla utgiftene for 2015 er anslått til om lag 36 mill.
kroner. Kjøp av tenester frå eksterne rådgjevarar i samband med
eigarmessige vurderingar av statleg eigde selskap og vurderinga
av situasjonen og utviklinga i Store Norske Spitsbergen Kulkompani
AS står for hovuddelen av utgiftene.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 12,2 mill. kroner, frå 23,774 til
35,974 mill. kroner.
Ved handsaminga av Innst. 343 S og Prop. 118
S (2014–2015) Endringer i statsbudsjettet 2015 under Nærings- og
fiskeridepartementet (Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – eiendommer
og gruvedrift), samtykka Stortinget i at Nærings- og fiskeridepartementet
i 2015 kunne utgiftsføre kjøp av aksjar utan løyving slik at statens
eigardel i selskapet auka til 100 pst.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om ei løyving på 385 000 kroner.
Vanlegvis tar det to til tre år frå eit prosjekt
under ordninga med forskings- og utviklingskontraktar får tilsegn
om støtte til det er fullført. Det at kvart prosjekt tar lang tid,
inneber at mykje av midla ikkje kan utbetalast same år som tilsegn
er gitt, og ein vesentleg del av løyvinga må overførast til etterfølgjande
år. Av den grunn blei til saman 423,9 mill. kroner av løyvingane
for 2013 og 2014 overført til 2015. For å redusere overføringa av
ikkje utbetalt løyving ved slutten av 2015 utan at tilsegnsramma
til Innovasjon Noreg blir redusert, kan løyvinga reduserast samstundes som
tilsegnsfullmakta for ordninga blir auka med same beløp.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å redusere løyvinga med 200 mill. kroner, frå 336,1
til 136,1 mill. kroner. Samstundes gjer ein framlegg om å auke tilsegnsfullmakta
med same beløp, frå 100 til 300 mill. kroner, jf. forslag til vedtak
III. Departementet tar sikte på å kome attende i samband med revidert
nasjonalbudsjett 2016 og gjere framlegg om ei permanent løysing
for å redusere likviditetsreserven for ordninga.
Vanlegvis tar det fleire år frå eit prosjekt
under miljøteknologiordninga får tilsegn om støtte til det er fullført.
Det at kvart prosjekt tar lang tid, inneber at mykje av midlane
ikkje kan utbetalast same år som tilsegn er gitt, og ein vesentleg
del av løyvinga må overførast til etterfølgjande år. Av den grunn
blei 433,7 mill. kroner, dvs. summen av løyvingane for 2013 og 2014,
overført til 2015. For å redusere overføringa av ikkje utbetalt
løyving ved utgongen av 2015 utan at tilsegnsramma til Innovasjon
Noreg blir redusert, kan løyvinga reduserast samstundes som ein
innfører ei tilsegnsfullmakt for ordninga med same beløp.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å redusere løyvinga med 300 mill. kroner, frå 350 til
50 mill. kroner. Samstundes gjer ein framlegg om å innføre ein tilsegnsfullmakt
med same beløp som løyvinga blir redusert med, dvs. 300 mill. kroner,
jf. forslag til vedtak III. Departementet tar sikte på å kome attende
i samband med revidert nasjonalbudsjett 2016 og gjere framlegg om
ei permanent løysing for å redusere likviditetsreserven for ordninga.
Lokalsamfunnet på Svalbard står overfor omstillingsutfordringar.
Innovasjon Noreg har erfaring frå liknande omstillingsprosessar,
og det blir foreslått ei løyving på 20 mill. kroner for at Innovasjon
Noreg skal styrkje arbeidet sitt på Svalbard. Midlane kan nyttast
både til auka nærvær og mobilisering for å få fram gode prosjekt
og til å støtte innovative prosjekt på Svalbard. Innovasjon Noreg
skal koordinere og nytte kompetansen til det andre verkemiddelapparatet
i arbeidet. Det bir foreslått at midlene skal nyttast utover 2015.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg ei løyving på 20 mill. kroner til post 80 (ny).
Innlåna har auka noko ut over det som låg til grunn
ved salderinga av budsjettet for 2015. Dette inneber òg at avdraga
blir auka, jf. omtale under kap. 5325, post 90.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 3,5 mrd. kroner, frå 41,1 til 44,6 mrd.
kroner.
Ein ny gjennomgang av økonomien i Eksportkreditt
Noreg AS viser at det er rom for å redusere tilskotet med 6,895
mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å redusere løyvinga med 6,895 mill. kroner, frå 106,895
til 100 mill. kroner.
Grunna høgare inntekter gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner, frå 33,667 til 36,667
mill. kroner.
Grunna auka omfang av gebyrpliktige registreringar
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga
med 35 mill. kroner, frå 540 til 575 mill. kroner.
Grunna at prognosane for 2015 tilseier høgare inntekter,
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere inntektskravet
med 998 000 kroner, frå 1,998 til 1 mill. kroner.
For 2015 er det berekna at Konkurransetilsynet vil
få inn 6,99 mill. kroner i lovbrotsgebyr.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 6,89 mill. kroner, frå 100 000 kroner
til 6,99 mill. kroner.
Grunna inntekter frå m.a. eksterne refusjonar
for kurs og konferansar gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg
om ei løyving på ny post 3 på 200 000 kroner.
Grunna inntekter frå m.a. eksterne refusjonar
for kurs og konferansar og dekking av sakskostnader gjer Nærings-
og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på ny post 4 på 350 000 kroner.
Det er ikkje sannsynleg at inntektskravet vil
bli nådd i 2015.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner, frå 17,683 til
14,683 mill. kroner.
Det vil bli større inntekter på posten enn det
som blei anslått då løyvinga opphaveleg blei fastsett.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 2 mill. kroner, frå 1 til 3 mill.
kroner.
Det visast til omtale under kap. 919 post 60
om endring av anslaget om kor mykje vederlag som blir innbetalt
i 2015.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å redusere løyvinga med 180 mill. kroner, frå 660 til
480 mill. kroner.
I saldert budsjett 2015 er det løyvd 25 mill.
kroner frå mogelege statlege aksjesal.
Generalforsamlinga i eit aksjeselskap kan gi styret
fullmakt til å kjøpe tilbake eigne aksjar med føremål å slette desse
aksjane på eit seinare tidspunkt.
Nærings- og fiskeridepartementet inngjekk i 2014
slike tilbakekjøpsavtalar med DNB ASA, Telenor ASA og Yara International
ASA.
Fram til desember 2014 kjøpte selskapet 730 000
eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse
aksjane, og 414 406 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling
i Yara International ASA i mai 2015. Etter at kapitalnedsettinga
blei sett i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på 127,4 mill. kroner
for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra
på 36,2 pst.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 102,4 mill. kroner, frå 25 til 127,4
mill. kroner.
Stortinget vedtok i 2009 ei mellombels garantiordning
for førstehandsomsetning av fisk som blei handsama av Innovasjon
Noreg. Ordninga er no avslutta, og resterande tapsfondsavsetjing på
om lag 86 mill. kroner er tilbakeført. I saldert budsjett 2015 er
det vedteke ei løyving på 70 mill. kroner på denne posten.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 16 mill. kroner, frå 70 til 86 mill.
kroner.
Stortinget vedtok i 2009 ei mellombels likviditetslåneordning
for fiskeindustrien som blei handsama av Innovasjon Noreg. Det blei
utbetalt seks lån på til saman 28,7 mill. kroner og avsett 8,833 mill.
kroner i tapsfond for låna som vart plassert på fondskonto i Noregs
Bank. Alle låna er no betalt attende utan konstaterte tap.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om ei løyving på 8,833 mill. kroner til tilbakeføring av
tapsfondsmidla.
Som følgje av noko høgare opptak av lån enn lagt
til grunn i saldert budsjett 2015, gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 4,3 mrd. kroner, frå 40,9 til 45,2
mrd. kroner.
Som følgje av lågare gebyrgenererande aktivitet enn
forventa, gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere
løyvinga med 15 mill. kroner, frå 60 til 45 mill. kroner.
Som følgje av nye anslag på innbetalingar på avdrag,
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga
med 2,7 mrd. kroner, frå 11,9 til 9,2 mrd. kroner.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om
å redusere løyvinga med 3 mill. kroner, frå 30,665 til 27,665 mill.
kroner.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om
å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, frå 9,55 til 8,55 mill.
kroner.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om
å auke løyvinga med 29 mill. kroner, frå 151 til 180 mill. kroner.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om
å redusere løyvinga med 38 mill. kroner, frå 190 til 152 mill. kroner.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om
å redusere løyvinga med 125 mill. kroner, frå 1 640 til 1 515 mill.
kroner.
I høve til tidlegare overslag for utbyte, som
blei auka til 17 478,5 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett
2015, er innbetalt utbyte frå selskapa 17,1 mill. kroner høgare.
Dette skuldast at det blei lagt til grunn eit utbyte frå Mesta AS
og Flytoget AS på høvesvis 130 og 113,4 mill. kroner. Faktisk utdelt
utbyte frå selskapa utgjorde 150 og 128,7 mill. kroner. På den andre
sida er innbetalt utbyte frå Aker Kværner Holding AS 18,2 mill.
kroner lågare enn opphaveleg lagt til grunn.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 17,1 mill. kroner, frå 17 478,5
til 17 495,6 mill. kroner.
Kulturdepartementet legg fram forslag for Stortinget
om tilsegn om statleg tilskot til gjennomføring av prosjektet Noreg
som hovudland på bokmessa i Frankfurt i 2019. Den statlege støtta
er avgrensa til 25 mill. kroner for 2018 og 2019 og skal finansierast
innanfor ordinær budsjettramme, med like delar på 8,3 mill. kroner
frå Utanriksdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Kulturdepartementet. For
Nærings- og fiskeridepartementet betyr dette tilsegn om løyving
på inntil 8,3 mill. kroner innanfor ordinær budsjettramme i 2018
og 2019.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, frå Høgre,
Frank Bakke-Jensen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove Trellevik,
frå Framstegspartiet, Morten Ørsal Johansen, Øyvind Korsberg og Jørund
Rytman, frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, frå Senterpartiet,
leiaren Geir Pollestad, og frå Venstre, Pål Farstad, viser
til Prop. 35 S (2015–2016).
Komiteen syner til omtale og
framlegg i proposisjonen og sluttar seg til desse.
Komiteen har elles
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjere følgjande
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2015 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
| | | | |
Utgifter |
900 | | Nærings- og fiskeridepartementet | |
| 21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast, blir
auka med | 3 000 000 |
| | frå kr 50 021 000 til kr 53 021 000 | |
| 30 | Miljøtiltak Søve, kan overførast, blir
redusert med | 19 200 000 |
| | frå kr 19 200 000 til kr 0 | |
| 70 | Tilskot til internasjonale organisasjonar, blir auka med
| 2 000 000 |
| | frå kr 39 400 000 til kr 41 400 000 | |
| 71 | Miljøtiltak Raufoss, blir auka med | 6 600 000 |
| | frå kr 1 200 000 til kr 7 800 000 | |
903 | | Norsk akkreditering | |
| 1 | Driftsutgifter, blir auka med | 3 000 000 |
| | frå kr 42 260 000 til 45 260 000 | |
904 | | Brønnøysundregistra | |
| 1 | Driftsutgifter, blir auka med | 5 023 000 |
| | frå kr 294 291 000 til kr 299 314 000 | |
| 22 | Forvaltning av Altinn-løysinga, kan
overførast, blir auka med | 5 000 000 |
| | frå kr 205 270 000 til kr 210 270 000 | |
909 | | Tiltak for sysselsetting av sjøfolk | |
| 73 | Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, overslagsløyving, blir
redusert med | 52 000 000 |
| | frå kr 1 802 000 000 til 1 750 000 000 | |
911 | | Konkurransetilsynet | |
| 1 | Driftsutgifter, blir auka med | 200 000 |
| | frå kr 92 113 000 til kr 92 313 000 | |
| 23 | Klagenemnda for offentlege innkjøp, blir auka med | 350 000 |
| | frå kr 9 990 000 til kr 10 340 000 | |
915 | | Regelråd for næringslivet | |
| 1 | Driftsutgifter, blir redusert med | 5 000 000 |
| | frå kr 7 000 000 til kr 2 000 000 | |
917 | | Fiskeridirektoratet | |
| 1 | Driftsutgifter, blir auka med | 3 500 000 |
| | frå kr 360 869 000 til kr 364 369 000 | |
919 | | Ymse fiskeriformål | |
| 60 | Tilskot til kommunar, blir redusert med | 90 000 000 |
| | frå kr 555 000 000 til kr 465 000 000 | |
| 72 | Tilskot til tryggeleiksopplæring for fiskarar, blir redusert
med | 4 200 000 |
| | frå kr 7 200 000 til kr 3 000 000 | |
| 74 | Erstatningar, kan overførast,
blir auka med | 6 400 000 |
| | frå kr 2 100 000 til kr 8 500 000 | |
922 | | Romverksemd | |
| 70 | Kontingent i European Space Agency (ESA), blir auka med
| 6 900 000 |
| | frå kr 195 700 000 til kr 202 600 000 | |
| 71 | Internasjonal romverksemd, blir redusert med | 5 500 000 |
| | frå kr 369 800 000 til kr 364 300 000 | |
| 73 | EU sine romprogram, blir auka med | 96 500 000 |
| | frå kr 224 400 000 til kr 320 900 000 | |
924 | | Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram | |
| 70 | Tilskot, blir auka med | 23 650 000 |
| | frå kr 47 450 000 til kr 71 100 000 | |
950 | | Forvalting av statleg eigarskap | |
| 21 | Særskilde driftsutgifter, blir auka med | 12 200 000 |
| | frå kr 23 774 000 til kr 35 974 000 | |
| 96 | (Ny) Aksjar i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS,
blir løyvd med | 385 000 |
2421 | | Innovasjon Noreg | |
| 72 | Forskings- og utviklingskontraktar, kan
overførast, blir redusert med | 200 000 000 |
| | frå kr 331 100 000 til kr 131 100 000 | |
| 76 | Miljøteknologi, kan overførast,
blir redusert med | 300 000 000 |
| | frå kr 350 000 000 til kr 50 000 000 | |
| 80 | (Ny) Næringstiltak på Svalbard, kan
overførast, blir løyvd med | 20 000 000 |
| 90 | Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving, blir
auka med | 3 500 000 000 |
| | frå kr 41 100 000 000 til kr 44 600 000 000 | |
2429 | | Eksportkreditt Noreg AS | |
| 70 | Tilskot, blir redusert med | 6 895 000 |
| | frå kr 106 895 000 til kr 100 000 000 | |
| | | |
Inntekter |
3903 | | Norsk akkreditering | |
| 1 | Gebyrinntekter og andre inntekter, blir auka med | 3 000 000 |
| | frå kr 33 667 000 til kr 36 667 000 | |
3904 | | Brønnøysundregistra | |
| 1 | Gebyrinntekter, blir auka med | 35 000 000 |
| | frå kr 540 000 000 til kr 575 000 000 | |
3911 | | Konkurransetilsynet | |
| 1 | Klagegebyr, blir redusert med | 998 000 |
| | frå kr 1 998 000 til kr 1 000 000 | |
| 2 | Lovbrotsgebyr, blir auka med | 6 890 000 |
| | frå kr 100 000 til kr 6 990 000 | |
| 3 | (Ny) Refusjonar og andre inntekter, Konkurransetilsynet,
blir løyvd med | 200 000 |
| 4 | (Ny) Refusjonar og andre inntekter, Klagenemnda for offentlege
innkjøp,
blir løyvd med | 350 000 |
3917 | | Fiskeridirektoratet | |
| 5 | Sakshandsamingsgebyr, blir redusert med | 3 000 000 |
| | frå kr 17 683 000 til kr 14 683 000 | |
| 6 | Forvaltingssanksjonar, blir auka med | 2 000 000 |
| | frå kr 1 000 000 til kr 3 000 000 | |
| 13 | Inntekter vederlag oppdrettskonsesjonar, blir redusert
med | 180 000 000 |
| | frå kr 660 000 000 til kr 480 000 000 | |
3950 | | Forvalting av statleg eigarskap | |
| 96 | Sal av aksjar, blir auka med | 102 400 000 |
| | frå kr 25 000 000 til kr 127 400 000 | |
5325 | | Innovasjon Noreg | |
| 53 | Tilbakeføring av tapsfondmidlar garantiordning fiskesalslag,
blir auka med | 16 000 000 |
| | frå kr 70 000 000 til kr 86 000 000 | |
| 54 | (Ny) Tilbakeføring av tapsfond for likviditetslån til
fiskeindustrien,
blir løyvd med | 8 833 000 |
| 90 | Avdrag på uteståande fordringar, blir auka med | 4 300 000 000 |
| | frå 40 900 000 000 til kr 45 200 000 000 | |
5329 | | Eksportkreditt Noreg AS | |
| 70 | Gebyr m.m., blir redusert med | 15 000 000 |
| | frå kr 60 000 000 til kr 45 000 000 | |
| 90 | Avdrag på uteståande fordringar, blir redusert med | 2 700 000 000 |
| | frå kr 11 900 000 000 til kr 9 200 000 000 | |
5574 | | Sektoravgifter under Nærings- og fiskeridepartementet | |
| 72 | Kontroll- og tilsynsavgift akvakultur, blir redusert med
| 3 000 000 |
| | frå kr 30 655 000 til kr 27 655 000 | |
| 73 | Årsavgift Merkeregisteret, blir redusert med | 1 000 000 |
| | frå kr 9 550 000 til kr 8 550 000 | |
| 74 | Fiskeriforskingsavgift, blir auka med | 29 000 000 |
| | frå kr 151 000 000 til kr 180 000 000 | |
5625 | | Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg | |
| 80 | Renter på lån frå statskassa, blir redusert med | 38 000 000 |
| | frå kr 190 000 000 til kr 152 000 000 | |
5629 | | Renter frå eksportkredittordninga | |
| 80 | Renter, blir redusert med | 125 000 000 |
| | frå kr 1 640 000 000 til kr 1 515 000 000 | |
5656 | | Aksjar i selskap under Nærings- og fiskeridepartementet
si forvalting | |
| 85 | Utbyte, blir auka med | 17 100 000 |
| | frå kr 17 478 500 000 til kr 17 495 600 000 | |
II
Tilføying av stikkord
Stortinget samtykkjer i at løyvinga i statsbudsjettet
for 2015 under kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet, post 79
Tilskot til Mechatronics Innovation Lab, tilførast stikkordet «kan overførast».
III
Tilsegnsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Nærings- og fiskeridepartementet
i 2015 kan gi tilsegn om tilskot utover gitt løyving, men slik at
samla ramme for nye tilsegn og gamalt ansvar ikkje overstig følgjande
beløp:
Kap. | Post | Formål | Samla ramme |
2421 | | Innovasjon Noreg | |
| 72 | Forskings- og utviklingskontraktar | 300 000 000 |
| 76 | Miljøteknologi | 300 000 000 |
IV
Bestillingsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Nærings- og fiskeridepartementet
i 2015 kan:
Oslo, i næringskomiteen, den 4. desember
2015
Geir Pollestad |
leiar og ordførar |