1. Samandrag

1.1 Måloppnåing og ressursbruk

Riksrevisjonen skal gjennom revisjon, kontroll og rettleiing bidra til at inntektene til staten blir betalte inn slik det er føresett, og at statlege midlar og verdiar blir brukte og forvalta på ein økonomisk forsvarleg måte og i samsvar med Stortingets vedtak og føresetnader.

Dei overordna rammevilkåra går fram av lov og instruks om Riksrevisjonen.

1.1.1 Måloppnåing

Ny strategisk plan for perioden 2014–2018 blei vedtatt i desember 2013. Den strategiske planen tar for seg dei viktigaste utfordringane Riksrevisjonen står overfor for å kunne løyse samfunnsoppdraget i tråd med visjonen. Det er definert tre strategiske mål for perioden 2014–2018:

Mål 1: Aktuell og samfunnsnyttig revisjon

Revisjonen skal ha stor samfunnsmessig relevans og aktualitet.

Status for måloppnåing 2014

Riksrevisjonen prioriterer revisjonsoppgåvene ut frå ei samla vurdering av risiko og kva som er vesentleg.

Det er sendt 11 forvaltningsrevisjonsrapportar i Dokument 3-serien til Stortinget i 2014. Riksrevisjonen har også gitt ut to administrative rapportar. Dette er hovudsakleg rapportar som har å gjere med tema innanfor dei strategiske satsingsområda. Ved årsskiftet var det påbegynt 16 forvaltningsrevisjonar som skal vidareførast i 2015. Dei fleste av desse revisjonane har å gjere med tema innanfor dei strategiske satsingsområda.

Resultata frå selskapskontrollen 2013 er rapporterte til Stortinget gjennom Dokument 3:2 (2014–2015). Fleire av dei utvida selskapskontrollane er innanfor dei strategiske satsingsområda. Det same gjeld for nokre av dei tidlegare sakene som har vore gjenstand for oppfølging gjennom selskapskontroll for 2013. Nokre av dei rapporterte selskapskontrollane har også å gjere med tema som går på tvers av departement.

Det er påbegynt fleire utvida kontrollar der ein ventar at resultata blir rapporterte til Stortinget gjennom Dokument 3:2 (2015–2016).

Resultata frå rekneskapsrevisjonen for 2013 er rapporterte til Stortinget gjennom Dokument 1 (2014–2015). 20 av 38 departementsvise merknader er innanfor dei strategiske satsingsområda. Det er påbegynt fleire revisjonar der ein ventar at resultata blir rapporterte til Stortinget gjennom Dokument 1 (2015–2016).

Mål 2: Profesjonell revisjon og kontroll

Riksrevisjonen skal vere eit profesjonelt revisjons- og kontrollorgan med høg kompetanse. Planlegging, gjennomføring, rapportering og kommunikasjon skal utførast på ein måte som gjer at Stortinget, forvaltninga og allmenta opplever Riksrevisjonen som profesjonelle.

Status for måloppnåing 2014

Merknadene frå Stortinget til dokumenta frå Riksrevisjonen viser at Riksrevisjonen har høg tillit hos oppdragsgivaren. Som kontrollorgan for Stortinget er Riksrevisjonen også avhengig av tillit frå allmenta. Ipsos MMI gjennomførte på oppdrag av Riksrevisjonen ei opinionsundersøking i 2014. Resultatet viste mellom anna at 87 prosent av dei spurde meiner at Riksrevisjonen har høgt truverd og medarbeidarar med høg kompetanse. Medieomtalen for 2014 indikerte heller ikkje sviktande tillit, verken i tradisjonelle eller sosiale media.

Brukarundersøkingar i forvaltninga, som blei gjennomførte etter at revisjonsresultata for alle dei tre revisjonstypane var lagde fram, viser gode resultat. Særleg dialogen med Riksrevisjonen blir opplevd som god, og dei tilsette i Riksrevisjonen blir oppfatta som profesjonelle og kompetente.

Revisjonsmetodikken i Riksrevisjonen er i tråd med internasjonale standardar. Det blir arbeidd kontinuerleg for at revisjonen skal vere så profesjonell som mogleg.

For å sikre at planlegginga, gjennomføringa og rapporteringa av revisjon og kontroll skjer i tråd med lov, instruks og revisjonsstandardar, gjennomfører Riksrevisjonen periodisk inspeksjon (kvalitetskontroll utanom linja) av dei ulike revisjonstypane.

Avvik som blir avdekte i kontrollane, blir brukte som innspel til det kontinuerlege forbetringsarbeidet.

Mål 3: God leiing og effektiv ressursbruk

God leiing, organisering og styring skal sikre effektiv oppgåveløysing og fleksibel ressursbruk. Leiarar og medarbeidarar skal saman sikre at det er samsvar mellom oppgåver og kompetanse og gjennomføring av arbeidet.

Status for måloppnåing 2014

I perioden har det vore gjennomført ei omorganisering der eit sentralt formål var å vidareutvikle sterke kompetansemiljø. Vidare har det vore gjennomført tiltak for å forbetre rutinar for formidling og oppfølging av strategiske avgjerder, implementering av nye leiar- og medarbeidarkrav, kompetanseutvikling og forenkling og forbetring av sentrale støttesystem.

1.2 Revisjon og rapportering til Stortinget

1.2.1 Rekneskapsrevisjon

Innhaldet i rekneskapsrevisjonen

Riksrevisjonen skal ved revisjon av rekneskapane kontrollere om rekneskapen gir eit riktig bilete av den økonomiske verksemda, mellom anna:

  • a) Stadfeste at rekneskapane ikkje inneheld vesentlege feil og manglar.

  • b) Kontrollere om dei disposisjonane som ligg til grunn for rekneskapen, er i samsvar med Stortingets vedtak og føresetnader og gjeldande regelverk, og om disposisjonane er akseptable ut frå normer og standardar for statleg økonomiforvaltning.

Revisjonen for rekneskapsåret 2013 – Dokument 1 (2014–2015)

Den årlege finansielle revisjonen for rekneskapsåret 2013 omfatta 17 departement og Statsministerens kontor, med til saman 215 underliggjande etatar, i tillegg til Stortinget og tre verksemder som ligg under Stortinget.

Riksrevisjonen reviderte også:

  • Rekneskapane til Garantikassen for fiskarar og Likviditetsfondet i pensjonstrygda for fiskarar.

  • Bruk av fylkesvegmidlar som blir rekneskapsførte av Statens vegvesen (etter avtale). Det er sendt oppsummeringsbrev til 18 fylkesrevisjonar om resultatet av denne kontrollen.

  • Dei kommunevise skatterekneskapane, som er delrekneskapar til skatteetaten sine samla rekneskapar.

I tillegg gav Riksrevisjonen revisjonsmelding til fem nordiske verksemder og til FN-sambandet.

Av til saman 215 statlege verksemder som fekk revisjonsmelding, fekk 13 melding om vesentlege feil og manglar ved rekneskapane, og 25 fekk vesentlege merknader til utvalde disposisjonar. 14 av dei 17 departementa fekk vesentlege merknader til budsjettgjennomføringa og etatsstyringa.

Blant dei 25 verksemdene som fekk vesentlege merknader til utvalde disposisjonar, var det fleire etatar med ansvar for viktige samfunnstenester. Riksrevisjonen fann det alvorleg at fleire av desse store verksemdene hadde fått merknader fleire år på rad.

Det generelle inntrykket var at statsforvaltninga og rekneskapane og budsjettdisponeringa til staten hadde god kvalitet. Det er likevel rom for forbetringar. Dette er hovudfunna:

  • Uklarheiter og manglande samordning i val av finansielt rammeverk.

  • Svakheiter ved tryggleiken i informasjonssystema.

  • Manglar ved gjennomføring av fleire tenester av stor betydning for tryggleik og velferd.

  • Mangelfull styring av fleire store prosjekt i forvaltninga.

  • Utfordringar med fleire av styrings- og kontrollsystema til forvaltninga.

Innhaldet i selskapskontrollen

Riksrevisjonen vurderer gjennom selskapskontrollen om statlege interesser i selskap m.m. blir forvalta i samsvar med Stortingets vedtak og føresetnader. Kontrollen skal belyse forhold av stor samfunnsmessig eller prinsipiell betydning på bakgrunn av vurderingar av risiko og kva som er vesentleg.

Kontrollen blir utført ut frå desse perspektiva:

  • Etterleving av lover, reglar og vedtak.

  • Varetaking av samfunnsmessige oppgåver og sektorpolitiske mål.

  • Effektiv og økonomisk forsvarleg drift.

  • Korrekt informasjon til Stortinget og Riksrevisjonen.

Kontroll med forvaltninga av statlege selskap for 2013 – Dokument 3:2 (2014–2015)

Kontrollen for 2013 omfatta 125 selskap og verksemder fordelte på heil- og deleigde aksjeselskap, helseføretak, statsføretak, særlovselskap og studentsamskipnader.

Riksrevisjonen hadde merknader til korleis statsråden hadde forvalta statlege interesser under Helse- og omsorgsdepartementet, Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Vidare hadde Riksrevisjonen merknader til gjennomføringa av eigarpolitikken til regjeringa når det gjaldt kapitalstruktur i selskap. Kontrollane viste at eigarskapsutøvinga på dei undersøkte områda må styrkjast gjennom betre oppfølging av fastsette mål og krav.

Vidare viste kontrollen:

  • At helseføretaka hadde mangelfulle beredskapsplanar for ikt, vann og strøm.

  • At det var manglande tryggleik rundt helseopplysningar i helseføretaka.

  • At Norsk Tipping kan effektiviserast.

  • At mange selskap hadde høg eigenkapitaldel.

  • At universitet og høgskolar må følgje opp selskapa sine betre.

  • At ikt-prosjekta i spesialisthelsetenesta var lite samordna.

Innhaldet i forvaltningsrevisjonen

Riksrevisjonen skal gjennom systematiske undersøkingar av økonomi, produktivitet, måloppnåing og verknader ut frå Stortingets vedtak og føresetnader skaffe relevant informasjon til Stortinget om iverksetjing og verknader av offentlege tiltak e.l., mellom anna:

  • a) Om forvaltninga bruker ressursar til å løyse oppgåver som samsvarer med Stortingets vedtak og føresetnader.

  • b) Om ressursbruken og verkemidla i forvaltninga er effektive med tanke på dei måla Stortinget har sett på området.

  • c) Om regelverk fastsette av Stortinget blir etterlevde.

  • d) Om styringsverktøya, verkemidla og regelverket til forvaltninga er effektive og formålstenlege for å følgje opp Stortingets vedtak og føresetnader.

  • e) Om avgjerdsgrunnlaget frå regjeringa til Stortinget er tilstrekkeleg.

  • f) Om forvaltninga gjennomfører den vedtatte miljøpolitikken, slik at prinsippet om berekraftig utvikling og god forvaltning av naturressursane blir etterlevd.

Forvaltningsrevisjon bør avgrensast til saker av prinsipiell, økonomisk eller stor samfunnsmessig interesse.

Forvaltningsrevisjonar som blei sluttførte i 2014

Riksrevisjonen sende 11 forvaltningsrevisjonar til Stortinget i 2014. Revisjonane rapporterer om forhold som dreier seg om manglande gjennomføringsevne av politiske vedtak, låg måloppnåing og svak samordning mellom aktørar i forvaltninga. Fleire revisjonar viser at det også er eit potensial for å auke effektiviteten i oppgåveløysinga. Eit sentralt funn i nokre revisjonar er at det er eit potensial for betre bruk av statlege verkemiddel og ressursar og meir koordinert verkemiddelbruk. I fleire av revisjonane er det påvist eit behov for å styrkje koordineringa mellom ulike delar av statsforvaltninga og/eller på tvers av forvaltningsnivåa. Enkelte revisjonar viser vidare at det er svakheiter i styringssystema og internkontrollen i forvaltninga.

Administrative rapportar i 2014

Enkelte forvaltningsrevisjonar blir ikkje sende til Stortinget som eiga sak, men trykte i ein administrativ rapportserie og sende til kontroll- og konstitusjonskomiteen, den aktuelle fagkomiteen og aktuelle departement til orientering.

Det blei utarbeidd to administrative rapportar i 2014:

  • Administrativ rapport 1 2014 – Riksrevisjonens undersøking av forvaltninga av nasjonalparkar

  • Administrativ rapport 2 2014 – Riksrevisjonens undersøking av statleg tilsynsverksemd

Forbetringar i forvaltninga

Riksrevisjonen følgjer opp alle forvaltningsrevisjonar som er behandla i Stortinget, ved å kontrollere at forvaltninga har sett i verk tiltak for å rette opp påviste manglar. Oppfølginga skjer normalt tre år etter stortingsbehandlinga. Resultata blir presenterte for Stortinget i det årlege Dokument 3:1.

Dokument 3:1 (2014–2015) omhandla oppfølginga av 11 forvaltningsrevisjonar. For 10 av sakene viste oppfølginga at forvaltninga hadde gjort forbetringar, og sakene blei avslutta.

Éi sak blir følgd vidare:

  • Riksrevisjonens undersøkelse av Integrerings- og mangfoldsdirektoratets måloppnåelse og virkemiddelbruk i arbeidet med bosetting og kvalifisering av flyktninger – Dokument 3:3 (2010–2011).

Kommunikasjon

I 2014 arrangerte Riksrevisjonen sju pressekonferansar i samband med offentleggjering av dokument.

Dei mest omtalte sakene i 2014 var Riksrevisjonens undersøkingar om barnefattigdom, varetaking av veteranar frå internasjonale operasjonar og arbeidsretta oppfølging frå Nav av personar med nedsett arbeidsevne. Saker frå Dokument 1 (2014–2015) som blei spesielt mykje omtalte, var moderniseringa av ikt i arbeids- og velferdsetaten, Autosys-systemet i Statens vegvesen, ikt-tryggleik i statsforvaltninga og Sivilforsvaret si evne til forsterking av nød- og beredskapsetatane.

Negativ omtale av Riksrevisjonen i media gjekk ned frå 9 prosent i 2013 til 4 prosent i 2014. Medieomtale blir vekta negativt dersom leiinga for verksemda eller leiinga i departementet uttrykker ueinigheit med Riksrevisjonens funn/konklusjonar eller det er en sak som kan svekke Riksrevisjonens omdømme.

Undervisning, foredragsverksemd, seminar og liknande

Riksrevisjonen har bidratt med undervisning og foredrag i fleire samanhengar, mellom anna for forvaltning, statlege selskap, interesseorganisasjonar og utval, og på etterspurnad frå eksterne kursarrangørar. I 2014 heldt riksrevisor og medarbeidarar i Riksrevisjonen ei rekkje revisjonsfaglege og andre foredrag i eksterne forum.

Tips til Riksrevisjonen

Riksrevisjonen har ein elektronisk tipskanal på heimesida si. I 2014 blei det registrert 126 tips. Dei fleste av tipsa gjeld saker som ikkje kan karakteriserast som mislege forhold, men som likevel kan vere nyttige for revisjonen.

1.3 Internasjonale aktivitetar

Riksrevisjonen vedtok i 2014 ein ny strategi for den internasjonale verksemda. Strategien gir retning og grunnlag for prioriteringar i det internasjonale engasjementet vårt i perioden 2014–2018. Den internasjonale strategien skal støtte opp under og reflektere måla som er nedfelte i den strategiske planen vår for 2014–2018. Spesielt blir det understreka at det er viktig at Riksrevisjonen utviklar og har høg fagleg kompetanse. Det er viktig at det internasjonale arbeidet støttar opp under dette målet og legg til rette for å styrkje kunnskap og dele erfaring på område som er viktige for Riksrevisjonen. Riksrevisjonen har også eit ansvar for å hjelpe andre land med å byggje opp ei statleg revisjonsmyndigheit gjennom eit sterkt og tydeleg internasjonalt engasjement. Bistandsprosjekta til Riksrevisjonen er bygde på tankegangen om at uavhengige og effektive riksrevisjonar er ein føresetnad for å sikre ein velfungerande kontroll av offentleg sektor og nedkjemping av korrupsjon og mislege forhold.

1.3.1 Internasjonale revisjonsoppdrag

Riksrevisjonen har som mål aktivt å søkje oppdrag som ekstern revisor i internasjonale organisasjonar som er viktige for Noreg. I tråd med prinsippa til INTOSAI ønskjer Riksrevisjonen gjennom dette arbeidet å påverke til større openheit og betre forvaltning i dei mange internasjonale organisasjonane som Noreg er medlem av.

Riksrevisjonen har hatt som mål å ha mellom fem og åtte oppdrag som ekstern revisor i internasjonale organisasjonar. I 2014 hadde Riksrevisjonen desse revisjonsoppdraga:

  • EFTAs overvakingsorgan (ESA), EFTA-domstolen og EFTA-sekretariatet og EØS-overføringane til nye EU-medlemmer

    Riksrevisjonen har vore medlem av EFTA Board of Auditors (EBOA) i Brussel sidan 1992. Den noverande medlemmen frå Riksrevisjonen blei nemnd opp frå 1. januar 2012 og er vald som leiar av EBOA.

  • NATOs revisjonsråd

    Riksrevisjonen har sidan 1. september 2010 vore representert med éin medlem i NATOs revisjonsråd i Brussel. Representanten sit i ein periode på fire år og avslutta oppdraget sitt 31. august 2014.

  • EPOs revisjonsråd

    Riksrevisjonen har sidan 1. januar 2013 hatt éin representant i revisjonsrådet for EPO (Den europeiske patentorganisasjonen) i München. Representanten sit i ein periode på fem år.

  • CERNs rådgivande revisjonskomité (SACA)

    Riksrevisjonen har sidan 1. januar 2013 hatt éin representant i CERNs rådgivande revisjonskomité SACA (Standing Advisory Committee on Audits) i Genève. Representanten sit i ein periode på tre år.

  • INTERPOL – den internasjonale politiorganisasjonen

    Riksrevisjonen blei nemnd ut som ekstern revisor for INTERPOL (International Criminal Police Organization) i Lyon hausten 2010. Oppdraget var opphavleg for ein periode på tre år, men blei i 2013 fornya for ytterlegare tre år (rekneskapsåra 2013–2015).

  • Nordic Optical Telescope Scientific Association (NOTSA)

    NOTSA er formelt ein svensk stiftelse som blei grunnlagd som ein non-profit-organisasjon i 1984. Revisjonsansvaret har gått på omgang mellom riksrevisjonane i dei nordiske landa. Riksrevisjonen har hatt revisjonsansvaret i fire år, dvs. for rekneskapsåra 2010–2013. Oppdraget blei avslutta i juni 2014.

1.3.2 Fagfellevurderingar

Fagfellevurderingar (peer reviews) er eit nyttig verktøy for riksrevisjonar for å få gjennomført revisjonsfaglege og institusjonelle vurderingar av revisjonspraksis og eigen organisasjon. Erfaringar viser at dei revisorane som deltar i slike institusjonsgjennomgangar, har stort fagleg utbytte.

Mot slutten av 2013 starta revisorar frå Riksrevisjonen arbeidet med å leie det internasjonale teamet som gjennomførte ei fagfellevurdering av den amerikanske riksrevisjonen (U.S. GAO) sin praksis for både rekneskapsrevisjon og forvaltningsrevisjon. Det var fjerde gongen Riksrevisjonen deltok i ei fagfellevurdering av GAO og andre gongen Riksrevisjonen leidde arbeidet. Arbeidet blei avslutta og rapport send til GAO i september 2014.

To medarbeidarar frå Riksrevisjonen deltok i 2014 i fagfellevurdering av riksrevisjonen i Litauen. Det internasjonale teamet for denne fagfellevurderinga blei leidd av European Court of Auditors (ECA), og representantane frå Riksrevisjonen deltok med ekspertise på rekneskapsrevisjon og forvaltningsrevisjon. Arbeidet blei avslutta og rapport send til riksrevisjonen i Litauen i november 2014.

1.3.3 Deltaking i den globale organisasjonen av riksrevisjonar (INTOSAI)

Riksrevisjonen er medlem av den globale organisasjonen av riksrevisjonar, International Organization of Supreme Audit Institutions (INTOSAI), og den regionale organisasjonen for Europa, European Organisation of Supreme Audit Institutions (EUROSAI).

INTOSAI er etablert for å vere ein møteplass for utveksling av idear og erfaringar mellom riksrevisjonar. Organisasjonen skal bidra til å fremme den faglege utviklinga av revisjonsfaget for offentleg revisjon. Riksrevisjonen speler i dag ei viktig rolle i INTOSAI, og riksrevisoren er medlem av styret og av finans- og administrasjonskomiteen (FAC) i organisasjonen.

Riksrevisjonen er gjennom medlemskapen i FAC del av ei arbeidsgruppe som skal utarbeide ein ny strategisk plan for INTOSAI for perioden 2017–2023.

Utvikling og implementering av internasjonale standardar for offentleg revisjon

Hausten 2013 vedtok kongressen for INTOSAI grunnleggjande prinsipp for offentleg revisjon (ISSAI-rammeverket). Gjennom 2014 har arbeidet halde fram med gjennomgang og vidareutvikling av standardar og retningslinjer for kvar av revisjonstypane.

ISSAI-rammeverket omfattar krav til institusjonelt sjølvstende og etikk, overordna styring og leiing, generelle prinsipp for offentleg revisjon og metodikk for finansiell revisjon, etterlevingsrevisjon og forvaltningsrevisjon.

Riksrevisjonen deltar i INTOSAIs arbeid med implementeringa av standardane mellom anna gjennom utarbeiding av handbøker, fagseminar med regionale riksrevisjonar og foredrag på internasjonale seminar for offentleg revisjon.

Implementering av ISSAI-ane (International Standards for Supreme Audit Institutions) er ein viktig del av bistandsarbeidet Riksrevisjonen utfører mot riksrevisjonar i utviklingsland.

Riksrevisjonen leiar komiteen i INTOSAI som har ansvar for å utarbeide og halde ved like standardar for etterlevingsrevisjon (Compliance Audit). Riksrevisjonen er i tillegg medlem av komiteane for forvaltningsrevisjon og rekneskapsrevisjon. I løpet av 2014 er det lagt fram oppdaterte internasjonale standardar for forvaltningsrevisjon.

Ikt-revisjon

Riksrevisjonen har i 2014 deltatt i prosjektet Development of ISSAI 5300 on Guidelines on IT Audits og prosjektet Updating ISSAI 5310 on Information Systems Security Audit i INTOSAI IT Working Group. Arbeidet med å utvikle desse standardane held fram i 2015.

Riksrevisjonen har gjennom engasjementet i EUROSAI IT Working Group i 2014 deltatt i ein parallellrevisjon av om det er etablert ein forsvarleg prosess for søknad, produksjon og utsending av biometriske pass. Revisjonen blir gjennomført i sju land i Europa og vil gi eit godt bilete av kor effektivt og sikkert politiet i Noreg utfører dette arbeidet samanlikna med andre land. Ein sluttrapport frå revisjonen vil bli ferdigstilt i løpet av våren 2015.

Institusjonsutvikling av riksrevisjonar

Riksrevisjonen er medlem av INTOSAIs arbeidsgruppe for institusjonsutvikling av riksrevisjonar. Denne gruppa har produsert fleire retningslinjer for korleis riksrevisjonar best kan utviklast. Gjennom denne typen arbeid blir det stimulert til større grad av samordning av kapasitetsbyggingsaktivitetar mellom dei mange aktørane som er involverte i aktivitetane.

Miljørevisjon

Noreg har lenge hatt ei aktiv rolle i INTOSAIs miljøarbeidsgruppe. Riksrevisjonen deltar for tida i tre prosjekt som greier ut risiko og revisjonstilnærmingar på områda marint miljø, miljøevalueringar og energieffektivitet. I 2014 har Riksrevisjonen også leidd arbeidet med oppdatering av ein rettleiar om integrering av mislegheitsaspektet ved gjennomføring av revisjonar av miljø- og ressursforvaltning.

Seks år som leiar av EUROSAIs arbeidsgruppe for miljørevisjon blei avslutta i 2014. Oppgåvene til arbeidsgruppa, som no vert leia av Estland, er å spreie kunnskap om miljørevisjon til medlemmene, bidra til samarbeid på området og styrkje metodisk og tematisk kunnskap innan området miljørevisjon.

1.3.4 Nordisk samarbeid

Det nordiske samarbeidet mellom riksrevisjonane i Danmark, Sverige, Finland, Færøyane, Island og Noreg går føre seg på både riksrevisor- og ekspertnivå. Gjennomgåande tema i 2014 har vore revisjon av informasjonstryggleik i staten, eigarstyring og eigarskapsforvaltning og risiko- og områdeanalysar knytte til revisjon.

1.3.5 Anna revisjonssamarbeid

Parallellrevisjon av Arktisk råd

Den norske og den russiske riksrevisoren tok i 2011 initiativ til ein felles revisjon av Arktisk råd. I tillegg til Russland og Noreg – som koordinerer arbeidet – har Danmark, Sverige og USA deltatt i revisjonen, medan Finland, Island og Canada har vore observatørar. Formålet har vore å 1) beskrive dei miljømessige utfordringane og dei økonomiske moglegheitene i Arktis, 2) vurdere i kva grad Arktisk råd og dei nasjonale styresmaktene møter utfordringane, og 3) vurdere på kva måte tilrådingane frå rådet blir følgde opp, og om rådet er formålstenleg organisert.

Landa har utarbeidd nasjonale rapportar til sine respektive parlament og med utgangspunkt i dei utarbeidd eit felles memorandum. Den norske rapporten blei levert Stortinget 17. desember 2014 (Dokument 3:3 (2014–2015) Riksrevisjonens undersøkelse av myndighetenes arbeid med Arktisk råd). Det felles memorandumet blei sendt til Stortinget i februar 2015.

Parallellrevisjon av atomtryggleiksarbeidet i nordområda

Den norske og den russiske riksrevisjonen gjennomførte i perioden 2008–2009 ein parallellrevisjon av atomtryggleiksarbeidet i nordområda. Revisjonen blei rapportert til Stortinget i Dokument 3:9 (2009–2010). Vidare blei det gjennomført ein revisjon i 2010 som blei rapportert til Stortinget i Dokument 3:5 (2011–2012). I perioden 2013–2014 er det gjennomført ein parallell oppfølgingsrevisjon av atomtryggleiksarbeidet i nordområda. Revisjonen blei rapportert i Dokument 3:1 (2014–2015) Riksrevisjonens oppfølging av undersøkelser som er behandlet av Stortinget.

Europeisk samarbeidsrevisjon om nasjonalparkar

På eit nordisk-baltisk riksrevisormøte i 2011 blei det tatt initiativ til ein samarbeidsrevisjon om nasjonalparkar. I tillegg til Noreg har Bulgaria, Danmark, Litauen, Kroatia, Polen og Ukraina deltatt. Landa har utarbeidd nasjonale rapportar til sine respektive parlament og med utgangspunkt i dei utarbeidd ein fellesrapport. Den norske rapporten blei offentleggjord 9. februar 2014 (Administrativ rapport 1 (2014–2015) Riksrevisjonens undersøking av forvaltninga av nasjonalparkar). Fellesrapporten blei underteikna av riksrevisorane i desember 2014.

1.4 Bistand til utvikling av riksrevisjonar i andre land

Målet for utviklingssamarbeidet er å bistå riksrevisjonar i utvalde land slik at dei kan bidra meir effektivt til å fremme eit godt styresett. I dette arbeidet tar Riksrevisjonen utgangspunkt i dei internasjonale standardane for offentleg revisjon, gir opplæring og rettleiing innan ulike revisjonsformer og støtte til styrking av institusjonane. Riksrevisjonen har også bistått med ei kvalitetsvurdering av fleire riksrevisjonar i utviklingsland gjennom bruken av eit nytt rammeverk frå International Organization of Supreme Audit Institutions (INTOSAI) for måling av kvalitet på og identifisering av utviklingsbehov hos riksrevisjonar i utviklingsland.

1.4.1 Institusjonelle samarbeidsprosjekt

Riksrevisjonen hadde i 2014 eit samarbeid med riksrevisjonane i Makedonia, Nepal, Uganda, Sør-Sudan og Zambia og ein institusjonell partnarskap med sekretariatet for engelskspråklege riksrevisjonar i Afrika (AFROSAI-E). I juni 2014 blei samarbeidet med riksrevisjonen i Sør-Sudan satt på vent som følgje av borgarkrigstilstandar i landet. Samarbeidet vil ikkje bli tatt opp igjen før det er politisk stabilitet.

Zambisk riksrevisjon

Samarbeidet med riksrevisjonen i Zambia blei fornya for ein ny treårsperiode i 2014. I 2014 har samarbeidet omfatta styrking av forvaltningsrevisjon, ikt-revisjon, inntektsrevisjon og etablering av elektroniske revisjonsstøtteverktøy. Støtte frå Riksrevisjonen har bidratt til at fem forvaltningsrevisjonsrapportar er presenterte for parlamentet. I tillegg har bistanden til ikt-revisjonen bidratt til at viktige funn i ikt-forvaltninga er rapporterte i den årlege zambiske riksrevisjonsrapporten.

Nepalsk riksrevisjon

Den nepalske riksrevisjonen har eit samarbeid med Riksrevisjonen om mellom anna lovutforming, strategisk planlegging, rekneskapsrevisjon og forvaltningsrevisjon.

I 2014 var starta eit samarbeid om miljørevisjon.

I september 2014 var riksrevisor Per-Kristian Foss på besøk i Nepal for å promotere viktigheita av uavhengige riksrevisjonar i samband med den pågåande grunnlovsprosessen i landet. Han hadde mellom anna møte med statsministeren, finansministeren og andre leiande politikarar i landet. Riksrevisjonen samarbeider tett med Verdsbanken i samband med kapasitetsstyrkinga av riksrevisjonen i Nepal.

Engelskspråklege riksrevisjonar i Afrika – AFROSAI-E

AFROSAI-E er ei samanslutning av engelskspråklege riksrevisjonar i Afrika, og sekretariatet har base i Sør-Afrika. AFROSAI-E omfattar 25 land.

Riksrevisjonen og den svenske riksrevisjonen initierte og finansierte ei evaluering av AFROSAI-E i 2014. Evalueringa konkluderte med at AFROSAI-E har fått større betydning og relevans for medlemslanda, og at organisasjonen gir god bistand med avgrensa ressursar. Organisasjonen bidrar til institusjonsutvikling av riksrevisjonane i regionen og er sentral i utarbeidinga av rettleiingsmateriale, kvalitetssikring og styrking av posisjonen til riksrevisjonane i medlemslanda. Organisasjonen går inn i ein ny strategisk periode i 2015 med vekt på å implementere grunnleggjande revisjonsmetodikk i medlemslanda.

Riksrevisjonen har i 2014 bidratt til utarbeiding av rettleiingsmateriale og opplæring innanfor fleire revisjonsdisiplinar og til kvalitetsgjennomgangar av utvalde riksrevisjonar i regionen. Riksrevisjonen hadde ein norsk medarbeidar knytt til sekretariatet som langtidsrådgivar i heile 2014.

Petroleumsprogrammet – ugandisk og sørsudansk riksrevisjon

Riksrevisjonen etablerte i 2012 eit petroleumsprogram med formålet å bistå riksrevisjonar i å utvikle og/eller styrkje revisjonen av petroleumssektoren. Programmet samarbeider tett med NORAD-programmet Olje for utvikling og internasjonale og regionale aktørar som AFROSAI-E og INTOSAI Development Initiative (IDI).

Riksrevisjonen i Uganda har vore forsøksland for Petroleumsprogrammet, og samarbeidet med riksrevisjonen i Uganda omfattar overordna risikovurderingar, forvaltningsrevisjon innan petroleum og miljø og støtte til revisjonar av kontraktane mellom staten og oljeselskapa (Production Sharing Agreements). Samarbeidet omfattar også kontakt og koordinering med andre relevante aktørar og støtte til kurs og opplæring.

Som ei utviding av Petroleumsprogrammet inngjekk Riksrevisjonen eit samarbeid med den sørsudanske riksrevisjonen i 2013. Siktemålet var å bidra til sterkare kontroll med petroleumssektoren. I 2014 bidrog Riksrevisjonen, i samarbeid med mellom andre Olje for utvikling, til kartlegging og risikoanalyse av petroleumssektoren i landet og til planlegging av ulike revisjonar innanfor oljesektoren.

Etter førespurnad om bistand frå den tanzanianske riksrevisjonen gjennomførte Riksrevisjonen i 2014 ein studie i Tanzania for å vurdere føresetnader for bistand innanfor petroleumssektoren. Tanzania har gjort betydelege gassfunn, og det er venta store statsinntekter frå sektoren. På bakgrunn av forstudien har Riksrevisjonen bestemt at dei vil innleie eit samarbeid med den tanzanianske riksrevisjonen, førebels for ein toårsperiode, for å avklare om føresetnadene for eit meir langsiktig samarbeid er til stades.

Makedonsk riksrevisjon

Riksrevisjonen har eit fireårig samarbeid med riksrevisjonen i Makedonia fram til 2016. Samarbeidet blei innleidd på bakgrunn av søknad frå den makedonske riksrevisjonen til IDIs givarsekretariat. Samarbeidet omfattar i hovudsak utvikling av it-infrastruktur og innføring av eit elektronisk revisjonsstøtteverktøy i organisasjonen.

1.4.2 Utviklingssamarbeid og IDI (INTOSAI Development Initiative)

IDI er INTOSAIs organ for institusjonell bistand og utvikling. Riksrevisjonen sitt utviklingssamarbeid skal vere tett kopla til arbeidet IDI gjer for utviklinga av riksrevisjonar. Dette nære samarbeidet er utvikla vidare i 2014. Søknadsmengda til IDIs givarsekretariat viser at det er eit stort behov for støtte til institusjonsutvikling.

Riksrevisjonen har forplikta seg til å ta på seg ein del av desse førespurnadene om bistand. I tillegg gir Riksrevisjonen eit årsverk i form av hospitering til IDI, og bistår elles IDI ved behov.

1.5 Styring, administrasjon og interne aktivitetar

1.5.1 Styringa i Riksrevisjonen

Styringssystemet

Den strategiske planen har ein tidshorisont på fire år. I tillegg blir det utarbeidd årlege verksemdsplanar, som av omsyn til revisjonssyklusen i rekneskapsrevisjonen gjeld frå 1. mai til 30. april.

Til dei strategiske måla er det utforma operasjonelle mål som konkretiserer ambisjonane for perioden. Det er også utarbeidd eit sett av resultatindikatorar knytte til de strategiske måla. Overvaking av resultatindikatorane er eit styringsverktøy for leiinga for å identifisere behov for intern kvalitetsforbetring.

Indikatorane gir nyttig bakgrunnsinformasjon ved dei årlege risikovurderingane av operasjonelle mål og såleis også ved vurderinga av nødvendige utviklingstiltak i dei årlege verksemdsplanane.

I verksemdsplanane blir prioriterte revisjonsoppgåver nedfelte ut frå ei overordna vurdering av risiko innan kvart av departementa og på tvers av departementa. Dette utgjer den viktigaste delen av verksemdsplanen. I tillegg inneheld planen styringssignal til avdelingane og ein nærmare omtale av prioriterte utviklingstiltak for å sikre ein så effektiv og god revisjon som mogleg.

Riksrevisjonen bruker eit elektronisk styringsinformasjonssystem til å fordele og rapportere forbruk av ressursar til oppgåver av både revisjonsfagleg og administrativ art på årleg basis. Erfaringstal gir også grunnlag for meir treffsikre ressursanslag ved framtidig planlegging.

1.5.2 Utviklingstiltak i organisasjonen

Risikovurderingar og verksemdsplan i året som gjekk

Risikovurderinga av dei operasjonelle måla blei oppdaterte i januar 2014 etter ein prosess i dei enkelte avdelingane og i tenestemannsorganisasjonane. Risikoen for desse fire operasjonelle måla blei vurdert som kritisk:

  • Riksrevisjonen prioriterer revisjonsoppgåvene og ressursbruken etter ei heilskapleg vurdering av risiko og kva som er viktig, på tvers av departementsområda.

  • Riksrevisjonen gjennomfører revisjon og rettleiing med høg fagleg kvalitet og i tråd med lov, instruks og internasjonale standardar.

  • Riksrevisjonen tar tydelege strategiske avgjerder og sikrar gjennomføring i organisasjonen.

  • Riksrevisjonen legg vekt på god fagleg leiing som gir meirverdi og kvalitet i oppgåveløysinga.

Primæroppgåvene til Riksrevisjonen blei gitt høgaste prioritet også i verksemdsplanen for 2014–2015. I tillegg blei desse tiltaka sette i verk:

  • Arbeid med verksemdsarkitektur

  • Nye lokale for hovudkontoret

  • Forenkle og effektivisere oppgåver, prosessar og rutinar

  • Kultur- og organisasjonsutvikling

  • Forbetre rutinar for formidling og oppfølging av strategiske avgjerder

  • Andre utviklingstiltak

1.5.3 Miljø

Miljøleiing

Riksrevisjonen etablerte i 2011 eit enkelt miljøleiingssystem.

Riksrevisjonen er nøgd med at energibruken har gått ned med 11,4 prosent. Det indikerer at tiltaka som er sette i verk, fungerer som venta. Kjeldesorteringsgraden har ein reduksjon på 2 prosentpoeng. Flytting av kontor under omorganiseringa i 2014 verka inn på avfallssorteringa. Avfallsmengda var på over 6 tonn meir enn i 2013.

Talet på videokonferansar har auka mykje frå 2013. Bruken av digitale løysingar har auka.

Klimakvotar

Riksrevisjonen er med på den statlege ordninga med kjøp av klimakvotar. Direktoratet for økonomistyring (DFØ) registrerer og rapporterer om klimakvotar for flyreiser.

Det har vært mindre reiser innanlands, medan talet på utanlandsreiser utanfor Europa har auka.

1.5.4 Tryggleik

Det er eit overordna tryggleiksmål at all informasjonsbehandling skal utførast i tråd med lovpålagde krav og på ein slik måte at tilliten til Riksrevisjonen ikkje blir svekt. Tryggleikstilstanden i Riksrevisjonen blir oppfatta som tilfredsstillande.

Riksrevisjonen har ein eigen tryggleiksleiar som får bistand av eit rådgivande organ – Sikkerhetsforumet. Det var fire møte i dette forumet i 2014.

I 2014 blei trusselvurderinga for Riksrevisjonen oppdatert. Vurderinga skal liggje til grunn for risikovurderingar av interne ikt-system og utgjere grunnlaget for å identifisere aktuelle generelle tryggingstiltak. På grunnlag av vurderinga i år er det innført grenser for til kva land det er lov å ta med utstyr som kan koplast til nettet til Riksrevisjonen. Trafikken ut og inn av Riksrevisjonen blir overvaka etter avtale av NorCERT, og Riksrevisjonen blei i 2014 med som deltakar i NSMs prosjekt «Allvis» for å betre tryggleiken. Vi ser det framleis som viktig å gjennomføre bevisstgjerings- og opplæringstiltak, og Riksrevisjonen deltok mellom anna i Nasjonal tryggleiksmånad i 2014. Riksrevisjonen blir halden oppdatert om aktuelle tryggleiksspørsmål ved å delta på konferansar og seminar, mellom anna i regi av NSM og NORSIS, og ved jamleg kontakt med og mottak av informasjon frå tryggleiksstyresmaktene.