1.1 Innleiing, bakgrunn og samandrag

1.1.1 Digitalradiomeldinga

I digitalradiomeldinga, Meld. St. 8 (2010–2011) Digitalisering av radiomediet, vart det stilt opp kriterium for å digitalisere det riksdekkjande radionettet i 2017 eller 2019. Eit breitt stortingsfleirtal slutta seg i 2011 til kriteria og til opplegget for digitaliseringa av radiosektoren. Regjeringa har vedteke at kriteria for å digitalisere det riksdekkjande radionettet frå 2017 er oppfylte. Dette inneber at FM-sendingane frå dei riksdekkjande radioaktørane Radio Norge, P4 og NRK kan slutte etter ein regionvis plan i løpet av 2017.

I digitalradiomeldinga vart det føresett at dei fleste og minste lokalradioaktørane vil kunne få høve til å halde fram å sende på FM, men at større, kommersielle lokalradioar gjer teknologiskiftet samtidig med Radio Norge og P4.

I staden for å konkretisere nærare kva for kategoriar av lokalradioar som skal ha høve til å halde fram på FM, la digitalradiomeldinga opp til at departementet skal leggje fram saka for Stortinget i 2015. Meldinga la vidare opp til at departementet i 2015 skulle kome tilbake til Stortinget med eit opplegg for å leggje til rette for mindre lokalradioar i Lokalradioblokka i DAB-nettet.

1.1.2 Samandrag

I kapittel 2 gjer departementet greie for kva lokalradiokonsesjonar som ikkje skal forlengjast eller lysast ut på nytt når konsesjonsperioden går ut 31. desember 2016. Kapittelet inneheld Medietilsynets forslag, høyringsinstansanes synspunkt og departementets vurderingar og konklusjon. Departementet meiner at alle kommersielle lokalradiokonsesjonar med dekning av betyding i dei fire største byane ikkje bør lysast ut på nytt eller forlengjast når inneverande konsesjonsperiode går ut. Dette inneber at 23 konsesjonar ikkje blir lyste ut på nytt eller forlengde, medan dei resterande ca. 215 lokalradiokonsesjonane kan vidareførast. Vidare stiller departementet som føresetnad at det finst reelle moglegheiter til å sende på DAB i dei områda der det kommersielle lokalradionettet på FM ikkje blir lyst ut på nytt eller forlengd.

Kapittel 3 inneheld rammevilkåra som skal gjelde for lokalradiosektoren i DAB-nettet. Her foreslår departementet å føre vidare gjeldande modell for tildeling av anleggskonsesjonar, frekvensløyve og innhaldskonsesjonar. Departementet vurderer også om det er naudsynt å innføre regulatoriske tiltak for å sikre mindre, ikkje-kommersielle lokalradioar tilgang til DAB-nettet, men konkluderer med at det vil vere nok å sikre høve til å innføre slike reglar seinare dersom det skulle bli bruk for det. I kapittel 3 vurderer departementet også behovet for økonomisk støtte for å fremje digitaliseringa av lokalradiosektoren. Departementet er innstilt på å setje av om lag halvparten av midlane som blir tildelte etter støtteordninga for lokalkringkastingsformål.

Kapittel 4 inneheld rammevilkåra for lokalradiokonsesjonar som held fram på FM etter digitaliseringa. Departementet konkluderer med at konsesjonane til dei gjenverande konsesjonærane kan forlengjast med fem år etter digitaliseringa av det riksdekkjande radionettet, i staden for å lysast ut på nytt. Etter departementets vurdering tilseier omsynet til plattformnøytral regulering at dei resterande radiokonsesjonane i FM-nettet ikkje bør underleggjast strengare rammevilkår enn radiokanalar som sender i DAB-nettet. Dette tyder at det er behov for omfattande liberalisering av rammevilkåra i FM-nettet i neste konsesjonsperiode.

1.2 Kva for lokalradiokonsesjonar skal ikkje forlengjast eller lysast ut på nytt?

1.2.1 Departementets vurdering

1.2.1.1 Kommersielle lokalradiokonsesjonar

Dei kommersielle lokalradiokonsesjonane på FM som heilt eller delvis dekkjer Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger, vil ikkje bli forlengde eller lyste ut på nytt etter at det riksdekkjande radionettet er digitalisert i samsvar med riksaktøranes regionvise plan. Dette gjeld følgjande elleve konsesjonsområde:

  • 02-03. Asker og Bærum

  • 02-04. Nesodden

  • 02-05. Ski og Oppegård

  • 03-01. Oslo

  • 03-02. Stor-Oslo: Oslo og Lørenskog, Sørum, Fet, Rælingen, Enebakk, Skedsmo, Nittedal, Aurskog-Høland og Gjerdrum i Akershus

  • 06-05. Hurum og Røyken

  • 11-03. Stavanger, Sola og Randaberg

  • 11-04. Sandnes og Forsand

  • 12-05. Bergen

  • 12-08. Askøy

  • 15-03. Trondheim, Melhus, Skaun, Klæbu og dessutan Leksvik i Nord-Trøndelag

1.2.1.2 Føresetnad for at lokalradioane i dei fire storbyane skal ha reelt høve til å sende på DAB i løpet av 2017

For å bidra til at lokalradioane som ikkje får tilbod om forlenging eller høve til å by på konsesjonen sin igjen ved ny utlysing, bør føresetnaden for digitalisering av det einskilde konsesjonsområdet for analog lokalradio vere at det er etablert eit lokalt DAB-nett. Eit slikt krav vil også kunne bidra til å stimulere utbygginga av Lokalradioblokka i desse områda.

1.2.1.3 Ikkje-kommersielle lokalradiokonsesjonar

Departementet meiner at nisjekonsesjonærane i dei store byane kan halde fram på FM dersom inntekts- og utbyteavgrensingane blir førde vidare og det blir sett totalforbod mot å vidaresende innhald frå andre aktørar eller samsende innhald med andre aktørar. Ettersom nisjekanalane vil vere dei einaste aktørane som held fram på FM i dei fire store byane, bør Medietilsynets tilsyn med desse radioane styrkjast i perioden etter teknologiskiftet.

1.3 Rammevilkår for lokalradiosektoren i DAB

1.3.1 Modell for tildeling av anleggskonsesjonar og frekvensløyve i Lokalradioblokka

Medietilsynet foreslo i rapporten sin at anleggskonsesjonane og frekvensløyva i Lokalradioblokka i DAB-nettet skulle tildelast ved pengeauksjon. Nkom støtta tilsynets vurderingar. Dette er same modell som er nytta i prøveperioden fram til 2017, og som er nytta i det resterande DAB-nettet. Departementet sluttar seg til Medietilsynets og Nkoms vurderingar.

Fleire høyringsinstansar peikar på kor viktig det er at konsesjonane i Lokalradioblokka gjeld like lenge som i Riksblokka. Det vil seie til 31. desember 2031. Departementet sluttar seg til dette.

Ifølgje Digitalradio Norge bør konsesjonane lysast ut snarast. Departementet ser behovet for at konsesjonane blir utlyste så snart som mogleg og vil leggje til rette for dette.

1.3.2 Modell for å sikre mindre ikkje-kommersielle lokalradioar reell tilgang til DAB-nettet

Etter departementets vurdering vil utfordringane for lokalradiobransjen først og fremst vere å finansiere utbygging av Lokalradioblokka. Når eit lokalt DAB-nett først er bygt ut, vil det vere kapasitet til om lag 15 til 20 lokalradioar i kvart område. I mindre tettbygde område vil det derfor truleg snarare bli overkapasitet. Mot denne bakgrunnen meiner departementet at det ikkje bør setjast i verk særskilde ordningar, men at det i staden blir spesifisert i anleggskonsesjonane i Lokalradioblokka kor viktig det er at ikkje-kommersielle lokalradioar blir sikra tilgang, og at det eventuelt kan innførast nærare regulering dersom det skulle oppstå tilgangsproblem.

1.3.3 Modell for tilgang til Lokalradioblokka for andre aktørar

Departementet sluttar seg til Medietilsynets forslag om å føre vidare dagens ordning der kringkastarar med leigeavtale i DAB-nettet etter søknad får innhaldskonsesjon av Medietilsynet. Ei slik ordning inneber ei monaleg forenkling samanlikna med dagens konsesjonsregime for analog lokalradio. Dagens ordning for tildeling av innhaldskonsesjon til alle som har leigeavtale i DAB-nettet blir ført vidare. I praksis inneber dette ei registreringsordning.

MBL og Digitalradio Norge meiner at det bør stillast krav om at anleggskonsesjonærane pliktar å tilby sendeplass dersom det er kapasitet, og at det blir stilt krav om bruk av opne, objektive og ikkje-diskriminerande kriterium for tilgang til nettet. Departementet sluttar seg til dette.

Norsk lokalradioforbund peikar på at anleggskonsesjonæren i praksis vil kunne fungere som portvakt, og at det derfor kan vere uheldig med vertikalt integrerte anleggskonsesjonærar/innhaldskonsesjonærar. Ut frå eit føre var-prinsipp meiner departementet at Medietilsynet og Nkom før utlysinga bør vurdere behovet for og eventuelt fastsetje ytterlegare generelle kriterium i alle regionar for tilgang til Lokalradioblokka for aktørar som ikkje er tilknytte anleggskonsesjonæren.

1.3.4 Økonomisk støtte for å fremje digitalisering av lokalradiosektoren

1.3.4.1 Prioritering av støtte til digitalisering av lokalradio

Departementet meiner at omstillinga lokalradiosektoren står overfor i dei næraste åra, tilseier at støtte til digitalisering av lokalradio bør prioriterast. Departementet ønskjer derfor å setje av om lag halvparten av den årlege potten, som i 2014 var på 13,5 mill. kroner, til slike formål fram til digitaliseringa av lokalradiosektoren har nådd eit tilfredsstillande nivå.

Departementet meiner at utfordringane med å få bygt eit DAB-nett vil vere mindre i dei meir folkerike områda av landet, då det her gjennomgåande vil vere fleire aktørar som kan dele utbyggingskostnadene, eller som kan stille garanti til ein nettutbyggjar. Mot denne bakgrunnen meiner departementet at støtta bør gå til dei delar av landet som ikkje har marknadsgrunnlag for kommersiell utbygging av DAB-nettet.

1.4 Rammevilkår for lokalradioar som held fram på FM

1.4.1 Ny utlysing eller forlenging

Etter kringkastingsforskrifta varar lokalradiokonsesjonane i sju år og gjeld til og med 31. desember 2016. Departementet bad i høyringa om høyringsinstansanes syn på om det skal lysast ut på nytt eller om konsesjonane skal forlengjast for dei lokalradiokonsesjonane som får halde fram på FM.

Nesten alle høyringsinstansane meiner at konsesjonane bør forlengjast.

Departementet foreslår at konsesjonane blir forlengde av følgjande grunnar:

  • Under føresetnad av at dei kommersielle lokalradioane i dei fire største byane og omkringliggjande område blir digitaliserte, trur departementet at den kommersielle interessa for å sende på FM-nettet vil reduserast vesentleg etter at det resterande radionettet er digitalisert.

  • Det vil vere lite tenleg om lokalradioaktørane skal bruke ressursar på ei ny konsesjonsrunde for analog kringkasting samtidig med at bransjen elles blir digitalisert. Lokalradiobransjen bør heller bruke desse ressursane på digitalisering.

  • Ei ny utlysing inneber i praksis at konsesjonærane kan måtte velje mellom å bruke ressursar på ei ny søknadsrunde for analog kringkasting eller å bli digitaliserte. Digitalradiomeldinga la opp til at dei minste og fleste aktørane i lokalradiobransjen får noko lengre tid til teknologiskiftet enn riksaktørane. Ei ny utlysing vil ikkje gi bransjen høve til slikt.

I høyringa antyda departementet ei relativt kortvarig forlenging på tre år etter teknologiskiftet.

Etter ei ny vurdering basert på innspela frå høyringsinstansane vil departementet be Medietilsynet om å forlengje lokalradiokonsesjonane med fem år. Det inneber at konsesjonane blir forlengde til 31. desember 2021. Ein legg til grunn at forlenginga skjer med uendra dekningsområde.

1.4.2 Liberalisering av rammevilkåra på FM

1.4.2.1 Generelt

Grunnlaget for å kunne stille konsesjonsvilkår og særskilde innhaldskrav for lokalradiosektoren har vore skort på frekvensar. I digitale kringkastingsnett blir frekvensressursane utnytta langt meir effektivt enn i analoge nett. Dette svekkjer grunnlaget for å påleggje kringkastarane konsesjonsplikter i form av programkrav. Det blir derfor ikkje stilt innhaldskrav til radioar som blir distribuerte i DAB-nettet. Departementet meiner at omsynet til ei plattformnøytral regulering tilseier at radiokanalar som held fram på FM, som hovudprinsipp ikkje bør underleggjast strengare rammevilkår enn radiokanalar som sender i DAB-nettet.

1.4.2.2 Sletting av konsesjonsspesifikke krav

I høyringa viste departementet til at mange lokalradiokonsesjonærar vil ha utgifter til dobbeltdistribusjon i overgangsperioden, og at omsynet til plattformnøytral regulering kan tilseie at innhaldskrava i FM-nettet bør avviklast, ettersom det ikkje vil bli stilt slike krav i DAB-nettet. Det vart vidare vist til at sletting legg til rette for at aktørane i lokalradiosektoren i staden brukar ressursane på digitalisering.

Sjølv om omsynet til aktørar som ikkje nådde opp ved førre konsesjonsutlysing, kan tale for å oppretthalde desse krava, meiner departementet at konsesjonskrav stilte i samsvar med dei tre kriteria som låg til grunn for skjønnheitskonkurransen, bør slettast av følgjande grunnar:

  • Radio Norge og P4 fekk monaleg lette i innhaldskrava blant anna fordi det ikkje lenger vil vere grunnlag eller behov for å stille slike krav i DAB-nettet. Omsynet til ei plattformnøytral regulering tilseier at det også bør lettast på innhaldskrava for lokalradioane som held fram på FM.

  • Ei sletting vil kunne redusere utgiftene og syte for at lokalradiosektoren brukar ressursar på digitaliseringa.

  • Svært få høyringsinstansar har motsett seg slik sletting.

1.4.2.3 Oppheving av kravet i kringkastingsforskrifta om lokale nyheiter

Departementet viser til argumenta i punkt 1.4.2.2 og at omsynet til plattformnøytral regulering tilseier at kravet i forskrifta om lokalt innhald bør opphevast.

1.4.2.4 Oppheving av dei økonomiske avgrensingane for nisjeradio

Departementet går inn for at dei økonomiske avgrensingane for nisjeradioar i kringkastingsforskrifta blir oppheva i alle konsesjonsområde med unntak for konsesjonsområda der dei kommersielle lokalradiokonsesjonane ikkje vert forlenga.

1.5 Beredskapsomsyn

DAB-nettet har store beredskapsmessige fordelar samanlikna med FM-nettet. For det første er risikoen for utfall av sendarar i ekstreme situasjonar sterkt redusert samanlikna med FM-nettet. For det andre opnar DAB-teknologien for radiomottak i tunnel for alle kanalar og ikkje berre for NRK P1, slik situasjonen er i dagens FM-nett.

1.6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Det vert vist her til kapittel 6 i meldinga.