Regjeringa foreslår å fjerne ordninga med oljeskattenemnd
ved likninga av petroleumsselskapa i første instans, og å overføre
denne oppgåva til Oljeskattekontoret. Klagenemnda for petroleumsskatt
skal fortsatt vere klageorgan for likninga av petroleumsselskapa.
Føremålet med endringa er å styrkje den ordinære likningsbehandlinga
og klagebehandlinga for petroleumsselskapa ved å organisere likningsarbeidet
på petroleumsskatteområdet meir effektivt. Bakgrunnen for forslaget
er at talet på petroleumsselskap har auka over tid, og at likningssakene
er blitt meir kompliserte og omfattande. Oljeskattenemnda har begrensa
tid til å behandle likninga etter at den er førebudd av Oljeskattekontoret.
Ei ny organisering vil frigjere ressursar som Oljeskattekontoret
kan nytte til betre likningsbehandling i første instans og betre
klagebehandling for klagenemnda. Endringa inneber at Oljeskattekontoret
får myndigheit til å treffe likningsvedtak slik som dei andre skattekontora.
Forslaget betyr at ein må gjere tilpassingar
i reglar som i dag legg myndigheit til Oljeskattenemnda. Regjeringa
foreslår at Oljeskattekontoret får myndigheita til å gi bindande
førehandsfråsegn etter petroleumsskattelova § 6 nr. 4, og at desse
avgjerdene skal kunne klagast på til klagenemnda. Vidare er det
naudsynt med mindre endringar i nokre andre reglar.
Regjeringa foreslår òg å innføre eit krav om
at Oljeskattekontoret skal gi ei skriftleg grunngiving i alle saker
der kontoret fråviker skattytaren si sjølvmelding ved den ordinære
likninga.
Forslaget til endringar er i tråd med innspel
frå Norsk olje og gass (Norog) i høyringsfråsegn til departementet
sitt høyringsnotat 28. april 2014 om forslag om ny klagenemndsordning
på skatte- og avgiftsområdet.
Regjeringa foreslår at endringane tek til å
gjelde straks med verknad frå og med 1. juli 2015. Det betyr at
endringane har verknad frå og med likninga for inntektsåret 2014.
Vidare vil Oljeskattekontoret frå det same tidspunktet behandle saker
om endring av likning, bindande førehandsfråsegn mv.
Departementet viser til forslag til endringar
i petroleumsskattelova § 6 nr. 1 til nr. 4, likningslova § 2-4 og
lov 19. desember 2014 nr. 77 § 2-4a nr. 1 og nr. 2.
Komiteen slutter seg
til regjeringens forslag.