13. Oppheving av Oljeskattenemnda mv.

13.1 Sammendrag

Regjeringa foreslår å fjerne ordninga med oljeskattenemnd ved likninga av petroleumsselskapa i første instans, og å overføre denne oppgåva til Oljeskattekontoret. Klagenemnda for petroleumsskatt skal fortsatt vere klageorgan for likninga av petroleumsselskapa. Føremålet med endringa er å styrkje den ordinære likningsbehandlinga og klagebehandlinga for petroleumsselskapa ved å organisere likningsarbeidet på petroleumsskatteområdet meir effektivt. Bakgrunnen for forslaget er at talet på petroleumsselskap har auka over tid, og at likningssakene er blitt meir kompliserte og omfattande. Oljeskattenemnda har begrensa tid til å behandle likninga etter at den er førebudd av Oljeskattekontoret. Ei ny organisering vil frigjere ressursar som Oljeskattekontoret kan nytte til betre likningsbehandling i første instans og betre klagebehandling for klagenemnda. Endringa inneber at Oljeskattekontoret får myndigheit til å treffe likningsvedtak slik som dei andre skattekontora.

Forslaget betyr at ein må gjere tilpassingar i reglar som i dag legg myndigheit til Oljeskattenemnda. Regjeringa foreslår at Oljeskattekontoret får myndigheita til å gi bindande førehandsfråsegn etter petroleumsskattelova § 6 nr. 4, og at desse avgjerdene skal kunne klagast på til klagenemnda. Vidare er det naudsynt med mindre endringar i nokre andre reglar.

Regjeringa foreslår òg å innføre eit krav om at Oljeskattekontoret skal gi ei skriftleg grunngiving i alle saker der kontoret fråviker skattytaren si sjølvmelding ved den ordinære likninga.

Forslaget til endringar er i tråd med innspel frå Norsk olje og gass (Norog) i høyringsfråsegn til departementet sitt høyringsnotat 28. april 2014 om forslag om ny klagenemndsordning på skatte- og avgiftsområdet.

Regjeringa foreslår at endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med 1. juli 2015. Det betyr at endringane har verknad frå og med likninga for inntektsåret 2014. Vidare vil Oljeskattekontoret frå det same tidspunktet behandle saker om endring av likning, bindande førehandsfråsegn mv.

Departementet viser til forslag til endringar i petroleumsskattelova § 6 nr. 1 til nr. 4, likningslova § 2-4 og lov 19. desember 2014 nr. 77 § 2-4a nr. 1 og nr. 2.

13.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.