2.1 Samandrag

Utgreiing av ny lufthamn Bodø

Ved behandlinga av Innst. 388 S (2011–2012), jf. Prop. 73 S (2011–2012) Et forsvar for vår tid, vedtok Stortinget å opprette ein hovudbase for kampfly på Ørland og leggje ned Bodø hovudflystasjon. Det er eit lokalt ønske i Bodø om at det blir bygd ein heilt ny flyplass lenger sør på Forsvaret sitt område, slik at areala nær byen blir frigjorde til byutvikling. Samferdselsdepartementet har bedt Avinor om å gjennomføre ein samfunnsøkonomisk analyse av ei ny lufthamn i Bodø. Analysen skal vere ferdig innan 1. februar 2016 og vil inngå som ein del av departementet sitt arbeid med neste stortingsmelding om Nasjonal transportplan.

2.2 Merknader frå komiteen til luftfartsformål

Komiteen syner til at utgreiing av ei ny lufthamn i Bodø har vore eit sterkt lokalt ynskje etter at Stortinget vedtok at Bodø hovudflystasjon skulle leggjast ned.

Komiteen syner til at ein ny flyplass bygd lengre sør enn dagens, vil frigjere store område sentralt i Bodø til byutvikling.

Komiteen ser fram til at utgreiinga vert lagt fram innan 1. februar 2016.