Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Kjell-Idar Juvik, Ingvild Kjerkol, Sverre Myrli, Magne Rommetveit og
fung. leiar Eirin Sund, frå Høgre, Torill Eidsheim, Nils Aage Jegstad, Helge
Orten og Marvin Wiseth, frå Framstegspartiet, Ingebjørg Amanda Godskesen,
Åse Michaelsen og Roy Steffensen, frå Kristeleg Folkeparti, Hans
Fredrik Grøvan, frå Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og frå Venstre, Abid
Q. Raja, syner til at Prop. 117 S (2014–2015) Nokre saker
om luftfart, veg og jernbane inneheld ulike saker som Samferdselsdepartementet
ynskjer å orientere Stortinget om midtveis i budsjettåret, og eitt
forslag til vedtak.
Ved behandlinga av Innst. 388 S (2011–2012),
jf. Prop. 73 S (2011–2012) Et forsvar for vår tid, vedtok Stortinget
å opprette ein hovudbase for kampfly på Ørland og leggje ned Bodø
hovudflystasjon. Det er eit lokalt ønske i Bodø om at det blir bygd
ein heilt ny flyplass lenger sør på Forsvaret sitt område, slik
at areala nær byen blir frigjorde til byutvikling. Samferdselsdepartementet
har bedt Avinor om å gjennomføre ein samfunnsøkonomisk analyse av
ei ny lufthamn i Bodø. Analysen skal vere ferdig innan 1. februar
2016 og vil inngå som ein del av departementet sitt arbeid med neste
stortingsmelding om Nasjonal transportplan.
Komiteen syner til at utgreiing
av ei ny lufthamn i Bodø har vore eit sterkt lokalt ynskje etter
at Stortinget vedtok at Bodø hovudflystasjon skulle leggjast ned.
Komiteen syner til at ein ny
flyplass bygd lengre sør enn dagens, vil frigjere store område sentralt i
Bodø til byutvikling.
Komiteen ser fram til at utgreiinga
vert lagt fram innan 1. februar 2016.
Innkrevjinga av bompengar for å finansiere utbygginga
av Svinesundsforbindelsen tok til sommaren 2005. Det er innkrevjing
både på den nye og gamle brua. Det var lagt opp til ein innkrevjingsperiode
på maksimalt 20 år. Dei siste prognosane tyder på at anlegget kan
vere nedbetalt på 15–16 år, dvs. rundt 2021.
Innkrevjingsutstyret er no 10 år. Delar av det
er slitt og har ikkje no den nødvendige kvaliteten for å oppretthalde
ei effektiv innkrevjing. Vesentlege delar av det tekniske utstyret
må derfor skiftast ut.
Sverige og Noreg er no samde om å automatisere innkrevja
av bompengar på Svinesund. Etter automatiseringa vil alle bomstasjonane
for Svinesundsforbindelsen stå på norsk side. Bompengeinnkrevjinga på
Svinesund vil likevel vere eit norsk-svensk innkrevjingsopplegg.
Innkrevjinga av bompengar på Svinesundsforbindelsen er regulert
gjennom avtalar mellom den svenske og norske regjeringa. Endringa i
innkrevjingsopplegget gjer at avtalane må endrast.
Ved behandlinga av Prop. 143 S (2012–2013) Utviding
og finansiering av Bergensprogrammet med tredje etappe av Bybanen
m.m. slutta Stortinget seg til eit opplegg for utviding av Bergensprogrammet, jf.
Innst. 324 S (2012–2013). Utvidinga gir rom for å gjennomføre tredje
etappe av Bybanen frå Rådal til Flesland, byggje verkstad/depot
for Bybanen og auke satsinga på tiltak innanfor programområda. For
å finansiere utvidinga blei bompengetakstane auka, og den maksimale
rabatten redusert. Tredje etappe vil venteleg bli opna for trafikk
i 2016.
Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune la
i 2009 fram utgreiinga «Framtidig bybanenett i Bergensområdet».
Det blei her tilrådd å forlengje Bybanen nordover til Åsane etter
at utbygginga til Flesland er gjennomført, og deretter forlengje
Bybanen vestover frå sentrum til Fyllingsdalen.
I 2012 blei det vedteke eit planprogram som grunnlag
for vidare planlegging av Bybanen mellom sentrum og Åsane. Traseen
går gjennom den historiske delen av Bergen, m.a. Bryggen, med mange
kulturminne. Det har vore store utfordringar i planlegginga, og
det kan ta noko tid før godkjent reguleringsplan ligg føre.
Byrådet fatta i møte 27. november 2014 vedtak om
å starte arbeidet med å utarbeide reguleringsplanar for traseen
til Fyllingsdalen og å sende planprogrammet på høyring. Hordaland
fylkeskommune uttalte seg til planprogrammet i møte i fylkesutvalet 29. januar
2015. Heile strekninga frå sentrum til Fyllingsdalen er på 8,5–10
km, avhengig av traséval. Førebels er det lagt til grunn at kostnadene
ved prosjekteringa vil bli i storleiken 200 mill. kr.
Økonomien i Bergensprogrammet har utvikla seg
gunstigare enn lagt til grunn i Prop. 143 S (2012–2013). Samferdselsdepartementet
går inn for at det kan nyttast bompengar til å prosjektere fjerde
etappe av Bybanen frå sentrum til Fyllingsdalen. Departementet viser
til at det blei nytta bompengar ved førebuinga til anleggsstart
på andre og tredje etappe av Bybanen, jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009),
St.prp. nr. 72 (2008–2009) og Prop. 113 S (2011–2012). Førebuingane
av fjerde etappe av Bybanen er føresett finansiert innanfor det
vedtekne opplegget, utan endringar i takstar eller innkrevjingstid.
Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til finansieringa
av fjerde etappe av Bybanen når tilstrekkelege avklaringar ligg
føre.
Prosjektet er omtalt i Prop. 1 S (2014–2015)
og Innst. 13 S (2014–2015).
Oppgraderinga av området rundt Vøringsfossen vert
gjennomført som eit spleiselag der Eidfjord kommune, Hordaland fylkeskommune
og Hardangerrådet går inn med eit samla tilskot på 50 mill. kr.
Den totale kostnaden for prosjektet er rekna til om lag 200 mill. kr.
Etter budsjettavtalen mellom Høgre, Framstegspartiet,
Kristeleg Folkeparti og Venstre i samband med statsbudsjettet for
2015 blei løyvinga til Nasjonale turistvegar redusert (kap. 1320
Statens vegvesen, post 30 Riksveginvesteringar). Det er derfor ikkje
løyvd statlege midlar til å oppgradere området rundt Vøringsfossen
i 2015. Men det er løyvd til saman 28 mill. kr i lokale tilskot
til prosjektet. Dette gjer at Statens vegvesen likevel kan starte
arbeidet med å løfte kvaliteten på dette viktige reiselivsikonet i
2015.
Skjeggestad bru på E18 ved Holmestrand i Vestfold
fekk alvorlege skader etter grunnbrot som følgje av eit kvikkleireskred
8. februar 2015. E18 blei stengd, og omkøyringsvegar blei etablerte.
Rivinga av sørgåande bru er i sluttfasen. Målingar viser at nokre
av fundamenta på nordgåande bru må utbetrast før det kan gå trafikk
på brua att. Det blir arbeidd med sikte på at dette kan skje før
sommaren 2015.
Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til vidare
prosess for prosjektet.
I arbeidet med Transportreforma har Samferdselsdepartementet
vurdert organiseringa av Vegtilsynet. Vegtilsynet er i dag organisert
som ein del av Statens vegvesen i ei eiga eining direkte under vegdirektøren.
Departementet ønskjer å gjere Vegtilsynet meir uavhengig
ved å etablere det som eit eige forvaltningsorgan under Samferdselsdepartementet.
Vegtilsynet har no ansvar for å føre tilsyn
med Statens vegvesens verksemd knytt til riksveginfrastrukturen.
I arbeidet med å skilje ut Vegtilsynet frå Statens vegvesen vil
det bli drøfta om det vil vere føremålstenleg å gi tilsynet fleire
oppgåver. Regjeringa vil på eigna måte komme tilbake til Stortinget
med dette spørsmålet.
Komiteen er tilfreds med at Samferdselsdepartementet
no går inn for å automatisere bompengeinnkrevjinga på Svinesundforbindelsen.
Komiteen syner til at denne avgjerda
er teken etter ei heilskapleg kostnadsvurdering, og har merka seg
at Samferdsledepartementet ser gevinstane som større enn kostnadene,
trass i at ein aldri kan vere sikker på at alle som passerer, betaler.
Komiteen har merka seg at etter
denne effektiviseringa vil alle bomstasjonane stå på norsk side
av grensa, og er tilfreds med at det medfører ytterlegare effektiviseringar
i form av enklare regnskapsmessige høve.
Komiteen syner til at omtalen
gjeld bruk av bompengar frå Bergensprogrammet til prosjektering av
fjerde etappe av Bybanen i Bergen.
Komiteen har merka seg at økonomien
i Bergensprogrammet har utvikla seg gunstigare enn det som opphavleg
var føresett, som følgje av lågare lånerenter.
Komiteen syner til at vidare
utbygging av Bybanen er eit viktig prosjekt for å auke kollektivandelen
i Bergen, og sluttar seg til Samferdselsdepartementet sine vurderingar.
Komiteen syner til at nasjonale
turistvegar er viktige prosjekt for Noreg som turistdestinasjon
for naturglade menneske frå heile verda. Komiteen syner
til at tiltaka som vert utført i samband med nasjonale turistvegar
skapar auka tryggleik og betra oppleving for dei som vitjar vegane.
Komiteen syner til at lokale
tilskot gjer det mogleg å gjennomføre første etappe av dette prosjektet
allereie i år, og sluttar seg til Samferdselsdepartementet sine
vurderingar.
Komiteen syner til at E18 har
vore stengt sidan sørgåande felt på Skjeggestad bru kollapsa 8.
februar 2015, og at trafikken har vorte leia inn på omkøyringsvegar
som i liten grad har hatt kapasitet til å ta unna den trafikkmengda
som gjekk på E18 før.
Komiteen ser det som positivt
at trafikken snart kan opnast i begge retningar på nordgåande bru.
Komiteen meiner det er naudsynt
å vurdere nøye om avbøtande tiltak bør utførast på omkøyringsvegane
om det tek lang tid å opne nordgåande bru.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, meiner Vegtilsynet har ei viktig rolle,
og har hatt ei positiv utvikling sidan opprettinga i 2012.
Fleirtalet syner til at Vegtilsynet
i dag er direkte underlagt Vegdirektøren, men har merka seg at Samferdselsdepartementet
ynskjer å gjere det meir uavhengig frå Statens vegvesen i dag.
Fleirtalet syner vidare til at
Vegtilsynet vil kunne få ei større rolle gjennom opprettinga av
eit vegselskap, jf. Meld. St. 25 (2014–2015).
Fleirtalet sluttar seg til intensjonen
om å gjere Vegtilsynet uavhengig og skilje det frå Statens vegvesen,
og ser fram til at Samferdselsdepartementet kjem tilbake til saka
i meir detaljert form.
Utgreiinga av ein framtidig jernbane mellom Sandvika
og Hønefoss, Ringeriksbanen, og koplingane mot planane om ny E16
på same strekning er sist omtalt i Prop. 1 S (2014–2015).
I Innst. 450 S (2012–2013) om Nasjonal transportplan
2014–2023 uttalte eit fleirtal i Stortinget at det ikkje var behov
for ei ny konseptvalutgreiing for Ringeriksbanen, men bad m.a. om
at Jernbaneverket fekk eit utgreiingsoppdrag der det blir vurdert
utbyggingsalternativ med dobbeltspor og høgare hastigheitsstandard
enn det som tidlegare har vore utgreidd. Samferdselsdepartementet
bad på denne bakgrunn Jernbaneverket, saman med Statens vegvesen, om
å gå igjennom og supplere føreliggjande utgreiingar før det blir
teke stilling til oppstart av planlegging etter plan- og bygningslova.
Det tverretatlege arbeidet har samanheng med dei tette koplingane
ei ny jernbanelinje til Hønefoss vil ha mot planane for ny E16 på
same strekning. Etatane tilrår m.a. ein meir eller mindre felles
trasé for både veg og jernbane frå Kroksund til Hønefoss.
Stortinget har behandla Ringeriksbanen fleire gonger.
I samband med Innst. S. nr. 67 (2002–2003), jf. St.prp. nr. 66 (2001–2002),
gjorde Stortinget vedtak om trasé for banen. Det blei vedteke at
den vidare planlegginga av nedkortinga av Bergensbanen (Ringeriksbanen)
tek utgangspunkt i korridoren over Åsa. Ringeriksbanen er eit svært
stort prosjekt, og tilrådingane frå dei to etatane blir derfor no
kvalitetssikra eksternt. Kvalitetssikringa er venta å vere ferdig
i juni 2015. Deretter tek regjeringa sikte på å behandle saka.
Samferdselsdepartementet meiner at planlegginga
av Ringeriksbanen ikkje bør vere avhengig av tidlegare stortingsvedtak
om traséval, og foreslår derfor at dette blir oppheva. Det er normalt
regjeringa som tek stilling til overordna traséval for ulike veg-
og banestrekningar. For å få gjennomført ein raskast mogleg planprosess
i tråd med nemnde innstillingar frå Stortinget, vil det vere tenleg
om regjeringa, slik det er vanleg i denne typen saker, tek endeleg
stilling til trasévalet. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake
med ei orientering i budsjettproposisjonen for 2016.
Jernbaneverket tok i 2014 over driftsansvaret
for godsterminalar med tilhøyrande jernbaneinfrastruktur som tidlegare
var drifta av CargoNet/RailCombi, jf. Prop. 93 S (2013–2014) og
Prop. 1 S (2014–2015) for Samferdselsdepartementet. Det blei samtidig vedteke
at Jernbaneverket skulle setje ut sjølve terminaldrifta på konkurranse.
Jernbaneverket har oppretta ei eiga eining som skal
ha ansvaret for forvaltninga av godsterminalane. Jernbaneverket
har m.a. teke over ansvaret for innpasseringskontrollen på Brattøra
og Alnabru godsterminal og eigarskapen til dei fastmonterte lastekranene
på Alnabru. Jernbaneverket har berekna utgiftene til aktivitetane
omtala i proposisjonen til 62 mill. kr i 2015. Utgiftene blir dekt
innanfor gjeldande løyving på kap. 1350 Jernbaneverket, post 23
Drift og vedlikehald.
Komiteen syner til at Ringeriksbanen
er eit viktig prosjekt for å korte reisetida på Bergensbanen og
for å knytte Hønefoss-regionen nærare Oslo-området. Komiteen syner
vidare til at Ringeriksbanen har vore på planleggingsstadiet i svært
mange år, og at Stortinget har handsama saka mange gonger, slik
det vert gjort greie for i proposisjonen.
Komiteen syner vidare til at
ein samla komité i samband med handsaminga av Prop. 1 S (2013–2014),
jf. Innst. 13 S (2013–2014), la til grunn at Ringeriksbanen skulle
vere del av InterCity-utbygginga, og at planlegging skulle leggje
til grunn at prosjektet kunne startast opp ved rulleringa av neste
Nasjonal transportplan.
Komiteen syner til at Samferdselsdepartementet
i januar 2014 bad Jernbaneverket og Statens vegvesen samordne prosjektorganisasjonane
sine, og vurdere å planleggje E16 Skaret–Hønefoss og Ringeriksbanen
som eit felles prosjekt, og at dei utgreiingane som har kome etter
det har vore gjennomført felles mellom etatane.
Komiteen er positiv til dei grep
Samferdselsdepartementet har teke for å utgreie ei samordna utbygging
av E16 og Ringeriksbanen i eitt prosjekt, og for å sjå på moglegheitene
for å korte ned planleggingstida og bidra til ei raskare realisering
av dette viktige prosjektet.
Komiteen syner til at Jernbaneverket
og Statens vegvesen i november 2014 gjorde framlegg om å leggje
bort Åsa-linja, for å gjere det vidare utgreiingsarbeidet enklare.
Komiteen har merka seg at Jernbaneverket
og Statens vegvesen i ei av sine utgreiingar har synleggjort at
planleggingstida kan halverast samanlikna med vanleg prosess, ved
å ta i bruk statleg plan, redusere talet på alternativ som vert
utgreia og nytte seg av dei moglegheitene til raskare planlegging
som finst i plan- og bygningsloven. Komiteen syner
til at dette er i tråd med ambisjonane i Meld. St. 24 (2012–2013)
Nasjonal transportplan 2014–2023.
Komiteen meiner det er gjort
gode grep så langt i prosessen, og ser fram til at Samferdselsdepartementet
kjem tilbake til Stortinget med nærare orientering i budsjettproposisjonen
for 2016.
Komiteen sluttar seg til Samferdselsdepartementet
sitt framlegg om å oppheve Stortingets tidlegare vedtak om traséval
for Ringeriksbanen, og at endeleg traséval for Ringeriksbanen skal
fattast av regjeringa, slik som er vanleg i denne type saker.
Komiteen syner til forslaget
i proposisjonen der det mellom anna heiter:
«…. at regjeringa tek stilling til val av trasé før
ei eventuell formell planlegging av Ringeriksbanen blir starta opp.»
Komiteen har merka seg at bruken
av nemninga «eventuell» i forslaget har ført til ei viss uro omkring
framdrifta for planlegging av Ringeriksbanen, noko som komiteen forstår
ikkje har vore tilsikta med framlegget frå regjeringa, jf. også
svar frå statsråden på spørsmål frå komiteen.
Komiteen fremjar difor følgjande
forslag:
«Stortinget samtykkjer i at vedtaket om vidare planlegging
av Ringeriksbanen som tek utgangspunkt i korridoren over Åsa, blir
oppheva, og at regjeringa tek stilling til val av trasé før formell
planlegging av Ringeriksbanen blir starta opp.»
Medlemmet i komiteen fra Senterpartiet forventer
at det settes inn tilstrekkelig med ressurser for å få byggestart
på Ringeriksbanen i 2018, og at valg av trasé ivaretar hensynet
til jordvern og bevaring av kulturlandskapet.
Komiteen har merka seg at Jernbaneverket
har gjort fleire grep for å effektivisere godsterminalane og bidra
til at meir gods vert flytta over på bane, i tråd med Stortingets
intensjonar.
Komiteen har ingen ytterlegare
merknader og sluttar seg til Samferdselsdepartementet sine vurderingar.
Tilrådinga frå komiteen vert fremja av ein samla komité.
Komiteen viser til
proposisjonen og merknadene og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykkjer i at vedtaket om
vidare planlegging av Ringeriksbanen som tek utgangspunkt i korridoren
over Åsa, blir oppheva, og at regjeringa tek stilling til val av
trasé før ei formell planlegging av Ringeriksbanen blir starta opp.
Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den
2. juni 2015
Eirin Sund | Marvin Wiseth |
fung. leiar | ordførar |