I denne proposisjonen legg Barne-, likestillings- og
inkluderingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag på statsbudsjettet
for 2012 i samsvar med punkt 1.2 nedanfor.
Anslaget på utgifter på posten er 0,7 mill.
kroner høgare enn budsjettert. Meirutgifta kjem av at det er etablert
eit nytt incest- og valdtektssenter i Førde. Utgifter til dette
senteret låg ikkje inne i dei opprinnelege budsjettføresetnadene.
BLD føreslår å auke løyvinga med 0,7 mill. kroner.
Prognosen for bruk av eksterne meklarar og utbetaling
av meklingsgodtgjersle er 1,89 mill. kroner lågare samanlikna med
Prop. 111 S (2011–2012).
BLD føreslår å redusere løyvinga med 1,89 mill. kroner.
Utgiftene til kontantstøtte i 2012 er anslått
til 1 235 mill. kroner, som er 35 mill. kroner meir enn løyvinga.
Meirbehovet kjem av at fleire mottek kontantstøtte enn tidlegare
lagt til grunn.
BLD føreslår å auke løyvinga med 35 mill. kroner.
Utgiftene til barnetrygd i 2012 er anslått til 15 050
mill. kroner, som er 90 mill. kroner høgare enn løyvinga i Prop.
111 S (2011–2012). Dette kjem av auka anslag på utbetalingar av
ordinær barnetrygd inkludert utvida stønad til einslege forsørgjarar,
som følgje av etterbetalingar (restansenedbygging)
BLD føreslår å auke løyvinga med 90 mill. kroner.
Departementet føreslår at delar av midlane avsett til
feiringa av Stemmerettsjubileet 2013, nyttast til tilskot til lokale
og nasjonale prosjekt innanfor ramma av jubileet. Noko av forskings-
og utviklingsmidlane på samlivs-, likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet
vil bli nytta til tilskot til prosjekt innanfor dette politikkområdet.
BLD føreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga
på kap. 846 post 21 med 2,3 mill. kroner mot tilsvarande auke på
post 70.
Løyvinga blir nytta til eingongsstønad til foreldre som
adopterer barn frå utlandet. Det blir utbetalt færre eingongsstønader
enn venta, og BLD føreslår derfor å redusere løyvinga på posten
med 3 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til ulike
førebyggjande tiltak, som mellom anna kjøp av tenester innanfor
utvikling og implementering av nye metodar i barnevernet og diverse
kjøp av tenester innanfor barne- og ungdomsvernet.
BLD føreslår å redusere posten for å dekkje
inn delar av meirutgiftene i det statlege barnevernet. Reduksjonen
inneber å utsetje enkelte planlagde oppgåver til 2013. Prosjektet
Rettledet praksis av nyutdanna og nytilsatte i barnevernet vil ikkje
bli gjennomført i år.
BLD føreslår å redusere kap. 854 post 21 med
9,4 mill. kroner for delvis å dekkje inn meirutgiftene på kap. 855.
Løyvinga på posten skal dekkje refusjon av kommunale
utgifter til barnevernstiltak for einslege, mindreårige asylsøkjarar
og flyktningar som blir busette i kommunane.
Utgiftsnivået på posten avheng av kor mange barn
som blir busette og kor stor del av alle einslege mindreårige som
treng tiltak i barnevernet.
Grunna ein auke i talet på busette einslege,
mindreårige asylsøkjarar og høgare refusjonar per barn, er behovet
på posten høgare enn tidlegare føresett. Basert på venta utbetalingar
i 2012, føreslår departementet å auke løyvinga på posten med 140
mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer mellom anna tilskot til
Atferdssenteret. BLD føreslår å redusere løyvinga for å dekkje inn
delar av meirutgiftene i det statlege barnevernet. Tilskotet til
Atferdssenteret er avkorta i 2012 som følgje av for mykje utbetalt
tidlegare år.
BLD føreslår å redusere kap. 854 post 72 med
4,8 mill. kroner for delvis å dekkje inn meirutgiftene på kap. 855.
Kap. 855, postane 1, 22 og 60 må sjåast i samanheng.
Løyvinga blei styrka med 50 mill. kroner i Prop. 111 S (2011–2012),
for å dekkje forventa meirutgifter knytte til aktivitetsvekst i
2012.
Ein føresetnad for å oppnå budsjettbalanse i
2012 var mellom anna tilstrekkeleg kapasitetsutnytting i statens
eigne institusjonar og at bruken av private institusjonar måtte
reduserast. Bufetat har ikkje klart å oppfylle desse føresetnadene
i tilstrekkeleg grad. Saman med ein noko høgare aktivitetsvekst
enn lagt til grunn for Prop. 111 S (2011–2012), gir dette eit meirbehov
i 2012 på 95 mill. kroner.
Etaten har i tillegg eit meirbehov på 40,8 mill. kroner
grunna ein vanskeleg økonomisk situasjon i Region Vest. Situasjonen
i Region Vest er knytt til vekst i talet på barn og unge med behov
for tiltak frå det statlege barnevernet, og utfordringar knytte
til institusjonstilbodet i regionen.
Meirbehovet utgjer dermed 135,8 mill. kroner, og
departementet føreslår å auke kap. 855 post 22 med 90,8 mill. kroner
og post 60 med 45 mill. kroner.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har
redusert investeringar for å redusere meirutgiftene på kap. 855.
BLD føreslår å redusere kap. 855 post 45 med 47,4 mill. kroner for
å dekkje inn delar av meirutgiftene på kap. 855.
Løyvinga på posten skal dekkje utbetalingar
til pensjonskasser der tilsette i Bufetat var medlemmer før staten
overtok det fylkeskommunale barne- og familievernet. Reguleringspremien
blir rekna ut årleg ut frå endringane i lønns- og trygdeoppgjeret
og førre års avkastningar frå premiefond. Reguleringspremien varierer
følgjeleg kvart år.
BLD føreslår derfor å auke kap. 858 post 22
med 19,2 mill. kroner som følgje av meirutgifter til KLP og fylkeskommunale
pensjonskassar.
Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2012
er anslått til 15 780 mill. kroner, som er 555,3 mill. kroner lågare
enn løyvinga. Mindrebehovet kjem hovudsakleg av nedjusterte tal
på barn i den aktuelle aldersgruppa og den delen det blir utbetalt
foreldrepengar for.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 555,3 mill.
kroner.
Utgiftene til eingongsstønad i 2012 er anslått
å bli 355 mill. kroner, som er 0,3 mill. kroner meir enn løyvinga
i saldert budsjett.
Departementet føreslår å auke løyvinga under kap.
2530 post 71 med 0,3 mill. kroner.
Utgiftene til feriepengar av foreldrepengar
i 2012 er rekna ut til å bli 410 mill. kroner, som er 10 mill. kroner
mindre enn løyvinga.
Departementet føreslår å redusere løyvinga under
kap. 2530 post 72 med 10 mill. kroner.
Utgiftene til foreldrepengar ved adopsjon i
2012 er rekna ut til å bli 90 mill. kroner, som er 25 mill. kroner
mindre enn løyvinga i saldert budsjett. Nytt anslag er i hovudsak
basert på ein nedgang i antall utbetalinger av foreldrepengar ved
adopsjon på 15 prosent frå 2011.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 2530
post 73 med 25 mill. kroner.
Nokre innanlandske utgifter i mottak av asylsøkjarar
og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende
utgifter).
Ifølgje dei seinaste prognosane vil det i gjennomsnitt
ha vore 70 barn i omsorgssentra i 2012. Dette er 10 færre enn venta
ved revidert nasjonalbudsjett i år. Departementet føreslår derfor
å redusere løyvinga på posten med 14,43 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
leiaren Gunn Karin Gjul, Kåre Simensen, Arild Stokkan-Grande og Lene
Vågslid, frå Fremskrittspartiet, Solveig Horne, Øyvind Korsberg
og Ib Thomsen, frå Høgre, Linda C. Hofstad Helleland og Olemic Thommessen,
frå Sosialistisk Venstreparti, Rannveig Kvifte Andresen, frå Senterpartiet, Olov
Grøtting, og frå Kristeleg Folkeparti, Øyvind Håbrekke,
syner til regjeringas forslag og støtter dette.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Høyre og Kristelig Folkeparti viser til tilleggsbevilgningen
under kap. 855 post 22 i Prop. 25 S (2012–2013). Disse medlemmer mener
det er svært viktig at hvert enkelt barn under barnevernets omsorg
må få et best mulig tilpasset tiltak så raskt som mulig, og mener
regjeringens stadige nedbygging av institusjonsbarnevern og bruk
av private tjenester er urovekkende i så måte. At en heller ikke
har klart å rekruttere nok fosterhjem hjelper ikke på situasjonen,
og disse medlemmer mener at det er viktig at vi har
tilstrekkelige hjelpetiltak til de barna som trenger hjelp fra staten. Nettopp
derfor er det viktig å ha et mangfold innenfor barnevernet, og disse
medlemmer er av den oppfatning at private og ideelle barnevernsinstitusjoner
sitter på mye og variert kompetanse. De private institusjonene har
vist seg å være fleksible og egnet til å gi barna skreddersydde
tiltak med gode resultat.
Disse medlemmer registrerer derfor
med interesse at regjeringen nå ser at det reelle behovet for bruk
av private barnevernstjenester er høyere enn anslagene som lå til
grunn i Prop. 1 S (2011–2012).
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
og Høyre registrerer også at regjeringen innrømmer utfordringer
knyttet til å ha nok institusjonsplasser – særlig i Region Vest,
hvor utfordringen knyttet til institusjoner er kjent fra før – og vil
i forlengelsen av dette vise til partienes forslag i Innst. 14 S
(2011–2012), samt videreføringen i Innst. 14 S (2012–2013). Disse
medlemmer påpeker at partiene i begge innstillinger har
foreslått å øke midlene til kjøp av private barnevernstjenester,
og således tar til orde for et solid løft hva gjelder mangfoldet
innen barnevernstjenester.
Tilrådinga vert fremma av medlemene frå ein samla
komité.
Komiteen syner til
proposisjonen og til sine merknader og rår Stortinget til å gjere
slikt
vedtak
I statsbudsjettet for
2012 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
| | | |
| | Utgifter | |
840 | | Krisetiltak | |
| 61 | Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving, blir auka med
| 700 000 |
| | frå kr 70 000 000 til kr 70 700 000 | |
841 | | Samliv og konfliktløysing | |
| 21 | Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving, blir redusert med
| 1 892 000 |
| | frå kr 14 261 000 til kr 12 369 000 | |
844 | | Kontantstøtte | |
| 70 | Tilskot, overslagsløyving, blir
auka med | 35 000 000 |
| | frå kr 1 200 000 000 til kr 1 235 000
000 | |
845 | | Barnetrygd | |
| 70 | Tilskot, overslagsløyving, blir
auka med | 90 000 000 |
| | frå kr 14 960 000 000 til kr 15 050
000 000 | |
846 | | Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot
mv. | |
| 21 | Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50, blir
redusert med | 2 300 000 |
| | frå kr 26 535 000 til kr 24 235 000 | |
| 70 | Tilskot, blir auka med
| 2 300 000 |
| | frå kr 15 501 000 til kr 17 801 000 | |
852 | | Adopsjonsstønad | |
| 70 | Tilskot til foreldre som adopterer barn
frå utlandet, overslagsløyving, blir redusert med
| 3 000 000 |
| | frå kr 15 358 000 til kr 12 358 000 | |
854 | | Tiltak i barne- og ungdomsvernet | |
| 21 | Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71, blir
redusert med | 9 400 000 |
| | frå kr 82 648 000 til kr 73 248 000 | |
| 65 | Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak
knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving, blir auka med
| 140 000 000 |
| | frå kr 920 000 000 til kr 1 060 000
000 | |
| 72 | Tilskot til forsking og utvikling i
barnevernet, blir redusert med | 4 800 000 |
| | frå kr 51 828 000 til kr 47 028 000 | |
855 | | Statleg forvalting av barnevernet | |
| 22 | Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 1, blir
auka med | 90 800 000 |
| | frå kr 1 612 824 000 til kr 1 703 624
000 | |
| 45 | Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, blir redusert med
| 47 400 000 |
| | frå kr 67 955 000 til kr 20 555 000 | |
| 60 | Tilskot til kommunane, kan
nyttast under post 1, blir auka med | 45 000 000 |
| | frå kr 180 297 000 til kr 225 297 000 | |
858 | | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet | |
| 22 | Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale
pensjonskassar, blir auka med | 19 200 000 |
| | frå kr 31 035 000 til kr 50 235 000 | |
2530 | | Foreldrepengar | |
| 70 | Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving, blir redusert med
| 555 300 000 |
| | frå kr 16 335 300 000 til kr 15 780
000 000 | |
| 71 | Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving, blir auka med
| 300 000 |
| | frå kr 354 700 000 til kr 355 000 000 | |
| 72 | Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving, blir redusert med
| 10 000 000 |
| | frå kr 420 000 000 til kr 410 000 000 | |
| 73 | Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving,blir
redusert med | 25 000 000 |
| | frå kr 115 000 000 til kr 90 000 000 | |
| | | |
| | Inntekter | |
3856 | | Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar | |
| 04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter, blir
redusert med | 14 430 000 |
| | frå kr 115 440 000 til kr 101 010 000 | |
Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 4. desember 2012
Gunn Karin Gjul |
leiar og ordførar |