Komiteen har elles
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjere slikt
vedtak til lov
om endringar i opplæringslova og privatskolelova (undervisningskompetanse
m.m.)
I
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande
opplæringa blir det gjort følgjande endringar:
§ 2-8 nytt femte ledd skal lyde:
Kommunen kan organisere særskilt opplæringstilbod
for nykomne elevar i eigne grupper, klassar eller skolar. Dersom
heile eller delar av opplæringa skal skje i slik gruppe, klasse
eller skole, må dette fastsetjast i vedtaket om særskild språkopplæring. Vedtak
om slik opplæring i særskilt organisert tilbod kan berre gjerast
dersom dette er rekna for å vere til beste for eleven. Opplæring
i særskilt organisert tilbod kan vare inntil to år. Vedtak kan berre
gjerast for eitt år om gongen. I vedtaket kan det for denne perio-den
gjerast avvik frå læreplanverket for den aktuelle eleven i den utstrekning
dette er nødvendig for å vareta eleven sitt behov. Vedtak etter
dette leddet krev samtykkje frå elev eller føresette.
§ 2-12 tredje ledd skal lyde:
For private grunnskolar gjeld også §§ 2-2, 2-5 første,
andre, tredje og sjette ledd, 2-9, 2-10, 2-11, 8-2, 9-1, 9-2, 9-3,
9-4, 9-5, 9-6, kapittel 9a, §§ 10-1, 10-2, 10-6, 10-6a, 10-9,
11-1, 11-2, 11-3, 11-4, 11-7, 11-10, 13-3b, 13-7a, 13-10, 14-1,
15-3 og 15-4.
Ny § 2-16 skal lyde:
§ 2-16 Opplæring av elevar
med behov for
alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
Elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale
og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få
nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel
i opplæringa.
Når ein elev ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte
av det ordinære opplæringstilbodet, har eleven rett til spesialundervisning
etter reglane i kapittel 5. Dette inkluderer nødvendig opplæring
i å bruke alternativ og supplerande kommunikasjon.
§ 3-12 nytt femte ledd skal lyde:
Fylkeskommunen kan organisere særskilt opplæringstilbod
for nykomne elevar i eigne grupper, klassar eller skolar. Dersom
heile eller delar av opplæringa skal skje i slik gruppe, klasse
eller skole, må dette fastsetjast i vedtaket om særskild språkopplæring.
Vedtak om slik opplæring i særskilt organisert tilbod kan berre
gjerast dersom dette er rekna for å vere til beste for eleven. Opplæring
i særskilt organisert tilbod kan vare inntil to år. Vedtak kan berre
gjerast for eitt år om gongen. I vedtaket kan det for denne perioden
gjerast avvik frå læreplanverket for den aktuelle eleven i den utstrekning
dette er nødvendig for å vareta eleven sitt behov. Vedtak etter
dette leddet krev samtykkje frå elev eller føresette.
Ny § 3-13 skal lyde:
§ 3-13 Opplæring av elevar,
lærlingar og
lærekandidatar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon
(ASK)
Elevar, lærlingar og lærekandidatar som heilt
eller delvis manglar funksjonell tale, og har behov for alternativ
og supplerande kommunikasjon, skal få nytte eigna kommunikasjonsformer
og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.
Når ein elev eller lærekandidat ikkje har eller kan
få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet,
har eleven eller lærekandidaten rett til spesialundervisning etter
reglane i kapittel 5. Dette inkluderer nødvendig opplæring i bruk
av alternativ og supplerande kommunikasjon.
Ny § 4A-13 skal lyde:
§ 4A-13 Opplæring av vaksne
med behov for
alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
Vaksne som heilt eller delvis manglar funksjonell tale
og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få
nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel
i opplæringa.
Vaksne som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte
av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning
etter reglane i § 4a-2. Dette inkluderer nødvendig opplæring i å
bruke alternativ og supplerande kommunikasjon.
§ 5-5 skal lyde:
§ 5-5 Unntak frå reglane om
innhaldet i opplæringa og om kompetansekrav
Reglane om innhaldet i opplæringa i denne lova og i forskrifter
etter denne lova gjeld for spesialundervisning så langt dei passar.
For elev som får spesialundervisning, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan.
Planen skal vise mål for og innhaldet i opplæringa og korleis ho
skal drivast. Også avvikande kontraktvilkår for lærlingar kan fastsetjast
i den individuelle opplæringsplanen.
Skolen skal kvart halvår utarbeide skriftleg oversikt over
den opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til
eleven. Skolen sender oversikta og vurderinga til eleven eller til
foreldra til eleven og til kommunen eller fylkeskommunen.
Krav etter § 10-2 kan fråvikast i vedtak om spe-sialundervisning
dersom ei konkret vurdering av eleven og den spesialundervisninga
som skal bli gitt, tilseier det.
§ 10-1 skal lyde:
§ 10-1 Krav om kompetanse ved
tilsetjing av
undervisningspersonell
Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i grunnskolen
og i den vidaregåande skolen, skal ha relevant fagleg og pedagogisk
kompetanse. Departementet gir nærmare forskrifter om krav til utdanning og
praksis for den som skal tilsetjast i undervisningsstillingar på
ulike årstrinn og i ulike skoleslag.
§ 10-2 skal lyde:
§ 10-2 Krav om relevant kompetanse
i
undervisningsfag
Tilsette som skal undervise, må ha relevant kompetanse
i dei faga dei skal undervise i.
Departementet gir nærmare forskrifter om krav til
relevant kompetanse for dei som skal undervise på ulike årstrinn
og i ulike skoleslag. Departementet kan i forskrift også fastsetje
at det ikkje skal stillast krav om relevant kompetanse i enkelte
fag.
Krav om relevant kompetanse i undervisningsfag gjeld
ikkje for den som er mellombels tilsett etter § 10-6 eller etter
arbeidsmiljølova, eller den som er tilsett på vilkår etter § 10-6a.
Kravet gjeld heller ikkje for den som før § 10-2 vart sett i kraft,
hadde tilfredsstillande kompetanse etter dagjeldande krav for tilsetjing
i undervisningsstilling, eller den som etter at § 10-2 vart sett
i kraft, har fullført tidlegare allmennlærarutdanning.
Skoleeigar kan, så langt det er nødvendig, fråvike kravet
om relevant kompetanse i undervisningsfag i tilfelle der skolen
ikkje har nok kvalifisert undervisningspersonale i faget. Det må
takast stilling til dette for kvart skoleår.
Ved skolar med årstrinn 8–10, der desse årstrinna
har færre enn 60 elevar og færre enn 5 lærarårsverk, kan kravet
om relevant kompetanse i undervisningsfag om nødvendig fråvikast
for desse årstrinna.
§ 10-6 skal lyde:
§ 10-6 Mellombels tilsetjing
Dersom det ikkje er søkjarar som fyller kompetansekrava
for tilsetjing i § 10-1, kan andre tilsetjast mellombels.
Med mindre det er avtalt ein kortare tilsetjingsperiode, skal tilsetjinga
vare til og med 31. juli-.
Ny § 10-6a skal lyde:
§ 10-6a Tilsetjing på vilkår
Dersom det ikkje er søkjarar som fyller kompetansekrava
for tilsetjing i § 10-1, kan ein annan søkjar
som er i gang med relevant utdanning, tilsetjast på det vilkår at
utdanninga blir fullført. Arbeidsgivar og arbeidstakar avtaler lengda
på tilsetjinga på vilkår, under omsyn til omfanget av stillinga,
lengda på utdanninga og kor tilgjengeleg utdanningstilbodet er.
Dersom vilkåra ikkje blir oppfylte, gjeld reglane i arbeidsmiljøloven
§ 14-9 om avslutning av arbeidsforhold ved mellombels tilsetjing.
§ 15-2 andre ledd skal lyde:
Departementet er klageinstans for enkeltvedtak om inntak
og spesialundervisning i den vidaregåande opplæringa, enkeltvedtak
om tap av retten til vidaregåande opplæring etter § 3-8 og § 4-6,
enkeltvedtak om opplæring i inntil to år ekstra etter § 3-1 femte ledd,
enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter § 3-12 og
enkeltvedtak om fysiske og psykososiale miljøforhold etter § 9a-2
og § 9a-3.
II
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private
skolar med rett til statstilskot blir det gjort desse endringane:
§ 2-1 andre ledd skal lyde:
Skolane skal drive verksemda si på følgjande grunnlag:
a) religiøst
b) anerkjend pedagogisk retning
c) internasjonalt
d) særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon
med toppidrett
e) norsk grunnskoleopplæring i utlandet
f) særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma
g) vidaregåande opplæring i små og verneverdige handverksfag.
§ 2-2 tredje ledd skal lyde:
Dersom ein skole har færre enn 15 elevar tre skoleår i
samanheng, fell godkjenninga bort. For norske skolar i utlandet
gjeld ei tilsvarande minimumsgrense på 10 elevar. Departementet
kan i særskilde tilfelle gjere unntak frå minimumskrava til elevtal. Skolar som
berre driv verksemd etter § 2-1 bokstav g, er ikkje omfatta av minimumskrava
til elevtal.
§ 3-5 femte ledd skal lyde:
Private skolar kan organisere særskilt opplæringstilbod
for nykomne elevar i eigne grupper eller klassar når det ligg føre
vedtak frå kommunen eller fylkeskommunen om slik organisering, og
om at den private skolen kan gi slikt opplæringstilbod. Private skolar
som vil gi enkeltelevar slikt opplæringstilbod, må gi kommunen eller
fylkeskommunen den informasjon som er nødvendig for å opplyse saka
før denne gjer vedtak etter opplæringslova §§ 2-8 femte ledd eller
3-12 femte ledd.
§ 3-5 noverande femte ledd blir sjette ledd.
§ 3-6 første ledd skal lyde:
Opplæringslova § 5-1 om rett til spesialundervisning, §
5-3 om sakkunnig vurdering, § 5-4 om saksbehandlinga i samband med
vedtak om spesialundervisning og § 5-5 om unntak frå reglane om
innhaldet i opplæringa og om kompetansekrav gjeld
tilsvarande.
Ny § 3-14 skal lyde:
§ 3-14 Opplæring av elevar
med behov for
alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
Elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale
og som har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal
få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel
i opplæringa.
Når ein elev ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte
av det ordinære opplæringstilbodet, har eleven rett til spesialundervisning
etter reglane i § 3-6. Dette inkluderer nødvendig opplæring i bruk
av alternativ og supplerande kommunikasjon.
§ 4-2 første og andre ledd skal lyde:
For undervisningspersonalet ved skolar som er godkjende
etter lova her, gjeld dei kompetansekrava som følgjer av §§
10-1 og 10-2 i opplæringslova med tilhøyrande forskrift.
Opplæringslova § 10-6 om mellombels tilsetjing og
§ 10-6a om tilsetjing på vilkår gjeld tilsvarande.
III
Lova blir sett i verk på det tidspunkt Kongen bestemmer.
Dei enkelte føresegnene kan setjast i verk på ulike tidspunkt.