Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen på E136 i Rauma og Vestnes kommunar i Møre og Romsdal. Prosjektet er mellom anna omtalt i St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019 og Prop. 1 S (2011–2012).

E136 mellom Dombås og Ålesund er hovudvegen til Austlandet frå Sunnmøre og delar av Romsdal. Delar av E136 mellom Ålesund og Åndalsnes er ulykkesbelasta og utsett for skred. Utbygginga vil gi trafikantane ein meir skredsikker veg, betre framkome og tryggleik i trafikken. I tillegg vil reiseavstanden mellom sentrale stader på Sunnmøre og mellom Vikebukt og Helland i Vestnes kommune bli vesentleg kortare.

Utbygginga av Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen på E136 er føresett finansiert med statlege midlar og bompengar. Det er lokalpolitisk tilslutning til eit samla opplegg med 50 pst. bompengefinansiering av dei to delprosjekta. Det er lagt opp til anleggsstart hausten 2012. Trafikkopning for tunnelen er planlagt innan årsskiftet 2014/2015, og opning av brua er planlagt sommaren 2015.

Omtale av utbygginga

Samferdselsdepartementet legg til grunn ei styringsramme for Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen på 1 230 mill. kroner i 2012-prisnivå, og ei kostnadsramme på 1 310 mill. kroner i 2012-prisnivå. Styringsramma fordeler seg med 800 mill. kroner på Tresfjordbrua og 350 mill. kroner på Vågstrandstunnelen i 2010-kroner. Netto nytte (NN) for prosjektet er rekna til 114 mill. kroner. Samfunnsøkonomisk nytte (NN/K) for prosjektet er rekna til 0,17. I tillegg er det føresett 20 mill. kroner til programområdetiltak langs dagens E136 rundt Tresfjorden.

Det vil gi fleire positive effektar å byggje ut Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen samstundes, m.a. ein fornuftig ressursbruk som vil gjere anleggsdrifta meir effektiv.

Den lokalpolitiske handsaminga er nærare omtala i pkt. 3 i proposisjonen.

Tresfjordbrua

I dag går E136 går rundt Tresfjorden i Vestnes kommune. Årsdøgntrafikken (ÅDT) på strekninga varierer mellom 1 900 og 2 600 køyretøy, der tungtrafikk utgjer om lag 21 pst.

Prosjektet omfattar bygging av 2,8 km ny veg inkludert bru og sjøfylling over Tresfjorden mellom Vikebukt og Remmem (Helland). Brua vil bli om lag 1 290 m lang med ei vegbreidd på 8,5 m. I tillegg vil det bli lagt ut om lag 700 m med sjøfylling. Gang- og sykkelvegar inngår òg i prosjektet.

Utbygginga vil føre til ei innkorting av E136 på om lag 14 km. For trafikantar mellom Vikebukt og Helland blir innkortinga om lag 19 km. Den nye brua vil gi betre framkome og auka tryggleik for trafikantane.

Vågstrandstunnelen

E136 mellom Måndalen og Våge ligg i Rauma kommune. ÅDT på strekninga er om lag 1 600 køyretøy, der tungtrafikk utgjer om lag 24 pst. Vegen er smal med dårleg sikt, og har ei vegbreidd ned mot 5,8 m på delar av strekninga.

Prosjektet inneber bygging av tunnel og 1,2 km tilstøytande veg. Tunnelen vil bli om lag 3,6 km lang med ei totalbreidd på om lag 9,5 m. I tillegg er det lagt til grunn omlegging av lokalvegar og bygging av gang- og sykkelvegar.

Utbygginga vil redusere faren for skred og gi betre framkome og auka tryggleik for trafikantane.

Finansierings- og bompengeopplegg

Den statlege ramma til prosjektet på til saman 615 mill. kroner er fordelt med 430 mill. kroner på post 30 og 185 mill. kroner på post 31. I tillegg er det føresett 10 mill. kroner i statlege midlar til programområdetiltak innafor post 30.

Innkrevjinga av bompengar skal starte opp i 2015 når begge prosjekta er opna for trafikk. Det er lagt opp til bompengeinnkrevjing i 15 år. Det er føresett innkrevjing i begge retningar og med innkrevjing av bompengar i tre bomsnitt med fire bomstasjonar. Ein bomstasjon blir plassert på E136 ved Tresfjordbrua, to stasjonar blir sette opp på dagens E136 rundt Tresfjorden og ein stasjon på E136 ved Vågstrandstunnelen. For å unngå trafikklekkasje er det vurdert som naudsynt å etablere bompengeinnkrevjing rundt Tresfjorden.

Samferdselsdepartementet har merka seg at det i dei lokale vedtaka er bedt om å sjå på fritaksordningar for innbyggjarane på Vågstranda. Ei slik løysing vil stride mot nytteprinsippet som er lagt til grunn for alle bompengeprosjekt. For å redusere den økonomiske belastninga innbyggjarane blir utsette for, er det lokal semje om ein rabattstruktur med forskotsbetaling og rabattar opp til 50 pst. I tillegg er det lagt til grunn at takstnivået knytt til passering av Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen speglar utbyggingskostnadene for dei to delprosjekta.

Samferdselsdepartementet vil peika på at lokale trafikantar på dagens E136 rundt Tresfjorden ikkje har nytte av den nye vegen på same måte som andre trafikantar. Det er difor rimeleg at lokaltrafikk som ikkje er omkøyring, ikkje må betale bompengar.

Kostnaden for brua er om lag dobbelt så høg som for tunnelen. På grunn av kravet om samanheng mellom nytte og betaling er takstnivået knytt til brua om lag dobbelt så høgt som ved passering av tunnelen. Taksten for lette køyretøy utan rabatt er føresett til om lag 85 kroner for passering over Tresfjordbrua eller rundt Tresfjorden innan eit gitt tidsrom. Passering gjennom Vågstrandstunnelen vil koste om lag 40 kroner for lette køyretøy utan rabatt. Taksten for tunge køyretøy blir tre gonger taksten for lette køyretøy i alle stasjonane.

Med det føreslåtte innkrevjingsopplegget og dei føresetnadene som er lagt til grunn, vil trafikantane betale om lag 1 140 mill. kroner i bompengar. Av dei innbetalte bompengane vil om lag 625 mill. kroner gå til investeringar, inkl. føresett bidrag på 10 mill. kroner til programområdetiltak, om lag 425 mill. kroner til å dekkje finansieringskostnader og om lag 90 mill. kroner til innkrevjing og drift av bompengeselskapet. Basisføresetnader som er lagt til grunn i finansieringsplanen, går elles fram av pkt. 5 i proposisjonen.

Maksimal gjeld i det pessimistiske alternativet i finansieringsplanen er rekna til om lag 780 mill. 2012-kroner. Samferdselsdepartementet føreset derfor at fylkeskommunen før anleggsstart fattar vedtak om garanti i denne storleiken.

Etter at Stortinget har gjort vedtak om utbygging og finansiering av Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen på E136 i Møre og Romsdal, vil det bli inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei føresetnadene som er lagt til grunn i proposisjonen.