1.1 Sammendrag

Finansmarknadsmeldinga 2010 omhandlar følgjande tema:

Kapittel 2 handlar om føresetnadene og utsiktene for finansiell stabilitet i Noreg. Her er risikoane på dei norske finansmarknadene omtala, og likeins utviklinga for dei norske finansinstitusjonane.

Kapittel 3 inneheld eit oversyn over nokre internasjonale initiativ til regelverksendringar som har kome i kjølvatnet av finanskrisa. Mellom anna vert forslag til nye kapitaldeknings- og likviditetskrav og nye reglar om innskotsgarantiordningar omtala.

I kapittel 4 er det i år teke inn ein omtale av strukturelle utviklingstrekk på den norske finansmarknaden frå 1970 og fram til 2010.

Kapittel 5 handlar om hovudtrekka i regelverksutviklinga i Noreg, og om dei viktigaste løyvesakene som Finansdepartementet og Finanstilsynet har handsama på finansmarknadsområdet i 2010.

Kapittel 6 inneheld ei omtale av verksemda til Noregs Bank i 2010 og ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken. Omtalen av verksemda til Noregs Bank er lovpålagd, jf. sentralbankloven § 30. Kapittel 7 inneheld ei omtale av verksemda til Finanstilsynet i 2010. Innhaldet i kapittel 6 og 7 byggjer i stor mon på årsmeldingane frå institusjonane.

I kapittel 8 er verksemda til Folketrygdfondet i 2010 omtala, medrekna omtale av Statens pensjonsfond Noreg i kapittel 8.3 og Statens obligasjonsfond i kapittel 8.4. Verksemda i Statens finansfond er omtala i kapittel 9.

Kapittel 10 omhandlar verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF) i 2010.

Meldinga omhandlar i hovudsak tilhøve i 2010, men på einskilde punkt er framstillinga oppdatert med tal for dei første månadene av 2011.

Årsmeldingane frå Norges Bank, Finanstilsynet og Statens finansfond for 2010 følgjer som utrykte vedlegg til meldinga.

1.2 Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Thomas Breen, Gunvor Eldegard, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen, lederen Torgeir Micaelsen, Dag Ole Teigen og Laila Thorsen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, viser til at det ble avholdt høring med sentralbanksjef Øystein Olsen om foreliggende sak 20. mai 2011. Referat fra høringen følger som vedlegg til denne innstillingen.