Endringar i pensjonsskattereglane blei vedteke 10. desember
2010 med verknad frå 1. januar 2011. I ettertid er departementet
blitt merksam på at det er naudsynt med einskilde endringar på dette
området. Ein foreslår derfor å flytte reglane om det nye pensjonsskattefrådraget
frå skatteloven § 16-60, kor dei står saman med reglar om underskotsfrådrag,
til ei meir sentral plassering i § 16-1. Vidare bør ein endre tredje
ledd i paragrafen om nedtrapping av pensjonsskattefrådraget, slik
at uførepensjon eller behovsprøvde ytingar ikkje inngår i samla
pensjonsinntekt ved berekning av skattefrådraget når skattytar går
over til alderspensjon i løpet av inntektsåret. Også skatteloven
§ 17-1 om skatteavgrensing ved låg alminnelig inntekt foreslår departementet
å endre, slik at regelen omfattar dei som får uførepensjon frå andre
enn folketrygda, og slik at dei som mottar arbeidsavklaringspengar
i tillegg til uførepensjon frå folketrygda, ikkje kan få skatteavgrensing.
Endeleg bør ein endre skatteloven § 6-81 om særfrådrag for uføre,
slik at skattytar ikkje kan få slikt frådrag etter fylte 67 år.
Reglane om skattefrådraget for pensjonsinntekt er
tatt inn i skatteloven § 16-60. Her står dei under deloverskrifta
«Fradrag i skatt for underskudd for inntektsårene 2008 og 2009»
saman med fire andre paragrafar som handlar om skattefrådrag for
underskot for inntektsåra 2008 og 2009.
Reglane om skattefrådrag for underskot for inntektsåra
2008 og 2009 er stort sett ikkje lenger aktuelle. Med unntak av
§ 16-63 tredje ledd, som gjelder til og med inntektsåret 2012, er
alle reglane her avgrensa til å gjelde for inntektsåra 2008 og 2009.
Når disse reglane likevel førebels ikkje er oppheva, vil det vere
betre å plassere reglane om skattefrådrag for pensjonsinntekt ein annan
og meir sentral stad i skattelova. Departementet foreslår derfor
at innhaldet i § 16-60 flyttast til skatteloven § 16-1, under ei
eiga deloverskrift. Ein viser til forslag til ny § 16-1 med eiga
deloverskrift i skatteloven. Vidare foreslår departementet at det
tidlegare innhaldet i § 16-60 blir tatt inn i lova igjen, av omsyn
til samanhengen i regelverket. Ein viser til forslaget til endring
i § 16-60 i skatteloven.
Skattefrådraget for pensjonsinntekt blir trappa ned
når samla pensjonsinntekt for skattyter overstig visse beløpsgrenser,
som blir fastsett av Stortinget. Som samla pensjonsinntekt etter denne
regelen reknar ein pensjonsinntekt etter skatteloven § 12-2 bokstav
b samt pensjonsinntekt frå utlandet som ikkje er skattepliktig hit.
Uførepensjon og behovsprøvde ytingar, som etterlatnepensjon,
pensjon til tidlegare familiepleiar med vidare, er omfatta av omgrepet pensjonsinntekt
etter skatteloven § 12-2 bokstav b. Mottakarar av disse ytingane
er ikkje omfatta av regelen om skattefrådrag for pensjonsinntekt, men
kan framleis ha rett til skatteavgrensing etter skatteloven § 17-1.
Skattytar som i løpet av eit inntektsår går
frå uførepensjon eller behovsprøvd pensjon og over på alderspensjon,
får skatten fastsett etter skatteavgrensingsregelen eller etter
regelen om skattefrådrag for pensjonsinntekt, avhengig av kva som
gjev den lågaste skatten. Dersom skatten blir fastsett etter regelen
om skattefrådrag for pensjonsinntekt, blir frådraget redusert forholdsmessig
etter kor stor del av året skattytar har vore alderspensjonist.
Det har ikkje vore meininga at også ytingar
som er motteke i perioden før skattytar blei alderspensjonist, skal
kunne bidra til å trappe ned frådraget. Departementet foreslår derfor
å endre regelen om nedtrapping av skattefrådraget på grunn av storleiken
på pensjonsinntekta, slik at uførepensjon og behovsprøvd pensjon
ikkje skal inngå i samla pensjonsinntekt når skattytar går frå slike
ytingar og over til alderspensjon i løpet av inntektsåret. Ein viser
til tredje ledd sjette punktum i forslaget til ny § 16-1 i skatteloven.
Fram til 2011 var retten til skatteavgrensing
etter skatteloven § 17-1 for dei uføretrygda knytt til retten til
særfrådrag etter skatteloven § 6-81 andre ledd. Dei som hadde rett
til særfrådrag etter denne regelen, var skattytarar som «mottar
foreløpig uførepensjon etter folketrygdloven § 12-16 eller uførepensjon
fordi ervervsevnen er satt ned med minst 2/3 «unntatt de» som samtidig
mottar arbeidsavklaringspenger fra folketrygden».
Ved endring av pensjonsskattereglane blei vilkåra
for skatteavgrensing for uføretrygda tatt inn i § 17-1 første ledd
bokstav a, som nå lyder:
«mottar foreløpig uførepensjon eller uførepensjon
fra folketrygden fordi ervervsevnen er satt ned med minst 2/3,»
Også mottakarar av uførepensjon frå andre pensjonsordningar
enn folketrygda har hatt rett til skatteavgrensing. Derimot har
skattytar som i tillegg til uførepensjon mottar arbeidsavklaringspengar
frå folketrygda, ikkje hatt rett til skatteavgrensing. Dette går
ikkje fram av ordlyden i dag. Ved endringane i reglane om skatt
på pensjon har det ikkje vore meininga å endre vilkåra for dei uføres
rett til skatteavgrensing. Departementet foreslår derfor å endre
regelen om skatteavgrensing for uføretrygda, for å vidareføre dei tidlegare
vilkåra. Ein viser til forslag til endring av bokstav a i skatteloven
§ 17-1 første ledd.
Fram til og med 2010 fekk ein ufør skattytar
fullt særfrådrag frå og med den månaden da vedkomande mottok uførepensjon
fordi ervervsevna var satt ned med minst to tredeler, med mindre vedkomande
samstundes mottok arbeidsavklaringspengar frå folketrygda. Dette
særfrådraget blei erstatta av særfrådrag for alder frå og med den
månaden vedkomande fylte 70 år, eller når vedkomande etter fylte
67 år tok ut alderspensjon. Desse særfrådraga var like store.
Ved endring i pensjonsskattereglane oppheva ein
reglane om særfrådrag for alder. Særfrådraget for uføre blei derimot
vidareført og samstundes auka frå 1 614 kroner til 2 667 kroner
per påbegynt månad. Meininga har vore at dei uføre skal ha dette
særfrådraget til dei fyller 67 år og får alderspensjon i staden
for uførepensjon (frå månaden etter fylte 67 år).
Departementet er blitt kjent med at Statens
Pensjonskasse utbetaler uførepensjon inntil ei nærare angitt aldersgrense,
som regel 70 år. Denne samordnast med alderspensjon frå folketrygda
frå 67 år. Pensjonen som utbetalast etter fylte 67 år kan såleis
vere ein kombinasjon av uføre- og alderspensjon.
Det er derfor naudsynt med ei øvre aldersgrense for
å kunne få særfrådraget for uføre. Utan ei slik grense vil skattytarar
kunne få særfrådrag på grunnlag av uførepensjonen samstundes med
at dei får skattefrådrag på grunnlag av alderspensjonen. Dette har
ikkje vore meininga. Departementet foreslår derfor at uføre skattytarar
skal få særfrådrag berre til og med den månaden skattytar fyller
67 år. Ein viser til forslag til endringar i skatteloven § 6-81.
Departementet legg til grunn at disse endringane ikkje
vil ha monalege økonomiske eller administrative verknader.
Ein foreslår at disse justeringane i pensjonsskattereglane
trer i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 2011.
Komiteen slutter seg
til regjeringens forslag.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre har merket seg at
endringene i pensjonsskattereglene som ble vedtatt i fjor høst både
var for dårlig utredet og allerede har medført behov for en egen
sak til Stortinget, Prop. 59 S (2010–2011). Disse medlemmer ba
da om at departementet måtte følge nøye med på utviklingen for pensjonister
med lav pensjon og høye renteutgifter. Disse medlemmer har derfor
merket seg at Skattebetalerforeningen under høringen påpekte at
overgangsordningen har skapt store forskjeller mellom pensjonister
med lik inntekt og like øvrige forutsetninger avhengig av om de
ble skattlagt under skattebegrensningsregelen for 2010 eller ikke,
og er forundret over at regjeringen ikke omtaler dette. Skattebetalerforeningen
viste til at en pensjonist med 250 000 kroner i inntekt og 40 000
kroner i rentefradrag og som ikke var beskattet under skattebegrensningsregelen
i 2010 vil få en skatteøkning på 60 pst. – fra 16 000 kroner til 26 000
kroner – fra 2010 til 2011, mens samme pensjonist om han/hun har
vært beskattet under skattebegrensningsregelen for 2010, vil betale 18 000
kroner i skatt dvs. 8 000 kroner mindre. Disse medlemmer finner
slike forskjeller uakseptable. Disse medlemmer ser
dette som et bevis på at alle sider ved omlegging av pensjonistbeskatningen
ikke var godt nok belyst. Disse medlemmer forutsetter
at det ikke skal skrives ut nye skattekort eller foretas andre initiativ
fra skatteetatens side, det må være opp til hver enkelt skattyter
å ta initiativ til nytt skattekort.
Disse medlemmer viser til kapittel
4 i Innst. 420 S (2010–2011) der disse medlemmer foreslår
likebehandling av alle pensjonister vedrørende overgangsreglene,
også de som er blitt pensjonister i 2011.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet var
imot regjeringens endring i skattleggingen av pensjonister som innebar
en skatteskjerpelse for mange.