1.1 Sammendrag

Regjeringa foreslår enkelte endringar på skatte- og avgiftsområdet:

  • Måten ein gjør skattelista offentleg på blir endra. Skattelista skal vere tilgjengeleg på skatteetatens heimesider på Internett fram til neste årsliste blir lagt ut. Dei som ønskjer å søkje i skattelista må logge seg inn på ID-porten med MinID. Likningsstyresmaktene vil etter forslaget framleis kunne gi pressa ein elektronisk kopi av skattelista, men berre såframt den aktuelle redaksjonen skriv under på ei avtale om ikkje å offentleggjere heile eller delar av skattelista for personlege skattytarar på internett.

  • Skattytarar som flyttar til andre statar i EØS, i samband med fusjon, fisjon eller rein selskapsutflytting, kan utsetje inntektsføring av gevinst- og tapskonto samt negativ saldo på same vis som skattytarar som blir i Noreg.

  • Innføring av eit toårskrav ved selskapsdeltakar sin realisasjon av eigardel i deltakarlikna selskap under den såkalla 90-prosentregelen i fritaksmetoden.

  • Lovheimel for informasjonsutveksling mellom Noregs forskningsråd og skatteetaten i Skattefunn-ordninga, og sanksjonar ved brot på vilkår gitt i samband med godkjende prosjekt.

  • Lovendring for å presisere at FIFU-prinsippet (først inn, først ut) gjelder ved gåvetransaksjonar.

  • Rekkjefølgjet for frådrag (kredit) for skatt betalt i utlandet blir presisert.

  • Mindre justeringar i pensjonsskattereglane.

  • Gjeldande reglar i arveavgiftsloven for ektefelleuskifte skal gjelda tilsvarande på sambuaruskifte.

  • Utdeling frå uskiftebo til felles livsarvingar etter arveavgiftsloven skal reknast å kome frå begge ektefellene eller sambuarane, og såleis gi rett til to fribeløp.

  • Praksisen for tidfesting ved årsskiftehandlar med VPS-registrerte aksjar blir endra.

  • Presiseringar og opprettingar i lovtekst.

I proposisjonen legg Finansdepartementet fram forslag til lovendringar:

  • lov om endringar i lov 19. juni 1964 nr. 14 om avgift på arv og visse gaver

  • lov om endringar i lov 12. desember 1975 nr. 59 om dokumentavgift

  • lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning (ligningsloven)

  • lov om endringar i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven)

  • lov om endring i lov 12. desember 2003 nr. 108 om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv.

  • lov om endring i lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel (tolloven)

  • lov om endringar i lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift (merverdiavgiftsloven)

1.2 Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Thomas Breen, Gunvor Eldegard, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen, lederen Torgeir Micaelsen, Dag Ole Teigen og Laila Thorsen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, viser til at regjeringens vurderinger og forslag er nærmere omtalt i Prop. 116 LS (2010–2011). I det følgende er det hovedsakelig et kort oppsummerende sammendrag fra proposisjonen som innleder hvert kapittel. For en utfyllende presentasjon av bakgrunnen for og vurderingene knyttet til hvert forslag vises det til proposisjonen.

Komiteen viser videre til at det er den delen av proposisjonen som gjelder lovbestemmelser og forslag til lovendringer (del A) som blir behandlet i denne innstillingen. Forslag til vedtak om endring i Stortingets vedtak om avgift (del B) blir behandlet i Innst. 420 S (2010–2011). Dermed omtales ikke proposisjonens kapittel 11 og 12 videre i denne innstillingen.