Arbeidsdepartementet legg med dette fram forslag
til endringar i:
lov 28. februar 1997
nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova)
lov 10. desember 2004 nr. 76 om arbeidsmarkedstjenester
(arbeidsmarknadslova)
lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale
tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen.
I proposisjonen blir desse endringane foreslått på
bakgrunn av budsjettforslag for 2011 og innføringa av ny alderspensjon:
endre kvalifikasjonsgrunnlaget
for dagpengar slik at svangerskapsrelaterte sjukepengar, svangerskapspengar
og foreldrepengar blir tekne med i kvalifikasjonsgrunnlaget
oppheve særreglane for dagpengemottakarar over
64 år
fjerne samordning av dagpengar og arbeidsavklaringspengar
mot alderspensjon og ny AFP i privat sektor
avklaring av forholdet mellom alderspensjon, AFP
og sjukepengar, slik at arbeid ved sida av fleksibel alderspensjon
og ny AFP i privat sektor gir rett til sjukepengar etter vanlege
reglar, mens AFP som blir sett ned i forhold til arbeidsinntekt eller
arbeidstid berre gir rett til sjukepengar ved uttak av delpensjon.
I tillegg blir det foreslått nokre mindre endringar i
moglegheita til å få arbeidsavklaringspengar under sjukdom når ein
ikkje får aktiv behandling m.m.
Det blir også foreslått enkelte lovtekniske
justeringar, presiseringar og opprettingar i folketrygdlova, arbeidsmarknadslova
og lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltinga.
Regjeringa vil komme tilbake til forslaget om
å krevje inntektsbortfall for rett til arbeidsavklaringspengar og
uførepensjon etter fylte 62 år som er nemnd i Prop. S 1 (2010–2011).
Det blir foreslått å endre kvalifikasjonsgrunnlaget
for dagpengar under arbeidsløyse slik at foreldrepengar, svangerskapspengar
og svangerskapsrelaterte sjukepengar tel som arbeidsinntekt i kravet
til minsteinntekt for dagpengar under arbeidsløyse for nye tilfelle,
jf. lovforslaget til folketrygdlova § 4-4.
Det blir foreslått at endringa trer i kraft
1. januar 2011. Forslaget inneber at fleire kan få rett til dagpengar,
noko som er anslått å gi auka utbetalingar på om lag 69 mill. kroner
i 2011. Talet vil auke når endringa er fullt fasa inn, og på usikkert grunnlag
er aukinga berekna til om lag 100 mill. kroner i 2012. Det er ikkje
venta større administrative konsekvensar.
Det blir foreslått å oppheve dei særreglane
etter folketrygdlova § 4-17 som no gjeld for dagpengemottakarar
på 64 år eller meir.
Endringa blir venta å gi ei økonomisk innsparing i
2012 på om lag 145 mill. kroner. Det er ikkje venta nemneverdige
administrative konsekvensar.
Det blir foreslått at dagpengane ikkje skal samordnast
mot alderspensjon og ny AFP i privat sektor, og at arbeidsavklaringspengane
ikkje skal samordnast mot alderspensjon.
Det blir foreslått at endringa trer i kraft
1. januar 2011.
Forslaget om å oppheve samordningsreglane mot
alderspensjon etter folketrygdlova vil ikkje føre til at det blir
gitt dagpengar eller arbeidsavklaringspengar i andre tilfelle enn
i dag. Endringane vil soleis ikkje føre til auka utgifter til dagpengar
eller arbeidsavklaringspengar.
Når det gjeld samordning av dagpengar og AFP, fører
endringane til at det kan bli gitt dagpengar i fleire tilfelle enn
i dag. Ein har ikkje grunnlag for å kunne seie kor mange som vil
ta ut alderspensjon og ny AFP i privat sektor samtidig som dei får
dagpengar. Det er derfor ikkje mogleg å rekne på kva økonomiske
konsekvensar denne endringa har.
Det blir lagt til grunn at endringane ikkje
vil ha administrative konsekvensar.
Det skal innførast fleksibel pensjonsalder mellom
62 og 75 år frå 1. januar 2011. Det gjer at ein kan velje uttakstidspunkt
for pensjon og har fullt høve til å kombinere pensjon og arbeidsinntekt utan
avkorting. Det blir foreslått at ein skal kunne få sjukepengar etter
vanlege reglar fram til fylte 67 år også når ein har teke ut alderspensjon.
Det blir foreslått at ein held fram med å gi sjukepengar i inntil
60 dagar til personar mellom 67 og 70 år med arbeidsinntekt over
to gonger grunnbeløpet, men at ein skal gi denne avgrensa sjukepengeretten
uavhengig av om den sjukmelde har teke ut alderspensjon eller ikkje.
Det blir foreslått at det som i dag, ikkje blir gitt sjukepengar
til personar over 70 år.
Det blir foreslått òg ei klar regulering av
sjukepengeretten for personar med avtalefesta pensjon (AFP). Personar
med AFP etter dei nye reglane i privat sektor vil få sjukepengar
etter dei same reglane som personar med alderspensjon frå folketrygda,
mens personar med AFP etter dei gamle reglane får sjukepengar etter
dei same reglane som i dag. Desse reglane skal også gjelde for personar
med offentleg AFP. Pensjonsretten for begge gruppene med AFP blir regulert
i § 8-52.
Moglegheita for å få utbetalt både alderspensjon og
korttidsytingar som for eksempel sjukepengar medfører utfordringar
for pensjonsreforma sin verkemåte. Det vises til Prop. 1 S (2010–2011) frå
Arbeidsdepartementet der problemstillinga er nærmare vurdert. Det
er òg varsla eit høyringsnotat våren 2011 med ein brei gjennomgang
av regelverket for korttidsytingane for personar over 62 år og korleis
forholdet mellom korttidsytingane og alderspensjonen for denne aldersgruppa
bør vere.
Det blir vist til forslag om endring i folketrygdlova
§ 8-3, § 8-12 fjerde ledd og §§ 8-51 og 8-52.
Det blir foreslått at endringane trer i kraft 1. januar
2011.
Endringa vil ikkje føre til auka utgifter til
sjukepengar da forslaget skal sikre at yrkesaktive får tilnærma
den same retten til sjukepengar som etter gjeldande reglar. Forslaget
til endringar kan gi noko meirarbeid i startfasen før ein får maskinelle
løysingar på plass.
Det blir foreslått at retten til å få arbeidsavklaringspengar
sjølv om ein ikkje får aktiv behandling, deltek på eit arbeidsretta
tiltak eller liknande skal avgrensast til seks månader.
Det blir også foreslått at personar som tidlegare har
mottatt sjukepengar etter kapittel 8 i til saman 248, 250 eller
260 sjukepengedagar i løpet av dei siste tre åra (§ 8-12), og igjen
blir arbeidsuføre mens dei er i arbeid, skal kunne få arbeidsavklaringspengar
i inntil seks månader.
Det blir foreslått at endringa trer i 1. januar
2011.
Forslaget om å avgrense perioden der ein kan
få arbeidsavklaringspengar etter unntaksreglane i § 11-13 vil kunne
føre til ei beskjeden innstramming saman-likna med dagens regelverk. Forslaget
om å gi ein ny unntaksregel vil kunne medføre ein beskjeden auke
samanlikna med dagens regelverk. Endringane vil ikkje medføre administrative
konsekvensar.
Innleiinga til folketrygdlova («Hvordan folketrygdloven
er oppbygd») blir foreslått retta opp i samsvar med innføringa av
arbeidsavklaringspengar.
Det blir foreslått endringar i folketrygdlova §§ 4-4
og 4-11 for å gjere det klårt at det er brutto løn som skal reknast
som arbeidsinntekt.
Det blir foreslått at «juni» i § 4-26 første
ledd bokstav d blir retta til «juli».
Etter folketrygdlova § 8-3 tredje ledd «ytes
ikke sykepenger fra det tidspunktet det er godtgjort at yrkesaktiviteten
skulle vært avsluttet fordi vedkommende har nådd pensjonsalderen,
eller har trukket seg tilbake fra yrkeslivet.».
I det nye pensjonssystemet, der ein kan ta ut
alderspensjon frå folketrygda fleksibelt i alderen 62–75 år, forsvinner
omgrepet fast pensjonsalder. Det foreslåas derfor at «har nådd pensjonsalderen»
skal takast ut av § 8-3 tredje ledd.
I forskrift om arbeidsretta tiltak mv. av 11. desember
2008 nr. 1320 er arbeidsmarknadstiltak erstatta av «arbeidsretta
tiltak». Omgrepet blei også brukt i kapittel 11 i folketrygdlova. Ved
ein feil står det i likevel «arbeidsmarkedstiltak». Det blir foreslått
at § 11-14 første ledd andre punktum blir endra i samsvar med dette.
I § 12-12 om revurdering av uføregraden andre ledd
tredje punktum finst det ein særskilt regel for mottakarar av tidsavgrensa
uførestønad. Tidsavgrensa uførestønad blei frå 1. mars 2010 erstatta
av arbeidsavklaringspengar. Det blir derfor foreslått at § 12-12
andre ledd tredje punktum blir oppheva.
Det blir foreslått at det blir presisert i ny
§ 22-3 b i folketrygdlova at grunn- og hjelpestønad til barn i fosterheim
skal utbetalast til fosterforeldra.
Folketrygdlova § 22-15 tredje ledd gir heimel for
å krevje tilbake attføringspengar, tidsavgrensa uførestønad og dagpengar
i tilfelle der mottakaren har fått etterbetalt løn eller erstatning
for løn for tidsrom det allereie er utbetalt ytingar frå trygda
for.
Attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad blei
frå 1. mars 2010 erstatta med arbeidsavklaringspengar. Personar
som hadde rett til dei ytingane som blei erstatta får arbeidsavklaringspengar
berekna etter overgangsreglar.
Det finst ikkje tilsvarande reglar for mottakarar av
rehabiliteringspengar. Bakgrunnen for det er at det ikkje var heimel
for å redusere rehabiliteringspengane pga. løn eller anna godtgjersle
frå arbeidsgjevar. Etter § 11-19 skal alle økonomiske ytingar frå
nove-rande og tidlegare arbeidsgjevarar som blir gitt i samband
med overgang til arbeidsavklaringspengar eller i samband med oppseiing,
fråtreden eller reduksjon av arbeidstid, føre til at arbeidsavklaringspengane blir
reduserte med same beløp. Ein meiner derfor at det også må vere
ein korresponderande heimel for å krevje tilbake arbeidsavklaringspengar
som er utbetalte på feil grunnlag. Det blir foreslått derfor endringar
i § 22-15.
I arbeidsmarknadslova § 19 er det gitt reglar
om opplysingsplikt overfor Arbeids- og velferdsetaten. Ved ein feil
fall arbeidsgivarane ut av opplistinga i § 19. Det blir foreslått
at arbeidsgivarane blir tekne inn igjen i § 19.
Stortinget vedtok 18. desember 2009 lov om sosiale
tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga, jf. handsaminga av
Prop. 13 L (2009–2010), jf. Ot.prp. nr. 103 (2008–2009) Om lov om
sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen. jf. Innst.
87 L (2009–2010).
Etter at vedtak var fatta og lova var trådd
i kraft, blei det oppdaga feil i lovteksten.
I § 29 Kvalifiseringsprogram, er det reglar
i første ledd om kven som er målgruppa for deltaking i programmet.
Her står det:
«[…] og ingen eller begrensede ytelser til livsopphold
[…]».
§ 5A-1 i lov om sosiale tjenester mv., som regelen
er ein direkte vidareføring av, lyder:
[…] og ingen eller svært begrensede ytelser til livsopphold
[…].
Sjølv om ordet «svært» er borte allereie i utkastet til
lovteksta i høyringsnotatet, har det ikkje vore meininga å endre
dette kriteriet. Dette kjem fram i både høyringsnotatet, og i proposisjonane.
Det går fram at det aldri har vore lovgivar
si meining å endre vilkåret om at ein for å ha rett til kvalifiseringsprogram
skal ha:
«ingen eller svært begrensede ytelser til livsopphold
etter folketrygdloven eller arbeidsmarkedsloven.»
Det blir foreslått at ordet «svært» blir teke
inn i lovteksten, slik at regelen blir som han var før 1. januar
2010, og slik lovgivar hadde tenkt.
Det blir foreslått at endringane trer i kraft
straks. Forslaga har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.
I forbindelse med komiteens behandling av proposisjonen
sendte saksordfører 16. november 2010 brev til statsråden for nærmere
utdyping. Saksordførers brev, samt statsrådens svar av 23. november
2010, er vedlagt innstillinga.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Tove Linnea Brandvik, Thor Erik Forsberg, Steinar Gullvåg, Kari Henriksen
og Anette Trettebergstuen, fra Fremskrittspartiet, lederen Robert Eriksson,
Vigdis Giltun og Laila Marie Reiertsen, fra Høyre, Sylvi Graham
og Torbjørn Røe Isaksen, fra Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen,
fra Senterpartiet, Geir Pollestad, og fra Kristelig Folkeparti,
Kjell Ingolf Ropstad, viser til at de foreslåtte lovendringer
er fremmet på bakgrunn av budsjettforslaget for 2011 og innføringen
av ny alderspensjon. De aller fleste endringene er kurante og gir
ikke behov for kommentarer fra komiteens side.
Komiteen mener det
er positivt at foreldrepenger, svangerskapspenger og svangerskapsrelaterte
sykepenger nå skal telle med som arbeidsinntekt i kravet til minsteinntekt
for å få dagpenger. Dette vil medføre at flere, særlig kvinnelige
arbeidstakere, vil få rett til dagpenger ved arbeidsløshet.
Komiteens flertall,
alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, har merket seg at
regjeringen nå foreslår å fjerne alle de særregler som gjelder i
forhold til dagpenger til arbeidstakere over 64 år. Dagens regler
innebærer at en arbeidstaker i ytterste konsekvens kan få dagpenger
sammenhengende fra 62 til 67 år.
Flertallet viser til at det er
bred politisk enighet om at eldre arbeidstakere skal kunne være
i arbeid så lenge som mulig. Særreglene kan føre til at dagpenger
blir brukt som en førtidspensjonsordning og at alderspensjonen og eventuelt
AFP-tillegg dermed spares til senere. Dette kan være en stimulans
til å motta passive ytelser. En stor del av arbeidstakerne vil ha
rett til AFP og/eller fleksibel alderspensjon fra de er 64 år og
vil kunne bruke denne muligheten dersom det viser seg vanskelig
å få ordinært arbeid og å være vanlig reell arbeidssøker innenfor
de ordinære reglene.
Eit anna fleirtal,
alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, meiner prinsipielt
at eldre arbeidssøkjarar skal ha same rett som alle andre som søker
arbeid. Det betyr at nye dagpengemottakarar skal ha stønad i inntil
to år på ordinære vilkår. Likevel ser dette fleirtalet at
eldre arbeidstakarar som blir arbeidsledige, gjennomgåande er vanskelegare
å formidle tilbake til arbeid enn yngre arbeidssøkjarar. Dei kan
difor ha trong for serskilte tiltak.
Særlig gjeld dette eldre arbeidssøkjarar som
av ulike grunnar ikkje har full rett til pensjon.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, syner til at departementet
i Prop. 1 S (2010–2011) sjølv seier at det vil følgje utfasinga
av særreglane særs nøye. Fleirtalet legg til grunn
at ingen skal stå utan yting i 2011, og at overgangsordninga vil sikre
eldre arbeidsledige anna yting enn sosialhjelp.
Flertallet slutter seg på denne
bakgrunn til regjeringens forslag. Flertallet vil
samtidig understreke at det er viktig at det som skrives i proposisjonen
om oppfølging av disse arbeidstakerne fra Nav blir fulgt opp, og
at Nav rapporterer særskilt om denne oppfølgingen.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til at det i ny
fleksibel alderspensjon vert mogleg å kombinere trygd og arbeid
for alle i aldersgruppa 62 til 67 år utan avkorting. Reglane for
dagpengar ved arbeidsløyse og arbeidsavklaring må difor vurderast
på nytt.
Fleirtalet peiker på at gjeldande
reglar vil føre til at personar som har teke ut alderspensjon, ikkje
vil kunne få dagpengar under arbeidsløyse, medan personar som ikkje
har teke ut alderspensjon, vil kunne få dagpengar. Fleirtalet sluttar seg
til departementet sitt framlegg til endra reglar for dagpengar og
arbeidsavklaringspengar frå 2011. Fleirtalet er òg
samd i at dagpengane ikkje skal samordnast når ein får utbetalt
ny AFP i privat sektor.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser
til at Fremskrittspartiet i sitt alternative statsbudsjett for 2011
ikke støtter forslaget om oppheving av særregler for dagpengemottakere
over 64 år.
Disse medlemmer mener at det
strider mot prinsippene om at det skal gis mulighet til å kunne
stå lenger i arbeid.
Disse medlemmer viser til regjeringens forslag
til statsbudsjett for 2011 hvor man omtaler ordningen med en langtidsledighetsgaranti. Denne
garantien ble i 2010 utvidet til å gjelde personer med en toårig
arbeidssøkerperiode og med seks måneders sammenhengende ledighet.
Disse medlemmer mener at denne
garantien også må gjelde for personer som er blitt arbeidsledige
etter fylte 64 år, slik at muligheten for å komme i arbeid igjen
skal være lik også for denne aldersgruppen, i stedet for, slik disse medlemmer ser
det, bli presset til å gå ut i uførhet eller førtidspensjon mot
sin vilje.
Fleirtalet i komiteen, medlemene
frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet,
meiner at alle skal ha rett til sjukepengar når pensjonsgjevande
innkome fell bort fram til pensjonsalderen (67 år). Fleirtalet finn
det òg rimeleg at personar mellom 67 og 70 år som tek ut alderspensjon
samstundes som dei har anna innkome, får avkorta sjukepengerett,
som i dag. Det vil seie at desse får sjukepengar i 60 dagar om inntekta
er to gonger grunnbeløpet i folketrygda. Fleirtalet er
òg samd i at retten til sjukepengar fell bort for yrkesaktive i
alderen mellom 70 og 75 år.
Fleirtalet kan ikkje sjå at desse
endringane påfører arbeidsgjevarane auka utgifter i høve til dagens
reglar og at eldre arbeidskraft av den grunn skal vere mindre attraktiv.
Fleirtalet gjer elles merksam
på at tariffavtalane òg gir rett til lønn under sjukdom. I staten har
til dømes alle arbeidstakarar opp til 70 år rett til full lønn under
sjukdom i inntil eitt år. I kommunal sektor har arbeidstakarar mellom
67 og 70 år avtalefesta rett til sjukepengar i 60 dagar. I privat
sektor varierer dette frå område til område.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Høyre og Kristelig Folkeparti har merket seg at regjeringen
nå foreslår å endre regelverket slik at personer mellom 67 og 70
år og som har en inntekt over 2 G bare skal ha rett på sykepenger
i inntil 60 dager. Dette er en innstramming i forhold til gjeldende
regelverk der en slik regel bare gjelder for de som tar ut alderspensjon.
Disse medlemmer viser til at
en del arbeidstakere har rett til full lønn under sykdom mellom
67 og 70 år på samme vis som yngre arbeidstakere selv om ikke arbeidsgiveren
får refusjon fra folketrygden. Det gjelder blant annet i det statlige
tariffområdet og andre som følger det statlige regelverket. Regjeringens
forslag innebærer derfor at større kostnader skyves over på arbeidsgiverne.
Disse medlemmer mener det er
et paradoks når det på den ene siden lages pensjonsregler som levealderjusterer
pensjonen slik at en må arbeide lenger for å få «like høy» pensjon
som tidligere, og samtidig innfører regler som gjør det mindre attraktivt
for arbeidsgivere å sysselsette eldre arbeidstakere. I stedet burde
regelverket vært utvidet for å stimulere til å ansette flere eldre
arbeidstakere.
Disse medlemmer vil på denne
bakgrunn gå imot regjeringens forslag på dette punkt.
Disse medlemmer fremmer på denne
bakgrunn følgende forslag:
«I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova)
skal § 8-51 lyde:
§ 8-51 Medlem mellom 62 og 70 år
Til medlem mellom 62 og 70 år ytes det sykepenger
etter bestemmelsene i kapitlet her. Det ytes sykepenger til medlem
mellom 62 og 67 år uavhengig av om det er tatt ut alderspensjon.
Til medlem mellom 67 og 70 år som har tatt ut alderspensjon
ytes sykepenger etter bestemmelsene i kapitlet her dersom inntektsgrunnlaget overstiger
to ganger grunnbeløpet.
Sykepenger fra trygden ytes i opptil 60 sykepengedager
til medlem mellom 67 og 70 år som har tatt ut alderspensjon.»
Disse medlemmer har merket seg
at regjeringen vil komme med et høringsnotat våren 2011 med en bred
gjennomgang av regelverket for korttidsytelser for personer over
62 år og hvordan forholdet mellom korttidsytelser og alderspensjonen
for denne aldersgruppen bør være. Disse medlemmer mener
også det er behov for en grundig gjennomgang av hele seniorpolitikken hvor
ulike tiltak som stimulerer til å arbeide lenger og også tiltak
som stimulerer arbeidsgivere til å sysselsette seniorer, vurderes.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
og Kristelig Folkeparti viser til at det ikke foreligger
et permanent forslag til regelverk for sykepenger for personer som
er over 62 år, og at det i stedet skal komme et høringsnotat vedrørende
dette våren 2011.
En så stor reform der viktige endringer i folketrygdloven
ikke er konsekvensutredet, mener disse medlemmer vil
føre til at personer som er over 62 år vil bli presset til å gå
over i pensjon tidligere enn hva som er ønskelig for den enkelte.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene
fra Fremskrittspartiet, viser til at formålet med arbeidsavklaringspenger
er å sikre inntekt for medlemmer mens de får aktiv behandling, deltar
på et arbeidsrettet tiltak eller får annen oppfølging med sikte
på å skaffe seg eller beholde arbeid. Det vil si at de ikke er syke
nok til å få arbeidsavklaringspenger etter hovedregelen. Ettersom
vilkåret for å få uførepensjon er at inntekts-/arbeidsevnen er varig
nedsatt på grunn av varig sykdom, skade eller lyte, vil de heller ikke
være syke nok til å få uførepensjon. Dersom det viser seg at personene
som får arbeidsavklaringspenger etter unntaksreglene har fått sin
arbeidsevne nedsatt med minst halvparten og at de har behov for
aktiv behandling, arbeidsrettede tiltak eller annen oppfølging fra
Arbeids- og velferdsetaten for å bli i stand til å beholde arbeid
som han eller hun kan utføre, vil de derimot kunne få arbeidsavklaringspenger
etter hovedregelen. For eksempel er kreftpasienter, som har behov
for behandling utover et halvt år, ivaretatt gjennom hovedregelen. Flertallet ber likevel
om at departementet vurderer om det er behov for å utvide unntakene.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser
til at man kan få arbeidsavklaringspenger i inntil 4 år.
Disse medlemmer mener at å innføre
en unntaksregel hvor det sies at man kan få arbeidsavklaringspenger
begrenset til 6 måneder dersom man faller ut av arbeidslivet igjen,
er for kort tid spesielt for personer som har en alvorlig sykdomsdiagnose.
Disse medlemmer viser til høringsuttalelser fra
Kreftforeningen som sier at det er for kort tid med 6 måneder for
personer som har kreft fordi de har behov for lengre behandling
og rehabiliteringstid, samtidig som de trenger lengre tid til å
tilvenne seg arbeidslivet etter lang tids sykdom.
Disse medlemmer mener at personer
som har hatt arbeidsavklaringspenger og som blir syke etter å ha
vært ute av arbeid en tid, skal ha rett til nye arbeidsavklaringspenger
begrenset til inntil ett år.
Disse medlemmer vil gå imot den
foreslåtte endringen, og fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:
«I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova)
skal § 11-13 tredje ledd lyde:
Det kan også gis arbeidsavklaringspenger i inntil ett
år til medlem som ikke har opparbeidet seg ny rett til sykepenger
etter kapittel 8 og som
a) tidligere
har mottatt arbeidsavklaringspenger og som innen seks måneder igjen
blir arbeidsufør som følge av en annen sykdom, selv om nedsettelsen
av arbeidsevnen antas å være rent forbigående,
b) tidligere har mottatt arbeidsavklaringspenger og
som innen ett år igjen blir arbeidsufør som følge av samme sykdom,
selv om nedsettelsen av arbeidsevnen antas å være rent forbigående,
eller
c) tidligere har mottatt sykepenger etter
kapittel 8 i til sammen 248, 250 eller 260 sykepengedager i løpet
av de siste tre årene (§ 8-12), og igjen blir arbeidsufør mens vedkommende
er i arbeid.»
Komiteen mener det av hensyn
til barnets beste er riktig at grunn- og hjelpestønaden utbetales
til de som faktisk utfører omsorgen. Komiteen støtter
derfor regjeringens forslag om at grunn- og hjelpestønad til barn
i fosterhjem skal utbetales til fosterforeldrene.
Forslag fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig
Folkeparti:
Forslag 1
I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova)
skal § 8-51 lyde:
§ 8-51 Medlem mellom 62 og 70 år:
Til medlem mellom 62 og 70 år ytes det sykepenger
etter bestemmelsene i kapitlet her. Det ytes sykepenger til medlem
mellom 62 og 67 år uavhengig av om det er tatt ut alderspensjon.
Til medlem mellom 67 og 70 år som har tatt ut alderspensjon
ytes sykepenger etter bestemmelsene i kapitlet her dersom inntektsgrunnlaget overstiger
to ganger grunnbeløpet.
Sykepenger fra trygden ytes i opptil 60 sykepengedager
til medlem mellom 67 og 70 år som har tatt ut alderspensjon.
Forslag fra Fremskrittspartiet:
Forslag 2
I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova)
skal § 11-13 tredje ledd lyde:
Det kan også gis arbeidsavklaringspenger i inntil ett
år til medlem som ikke har opparbeidet seg ny rett til sykepenger
etter kapittel 8 og som
a) tidligere
har mottatt arbeidsavklaringspenger og som innen seks måneder igjen
blir arbeidsufør som følge av en annen sykdom, selv om nedsettelsen
av arbeidsevnen antas å være rent forbigående,
b) tidligere har mottatt arbeidsavklaringspenger og
som innen ett år igjen blir arbeidsufør som følge av samme sykdom,
selv om nedsettelsen av arbeidsevnen antas å være rent forbigående,
eller
c) tidligere har mottatt sykepenger etter
kapittel 8 i til sammen 248, 250 eller 260 sykepengedager i løpet
av de siste tre årene (§ 8-12), og igjen blir arbeidsufør mens vedkommende
er i arbeid.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre følgende
vedtak til lov
om endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover
I
I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd skal desse
endringane gjerast:
Innleiinga til folketrygdlova
(«Hvordan folketrygdloven er oppbygd»), Del IV Ytelser ved sjukdom
m.m. åttande punkt i oppramsinga skal lyde:
Kapittel 12 Uførepensjon
§ 4-4 første og nytt andre ledd skal lyde:
For å få rett til dagpenger må medlemmet
a) i det siste avsluttede kalenderåret før det
søkes om stønad ha hatt en brutto arbeidsinntekt
som minst svarer til 1,5 ganger grunnbeløpet på søknadstidspunktet,
eller
b) i løpet av de siste tre avsluttede kalenderårene før det
søkes om stønad ha hatt en brutto arbeidsinntekt
som minst svarer til 3 ganger grunnbeløpet på søknadstidspunktet.
Likestilt med arbeidsinntekt etter denne bestemmelsen
er svangerskapsrelaterte sykepenger etter kapittel 8 og svangerskapspenger
og foreldrepenger etter kapittel 14.
Gjeldande andre til fjerde ledd blir tredje til femte ledd.
§ 4-11 andre ledd første og andre punktum skal lyde:
Dagpengegrunnlaget fastsettes ut fra medlemmets brutto arbeidsinntekt
i det siste avsluttede kalenderåret før han eller hun søker om stønad,
eller får fastsatt nytt dagpengegrunnlag etter bestemmelsene i §
4-16, første ledd, andre og tredje punktum. Dersom det gir et høyere
grunnlag, fastsettes dagpengegrunnlaget i stedet ut fra gjennomsnittlig brutto arbeidsinntekt
i de tre siste avsluttede kalenderårene.
§ 4-17 skal opphevast.
§ 4-24 andre ledd bokstav e skal opphevast og nove-rande
bokstav f blir ny bokstav e.
§ 4-24 tredje ledd skal lyde:
Retten til dagpenger faller også bort når medlemmet mottar ugradert avtalefestet
pensjon, unntatt pensjon etter AFP-tilskottsloven kapittel
2 og 3.
§ 4-25 første ledd bokstav e skal opphevast.
§ 4-25 tredje ledd skal lyde:
Dagpengene reduseres tilsvarende når medlemmet mottar
avtalefestet pensjon som er gradert på grunnlag av arbeidsinntekt
eller arbeidstid.
§ 4-26 første ledd bokstav d skal lyde:
d) vartpenger etter lov 28. juli 1949
nr. 26 om Statens Pensjonskasse,
§ 8-3 første ledd nytt tredje og fjerde punktum skal lyde:
Det ytes ikke sykepenger til medlem som er fylt
70 år. Medlem mellom 67 og 70 år har en begrenset sykepengerett,
se § 8-51 og § 8-12 fjerde ledd.
§ 8-3 tredje ledd skal lyde:
Det ytes ikke sykepenger fra det tidspunktet det er godtgjort
at yrkesaktiviteten skulle vært avsluttet fordi vedkommende
har trukket seg tilbake fra yrkeslivet.
§ 8-12 fjerde ledd skal lyde:
Til medlem mellom 67 og 70 år ytes sykepenger fra
trygden i 60 sykepengedager, se § 8-51. Bestemmelsen i
andre ledd om ny rett til sykepenger gjelder tilsvarende.
§ 8-51 skal lyde:
§ 8-51 Medlem mellom 62 og 70 år
Til et medlem mellom 62 og 70 år ytes det sykepenger
etter bestemmelsene i kapitlet her uavhengig av om det er tatt ut
alderspensjon.
Til et medlem mellom 67 og 70 år ytes det sykepenger
etter bestemmelsene i kapitlet her dersom inntektsgrunnlaget overstiger
to ganger grunnbeløpet.
Sykepenger fra trygden ytes i opptil 60 sykepengedager
til medlem mellom 67 og 70 år.
§ 8-52 skal lyde:
§ 8-52 Medlemmer med avtalefestet pensjon
Det ytes ikke sykepenger til et medlem som mottar ugradert avtalefestet pensjon.
Til et medlem som mottar avtalefestet pensjon etter AFP-tilskottsloven kapittel
2 og 3 (ny ordning), ytes det likevel sykepenger etter reglene i
§ 8-51. Det samme gjelder et medlem over 65 år som arbeider i privat
sektor og som har avtalefestet pensjon fra kommunal pensjonsordning
beregnet som tjenestepensjon.
Til et medlem som mottar avtalefestet pensjon som
er gradert ut fra arbeidsinntekt eller reduksjon i arbeidstid, ytes
det sykepenger etter bestemmelsene i kapitlet her. Når trygden yter
sykepenger, fastsettes sykepengegrunnlaget ut fra den arbeidsinntekten
som medlemmet har i tillegg til den graderte pensjonen.
§ 11-13 tredje ledd skal lyde:
Det kan også gis arbeidsavklaringspenger i inntil seks
måneder til medlem som ikke har opparbeidet seg ny rett til sykepenger
etter kapittel 8 og som
a) tidligere har mottatt arbeidsavklaringspenger
og som innen seks måneder igjen blir arbeidsufør som følge av en
annen sykdom, selv om nedsettelsen av arbeidsevnen antas å være
rent forbigående,
b) tidligere har mottatt arbeidsavklaringspenger
og som innen ett år igjen blir arbeidsufør som følge av samme sykdom,
selv om nedsettelsen av arbeidsevnen antas å være rent forbigående,
eller
c) tidligere har mottatt sykepenger etter kapittel
8 i til sammen 248, 250 eller 260 sykepengedager i løpet av de siste
tre årene (§ 8-12), og igjen blir arbeidsufør mens vedkommende er
i arbeid.
§ 11-14 første ledd andre punktum skal lyde:
Som reell arbeidssøker regnes den som er arbeidsfør og
villig til å ta ethvert arbeid som han eller hun kan utføre, og
som er lønnet etter tariff eller sedvane hvor som helst i Norge
uavhengig om det er på heltid eller deltid og til å delta på arbeidsrettede
tiltak.
§ 11-23 andre ledd skal lyde:
Arbeidsavklaringspengene faller ikke bort dersom
medlemmet tar ut alderspensjon etter lovens kapittel 19 og 20. Når
medlemmet får barnepensjon etter lovens kapittel 18, reduseres arbeidsavklaringspengene
med samme beløp.
§ 11-24 tredje ledd skal lyde:
Arbeidsavklaringspengene reduseres ikke dersom
medlemmet tar ut redusert alderspensjon etter lovens kapittel 19
og 20. Når medlemmet får barnepensjon etter lovens kapittel 18,
reduseres arbeidsavklaringspengene med samme beløp.
§ 12-12 andre ledd tredje punktum skal opphevast.
Nytt femte strekpunkt i innleiinga i kapittel 22
skal lyde:
utbetaling av grunnstønad og hjelpestønad til barn
i fosterheim står i § 22-3 bNoverande femte til nittande strekpunktet blir sjette til
tjuande strekpunktet.
Ny § 22-3 b skal lyde:
§ 22-3 b Ytelser til barn i fosterhjem
Grunnstønad og hjelpestønad til barn som er plassert
i fosterhjem etter barnevernloven § 4-14, utbetales til fosterforeldrene.
Ved plassering i midlertidig hjem i påvente av fosterhjemsplassering,
skjer utbetaling til barnevernet.
§ 22-15 tredje ledd første punktum skal lyde:
Dersom det etterbetales lønn, eller erstatning for lønn,
for tidsrom som det allerede er utbetalt arbeidsavklaringspenger eller
dagpenger under arbeidsløshet for, kan det for meget utbetalte kreves
tilbake.
II
I lov 10. desember 2004 nr. 76 om arbeidsmarkedstjenester
skal desse endringane gjerast:
§ 19 første ledd skal lyde:
Arbeids- og velferdsetaten kan pålegge arbeidssøkere, arbeidstakere, arbeidsgivere, offentlige
myndigheter, utdanningsinstitusjoner, Statens lånekasse for utdanning,
Posten Norge AS, forsikringsselskaper, banker, private pensjonsordninger
og tiltaks- og formidlingsaktører å gi opplysninger som er nødvendige
for at Arbeids- og velferdsetaten skal kunne utføre sine oppgaver
etter denne loven.
Overskriften til § 29 skal lyde:
Straff for å gi uriktige opplysninger
og for å ikke gi nødvendige opplysninger
III
I lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester
i arbeids- og velferdsforvaltingen skal desse endringane gjerast:
§ 2 første ledd skal lyde:
Lovens bestemmelser om tjenester gjelder
for alle som oppholder seg i riket. Kongen kan gi forskrifter som
begrenser anvendelsen av loven på personer som ikke er norske statsborgere,
eller som ikke har bopel i riket. Kongen kan også gi forskrifter
om anvendelse av loven på personer som oppholder seg i utlandet,
men som har tilknytning til riket.
§ 29 første ledd skal lyde:
Kvalifiseringsprogram gjelder for personer i yrkesaktiv
alder med vesentlig nedsatt arbeids- og inntektsevne og ingen eller svært begrensede
ytelser til livsopphold etter folketrygdloven eller arbeidsmarkedsloven.
IV
Endringane i del I trer i kraft 1. januar 2011.
For medlem som per 31. desember 2010 er minst 63 år og som har fremma
krav om dagpengar som gir rett til dagpengar før 1. januar 2011,
får opphevinga av § 4-17 verknad først frå 1. januar 2012.
Endringane i del II og III trer i kraft straks.
Jeg viser til brevet fra Arbeids- og sosialkomiteen
av 16. november 2010.
Så vidt meg bekjent er det mange arbeidstakere som
har i avtalene sine rett til full lønn under sykdom i ca et år selv
om det ikke gis refusjon fra trygden til arbeidsgiver fordi de er
over 67 år og mottar hel eller delvis pensjon fra folketrygden. Dette
gjelder blant annet i det statlige tariffområdet. Har departementet
noen oversikt over hvilke andre arbeidsgivere som har tilsvarende
regler som i staten? Gjelder det f. eks tilsvarende i kommunal sektor?
Hvilke merkostnader vil regelendringen kunne gi for disse arbeidsgiverne?
Hvilken stimulans gir denne regelendringen arbeidsgivere til å ha
arbeidstakere over 67 år i arbeid?
Forslaget til sykepengerett til yrkesaktive
mellom 67 og 70 år gir tilnærmet lik sykepengerett til denne gruppen
som etter dagens regler. Arbeidsgivere har dermed allerede merutgifter
til sykepenger til arbeidstakere som etter arbeidsavtale har rett
til full lønn under sykdom i inntil ett år.
Fra 1.1.2010 fikk personer mellom 67 og 69 år med
inntekt over to ganger grunnbeløpet som mottar hel alderspensjon
rett til sykepenger fra folketrygden i inntil 60 dager. Fra 1.1.2010
fikk også alderspensjonister som er 69 år rett til å ha arbeidsinntekt
ved siden av full alderspensjon. Disse fikk fra samme tidspunkt
rett til sykepenger i inntil 60 dager dersom inntektsgrunnlaget
overstiger to ganger grunnbeløpet.
Hovedtariffavtalen i staten som gjelder for
hele statlig sektor gir rett til full lønn under sykdom i inntil
ett år også for personer mellom 67 og 70 år. Hovedtariffavtalen
for kommunal sektor gir imidlertid bare lønn under sykdom i inntil
60 dager for personer mellom 67 og 70 år. I privat sektor vil det
variere om det inngått tariffavtale som gir rett til full lønn under
sykdom. Dersom det ikke er inngått tariffavtale, vil det være den enkeltes
arbeidsavtale som regulerer spørsmålet om full lønn under sykdom.
Statistisk sentralbyrå har opplyst at det ikke finnes
tilgjengelig statistikk for å belyse utgifter arbeidsgivere har
til lønn under sykdom for arbeidstakere mellom 67 og 70 år.
Det er klart at det er en ekstra belastning
for arbeidsgivere å bære alle utgifter til lønn under sykdom for
ansatte over 67 år, og det vil kunne påvirke arbeidsgivers motivasjon
til å beholde slik arbeidskraft. En begrenset sykepengerett er fra
denne synsvinkel uheldig. På den annen side synes det ikke rimelig
at adgangen til å få sykepenger skal være like omfattende til personer
som kan ta ut full alderspensjon ved siden av.
Hvilken annen ytelse vil de personer som rammes
av innstammingen ha rett på? Og vil disse eventuelt kunne ha krav
på uføretrygd selv om sykdommen kan anses å være av en slik art at
de kan bli friske igjen (for eksempel kreft)?
Personer som er i arbeid når de blir syke får
som hovedregel sykepenger med 100 prosent kompensasjon av tidligere
inntekt i inntil ett år. Dersom arbeidsevnen pga. sykdom, skade
eller lyte fortsatt er nedsatt med minst halvparten, kan personen
deretter få arbeidsavklaringspenger med 66 prosent kompensasjon
av tidligere inntekt så lenge det er påkrevd for at medlemmet skal
kunne gjennomføre fastsatt aktivitet med sikte på å komme i arbeid,
men likevel ikke lenger enn fire år.
Når en har brukt opp sykepengeretten, må en
ha vært helt arbeidsfør i minst 26 uker etter at en sist fikk sykepenger
fra folketrygden for å få ny rett til sykepenger. Personer som blir
syke uten å ha opparbeidet ny sykepengerett, men som tidligere har
mottatt arbeidsavklaringspenger, kan få arbeidsavklaringspenger
selv om de ikke fyller vilkårene om at arbeidsevnen skal være nedsatt
i en slik grad at vedkommende hindres i å beholde eller skaffe seg
inntektsgivende arbeid og om at de skal få behandling, delta på
arbeidsrettede tiltak eller få annen arbeidsrettet oppfølging fra
Arbeids- og velferdsetaten.
Forslaget innebærer en innstramming ift. dagens regelverk,
men ift. intensjonen, som var å videreføre de reglene som fantes
på rehabiliteringspenger er det primært snakk om en presisering av
grensen mellom hovedregelen og unntaksregelen.
To av unntakene retter seg mot personer som bare
er rent forbigående syke. Det vil si at de ikke er syke nok til
å få arbeidsavklaringspenger etter hovedregelen. Ettersom vilkåret
for å få uførepensjon er at inntekts-/arbeidsevnen er varig nedsatt
pga. varig sykdom, skade eller lyte vil de heller ikke være syke
nok til å få uførepensjon. Dersom det viser seg at personene som
får arbeidsavklaringspenger etter unntaksreglene har fått sin arbeidsevne
nedsatt med minst halvparten og at de har behov for aktiv behandling, arbeidsrettede
tiltak eller annen oppfølging fra Arbeids- og velferdsetaten for
å bli i stand til å beholde arbeid som han eller hun kan utføre
vil de derimot kunne få arbeidsavklaringspenger etter hovedregelen.
Personer som ikke har rett til en folketrygdytelse vil
kunne ha rett til økonomiske sosialhjelp etter lov om sosiale tjenester
i Arbeids- og velferdsforvaltningen.
Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 7. desember 2010
Robert Eriksson |
Kjell Ingolf Ropstad |
leder |
ordfører |