Arbeidsdepartementet legg med dette fram forslag
til endringar i:
lov 28. februar 1997
nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova)
lov 10. desember 2004 nr. 76 om arbeidsmarkedstjenester
(arbeidsmarknadslova)
lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale
tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen.
I proposisjonen blir desse endringane foreslått på
bakgrunn av budsjettforslag for 2011 og innføringa av ny alderspensjon:
endre kvalifikasjonsgrunnlaget
for dagpengar slik at svangerskapsrelaterte sjukepengar, svangerskapspengar
og foreldrepengar blir tekne med i kvalifikasjonsgrunnlaget
oppheve særreglane for dagpengemottakarar over
64 år
fjerne samordning av dagpengar og arbeidsavklaringspengar
mot alderspensjon og ny AFP i privat sektor
avklaring av forholdet mellom alderspensjon, AFP
og sjukepengar, slik at arbeid ved sida av fleksibel alderspensjon
og ny AFP i privat sektor gir rett til sjukepengar etter vanlege
reglar, mens AFP som blir sett ned i forhold til arbeidsinntekt eller
arbeidstid berre gir rett til sjukepengar ved uttak av delpensjon.
I tillegg blir det foreslått nokre mindre endringar i
moglegheita til å få arbeidsavklaringspengar under sjukdom når ein
ikkje får aktiv behandling m.m.
Det blir også foreslått enkelte lovtekniske
justeringar, presiseringar og opprettingar i folketrygdlova, arbeidsmarknadslova
og lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltinga.
Regjeringa vil komme tilbake til forslaget om
å krevje inntektsbortfall for rett til arbeidsavklaringspengar og
uførepensjon etter fylte 62 år som er nemnd i Prop. S 1 (2010–2011).
Det blir foreslått å endre kvalifikasjonsgrunnlaget
for dagpengar under arbeidsløyse slik at foreldrepengar, svangerskapspengar
og svangerskapsrelaterte sjukepengar tel som arbeidsinntekt i kravet
til minsteinntekt for dagpengar under arbeidsløyse for nye tilfelle,
jf. lovforslaget til folketrygdlova § 4-4.
Det blir foreslått at endringa trer i kraft
1. januar 2011. Forslaget inneber at fleire kan få rett til dagpengar,
noko som er anslått å gi auka utbetalingar på om lag 69 mill. kroner
i 2011. Talet vil auke når endringa er fullt fasa inn, og på usikkert grunnlag
er aukinga berekna til om lag 100 mill. kroner i 2012. Det er ikkje
venta større administrative konsekvensar.
Det blir foreslått å oppheve dei særreglane
etter folketrygdlova § 4-17 som no gjeld for dagpengemottakarar
på 64 år eller meir.
Endringa blir venta å gi ei økonomisk innsparing i
2012 på om lag 145 mill. kroner. Det er ikkje venta nemneverdige
administrative konsekvensar.
Det blir foreslått at dagpengane ikkje skal samordnast
mot alderspensjon og ny AFP i privat sektor, og at arbeidsavklaringspengane
ikkje skal samordnast mot alderspensjon.
Det blir foreslått at endringa trer i kraft
1. januar 2011.
Forslaget om å oppheve samordningsreglane mot
alderspensjon etter folketrygdlova vil ikkje føre til at det blir
gitt dagpengar eller arbeidsavklaringspengar i andre tilfelle enn
i dag. Endringane vil soleis ikkje føre til auka utgifter til dagpengar
eller arbeidsavklaringspengar.
Når det gjeld samordning av dagpengar og AFP, fører
endringane til at det kan bli gitt dagpengar i fleire tilfelle enn
i dag. Ein har ikkje grunnlag for å kunne seie kor mange som vil
ta ut alderspensjon og ny AFP i privat sektor samtidig som dei får
dagpengar. Det er derfor ikkje mogleg å rekne på kva økonomiske
konsekvensar denne endringa har.
Det blir lagt til grunn at endringane ikkje
vil ha administrative konsekvensar.
Det skal innførast fleksibel pensjonsalder mellom
62 og 75 år frå 1. januar 2011. Det gjer at ein kan velje uttakstidspunkt
for pensjon og har fullt høve til å kombinere pensjon og arbeidsinntekt utan
avkorting. Det blir foreslått at ein skal kunne få sjukepengar etter
vanlege reglar fram til fylte 67 år også når ein har teke ut alderspensjon.
Det blir foreslått at ein held fram med å gi sjukepengar i inntil
60 dagar til personar mellom 67 og 70 år med arbeidsinntekt over
to gonger grunnbeløpet, men at ein skal gi denne avgrensa sjukepengeretten
uavhengig av om den sjukmelde har teke ut alderspensjon eller ikkje.
Det blir foreslått at det som i dag, ikkje blir gitt sjukepengar
til personar over 70 år.
Det blir foreslått òg ei klar regulering av
sjukepengeretten for personar med avtalefesta pensjon (AFP). Personar
med AFP etter dei nye reglane i privat sektor vil få sjukepengar
etter dei same reglane som personar med alderspensjon frå folketrygda,
mens personar med AFP etter dei gamle reglane får sjukepengar etter
dei same reglane som i dag. Desse reglane skal også gjelde for personar
med offentleg AFP. Pensjonsretten for begge gruppene med AFP blir regulert
i § 8-52.
Moglegheita for å få utbetalt både alderspensjon og
korttidsytingar som for eksempel sjukepengar medfører utfordringar
for pensjonsreforma sin verkemåte. Det vises til Prop. 1 S (2010–2011) frå
Arbeidsdepartementet der problemstillinga er nærmare vurdert. Det
er òg varsla eit høyringsnotat våren 2011 med ein brei gjennomgang
av regelverket for korttidsytingane for personar over 62 år og korleis
forholdet mellom korttidsytingane og alderspensjonen for denne aldersgruppa
bør vere.
Det blir vist til forslag om endring i folketrygdlova
§ 8-3, § 8-12 fjerde ledd og §§ 8-51 og 8-52.
Det blir foreslått at endringane trer i kraft 1. januar
2011.
Endringa vil ikkje føre til auka utgifter til
sjukepengar da forslaget skal sikre at yrkesaktive får tilnærma
den same retten til sjukepengar som etter gjeldande reglar. Forslaget
til endringar kan gi noko meirarbeid i startfasen før ein får maskinelle
løysingar på plass.
Det blir foreslått at retten til å få arbeidsavklaringspengar
sjølv om ein ikkje får aktiv behandling, deltek på eit arbeidsretta
tiltak eller liknande skal avgrensast til seks månader.
Det blir også foreslått at personar som tidlegare har
mottatt sjukepengar etter kapittel 8 i til saman 248, 250 eller
260 sjukepengedagar i løpet av dei siste tre åra (§ 8-12), og igjen
blir arbeidsuføre mens dei er i arbeid, skal kunne få arbeidsavklaringspengar
i inntil seks månader.
Det blir foreslått at endringa trer i 1. januar
2011.
Forslaget om å avgrense perioden der ein kan
få arbeidsavklaringspengar etter unntaksreglane i § 11-13 vil kunne
føre til ei beskjeden innstramming saman-likna med dagens regelverk. Forslaget
om å gi ein ny unntaksregel vil kunne medføre ein beskjeden auke
samanlikna med dagens regelverk. Endringane vil ikkje medføre administrative
konsekvensar.
Innleiinga til folketrygdlova («Hvordan folketrygdloven
er oppbygd») blir foreslått retta opp i samsvar med innføringa av
arbeidsavklaringspengar.
Det blir foreslått endringar i folketrygdlova §§ 4-4
og 4-11 for å gjere det klårt at det er brutto løn som skal reknast
som arbeidsinntekt.
Det blir foreslått at «juni» i § 4-26 første
ledd bokstav d blir retta til «juli».
Etter folketrygdlova § 8-3 tredje ledd «ytes
ikke sykepenger fra det tidspunktet det er godtgjort at yrkesaktiviteten
skulle vært avsluttet fordi vedkommende har nådd pensjonsalderen,
eller har trukket seg tilbake fra yrkeslivet.».
I det nye pensjonssystemet, der ein kan ta ut
alderspensjon frå folketrygda fleksibelt i alderen 62–75 år, forsvinner
omgrepet fast pensjonsalder. Det foreslåas derfor at «har nådd pensjonsalderen»
skal takast ut av § 8-3 tredje ledd.
I forskrift om arbeidsretta tiltak mv. av 11. desember
2008 nr. 1320 er arbeidsmarknadstiltak erstatta av «arbeidsretta
tiltak». Omgrepet blei også brukt i kapittel 11 i folketrygdlova. Ved
ein feil står det i likevel «arbeidsmarkedstiltak». Det blir foreslått
at § 11-14 første ledd andre punktum blir endra i samsvar med dette.
I § 12-12 om revurdering av uføregraden andre ledd
tredje punktum finst det ein særskilt regel for mottakarar av tidsavgrensa
uførestønad. Tidsavgrensa uførestønad blei frå 1. mars 2010 erstatta
av arbeidsavklaringspengar. Det blir derfor foreslått at § 12-12
andre ledd tredje punktum blir oppheva.
Det blir foreslått at det blir presisert i ny
§ 22-3 b i folketrygdlova at grunn- og hjelpestønad til barn i fosterheim
skal utbetalast til fosterforeldra.
Folketrygdlova § 22-15 tredje ledd gir heimel for
å krevje tilbake attføringspengar, tidsavgrensa uførestønad og dagpengar
i tilfelle der mottakaren har fått etterbetalt løn eller erstatning
for løn for tidsrom det allereie er utbetalt ytingar frå trygda
for.
Attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad blei
frå 1. mars 2010 erstatta med arbeidsavklaringspengar. Personar
som hadde rett til dei ytingane som blei erstatta får arbeidsavklaringspengar
berekna etter overgangsreglar.
Det finst ikkje tilsvarande reglar for mottakarar av
rehabiliteringspengar. Bakgrunnen for det er at det ikkje var heimel
for å redusere rehabiliteringspengane pga. løn eller anna godtgjersle
frå arbeidsgjevar. Etter § 11-19 skal alle økonomiske ytingar frå
nove-rande og tidlegare arbeidsgjevarar som blir gitt i samband
med overgang til arbeidsavklaringspengar eller i samband med oppseiing,
fråtreden eller reduksjon av arbeidstid, føre til at arbeidsavklaringspengane blir
reduserte med same beløp. Ein meiner derfor at det også må vere
ein korresponderande heimel for å krevje tilbake arbeidsavklaringspengar
som er utbetalte på feil grunnlag. Det blir foreslått derfor endringar
i § 22-15.
I arbeidsmarknadslova § 19 er det gitt reglar
om opplysingsplikt overfor Arbeids- og velferdsetaten. Ved ein feil
fall arbeidsgivarane ut av opplistinga i § 19. Det blir foreslått
at arbeidsgivarane blir tekne inn igjen i § 19.
Stortinget vedtok 18. desember 2009 lov om sosiale
tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga, jf. handsaminga av
Prop. 13 L (2009–2010), jf. Ot.prp. nr. 103 (2008–2009) Om lov om
sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen. jf. Innst.
87 L (2009–2010).
Etter at vedtak var fatta og lova var trådd
i kraft, blei det oppdaga feil i lovteksten.
I § 29 Kvalifiseringsprogram, er det reglar
i første ledd om kven som er målgruppa for deltaking i programmet.
Her står det:
«[…] og ingen eller begrensede ytelser til livsopphold
[…]».
§ 5A-1 i lov om sosiale tjenester mv., som regelen
er ein direkte vidareføring av, lyder:
[…] og ingen eller svært begrensede ytelser til livsopphold
[…].
Sjølv om ordet «svært» er borte allereie i utkastet til
lovteksta i høyringsnotatet, har det ikkje vore meininga å endre
dette kriteriet. Dette kjem fram i både høyringsnotatet, og i proposisjonane.
Det går fram at det aldri har vore lovgivar
si meining å endre vilkåret om at ein for å ha rett til kvalifiseringsprogram
skal ha:
«ingen eller svært begrensede ytelser til livsopphold
etter folketrygdloven eller arbeidsmarkedsloven.»
Det blir foreslått at ordet «svært» blir teke
inn i lovteksten, slik at regelen blir som han var før 1. januar
2010, og slik lovgivar hadde tenkt.
Det blir foreslått at endringane trer i kraft
straks. Forslaga har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.