Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om finansiering og utbygging av ny rv. 7 mellom Sokna og Ørgenvika i Buskerud fylke.

Prosjektet er omtala i St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019. Her er det lagt til grunn utbygging av rv. 7 Sokna–Ørgenvika som eit delvis bompengefinansiert prosjekt med oppstart i planperioden 2010–2013 og fullføring i siste seksårsperiode. I samsvar med lokale vedtak legg Samferdselsdepartementet opp til ei forsering av prosjektet, med anleggsstart hausten 2011 og opning hausten 2014.

Rv. 7 saman med rv. 52 over Hemsedal er eit viktig ledd i transporttilbodet mellom Austlandet og Vestlandet. Hallingdal og Hemsedal er samstundes eit viktig turist- og hytteområde dit dei fleste tilreisande kjem med bil via rv. 7. Prosjektet Sokna–Ørgenvika gjev stor tidsgevinst for trafikantane, med 20 km nedkorta køyrelengde og 18 min. nedkorta køyretid. Ein reknar og med at den nye vegstrekninga utan kryss og med midtmarkering og forbikøyringsfelt vil betra ulykkessituasjonen. Dagens rv. 7 vert ein tryggare lokalveg etter omlegginga. Sokna sentrum vil få miljøgevinst gjennom tiltaka langs eksi-sterande veg. Saman med prosjektet Ramsrud–Kjeldbergsvingene, som no er under utbygging, vil ny veg mellom Sokna og Ørgenvika styrka rolla rv. 7 har som eit viktig samband mellom Osloregionen og Vestlandet.

Samferdselsdepartementet har merka seg lokale styresmakter si vilje til å forsera prosjektet gjennom forskottering av statlege midlar. Bompengeselskapet får difor høve til å forskottera dei statlege løyvingane i perioden 2014–2019, noko som gjev ei forsering av prosjektet. Det er føresett at bompengeselskapet stiller til disposisjon 10 mill. kroner i 2010 til førebuande arbeid.

Dei 6 kommunane i Hallingdal og Buskerud fylkeskommune har gjennom den lokale behandlinga slutta seg til bompengeopplegget, inkludert takst- og rabattsystem, med innkrevjing gjennom ein automatisk bomstasjon. Med dei økonomiske føresetnadene som er lagt til grunn, vil prosjektet vera nedbetalt etter 15 år. Departementet sluttar seg til det skisserte opplegget for handtering av eventuell kostnadsauke og endra inntening, jf. proposisjonen. Det er ein føresetnad at bompengeselskapet inngår bindande avtale om lågare lånerente enn 6,5 pst. for ein periode på minst 10 år. Departementet føreset at dokumentasjon på dette ligg føre før anleggsstart.

Omtale av utbygginga og finansieringa

Den nye traseen med lengde på om lag 17 km tek av frå dagens rv. 7 like nord for sentrum i Sokna i Ringerike kommune, og går stort sett parallelt med Bergensbana fram til Ørgenvika ved Krøderen i Krødsherad kommune.

Omrekna til 2010-prisnivå blir styringsramma 1 520 mill. kroner og kostnadsramma 1 620 mill. kroner. Netto nytte for prosjektet er rekna til 1,8 mrd. kroner, med netto nytte over totale kostnader på 1,1. Netto nytte per budsjettkrone er 2,2.

Den lokalpolitiske handsaminga går nærare fram av pkt. 3 i proposisjonen.

I finansieringsplanen som no ligg føre, legg Samferdselsdepartementet til grunn 720 mill. kroner i statlege midlar i tråd med St.meld. nr. 16 (2008–2009). Dette inneber at det er lagt til grunn 800 mill. kroner i bompengar til prosjektet. Med utgangspunkt i lokalt ynskje om forsering av prosjektet legg departementet opp til at bompengeselskapet får høve til å forskottera hovuddelen av statlege løyvingar i perioden 2014–2019, mot refusjon i perioden 2014–2019. Refusjon skjer utan kompensasjon for renter og prisstigning.

Bompengane skal dekka renteutgifter på om lag 770 mill. kroner og innkrevjingskostnader på 45 mill kroner, i tillegg til utbyggingskostnader på 800 mill. kroner. Brutto bompengeinntekter er følgjeleg venta å utgjera om lag 1 615 mill. kroner.

Finansieringsopplegget byggjer på tovegs innkrevjing gjennom ein automatisk bomstasjon, som vert sett i drift når prosjektet opnar for trafikk. Utstyret vert plassert på portalar og stolpar. Trafikkføresetnadene går fram av pkt. 4 og bompengeopplegget i pkt. 5 i proposisjonen. Bomstasjonen er basert på AutoPASS-systemet.

Etter at Stortinget har fatta vedtak om finansie-ring og utbygging av rv. 7 på strekninga Sokna–Ørgenvika i Buskerud, vil det verta inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med føresetnadene som er lagt til grunn i proposisjonen.