Departementet viser til forklaring under kap.
842 post 1.
Departementet foreslår å redusere
løyvinga under kap. 800 post 1 med 1 mill. kroner for å dekkje
meirbehov på kap. 842 post 1 knytt til KLP reguleringspremie for
tilsette ved familievernkontora.
Utgiftene til krisesentra i 2007 er rekna til å verte
23 mill. kroner høgare enn løyvinga i saldert
budsjett på 123 mill. kroner.
Samla kommunalt tilskot på 20 prosent
av godkjente driftsutgifter utløyser 80 prosent statleg
tilskot. Det er frivillig for kommunane å gje tilskot til
krisesentra. Det har vore ein årleg vekst i utbetalingane
sidan den nye finansieringsmodellen vart iverksett frå 1. januar
2005. Nokre av sentra har i 2006 og 2007 teke i bruk nye eller nyoppussa
lokale, og dermed fått høgare utgifter til husleige,
inventar mv. Vidare er staben av fast tilsette på tariffløn
auka. Lønnsutgiftene er den utgiftsposten som har vakse
mest.
Departementet foreslår å auke
løyvinga under kap. 840 post 60 med 23 mill. kroner.
Utgiftene til incestsentra i 2007 er rekna til å verte 9,84
mill. kroner høgare enn løyvinga i saldert budsjett på 41
mill. kroner.
Frå og med 2006 vart finansieringsordninga
for incestsentra endra. Den statlege delen av tilskotet gjekk opp
frå 50 til 80 prosent av godkjente driftsutgifter, som
for krisesentra. Incestsentra har, som krisesentra, hatt ein stor
auke i utbetalingane etter at ny finansieringsmodell vart iverksett.
Departementet foreslår å auke
løyvinga under kap. 840 post 61 med 9,84 mill. kroner.
I St.prp. nr. 1 (2006-2007) går det
fram at 18,6 mill. kroner av løyvinga på kap.
855 post 1 og 1,4 mill. kroner av løyvinga på kap.
842 post 1 gjeld reguleringspremie i KLP og andre fylkeskommunale
pensjonskassar.
I tidlegare prognosar er det ikkje tatt omsyn
til arbeidsgjevaravgifta, utgifter til rentekompensasjon som følgje
av at fylkeskommunane betalte delar av krava før sakene
var handsama for 2004 og 2005 og forseinkingsrenter til KLP og ei
fylkeskommunal pensjonskasse. For å dekkje inn deler av
meirutgiftene, foreslår BLD at kap. 800 post 1 vert redusert
med 1 mill. kroner og kap. 846 post 21 vert redusert med 1,5 mill.
kroner. Mindreutgiftene kan realiserast ved lågare aktivitet
innafor desse to kapitla. Bufetat må finansiere meirutgiftene
utover dette ved hjelp av innsparingstiltak innafor kap. 842 post
1. BLD foreslår derfor ei tilleggsløyving på 2,5
mill. kroner under kap. 842 post 1.
Utgiftene til kontantstønad i 2007
er rekna til 1 975 mill. kroner, som er 57,6 mill. kroner
meir enn løyvinga i samband med Revidert nasjonalbudsjett
for 2007.
Det siste overslaget byggjer på tal
for kontantstønadsordninga frå utgangen av september,
etter barnehageopptaket. Av meirutgiftene på 57,6 mill.
kroner kjem 52 mill. kroner av færre nye barn med plass
i barnehage, og resten kjem av fleire barn i aldersgruppa og høgare
utbetaling per barn enn tidlegare lagt til grunn.
Departementet foreslår å auke
løyvinga under kap. 844 post 70 med 57,6 mill. kroner.
Utgiftene til barnetrygd i 2007 er rekna til
14 420 mill. kroner, som er 39 mill. kroner meir enn løyvinga i
Revidert nasjonalbudsjett for 2007.
Meirbehovet kjem av ein auke i utbetalingane
av ordinær barnetrygd inkludert utvida stønad
til einslege forsørgjarar.
Departementet foreslår å auke
løyvinga under kap. 845 post 70 med 39 mill. kroner.
Departementet viser til forklaring under kap.
842 post 1.
Departementet foreslår å redusere
løyvinga under kap. 846 post 21 med 1,5 mill. kroner for å dekkje meirbehov
på kap. 842 post 1 knytt til KLP reguleringspremie for
tilsette ved familievernkontora.
Ved adopsjon vert det gjeve adopsjonsstønad
på kr 38 320 per adopsjon. I budsjettet for 2007
vart det lagt til grunn 690 adopsjonar. Per andre tertial er det
gjeve adopsjonsstønad til 289 adopsjonar.
Det faktiske talet på adopsjonar er
lågare enn lagt til grunn i budsjettet, og for 2007 reknar
ein med at det vil bli tildelt stønad til om lag 440 adopsjonar.
Nedgangen kjem av ein uventa stor nedgang i talet på tildelingar
frå land ein tradisjonelt har adoptert barn frå,
som til dømes Kina. Totale utgifter til adopsjonsstønad
blir då 16,861 mill. kroner i 2007, noe som er 9,595 mill.
kroner lågare enn budsjettert.
Posten dekkjer det særskilte tilskotet
som vert utbetalt til kommunane når einslege, mindreårige
flyktningar og asylsøkjarar vert busette. Prognosar frå Integrerings-
og mangfoldsdirektoratet (IMDi) per 1. oktober 2007 viser
at talet på einslege, mindreårige som kjem til
landet, er venta å verte om lag 190. Det totale talet på barn
som inngår i ordninga er 992 barn, mot 1 283 som
tidlegare lagt til grunn. IMDi har dermed stipulert utgiftene sine
til å verte om lag 96,932 mill. kroner. Departementet foreslår
derfor å redusere løyvinga under kap. 854 post
64 med 30,337 mill. kroner.
Løyvinga dekkjer statsrefusjon for
kommunale utgifter til barnevernstiltak knytt til denne gruppa barn. Kommunane
har ein frist på tre år før kravet om
refusjon blir forelda. Løyvinga på posten er 139,86
mill. kroner. Departementet foreslår å auke løyvinga
under kap. 854 post 65 med 33,94 mill. kroner, som er i tråd med
prognosar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.
I St.prp. nr. 1 (2006-2007) går det
fram at 18,6 mill. kroner av løyvinga på kap.
855 post 1 og 1,4 mill. kroner av løyvinga på kap.
842 post 1 gjeld reguleringspremie i KLP og andre fylkeskommunale
pensjonskassar.
Bakgrunnen for tilleggsbehovet til reguleringspremie
er omtalt under kap. 842. Departementet foreslår å auke
løyvinga på kap. 855 post 1 med 4 mill. kroner mot
ein tilsvarande reduksjon på post 45. Bufetat må finansiere
meirutgiftene til reguleringspremie ut over dette innafor budsjettrammene
til Bufetat i 2007.
Departementet foreslår å redusere
løyvinga på kap. 855 post 45 for å dekkje
inn 4 mill. kroner av tilleggsbehovet til reguleringspremie, jf.
nærare omtale under kap. 842 post 1 og kap. 855 post 1.
Innsparinga vert realisert ved å utsetje planlagte investeringar.
I statsbudsjettet for 2007 er det løyvd
til saman 6 mill. kroner til etablering av ein nettbasert finansportal for å betre
informasjonen til sluttbrukarane i finansmarknaden. Budsjettmidla
er løyvde over kap. 865 post 21 (2 mill. kroner) og kap.
1600 post 21 (4 mill. kroner). Barne- og likestillingsdepartementet
har inngått ei avtale med Forbrukarrådet om etableringsprosjektet finansportalen.no.
Departementet er oppdragsgivar og forvaltar budsjettmidla til prosjektet,
og gjer utbetalingar til Forbrukarrådet. Hittil i år
er det utbetalt 4 mill. kroner til prosjektet. Av praktiske omsyn,
sidan det er BLD som utbetalar til Forbrukarrådet, foreslår
departementet at den delen av løyvinga på 2 mill.
kroner som står att på Finansdepartementets kap.
1600 post 21, blir omdisponert til kap. 865 post 21.
Departementet foreslår å auke
løyvinga på kap. 865 post 21 mot tilsvarande innsparing
på kap. 1600 Finansdepartementet post 21.
Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel
i 2007 er rekna til 10 460 mill. kroner, som er 200 mill.
kroner meir enn løyvinga i Revidert nasjonalbudsjett for
2007.
Av den venta utgiftsveksten på 200
mill. kroner kjem 144 mill. kroner av ein auke i talet på barnefødslar.
I tillegg kjem mellom anna høgare utgifter som følgje
av utvida fedrekvote.
Departementet foreslår å auke
løyvinga under kap. 2530 post 70 med 200 mill. kroner.
Utgiftene til eingongsstønad i 2007
er rekna til 415 mill. kroner, som er 5,875 mill. kroner mindre
enn løyvinga i saldert budsjett.
Mindrebehovet kjem av at ein reknar med at færre kvinner
vil få eingongsstønad enn lagt til grunn i saldert
budsjett.
Departementet foreslår å redusere
løyvinga under kap. 2530 post 71 med 5,875 mill. kroner.
Utgiftene til feriepengar av foreldrepengar
i 2007 er rekna til 285 mill. kroner, som er 5 mill. kroner mindre enn
løyvinga i saldert budsjett.
Reduksjonen kjem mellom anna av at bokførte
utgifter til foreldrepengar i 2006 vart noko lågare enn
anslaget som ligg til grunn for løyvinga.
Nokre innanlandske utgifter knytt til mottak
av asylsøkjarar og flyktningar kan etter statistikkdirektivet
til OECD/DAC (Development Assistance Commitee) godkjennast
som offisiell utviklingshjelp. Prognosar per 1. oktober
2007 frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet viser at
ein reknar med ein auke i talet på nye einslege, mindreårige
asylsøkjarar og flyktningar som kjem til landet.
Departementet foreslår derfor at løyvinga
vert auka med 5,314 mill. kroner frå 6,606 mill. kroner
til 11,92 mill. kroner.
På posten vert det ført refusjonar
for einslege, mindreårige asylsøkjarar
og flyktningar for utgifter utover den kommunale eigendelen knytt
til bruk av plassar i eigne barnevernstiltak eller ved kjøp
av plassar. Departementet foreslår å budsjettere
med 47,9 mill. kroner på kap. 3855 post 3.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Gunn Karin Gjul, Knut Werner Hansen, Britt Hildeng og Espen Johnsen, fra
Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Høyre,
Olemic Thommessen, fra Sosialistisk Venstreparti, May Hansen, fra
Kristelig Folkeparti, lederen May-Helen Molvær Grimstad,
fra Senterpartiet, Magnhild Eia, og fra Venstre, Trine Skei Grande,
har merket seg at departementet foreslår å redusere
bevilgningen under kap. 800 post 1 med 1 mill. kroner for å dekke
et merbehov på kap. 842 post 1 knyttet til KLP reguleringspremie
for ansatte ved familievernkontorene. Komiteen støtter
dette.
Komiteen er tilfreds med at flere
av de ansatte ved krisesentrene er blitt fast ansatt med tarifflønn. Komiteen har
merket seg at departementet foreslår å øke
bevilgningen til krisesentre med 23 mill. kroner og til incestsentre
med 9,84 mill. kroner. Komiteen støtter
dette.
Komiteen har merket seg at tidligere
beregning av tilskudd til familievernet ikke har tatt hensyn til arbeidsgiveravgift,
utgifter til rentekompensasjon og renter til KLP og en fylkeskommunal
pensjonskasse. Komiteen har videre merket seg at
departementet foreslår å dekke inn deler av merutgiftene
ved at kap. 800 post 1 blir redusert med 1 mill. kroner og kap.
846 post 21 blir redusert med 1,5 mill. kroner. Komiteen har
merket seg at Bufetat må finansiere merutgiftene utover
dette ved hjelp av innsparingstiltak innenfor kap. 842 post 1. Komiteen har
merket seg at BLD foreslår en tilleggsbevilgning på 2,5
mill. kroner under kap. 842 post 1. Komiteen vil
understreke at mange familievernkontorer har lange ventelister og
presset økonomi, og at det er viktig at en innsparing under
kap. 842 post 1 ikke går på bekostning av driften
ved kontorene.
Komiteen har merket seg at utgiftene
til kontantstøtte i 2007 er beregnet til 1 975
mill. kroner, noe som er 57,6 mill. kroner høyere enn antatt. Komiteen har merket
seg at flere barn enn tidligere antatt mottar kontantstøtte,
og at flere barn enn tidligere antatt mottar full kontantstøtte. Komiteen har
merket seg at departementet foreslår å øke
bevilgningen under kap. 844 post 70 med 57,6 mill. kroner. Komiteen støtter dette.
Komiteen viser til og støtter
departementets forslag om å øke bevilgningen til
barnetrygd med 39 mill. kroner. Komiteen har merket
seg at merbehovet skyldes en økning i utbetalingene av
ordinær barnetrygd inkludert utvidet stønad til
enslige forsørgere.
Komiteen har merket seg at departementet
foreslår å redusere bevilgningen under kap. 846
post 21 med 1,5 mill. kroner for å dekke merbehov på kap.
842 post 1 knyttet til KLP reguleringspremie for ansatte ved familievernkontorene. Komiteen støtter
dette.
Komiteen viser til at i budsjettet
for 2007 ble det lagt til grunn 690 adopsjoner. Komiteen har
merket seg at det per andre tertial er gitt adopsjonsstønad
til 289 adopsjoner, og at departementet antar at det vil bli tildelt
stønad til om lag 440 adopsjoner i 2007. Komiteen har
merket seg at departementet foreslår å redusere
bevilgningen til adopsjonsstønad med 9,595 mill. kroner.
Komiteens medlem fra Kristelig
Folkeparti viser til at det er viktig at staten legger til
rette for at de som ønsker det og er godkjent som adoptivforeldre,
får mulighet til å adoptere. Dette medlem vil
i den forbindelse vise til Dokument nr. 8:93 (2006-2007) om tiltak
for å gjøre adopsjonsprosessen enklere.
Komiteen støtter departementets
forslag og har ingen ytterligere merknader.
Komiteen støtter departementets
forslag og har ingen ytterligere merknader.
Komiteen støtter departementets
forslag og har ingen ytterligere merknader.
Komiteen støtter departementets
forslag og har ingen ytterligere merknader.
Komiteen støtter departementets
forslag og har ingen ytterligere merknader.
Komiteen støtter departementets
forslag og har ingen ytterligere merknader.
Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2007 vert det gjort følgjande endringar:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
|
|
|
|
Utgifter |
800 |
|
Barne- og likestillingsdepartementet |
|
|
1 |
Driftsutgifter, vert redusert med |
1 000 000 |
|
|
frå kr 91 953 000 til kr 90 953 000 |
|
840 |
|
Krisetiltak |
|
|
60 |
Tilskot til krisesenter, overslagsløyving, vert auka med |
23 000 000 |
|
|
frå kr 123 000 000 til kr 146 000 000 |
|
|
61 |
Tilskot til incestsenter, overslagsløyving, vert auka med |
9 840 000 |
|
|
frå kr 41 000 000 til kr 50 840 000 |
|
842 |
|
Familievern |
|
|
1 |
Driftsutgifter, kan nyttast under post 70, vert auka med |
2 500 000 |
|
|
frå kr 169 733 000 til kr 172 233 000 |
|
844 |
|
Kontantstønad |
|
|
70 |
Tilskot, overslagsløyving, vert auka med |
57 600 000 |
|
|
frå kr 1 917 400 000 til kr 1 975 000 000 |
|
845 |
|
Barnetrygd |
|
|
70 |
Tilskot, vert auka med |
39 000 000 |
|
|
frå kr 14 381 000 000 til kr 14 420 000 000 |
|
846 |
|
Familie- og likestillingspolitisk forskning, opplysningsarbeid mv. |
|
|
21 |
Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50, vert redusert med |
1 500 000 |
|
|
frå kr 14 831 000 til kr 13 331 000 |
|
852 |
|
Adopsjonsstønad |
|
|
70 |
Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving, vert redusert med |
9 595 000 |
|
|
frå kr 26 456 000 til kr 16 861 000 |
|
854 |
|
Tiltak i barne- og ungdomsvernet |
|
|
64 |
Tilskot ved bosettjing av einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving, vert redusert med |
30 300 000 |
|
|
frå kr 127 269 000 til kr 96 969 000 |
|
|
65 |
Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytt til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving, vert auka med |
33 940 000 |
|
|
frå kr 139 860 000 til kr 173 800 000 |
|
855 |
|
Statleg forvalting av barnevernet |
|
|
01 |
Driftsutgifter, kan nyttast under post 22, vert auka med |
4 000 000 |
|
|
frå kr 2 596 317 000 til kr 2 600 317 000 |
|
|
45 |
Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, vert redusert med |
4 000 000 |
|
|
frå kr 39 312 000 til kr 35 312 000 |
|
865 |
|
Forbrukerpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid |
|
|
21 |
Spesielle driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysingsarbeid, vert auka med |
2 000 000 |
|
|
frå kr 11 006 000 til kr 13 006 000 |
|
2530 |
|
Foreldrepengar |
|
|
70 |
Foreldrepengar, overslagsløyving, vert auka med |
200 000 000 |
|
|
frå kr 10 260 000 000 til kr 10 460 000 000 |
|
|
71 |
Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving, vert redusert med |
5 875 000 |
|
|
frå kr 420 875 000 til kr 415 000 000 |
|
|
72 |
Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving, vert redusert med frå |
5 000 000 |
|
|
kr 290 000 000 til kr 285 000 000 |
|
Inntekter |
3854 |
|
Tiltak i barne- og ungdomsvernet |
|
|
4 |
Refusjon av ODA-godkjente utgifter, vert auka med |
5 314 000 |
|
|
frå kr 6 606 000 til kr 11 920 000 |
|
3855 |
|
Statleg forvalting av barnevernet |
|
|
03 |
Refusjon for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, vert redusert med |
7 100 000 |
|
|
frå kr 55 000 000 til kr 47 900 000 |
|
Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 11. desember 2007
May-Helen Molvær Grimstad
leder og ordfører |