Skriftleg spørsmål fra Hans Inge Myrvold (Sp) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:1348 (2018-2019)
Innlevert: 28.03.2019
Sendt: 29.03.2019
Svart på: 05.04.2019 av kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland

Hans Inge Myrvold (Sp)

Spørsmål

Hans Inge Myrvold (Sp): Meinar ministeren at Fylkesmannen bør kunne overprøve kommunane og det lokale sjølvstyre i arealforvaltninga, med bakgrunn i skjønsvurderingar som ofte viser seg har same utgangspunkt, men som får motsett utfall, som denne saka frå Sandvoll i Kvinnherad kommune?

Grunngiving

Eit sterkt lokalt sjølvstyre gjev grunnlag for god balanse i lokalsamfunnet. Forvaltningsstyrer og planutval i kommunane set premiss og rammer for arealforvaltninga lokalt. Samstundes registrerer ein ofte frå Fylkesmannen si side, ei overprøving av lokale vedtak som har god forankring på tvers av politiske parti.
NRK omtala i førre veke ei sak frå Sandvoll i Kvinnherad kommune, der Fylkesmannen hadde klaga inn vedtak i forvaltningsstyret i kommunen til departementet, og Fylkesmannen i Rogaland var utpeika som embete for endeleg handsaming av klagevedtaket. Tidlegare har ein og kunne lese tilsvarande sak frå Søreide i Høyanger kommune.
Verken Fylkesmannen i Vestland eller Fylkesmannen i Rogaland, tok seg arbeidet med å sette seg tilstrekkeleg inn i saka, som i stor grad er prega av skjønn knytt til vedtaka som er fatta av embetet.
Fylkesmannen kommenterte at det ikkje var grunnlag for synfaring.
Kvinnherad kommune sitt forvaltningsstyret har behandla saka to gongar, der likelydande vedtak om frådeling av areal til bustadbygging blei vedteke. Forvaltningsstyret har i si behandling peika på at området som er omsøkt, i særs liten grad er eigna som dyrkbar jord.
Skilnaden på dei nemnde sakene frå Sandvoll og Søreide, er at Fylkesmannen tok seg tid til å gjennomføre synfaring og gå i dialog med partane knytt til vedtak og søknad.
Det er særs uheldig at Fylkesmannen, utan dialog og synfaring tvert kan opptre på denne måten som Fylkesmann i Vestland har gjort, og seinare Fylkesmann i Rogaland i høve klagebehandlinga.
Regjeringa har tidlegare uttalt, frå dåverande kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner –

«Kommunene kjenner de lokale forholdene best, og jeg har tillit til at de gjør gode vurderinger i lokale saker.»

På bakgrunn av denne uttalen, skulle ein tru at Regjeringa skulle legge til rette for eit sterkare lokalt sjølvstyre. Overprøvinga frå Fylkesmannen i denne saka, virkar som lite harmonisk i høve Regjeringa sine uttalar.

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Både regjeringa og eg er oppteken av ei fornuftig arealforvalting med eit auka lokalt handlingsrom. Regjeringa la difor fram forslag om endringar i dispensasjonsføresegnene i plan- og bygningslova, som skulle føre til redusert ressursbruk og auka kommunalt handlingsrom i Prop. 149 L (2015-2016). Forslaget la opp til ei ny føresegn om å kunne leggje vekt på viktige samfunnsomsyn ved vurdering av om det kan bli gjeve dispensasjon.
I saker der det kan vere eit relevant omsyn å sikre busetjing i bygder, kan overordna omsyn til jordvern stå opp mot viktige lokale samfunnsinteresser om å få tilflyttarar. Fleirtalet på Stortinget følgde ikkje opp desse lovforslaga. Under handsaminga i Stortinget vart det teke inn ei ny føresegn om innskjerpa omsyn til jordvern ved vurderinga av dispensasjon.
Den konkrete saka gjeld søknad om løyve og dispensasjon for frådeling av bustadtomt og tilhøyrande tilkomstveg frå ein landbrukseigedom. Fylkesmannen i Rogaland har som setjefylkesmann handsama klagesaka om dispensasjon og løyve etter plan- og bygningsloven. Klaga frå Fylkesmannen i Vestland er teken til følgje, og vedtaket til kommunen er gjord om. Vedtaket er grunngjeve med at dei rettslege vilkåra for dispensasjon ikkje er oppfylte. Vurderinga av vilkåra for å gje dispensasjon er eit rettsbruksskjøn som kan prøvast fullt ut av fylkesmannen.
I den politiske plattforma til regjeringa går det fram at regjeringa vil gje lokalt handlingsrom gjennom å utvida dispensasjonsmoglegheita til kommunane frå eksisterande lokalt vedtatte planar innafor rammeverket av nasjonalt regelverk.