Skriftlege spørsmål og svar

Liste over skriftlege svar. Skriftlege spørsmål er ei kort spørsmålsform, og dei vert ikkje tekne opp til debatt i Stortinget.

Avgrens utvalet

Finn spørsmål til skriftleg svar etter

Heggø, Ingrid (41 - 60 av 79)
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:399 (2016-2017)

    Innlevert: 14.12.2016

    Sendt: 15.12.2016

    Rette vedkommende: Utenriksministeren

    Svart på: 22.12.2016 av utenriksminister Børge Brende

    Dei fleste frå land utanfor EU/EØS må søke om eit besøksvisum. Attendemeldingane frå reiselivet er at behandlingstida for visumsøknader til Noreg, spesielt frå kinesiske reisande, vert opplevd som ein flaskehals. Er ministeren bekvem med at behandlingstida er lengre enn i andre nordiske land?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:338 (2016-2017)

    Innlevert: 02.12.2016

    Sendt: 02.12.2016

    Svart på: 09.12.2016 av fiskeriminister Per Sandberg

    Noreg har som følge av EØS-avtalens protokoll 9 tollfridom for fleire kvitfiskprodukt og tollreduksjonar på mange andre produkt. Protokoll 9 regulerer også uhindra adgang til hamner og forbod mot kvantitative importbegrensingar. Vedr. veterinærbestemmelsane er Norge harmonisert med EU og reglane gjeld også fôr/innsatsvarer, fiskehelse, fiskevelferd, biprodukter og sjømattryggleik. Kva følger vil det ha for dei områda protokoll 9 regulerer, det veterinære område, og markedsadgangen dersom EØS-avtala vert oppsagt?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:78 (2016-2017)

    Innlevert: 18.10.2016

    Sendt: 18.10.2016

    Svart på: 24.10.2016 av fiskeriminister Per Sandberg

    Under handsaminga av sjømatindustrimeldinga vedtok Stortinget at regjeringa skulle setta ned ein pliktkommisjon som skulle gjennomgå dei tre leveringspliktene ut frå deira intensjon, og kome attende til Stortinget hausten 2016 med ei tilråding basert på kommisjonen sitt framlegg. I Prop. 1 S frå Nærings- og fiskeridepartementet framgår det at regjeringa vil orientere Stortinget om saka i revidert nasjonalbudsjett. Dette er ikkje i tråd med stortingsvedtaket. Kan statsråden stadfesta at Stortinget får kommisjonen si tilråding til handsaming i tråd med stortingsvedtaket?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:70 (2016-2017)

    Innlevert: 14.10.2016

    Sendt: 17.10.2016

    Svart på: 25.10.2016 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

    Vest politidistrikt har ei politidekning pr. 1 000 innbyggarar på under 1. Dette til tross for at dei har fått klar melding om å prioritere å få fram fleire politiårsverk framfor kompetanseheving og investeringar i materiell og utstyr. Dette er langt unna lovnaden frå Regjeringa, og det som vert kommunisert ut som "nesten i mål" vedrørande politibamanning. Det er tydeleg at omprioritering innan eige budsjett er umogelig. Kva tiltak vil ministeren iverksetje for at Vest politidistrikt får ei bemanning på 2?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til kunnskapsministeren

    Dokument nr. 15:1668 (2015-2016)

    Innlevert: 29.09.2016

    Sendt: 30.09.2016

    Svart på: 06.10.2016 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

    Studentsamskipnaden ved Høgskulen i Sogn og fjordane har levert gode tenester, vore ein lokal samfunnsutviklar og fordra godt studentpolitisk arbeid. Ved omorganisering av studentsamskipnaden vil Høgskulen lite truleg få plass i styret, noko som gjev elevane dårlige påverknadsmogeligheiter og svekka studentvelferd, i tillegg til at fylket misser lokal strategisk handlekraft og utviklingskraft. Vil ministeren treffe tiltak for å få ein modell som ivaretek dei ulike studiestadane sine behov og studentvelferda?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til kunnskapsministeren

    Dokument nr. 15:1576 (2015-2016)

    Innlevert: 09.09.2016

    Sendt: 09.09.2016

    Svart på: 16.09.2016 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

    Fjaler kristne skule starta opp med kun to elevar. Meinar statsråden at ein skule med kun to elevar kan tilby faglig god nok kvalitet eller ser statsråden behov for ei minimumsgrense forantal elevar ved oppretting av nye privatskular?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:1547 (2015-2016)

    Innlevert: 05.09.2016

    Sendt: 05.09.2016

    Svart på: 09.09.2016 av fiskeriminister Per Sandberg

    Regjeringa har etablert ei ordning med utviklingskonsesjonar innan havbruksnæringa. Ordninga skal bringa fram ny teknologi og nye løysningar. Iht. Fiskeridirektoratet har så langt berre eit av dei om lag 30 prosjekta som har søkt, fått tilsagn om løyve. Vil det i vurderingane bli lagt vekt på og ev premiert dersom prosjektet er kopla opp mot leverandører innan andre sektorar, slik at ein stimulerer til samarbeid på tvers av ulike fagområder?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:1539 (2015-2016)

    Innlevert: 02.09.2016

    Sendt: 05.09.2016

    Svart på: 09.09.2016 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

    Det er bestemet at politiets fellesteneste skal plasserast i Kristiansund og ikkje i Drammen slik opprinnleg foreslått. Dette er positivt utifrå distriktsmessige omsyn, men negativt i forhold til Flora og Sogn og Fjordane som ikkje får noko form for kompensasjon for bortfall av politidistriktet. Kan ministeren nå gje ei klar melding om at også Sogn og Fjordane bør ha kompensasjon for bortfall av arbeidsplasser, og kan ministeren gje klarsignal for oppstart av nettvevd samlokalisering 110 sentralen i distrikt vest?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:1179 (2015-2016)

    Innlevert: 27.05.2016

    Sendt: 27.05.2016

    Svart på: 03.06.2016 av fiskeriminister Per Sandberg

    Er det sett tak på antal utviklingskonsesjonar som vert innvilga, og kor stort er estimatet for innbetaling til Havbruksfondet i 2016 og 2017?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:1140 (2015-2016)

    Innlevert: 24.05.2016

    Sendt: 24.05.2016

    Svart på: 31.05.2016 av fiskeriminister Per Sandberg

    Mandatet til Eidesen-utvalet er under diskusjon ute i organisasjonar og i medier. Stortinget har laga "frys" vedtak for at Eidesen-utvalet skal ha ei heilskaplig tilnærming og for at alle forhold kring strukturordningane nå må belysast. Dette gjeld bl.a. fylkesbindingane, nytt kvotetak for kystflåten og også spørsmålet om kor mange som eventuelt får problemer ved å avvente Eidesen-utvalet. Kan statsråden garantere at mandatet omfattar ovannemnde temaer, og at Stortinget si heilskaplige bestilling vert ivareteke?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:1128 (2015-2016)

    Innlevert: 20.05.2016

    Sendt: 23.05.2016

    Svart på: 26.05.2016 av fiskeriminister Per Sandberg

    Det var med stor glede eg såg oppslag i NRK Finnmark, om at fiskeriministeren hadde skrinlagt alle forslag på regionalisering av leveringsplikta. Det var derimot ukårt korleis dette skulle skje, så derfor ber eg om svar på: Kva tiltak vil fiskeriministeren innføre ev. håndheve på nye og andre måter, for å sikre at leveringspliktig fiskeråstoff faktisk vert landa i Mehamn, og skal desse endringane også gjelde andre stadar?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:1097 (2015-2016)

    Innlevert: 13.05.2016

    Sendt: 13.05.2016

    Svart på: 24.05.2016 av fiskeriminister Per Sandberg

    Stortinget har vedteke at det skal settast ned ein kommisjon som skal sjå på dei tre leveringspliktene i torskefiskeria. Når vert kommisjonen nedsett og kan ministeren garantere for at kommisjonen vert samansett slik at bestillinga frå Stortinget vert ivareteke og det innan tidsfristen?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:1082 (2015-2016)

    Innlevert: 11.05.2016

    Sendt: 12.05.2016

    Svart på: 19.05.2016 av fiskeriminister Per Sandberg

    Kan eg be om ei forklaring på utsegna «bryr meg ikkje om Heggø, men har alvorlig stor respekt for stortinget»?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:1017 (2015-2016)

    Innlevert: 29.04.2016

    Sendt: 29.04.2016

    Svart på: 04.05.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

    I media dag ser vi at fleire og fleire i fiskerinæringa mister retten til dagpengar, og det verkar som om praksis er endra og at det er tilfeldigheitene som rår. Heilt lik søknad får innvilga hjå ein sakshandsamar og avslag hjå ein annan. Kva tiltak vil statsråden iverksetje for å sikre eit ukomplisert regelverk som er tilpassa næringa, og vil ministeren ta grep for at dei som feilaktig har fått avslag får omgjort søknaden sin?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:730 (2015-2016)

    Innlevert: 09.03.2016

    Sendt: 10.03.2016

    Svart på: 16.03.2016 av fiskeriminister Per Sandberg

    Er det innanfor mandatet til Eidesenutvalet, dersom ein ønskjer å endre deltakerlova slik at også industrien eller andre enn aktive fiskarar kan eige båt og kvote?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:1468 (2014-2015)

    Innlevert: 24.09.2015

    Sendt: 25.09.2015

    Svart på: 01.10.2015 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

    Om lag 100 tilsette ved Norway Seafoods i Stamsund har vore utan arbeid i 50-60 dagar i år, grunna mangel på råstoff. I fjølge Fiskeribladet Fiskaren er dei no permittert på ubestemt tid. Det blir difor stilt spørsmål ved leveringsplikta selskapet har (Havfisk/Norway Seafoods). Kor liten aktivitet kan det være ved anlegget før eigarane bryt aktivitetsplikta, og korleis definerer ministeren eigarane?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:1439 (2014-2015)

    Innlevert: 16.09.2015

    Sendt: 17.09.2015

    Svart på: 24.09.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

    Redningshelikopterbasen i Florø er sett ut på sivilt anbod og konsekvensane av å gå frå at Forsvarets 330 skvadron driftar basen er stor. Forsvaret flyr på eit heilt anna regelverk enn sivil luftfart. Er det laga ROS-analyse på konsekvensane på overgang frå at forsvaret driftar det til sivil operatør, og kan ministeren garantere minst like god og sikker teneste for innbyggarane med sivil drift?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:798 (2014-2015)

    Innlevert: 24.03.2015

    Sendt: 24.03.2015

    Svart på: 07.04.2015 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

    I Dalane tidende den 2. mars d.å. kunne vi lesa at informasjonssjef i Fiskeridepartementet Inger Dåsnes sa at omorganisering av Fiskeridepartementet ikkje skulle til Stortinget og at ministeren ville ta ei rask avgjerdsle. Det er Stortinget som har vedteke dagens struktur, og då er det Stortinget som ev. må endre strukturen. Kan fiskeriministeren stadfeste at handsaminga kjem til Stortinget?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:637 (2014-2015)

    Innlevert: 18.02.2015

    Sendt: 18.02.2015

    Svart på: 24.02.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

    Viser til brev av 15.12.14 frå samferdselsdepartementet der det vert vist til at Sogn regionråd sitt syn vil verta teke med i vurdering vedkommande utforminga av anbod på ferjestrekninga Hella-Vangsnes-Dragsvik. Anbodet for denne ferjestrekninga er no ute på anbod med anna ordlyd enn førespegla. Opsjonsruta er ikkje utlyst, ferjetabellen er heller ikkje lagt ut i anbodet. Vil ministeren sørge for at anbodet vert i tråd med det som er sagt med utvida avgangstider og faste 20 evt. 30 minutts avganger og nattferjer?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til kunnskapsministeren

    Dokument nr. 15:636 (2014-2015)

    Innlevert: 18.02.2015

    Sendt: 18.02.2015

    Svart på: 03.03.2015 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

    Framtida til høgskulen i Sogn og fjordane vert avgjort i nærmaste framtid. Høgskulen sjølv ønskjer å fortsetje som eiga eining men med nært og sterkt forpliktande samarbeid og arbeidsdeling med andre institusjonar. Ein tredjedel av utdanninga ved høgskulen er lærarutdanninga. Høgskulen vil fint greie masterkravet i fire av faga. Kan statsråden stadfeste at Høgskulen også i framtida vil kunne tilby lærarutdanning som sjølvstendig høgskule?