Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:1082 (2015-2016)
Innlevert: 11.05.2016
Sendt: 12.05.2016
Svart på: 19.05.2016 av fiskeriminister Per Sandberg

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Kan eg be om ei forklaring på utsegna «bryr meg ikkje om Heggø, men har alvorlig stor respekt for stortinget»?

Grunngiving

Denne utsegna kom i samband med at fiskeriministeren ville endre marknadsavgifta, ca. ein måneds tid etter at Stortinget handsama denne, og var gjengitt i fleire media bl.a. Fiskeribladetfiskaren. Bakteppet er at det var ein samla komité, der eg og mitt parti var ein del av komitemerknaden der vi seier at vi støttar både generisk markedsføring og jevnlig evaluering av eksportavgifta.
I Fiskeribladet fiskaren 27.04 kan vi lese at Fiskeriminister Per Sandberg har fått med seg kritikken frå Ingrid Heggø (ap)og Pål Farstad (V) om at det er manglande respekt for Stortinget å vurdere marknadsavgifta på laks no, Svaret til Sandberg er at han har alvorlig stor respekt for Stortinget, men han bryr seg ikkje om kva Heggø seier.
Sidan Sandberg overtok som fiskeriminister har han endra og korrigert mange uttaler avdi han ifølge seg sjøl er missforstått, og det kan sjølvsagt vera tilfelle her også. I så fall går eg utifrå at han korrigerar også denne utsegna. I motsett fall ber eg om ei forklaring på kvifor mi stemme er utan verdi når eg og Arbeidarpartiet er med i fellesmerknader og i vedtekne forslag. Når ministeren seier ingenting er hogd i stein i samband med endring i marknadsavgifta, knapt ein månads tid etter Stortinget handsama dette, er det og nærliggande å be om ei utdjuping av kor lenge ministeren meinar at stortingsfleirtalet sin vilje skal gjelde. Vert vedtak respektert og forholdt seg til kun nokre få dagar, veker eller år, eller inntil eit nytt vedtak er gjort i Stortinget. Eller meinar ministeren at han ikkje treng å forholde seg til fleirtalsmerknader/komitemerknader og at det å sjå bort frå dette er å vise alvorlig stor respekt for Stortinget.

Per Sandberg (FrP)

Svar

Per Sandberg: Som statsråd har eg stor respekt for Stortinget og dei vedtak Stortinget fattar. Sitatet Heggø syner til reflekterer at eg ikkje deler Heggø sitt syn om at ein gjennomgang av marknadsavgifta ikkje er i tråd med Stortinget sitt vedtak. Dette var bakgrunnen for utsegna.
I Meld. St. 10 (2015-2016) En konkurransekraftig sjømatindustri har regjeringa sagt at vi vil oppretthalde ei obligatorisk marknadsavgift på eksport av sjømat og at vi vil ha ei jamleg evaluering av bruken av generisk marknadsføring. Dette ligg fast, og heile næringskomiteen har slutta seg til eit slikt synspunkt, jf. Innst. 215 S (2015-2016).
Som eigar er eg likevel oppteken av at Sjømatrådet til kvar tid har høvelege rammevilkår og legitimitet i den næringa dei er satt til å tene. Eg har tidlegare sagt at endringar i rammevilkår må vurderast kontinuerleg. Avgifter blir i mange høve endra kvart år. Ei vurdering av innretting og nivå på marknadsavgifta er særs viktig når vi no har ein situasjon med auka eksportverdiar og eigenkapitaloppbygging i Sjømatrådet.