Interpellasjon fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Interpellasjon nr. 40 (2016-2017)
Om tiltak for å styrke jordmortilbodet i kommunane, då berre 11 prosent av Noregs barselkvinner bur i ein kommune som tilbyr heimebesøk av jordmor
Oversendt regjeringen: 28.04.2017
Svart på: 09.05.2017 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Ei god barselomsorg er viktig for å trygge helsa til mor og barn etter fødsel. Nasjonal fagleg retningslinje for barselomsorga kom i 2014. Ammehjelpen si undersøking (2016) viser at berre 11 prosent av Noregs barselkvinner bur i ein kommune som tilbyr heimebesøk av jordmor i samsvar med retningslinja. Mange kommunar forklarer manglande oppfølging med at talet på jordmorstillingar ikkje har auka etter at retningslinja kom i 2014, og at det å gjennomføre barselbesøk vil gå ut over svangerskapsomsorga. Manglande styrking av jordmordekninga i kommunane har konsekvensar for mor og barns helse, i og med at det no er kortare liggetid på fødeavdelinga. Jordmordekninga er også viktig for å førebygge og oppdage fødselsdepresjon og støtte opp om amming.
Kva er regjeringas tiltak for å styrke jordmortilbodet i kommunane, og vil regjeringa flytte ressursar eller endre finansieringa for å auke talet på kommunale jordmorstillingar?

Les heile debatten