Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Riksrevisjonens undersøking om ansvaret for freda og verneverdige bygningar

Dokument 3:9 (2008-2009), Innst. 71 S (2009-2010)

Status: Stortinget har behandla saka ferdig.

Dokument frå RiksrevisjonenSaka er behandla i kontroll- og konstitusjonskomiteenTilråding levert 01.12.2009Innst. 71 S (2009-2010)

Saksgang

Status

  • Vedtak i kortversjon

    Stortinget har behandla og lagt ved protokollen innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøking av korleis Miljøverndepartementet varetek det nasjonale ansvaret sitt for freda og verneverdige bygningar. Undersøkinga viser at det er vesentlege svakheiter i korleis departementet varetek ansvaret og at svakheitene inneber stor risiko for at verneverdige og fredningsverdige bygningar går tapt og at måla på området ikkje blir nådd innan 2020. Komiteen finn det viktig å styrkja kommunane sin kompetanse i kulturminnevern og uttalar at her bør Riksantikvaren ha eit særleg ansvar for framtida. Komiteen er svært skeptisk til det som kjem fram i rapporten vedrørande samiske kulturminne. Komiteen viser til at Miljøverndepartementet har eit overordna og nasjonalt ansvar for freda og verna bygningar, og eit konstitusjonelt ansvar overfor Stortinget for å syta for at Stortinget sine vedtak vert sette ut i livet.

  • Behandling og vedtak

    Saka er ferdigbehandla

    Vedtak i samsvar med innstillingen

    Vedtak og oppmodingar

  • Behandling og tilråding

    Tilråding levert 01.12.2009

    Behandla i Stortinget: 07.12.2009