vedtak til lov
om endringer i yrkestransportlova
(oppheving av behovsprøvingen for drosje mv.)
I
I lov 21. juni
2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy gjøres følgende
endringer:
§ 4 første ledd skal lyde:
(1) Den som mot vederlag vil
drive nasjonal eller internasjonal persontransport med motorvogn,
må ha løyve. Det same gjeld den som utfører persontransport mot
vederlag på liknande måte som drosje når tilbod om transport vert
retta til ålmenta på offentleg plass eller via digitale plattformer.
§ 9 skal lyde:
§ 9. Løyve for persontransport med motorvogn
utanfor rute
(1) Den som mot
vederlag vil drive persontransport utanfor rute med motorvogn registrert
for inntil 9 personar, må ha særskilt drosjeløyve. § 4 andre ledd bokstav a til c gjeld tilsvarande.
(2) Løyvestyresmakta
kan gje påbod om at drosjekøyring innanfor
ein kommune skal drivast med motorvogn som har ei øvre
grense for miljøskadeleg utslepp. Det skal setjast ein frist på
minst fire år for å oppfylle krava. Løyvestyresmakta fastset forskrift
om den øvre grensa for miljøskadeleg utslepp.
(3) Den som har løyve etter denne føresegna,
skal loggføre kvar drosjetur med start og sluttpunkt med ein modul
med satellittbasert kommunikasjonssystem (GNSS) til løpande registrering
og logging av den geografiske posisjonen til drosja. Opplysningane
skal lagrast i 60 dagar. Departmentet kan gje nærare reglar om loggføring
i forskrift.
(4) Departementet
kan gje forskrifter om korleis ei motorvogn skal vere utstyrt, herunder krav til taksameter eller
andre kontrollutrustningar, når ho vert nytta til løyvepliktig
transport etter denne paragrafen.
Ny § 9 a skal lyde:
§ 9 a. Einerettar for drosjetransport
(1) Fylkeskommunen kan tildele einerett
eller godtgjersle til ein eller fleire løyvehavarar for å tilby
drosjetenester innanfor ein eller fleire kommunar. Grensene for eit
einerettsområde følgjer kommunegrensene. Fylkeskommunane fastset
avgjerda om bruk av einerett i forskrift.
(2) Fylkeskommunen kan berre tildele
einerett i kommunar der det er nødvendig.
(3) Departementet fastset ut frå
innbyggjartal og innbyggjartettleik i forskrift dei kommunane det
kan tildelast einerett i.
(4) Ved tildeling av einerett skal
det nyttast konkurranse så langt det følgjer av lov 17. juni 2016
nr. 73 om offentlige anskaffelser og forskrifter gjevne med heimel
i lova. Einerett kan tildelast for ein periode på inntil fem år.
(5) Ein drosjeløyvehavar som har
einerett, kan utføre oppdrag frå einerettsområdet til ein kvar stad
i eller utanfor einerettsområdet.
(6) Drosjeløyvehavarar som ikkje
har einerett, kan ikkje utføre drosjetransport innanfor kommunar
der fylkeskommunen har tildelt einerett.
(7) Ein drosjeløyvehavar som ikkje
har einerett, kan transportere passasjerar inn i einerettsområdet.
Ein drosjeløyvehavar som ikkje har einerett, kan òg transportere passasjerar
frå eit einerettsområde til ein stad utanfor einerettsområdet dersom
transporten er bestilt på førehand.
(8) Fylkeskommunen kan i einskildvedtak
eller forskrift gje andre drosjeløyvehavarar enn einerettshavaren løyve
til køyring i einerettsområdet.
(9) Departementet kan i forskrift
fastsetje nærare reglar for einerettar.
§ 27 første ledd skal lyde:
(1) Løyve etter
§§ 4, 5 og 9 gjeld
i ti år.
§ 27 andre ledd
oppheves. Nåværende tredje og fjerde ledd blir annet og tredje ledd.
§ 31 første ledd bokstav b skal
lyde:
§ 37 a første ledd skal lyde:
Førar av drosje, turvogn og rutevogn må under
persontransport mot vederlag ha kjøresetel i tillegg til førarkort.
§ 37 b første ledd skal lyde:
Søknad om kjøresetel
skal gjerast på fastsett blankett. Legeattest og bevis for tilstrekkeleg fagleg
kompetanse skal leggjast ved søknad om kjøresetel og søknad
om fornying av kjøresetel. Bevis
for tilstrekkeleg fagleg kompetanse etter første punktum gjeld ikkje
ved fornying av kjøresetel utferda før 1. juli 2020. Dersom fornying
av kjøresetel utferda før 1. juli 2020 ikkje skjer innan eit år
etter at den gamle kjøresetelen går ut, må søknaden om ny kjøresetel
leggjast ved bevis for fagkompetanse for førar.
§ 37 b andre
ledd første punktum oppheves.
§ 37 c første ledd skal lyde:
Den som skal få
kjøresetel, må vere fylt 20 år,
ha slik vandel at politiet ikkje finn vedkommande uskikka
til å virke som førar og oppfylle
dei same krava til helse som for førarkort klasse D og DE. Førar
av drosje må i tillegg ha tilstrekkeleg fagleg kompetanse og ha
hatt førarkort klasse B utan avbrot i minst to år.
§ 37 c fjerde
ledd oppheves.
§ 37 f første ledd skal lyde:
Politimeisteren
eller den han gir myndigheit, kan treffe vedtak om å kalle retten
til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag tilbake, dersom vedkommande ikkje lenger fyller krava etter
§ 37 c.
§ 40 a første ledd skal lyde:
(1) Den som med
vilje eller aktløyse bryt § 38, kan påleggjast lovbrotsgebyr. Den øvre grensa for eit slikt gebyr
er kr 5 000. Når slikt lovbrot er gjort av nokon som har
handla på vegne av eit føretak, kan lovbrotsgebyr påleggjast føretaket.
Dette gjeld sjølv om lovbrotsgebyr ikkje kan bli pålagd nokon einskild
person. Med føretak er her meint selskap, enkeltmannsføretak, stifting, foreining
eller anna samanslutning, bu eller offentleg verksemd. Lovbrotsgebyr
kan påleggjast av tenestemann frå politiet og Statens vegvesen,
eller av annan offentleg tenestemann som departementet har gjeve
rett til å føre kontroll etter denne lova.
II
-
1. Lova trer i kraft
1. juli 2020, med unnatak av §§ 4 første ledd og 40 a første ledd,
som trer i kraft 1. juli 2019.
-
2. Drosjeløyve som
er gyldige på det tidspunktet denne lova trer i kraft, gjeld fram
til 1. juli 2030 så lenge drosjeløyvehavar oppfyller dei krava som
til ei kvar tid gjeld for å ha drosjeløyve.