Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Bjørdal, Fredric Holen (21 - 40 av 101)
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til finansministeren

    Dokument nr. 15:1521 (2019-2020)

    Innlevert: 06.05.2020

    Sendt: 06.05.2020

    Besvart: 14.05.2020 av finansminister Jan Tore Sanner

    Kva for selskap er antatt å bli påverka av regjeringa sitt forslag til midlertidig endring i petroleumsskatten, og kor mykje likviditetslettelse vil kvar enkelt av desse kunne få?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til finansministeren

    Dokument nr. 15:1520 (2019-2020)

    Innlevert: 06.05.2020

    Sendt: 06.05.2020

    Besvart: 14.05.2020 av finansminister Jan Tore Sanner

    Kva er årleg provenyeffekt av å avgrense skatteforslaget til å gjelde investeringar som er omfatta av PUD/PAD som blir innlevert i 2021 og godkjent i 2022 i staden for også å innlemme investeringar omfatta av PUD innlevert i 2022?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til olje- og energiministeren

    Dokument nr. 15:1470 (2019-2020)

    Innlevert: 29.04.2020

    Sendt: 30.04.2020

    Rette vedkommende: Finansministeren

    Besvart: 16.05.2020 av finansminister Jan Tore Sanner

    Med forslag om direkte utgiftsføring av alle prosjekt med sanksjonering i 2020 og 2021 (før 31. desember 2021, forslagets punkt 2): Kva for investeringsbeløp i 2020, 2021, 2022, 2023, 2024 og 2025 vil dette ha effekt for og kor sannsynleg er det at eit slikt forslag kan medføre at investeringar blir framskunda?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til finansministeren

    Dokument nr. 15:1408 (2019-2020)

    Innlevert: 23.04.2020

    Sendt: 24.04.2020

    Rette vedkommende: Kommunal- og moderniseringsministeren

    Besvart: 30.04.2020 av kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup

    Eg viser til avsløringane om at fleire offentleg tilsette deltok på det mykje omtala Tangen-seminaret i USA. Sjølv om skattebetalarane no må ta rekninga for reise og opphald, fekk seminardeltakarane mange fordelar som truleg kan reknast som gåver. Regjeringa stramma i 2019 inn skatteregelverket for fordelar og rabattar til arbeidstakarar og frivillige. Vil regjeringa undersøke om dei som deltok på dette seminaret i kraft av sine offentlege stillingar har mottatt gåver eller andre fordelar som kan vere rapporterings- og skattepliktige?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til finansministeren

    Dokument nr. 15:1298 (2019-2020)

    Innlevert: 01.04.2020

    Sendt: 02.04.2020

    Besvart: 15.04.2020 av finansminister Jan Tore Sanner

    Eg viser til Stortingets vedtak om gjenoppretting av Statens obligasjonsfond, og ny lånegarantiordning for små og mellomstore bedrifter. Fleire bedrifter opplever at bankar varslar lite fleksibilitet i tolkinga av kriteriet «levedyktig», med det resultat at bedriftene ikkje kjem inn under den nye lånegarantiordninga. Til dømes blir det nokre stadar stilt krav om positivt resultat i 2019. Vil statsråden ta grep for å sikre at kriteria for tildeling av lån blir praktisert tilstrekkeleg fleksibelt?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:996 (2019-2020)

    Innlevert: 18.02.2020

    Sendt: 18.02.2020

    Besvart: 24.02.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

    Vil statsråden gjeninnføre statleg kjøp på strekninga Ørsta/Volda-Oslo, og viss ikkje, kva grep vil regjeringa ta for å sikre eit betre flytilbod for privatpersonar og næringsliv i regionen?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:876 (2019-2020)

    Innlevert: 06.02.2020

    Sendt: 06.02.2020

    Besvart: 14.02.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

    Korleis har overføringane og utgiftene til riksvegferjer og fylkesvegferjer utvikla seg sidan 2013?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til statsministeren

    Dokument nr. 15:784 (2019-2020)

    Innlevert: 27.01.2020

    Sendt: 27.01.2020

    Besvart på vegne av: Statsministeren

    Besvart: 04.02.2020 av justis- og beredskapsminister Monica Mæland

    Kva er regjeringa sin praksis for offentleggjering av habilitetsvurderingar, og finst det fleire habilitetsvurderingar av noverande eller tidlegare statsrådar eller statssekretærar denne regjeringa har unnlate å offentleggjere?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til olje- og energiministeren

    Dokument nr. 15:710 (2019-2020)

    Innlevert: 15.01.2020

    Sendt: 16.01.2020

    Besvart: 28.01.2020 av olje- og energiminister Tina Bru

    Kan det i dag opnast for å tillate direkte leidningar mellom kraftproduksjon og hydrogenproduksjon som ikkje er knytt til nettet, og viss ikkje, vil statsråden vurdere dette eller tilsvarande ordningar som kan betre økonomien i hydrogenprosjekt?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til kunnskaps- og integreringsministeren

    Dokument nr. 15:1793 (2018-2019)

    Innlevert: 06.06.2019

    Sendt: 06.06.2019

    Besvart: 13.06.2019 av kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner

    Dersom ein mindreårig ungdom sluttar i vidaregåande opplæring etter råd frå Oppfølgingstenesta, kven har då ansvaret for å sikre at barnet får vidare oppfølging?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1163 (2018-2019)

    Innlevert: 07.03.2019

    Sendt: 07.03.2019

    Besvart: 15.03.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

    Regjeringa har teke initiativ til ei omorganisering av trafikkstasjonane, og konsulentrapporten om dette har skapt stor debatt og motstand. Når blir den framtidige strukturen til trafikkstasjonane avgjort, og vil Stortinget få denne saka til behandling?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til statsministeren

    Dokument nr. 15:1147 (2018-2019)

    Innlevert: 05.03.2019

    Sendt: 06.03.2019

    Rette vedkommende: Finansministeren

    Besvart: 14.03.2019 av finansminister Siv Jensen

    Er statsministeren einig med sin finansminister i at innvandring til Noreg er hovudårsaken til at dei økonomiske forskjellane aukar?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til helseministeren

    Dokument nr. 15:1108 (2018-2019)

    Innlevert: 28.02.2019

    Sendt: 01.03.2019

    Besvart: 12.03.2019 av helseminister Bent Høie

    Regjeringa har innført den såkalla ABE-reforma, som inneber flate kutt på budsjetta i offentleg sektor. Kor mykje summerer dei pålagde kutta i Helse Møre og Romsdal seg til, sidan reforma vart sett i verk?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til helseministeren

    Dokument nr. 15:1076 (2018-2019)

    Innlevert: 25.02.2019

    Sendt: 25.02.2019

    Besvart: 14.03.2019 av helseminister Bent Høie

    Helse Møre og Romsdal vurderer no å legge ned det spesialiserte rehabiliteringstilbodet i Aure og på Mork i Volda. Dette føyer seg inn i ei lang rekkje av kutt og sparetiltak som ikkje kan grunngjevast fagleg. Om Aure og Mork blir lagt ned, vil pasientane i fylket få eit dårlegare tilbod, og kommunane blir sitjande med ansvaret og rekninga. Vil helseministeren sørgje for meir ressursar til Helse Møre og Romsdal, så desse kuttprosessane kan avlysast?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til finansministeren

    Dokument nr. 15:1020 (2018-2019)

    Innlevert: 19.02.2019

    Sendt: 19.02.2019

    Besvart: 27.02.2019 av finansminister Siv Jensen

    Eg viser til NRK sine avsløringar i februar 2019 av Tolldirektoratet sine moglege brot på personvernlovgjevinga. Vil finansministeren på denne bakgrunn snarast ta initiativ til ein full gjennomgang av korleis dette kunne skje, kontrollere om kompetanse på jus og personvern i underliggande etatar er god nok, og ta grep for å sikre at offentlege etatar ikkje nyttar sporings- og overvåkingsmetodar som ulovleg krenker retten til privatliv og inneber rettsstridige inngrep i personvernet?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til finansministeren

    Dokument nr. 15:1792 (2017-2018)

    Innlevert: 11.06.2018

    Sendt: 11.06.2018

    Besvart: 13.06.2018 av finansminister Siv Jensen

    I Finanstilsynet sin rapport "Finansielt utsyn" som blei lagt fram 6.juni, fortel tilsynet om at fleire aktørar ikkje etterlever retningslinjene for bankar som tilbyr forbrukslån. Vil regjeringa stramme inn overfor desse aktørane, gjennom å gjere retningslinjene om til ei forskrift, med strengare sanksjonsmoglegheiter enn i dag?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1633 (2017-2018)

    Innlevert: 22.05.2018

    Sendt: 23.05.2018

    Besvart: 04.06.2018 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

    Trollstigen langs fv. 63 er ein av landets best besøkte turistattraksjonar, og vegstykket har status som nasjonal turistveg. På 11 km av strekninga er det ikkje mobildekning. Det er ei trafikktryggingsutfordring på ei utsett strekning med mange trafikkulykker. Fleire instansar har vurdert saka, men forsøket på å få mobildekning eller naudtelefonar hit har ikkje lukkast. Vil regjeringa ta tak i saka slik at også trafikantane på denne strekninga kan varsle naudetatane om trafikkulykker?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til finansministeren

    Dokument nr. 15:1465 (2017-2018)

    Innlevert: 02.05.2018

    Sendt: 02.05.2018

    Besvart: 09.05.2018 av finansminister Siv Jensen

    I ein faktasjekk om skattekutt publisert 26.april på Faktisk.no, viser redaksjonen til bakgrunnstal frå Finansdepartementet om gjennomsnittleg skattelette for familiar. Er kutta i skattefrådrag (pendling, fagforeining, kost/losji, sluttvederlag) med i dette reknestykket, viss ikkje, korleis ville reknestykket blitt, og sit statsråden med informasjon om korleis avgiftsauken på 6.6 milliardar kroner under denne regjeringa påverkar norske barnefamiliar?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:1417 (2017-2018)

    Innlevert: 25.04.2018

    Sendt: 25.04.2018

    Rette vedkommende: Forsknings- og høyere utdanningsministeren

    Besvart: 07.05.2018 av forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø

    Kvifor er det ikkje løpande handsaming av søknadar til Forskningsrådet, slik det er til Innovasjon Norge?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:1416 (2017-2018)

    Innlevert: 25.04.2018

    Sendt: 25.04.2018

    Besvart: 04.05.2018 av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen

    Tillitsvalde i Tekna Rolls Royce Marine kan fortelje om at det er vanskeleg å få støtte til større og meir omfattande prosjekt som skapar innovasjon på systemnivå. Vidare at det er vanskeleg å få støtte som stor bedrift. Kva er statsråden si vurdering av dette, og vil han eventuelt gjere noko for å betre situasjonen?