Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:1520 (2019-2020)
Innlevert: 06.05.2020
Sendt: 06.05.2020
Besvart: 14.05.2020 av finansminister Jan Tore Sanner

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Kva er årleg provenyeffekt av å avgrense skatteforslaget til å gjelde investeringar som er omfatta av PUD/PAD som blir innlevert i 2021 og godkjent i 2022 i staden for også å innlemme investeringar omfatta av PUD innlevert i 2022?

Begrunnelse

Regjeringa har lagt fram eit forslag til midlertidig endring i petroleumsskatteregimet (lenke) som ei oppfølging av bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass sitt ønskje (lenke norog).

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Regjeringa har lagt fram forslag til midlertidige endringar i petroleumsskatten i Prop. 113 L (2019-2020). Der foreslår ein at umiddelbar utgiftsføring og 10 pst. friinntekt skal omfatte nærare angitte planer (PUD og PAD mv.) som er innkomne til Olje- og energidepartementet før 1. januar 2022 og godkjent av departementet før 1. januar 2023.
Spørsmålet har same tidsavgrensing som regjeringas forslag, og har dermed inga provenyeffekt samanlikna med regjeringas forslag.