Meir
hemmeleghald – svekt tillit
I 2013 blei nasjonalt
system for innføring av nye metodar i spesialisthelsetenesta etablert.
Manglande openheit og innsyn i avgjerdsgrunnlaget er etter kvart blitt
ei stor svakheit ved dette systemet. I 2017 bestemte direktørane
i dei regionale helseføretaka, som også utgjer Beslutningsforum,
at anbodsprisar på legemiddel skal haldast hemmelege. 28. mars 2019
stemte regjeringspartia i Stortinget ned forslag frå opposisjonen
om å endre på denne praksisen, jf. Innst. 207 S (2018–2019). Nyleg
blei det kjent at Beslutningsforum har gjort vedtak om at Statens
legemiddelverk (SLV) ikkje lenger skal offentleggjere konklusjonen
om kostnadseffektiviteten til legemiddel i metodevurderingane sine.
Dette er nok eit tiltak som forsterkar hemmeleghald og gir mindre innsyn
i prioriteringar i behandlingstilbodet til sjuke pasientar.
Ved Stortinget si
handsaming av Innst. 207 S (2018–2019) blei det uttalt frå regjeringspartia
sine representantar at offentleggjering av legemiddelprisar gir
lite innsikt i om det er riktig å prioritere ei behandling eller eit
legemiddel. Prioriteringa må legge kostnadseffektivitet til grunn,
kor pris berre er eitt av fleire element. Eit nytt legemiddel kan
vere kostnadseffektivt sjølv om det har ein høgare pris enn legemiddelet
det erstattar. Det regjeringspartia utelèt, er at også kostnadseffektiviteten til
eit legemiddel blir halde hemmeleg med dagens system. I praksis
målar ein kostnadseffektiviteten gjennom å sjå på kor stor meirkostnaden
blir per vunne kvalitetsjusterte leveår når ein innfører eit nytt
tiltak. I metoderapportane frå Statens legemiddelverk er desse tala sladda,
fordi dei kan gjere det mogleg å rekne seg fram til legemiddelprisen.
Prioriteringsmeldinga fastslår at dei samla budsjettkonsekvensane
ved å innføre eit nytt tiltak kan inngå i den skjønnsmessige vurderinga
av om eit nytt tiltak skal innførast. Men også dei samla budsjettkonsekvensane
blir sladda i rapportane frå SLV.
Alvorskriteriet i
prioriteringsmeldinga inneber at jo meir alvorleg sjukdom det dreier
seg om, desto høgare ressursbruk skal helsetenesta akseptere for
å innføre nye tiltak. Men også praktiseringa av dette kriteriet
blir halde hemmeleg. Ein får ikkje innsyn i kor alvorleg ein sjukdom
må vere for at helsetenesta aksepterer høgare ressursbruk, og ein
får ikkje innsyn i kor mykje høgare ressursbruk ein aksepterer.
I innstillinga til
prioriteringsmeldinga skreiv ein samla helse- og omsorgskomité at
openheit om avgjerdsprosessar er heilt avgjerande for å skape tillit
til dei avgjerdene som blir tatt. Vidare at det er lang tradisjon
i Noreg for openheit og medverknad knytt til prioriteringsavgjerder
og at dette er viktige verdiar som må vidareførast og leggast til
grunn i prioriteringsarbeidet også i framtida.
Forslagsstillarane
meiner at vedtaket i Beslutningsforum om at SLV ikkje skal offentleggjere
tilrådinga si om kor vidt eit tiltak er kostnadseffektivt eller
ikkje, er i strid med prioriteringsmeldinga og stortingsfleirtalet sine
merknader i innstillinga. Det same gjeld når avgjerdsgrunnlaget
blir halde hemmeleg. Forslagsstillarane er svært kritiske til at
Beslutningsforum, som ifølgje regjeringa ikkje er eit offentleg
organ, sjølv kan vedta at SLV ikkje lenger skal offentleggjere sin
konklusjon om kostnadseffektivitet. Forslagsstillarane viser til
at representantar frå Senterpartiet har føreslått å legge ned dagens
Beslutningsforum for nye metodar og etablere eit nytt beslutningsforum
som del av forvaltninga, jf. Dokument 8:93 S (2017–2018) og Innst.195
S (2017–2018).
Forslagsstillarane
meiner det må vere full openheit om prosessar, grunngjevingar og
avgjerder i Beslutningsforum og Legemiddelverket, og at dette må
vere lett tilgjengeleg for allmenta. Det må praktiserast fullt innsyn
i avgjerdsgrunnlaget for prioriteringsavgjerdene – inkludert meirkostnaden
per kvalitetsjusterte leveår ved å innføre eit tiltak, budsjettkonsekvensane
ved å innføre eit tiltak og praktiseringa av alvorskriteriet.