Bakgrunn
Musikkterapi vert
no tilrådd som behandlingsform i fleire nasjonale faglege retningslinjer
på helse- og omsorgsfeltet, blant anna innan psykiatri, rusbehandling,
palliasjon og for personar med demens. Musikkterapi representerer
ei tilnærming til helsearbeid som fremmer ressursar, motivasjon,
brukarmedverknad og deltaking i eigen tilfriskningsprosess. Musikkterapi
er legemiddelfri behandling og eit helsefag med ein etablert forskingstradisjon
for dokumentasjon av effektar. Samstundes er det eit musikkfag,
der oppleving, meining, meistring og fellesskap står sentralt.
I Nasjonal faglig
retningslinje for utreiing, behandling og oppfølging av personar
med psykoselidingar (Helsedirektoratet 2013) står det:
«Musikkterapi fremmer
tilfriskning, og behandlingen bør starte i en så tidlig fase som
mulig med henblikk på å redusere negative symptomer. Behandlingen
må utføres av terapeuter med godkjent utdanning innen musikkterapi.»
Helsedirektoratet
har gitt tilrådinga gradering A, det vil seie at effekten er godt
dokumentert. Også evidensgrunnlaget er vurdert til høgste nivå.
Også i retningslinjer
for rusbehandling (2016), avrusing (2016) og palliasjon til barn
og unge (2016) er musikkterapi tilrådd. Høyringsversjonen av demensretningslinja
(2017) peikar også på musikkterapien sin relevans for desse tenestene.
I Noreg har både
Norges musikkhøgskole (NMH) og Griegakademiet ved Universitetet
i Bergen (UiB) etablert musikkterapiutdanningar på masternivå, med
tilhøyrande etter- og vidareutdanningstilbod og dessutan forskaropplæring
på PhD-nivå. Begge institusjonar har også etablert aktive forskingssenter
som er synlege internasjonalt og som bidreg med relevant kunnskap
for utvikling av feltet i Noreg i dag.
Om norsk musikkterapi
står sterkt akademisk, er implementering i tenestene mangelfull.
Her ligg Noreg langt tilbake for land det er naturleg å samanlikne seg
med. I Storbritannia har musikkterapi vore ein offentleg godkjend
helseprofesjon («state registered health profession») sidan 1997.