Stortinget - Møte tirsdag den 13. januar 2026 *

Dato: 13.01.2026
President: Masud Gharahkhani
Dokumenter: (Innst. 77 L (2025–2026))

Søk

Innhold

*) Referatet er ennå ikke korrekturlest​.

Sak nr. 3 [10:01:14]

Innstilling fra Stortingets presidentskap om lov om endringer i NIM-loven (nye overvåkings- og rapporteringsfunksjoner) (Innst. 77 L (2025–2026))

Talere

Femte visepresident Ingrid Fiskaa []: Eg skal på vegner av presidentskapet leggja fram ei innstilling, og det gjeld altså endringar i NIM-lova (nye overvakings- og rapporteringsfunksjonar).

Presidentskapet fleirtal legg fram eit forslag til endringar i lov av 22. mai 2015 nr. 33 om Noregs institusjon for menneskerettar, kort forklart NIM-lova.

Det er Stortinget som gjennom lovgjeving fastset dei sentrale oppgåvene for Stortingets eksterne organ, som NIM altså er eit eksempel på. Forslaget om å leggja til eit nytt ledd i NIM-lova § 3 legg til rette for at Noregs institusjon for menneskerettar, heretter kalla NIM, blir nasjonalt overvakingsorgan etter Europarådets konvensjon om førebygging og kamp mot vald mot kvinner og vald i nære relasjonar Artikkel 10 og Europarådets konvensjon om tiltak mot menneskehandel Artikkel 29 nr. 4.

Bakgrunnen for at Stortinget blir invitert til å gjera desse lovendringane no, er at Noreg har slutta seg til desse to nemnde konvensjonane. Det inneber òg eit ansvar for å sørgja for at nokon overvaker at konvensjonane blir etterlevde.

Det er einigheit om at det er NIM som skal ha denne oppgåva. Både regjeringa og NIM sjølv meiner det er ein god idé, men regjeringa kan ikkje instruera NIM grunna NIMs uavhengige rolle. Det er det berre Stortinget som kan gjera, altså leggja til nye oppgåver til NIM.

Det me tek stilling til i dag, er ikkje om det er ein god idé å vera del av desse to konvensjonane eller om NIM som såleis er ein god idé. Det me skal ta stilling til, er altså om Stortinget kan leggja til rette for at NIM skal kunne gjera dei oppgåvene som det er einigheit om at NIM skal gjera.

Når det er sagt, meiner òg eit fleirtal i presidentskapet at etterlevinga av desse konvensjonane er avgjerande for å verna grunnleggjande menneskerettar og for å styrkja rettssikkerheita til utsette grupper. Føremålet med å leggja desse oppgåvene til NIM er å styrkja den nasjonale gjennomføringa av dei to konvensjonane gjennom uavhengig overvaking av etterlevinga til styresmaktene av desse konvensjonsforpliktingane. NIM skal m.a. bidra til at rettane til personar som blir utsette for eller risikerer å bli utsette for vald eller menneskehandel, blir betre vareteke.

Når det gjeld Istanbulkonvensjonen Artikkel 10, vil eg presisera at oppgåva avgrensar seg til overvaking. Det inneber at resten av oppgåvene omtala i denne føresegna, fell utanfor mandatet til NIM. Når det gjeld menneskehandelskonvensjonen, avgrensar oppgåva seg til det som kjem fram av Artikkel 29 nr. 4. Dette inneber at NIM skal driva uavhengig overvaking av etterlevinga til styresmaktene av konvensjonane.

Avslutningsvis vil eg då for ordens skuld understreka at det ikkje er NIM som skal ha ansvaret for å oppfylla forpliktingane til staten etter konvensjonane. Det er det staten sjølv som har, men NIMs oppgåve er å opptre uavhengig og overvaka om staten oppfyller forpliktingane sine.

– Så med dette tilrår eg og fleirtalet i presidentskapet at Stortinget gjer vedtak i samsvar med tilrådinga.

Morten Stordalen (FrP) []: Jeg skal kort redegjøre for FrPs syn.

FrP står ikke bak innstillingen. Jeg viser til merknader og forslag i kontroll- og konstitusjonskomiteen i høst. FrP mener at dette er oppgaver som kan ivaretas av andre institusjoner, andre enkeltmennesker, andre mediehus, og mener at det er unødvendig, sånn sett, å legge det til NIM. Jeg viser til merknadene ellers i saken og FrPs syn – siden vi altså ikke står bak innstillingen.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.

Votering, se voteringskapittel