Stortinget - Møte tirsdag den 15. oktober 2024

Dato: 15.10.2024
President: Morten Wold

Sak nr. 2 [10:01:17]

Interpellasjon fra representanten Alfred Jens Bjørlo til næringsministeren: «EU-kommisjonen fekk nyleg overlevert Draghi-rapporten, som slår alarm om Europa si manglande konkurransekraft og innovasjonsevne samanlikna med Kina og USA. Rapporten foreslår felles strategiar på EU-nivå for å møte dette, mellom anna ei kraftig auka satsing på forsking og utvikling innan nøkkelteknologiar (KI, bioteknologi, kvanteteknologi osv.). Meiner statsråden Draghi-rapporten er relevant for Noreg, og kva følger bør rapporten få for prioritering av og langsiktig satsing på forsking og utvikling innan nøkkelteknologiar i Noreg?»

Talere

Alfred Jens Bjørlo (V) []: Det denne interpellasjonen handlar om, er altså Draghi-rapporten, som EU-kommisjonen nyleg fekk overlevert, og som kort oppsummert slår alarm om den manglande konkurransekrafta og innovasjonsevna til Europa samanlikna med spesielt Kina og USA.

Bakgrunnen, kort forklart: USA, Kina og mange andre asiatiske land ligg no langt over Europa i investeringsnivå til forsking, og gapet aukar. Kina har på berre ti år dobla andelen av ungdom som tek høgare utdanning, frå 30 pst til 60 pst., og lanserte nyleg ein plan for å gjere Kina til det dei kalla «leading education center with global influence». Merk: Land som Kina set ikkje forsking og høgare utdanning opp som ein salderingspost til fordel for forsvarsinvesteringar, dei gjer begge delar fordi dette heng nært i lag for dei. Det handlar om kven som skal ha det teknologiske overtaket i verda, og også om kvar næringslivet i framtida skal blomstre og vekse. I ei verd med aukande rivalisering mellom demokrati og diktatur blir kunnskap og kompetanse like viktig som våpen og militærmakt i kappløpet om makt over verdsordenen. I ei verd der nye, raskt framveksande og samfunnsomformande teknologiar som kunstig intelligens, kvanteteknologi og bioteknologi er drivarane for utvikling, betyr det noko kvar dei nye bedriftene blir skapte, kvar talenta søkjer seg til, og kva spelereglar som skal gjelde. Det er dette Mario Draghi kallar ei eksistensiell utfordring for Europa. Det er dette som gjer at Draghi-rapporten no tilrår ei kraftig opptrapping av satsinga på forsking, på brei front i alle EU-land. Det er det som gjer at Draghi-rapporten tilrår fleire og meir systematiske koplingar mellom akademia og næringslivet, tettare kopling mellom utdannings- og forskingspolitikk, næringspolitikk og sikkerheitspolitikk, og også ein meir koordinert og felles nærings- og konkurransepolitikk i EU.

Til den som måtte tru at dette berre er fine ord på eit papir som vil støve ned på ei hylle i Brussel-byråkratiet – som vi vel alle kan vere einige om er stort nok, uansett om vi er tilhengjarar eller motstandarar av EU – tru om igjen. Den svenske regjeringa varsla nyleg at dei vil auke forskings- og innovasjonsbudsjettet kraftig kvart år dei neste fire åra og kome opp på eit nivå i 2028 som er 6,5 mrd. svenske kroner høgare enn no. Finland er i gang med eit tilsvarande løft og skal no løfte forskingsinnsatsen opp til 4 pst. av BNP og sørgje for ein massiv auke i utdanning av ungdom og av doktorgradar. Tyskland lanserte førre månad eit nytt initiativ for å reise 12 mrd. euro i risikokapital til rask skalering av nye teknologibedrifter, og den nye EU-kommisjonen er rigga målretta for å følgje opp Draghi-kommisjonen sin rapport, m.a. med ein ny kommissærpost for «startups, research and innovation», altså gründerbedrifter, forsking og innovasjon. Slik kunne eg ha halde fram, men poenget bør vere tydeleg: Resten av Europa vaknar no. Noreg har ikkje vakna enno.

I Noreg står ungdom i kø for å ta teknologiutdanning, men studieplassane som skal matche interessa, finst ikkje. I Noreg er forskingsfinansiering for tida ein salderingspost i statsbudsjetta. Diskusjonen som no går føre seg etter framlegginga av neste års statsbudsjett, handlar ikkje om kor stor veksten blir, men om det er ein reell nedgang i løyvingane til universitet og forsking, eller om det berre er eit teknisk grep og at dei i realiteten står ca. på staden kvil. I Noreg er vi snart den siste skansen i Europa som enno har særskatt på nasjonalt eigarskap av bedrifter versus utanlandsk eigarskap, ein særskatt som er dobla av dagens regjering på tre år. Vi har fått ein skattepolitikk som først jagar nye teknologiselskap og investorar ut av landet gjennom skjerpa skattlegging og fiendtleg retorikk, for deretter å prøve å sperre dei inne gjennom ein ny exitskatt med tilbakeverkande kraft, med eit stadig veksande gründeropprør landet rundt som resultat. Noreg fall nyleg ut av topp 20-lista over verdas mest innovative land. Sist veke kom den årlege rangeringa av verdas beste universitet og høgskular. Ho syner at Noreg er på jumboplassen i Norden, samtidig som stadig fleire universitet frå Kina og andre land utanfor Europa kjem inn på lista.

Kva er så svaret til regjeringa? Jo, det er at Noreg går så det susar. Investeringane er rekordhøge. Arbeidsløysa er rekordlåg. Eksporten veks. Ja, det er sant, men det fortel veldig mykje om notida – ei tid der vi lever på den siste og til alt overmål største petroleumsbølgja – og seier veldig lite om framtida. Det er framtida Draghi-rapporten handlar om, om korleis teknologi, utdanning og forsking, innovasjonspolitikk og sikkerheitspolitikk vil hengje mykje tettare saman, og om korleis vi som samfunn er nøydde til å snu oss om for å møte det. Det er temaet for interpellasjonen min her i dag.

Statsråd Cecilie Myrseth []: Jeg vil takke interpellanten for interpellasjonen og for temaet. Jeg kan i hvert fall med en gang opplyse om og si at vi i Norge er våkne. Representanten Alfred Bjørlo spør altså om rapporten er relevant for Norge. Det er den helt åpenbart. Draghi-rapporten handler om europeisk konkurransekraft og hvordan Europa kan styrke sin globale posisjon i møte med økende konkurranse og geopolitiske utfordringer. Det er utfordringer som selvsagt også er sentrale for Norge, og som regjeringen er opptatt av.

Jeg må understreke at rapporten er ett av flere kunnskapsgrunnlag som Europas politikere og institusjoner nå kommer til å bruke som utgangspunkt for utformingen av sin politikk. Den kommende Europakommisjonen vil også legge fram sine vurderinger og forslag i tiden som kommer. Vi må selvfølgelig følge nøye med på det og på andre rapporter som påvirker politikk og ikke minst regelverksutvikling i EU framover. Vi vil selvfølgelig også koble oss på dette arbeidet i EØS-sammenheng og gjennom de kontaktflatene vi har med EU.

Flere av de utfordringene som omtales i Draghi-rapporten, er også belyst i perspektivmeldingen, som ble lagt fram i august. Der vises det også til at produktivitetsnivået i Norge er høyt sammenlignet med andre land, men at veksten i produktivitet både her hjemme og i sammenlignbare land har gått ned de siste årene. Vi må derfor fokusere sterkt på produktivitetsutviklingen framover.

Mitt utgangspunkt er klart: Norge er et land i Europa, og vi må samarbeide der vi har felles interesser med EU. Det gjelder ikke minst på områder hvor norsk næringsliv ser gode muligheter for å skape lønnsomme arbeidsplasser og utvikling av et konkurransekraftig og bærekraftig næringsliv. Som et ledd i det har regjeringen også signert strategisk industripartnerskap både med EU og med enkeltland som Tyskland, Frankrike, Sverige og Danmark, og vi har også etablert en grønn allianse mellom Norge og EU, noe som skal bidra til en felles innsats for den grønne omstillingen vi står midt oppe i.

Draghi, men også den norske regjeringen er opptatt av å avkarbonisere på en måte som også gir næringslivet bedre konkurransekraft. For å sikre det er CBAM viktig. Derfor går også regjeringen inn for at CBAM-forordningen skal innføres i Norge. Draghi er også opptatt av å redusere sårbarheter i verdikjedene. Norge har nylig signert en samarbeidsavtale med USA om kritiske mineraler. Rett etter denne interpellasjonen drar jeg til USA, hvor jeg skal møte amerikanske myndigheter og næringsliv for bl.a. å diskutere hvordan denne avtalen kan bidra til høyere arbeids- og miljøstandarder og sikkerhet i verdikjedene til kritiske mineraler.

I en urolig verden, og i en verden som stadig er i endring, er det behov for kontinuerlig å vurdere hvordan nærings- og industripolitikken kan tilpasses nye muligheter og utfordringer best mulig. Derfor har regjeringen satt i gang arbeidet med en ny industrimelding, for å få fram ny, riktig industripolitikk. I meldingen vil vi bl.a. forankre en felles forståelse av hvilke utfordringer og muligheter norsk industri står overfor.

Draghi-rapporten trekker fram kunnskap og kompetanseutvikling som vesentlige faktorer for å styrke konkurransekraften. Regjeringen har lagt fram langtidsplanen for forskning og høyere utdanning, som inneholder høye ambisjoner for digitalisering, datainfrastruktur og datahåndtering på områder som bl.a. kunstig intelligens, kvanteteknologi og nevroteknologi, og vi har også økt forskningsinnsatsen på feltet kunstig intelligens med minst 1 mrd. kr over de neste årene. Vi er også i gang med arbeidet med den første gründermeldingen i Norge, som jeg vet at det er mange som venter på. Vi gjør mye.

Jeg er veldig glad for at min kollega forsknings- og høyere utdanningsministeren også er til stede og kan belyse saken enda mer.

Alt dette viser at Draghi-rapporten er relevant for Norge. Regjeringen er fullt i gang med å adressere mange av de utfordringene som det pekes på, og det vil vi fortsette å gjøre, i nært samarbeid med både EU og andre land.

Statsråd Oddmund Hoel []: Dette hadde eg òg lyst til å vere med på som forskings- og høgare utdanningsminister. Draghi-rapporten er studert med stor interesse òg i Kunnskapsdepartementet. Her svarer næringsministeren på vegner av regjeringa, men eg vil veldig gjerne supplere med nokre ord som særskilt gjeld forsking og utvikling og høgare utdanning.

Eg konstaterer at rapporten er lesen og blir flittig kommentert og brukt i debatten om forsking og høgare utdanning av representantar frå kunnskapssektoren. Det er svært gledeleg, for det er ein rapport som fortener merksemd og debatt.

Rapporten tek, som interpellanten har sagt, til orde for ein kraftig auke i finansieringa av forsking og innovasjon og kritiserer i ganske klare ordelag det noverande rammeprogrammet til EU, Horisont Europa, for å vere for byråkratisk.

Fleire av framlegga i Draghi-rapporten er i tråd med regjeringas innspel til det neste rammeprogrammet for forsking og innovasjon, det nye FP10, og innspela våre til neste Erasmus+-program. Me er fullt med i begge delar og i det europeiske forskingsområdet. Det vil vere veldig positivt dersom EU-landa er villige til å styrkje forskingsfinansieringa, både si eiga i dei nasjonale budsjetta og det som går gjennom Det europeiske forskingsrådet og Horisont Europa. Noreg er godt rusta. Norske forskingsmiljø lukkast i stadig større grad på dei europeiske konkurransearenaane, som Horisont Europa og ERC, Det europeiske forskingsrådet.

Fleire har òg merka seg at rapporten ønskjer å styrkje grunnforskinga i Europa kraftig for å knappe inn på forspranget som USA og Kina har fått. Det er eit syn eg for min del er einig i. Her satsar regjeringa framleis tungt på grunnforskingstiltak som Senter for framifrå forsking. Det var elles noko sentrumsregjeringa i si tid tok initiativet til, då me sat i regjering saman med representanten Bjørlos parti. Me har satsa vidare på FRIPRO-ordninga, altså den forskarstyrte forskinga. Me gjekk inn med 1,6 mrd. kr ekstra for to år sidan, då Forskingsrådet var kome i eit økonomisk uføre. Me har satsa tungt på grunnforsking, og framover kjem me òg til å måtte satse tyngre på infrastruktur, som blir meir og meir kostbar for forskinga.

Når det gjeld grunnforsking, vil eg understreke at rapporten framfor alt framhevar at ein må knyte grunnforskinga ved universiteta tettare til næringslivet, til verdiskaping og til auka konkurransekraft. Her har me ein veg å gå. Norske universitet har blitt meir næringsretta. Det er ei positiv utvikling på gang, men her er det meir som må gjerast. Dette er òg snakk om eit kulturspørsmål i akademia, men me er veldig positive til det.

Noreg kjem godt ut på mange av parametrane når det gjeld offentleg finansiering av forsking og utdanning, og det bildet interpellanten har gjeve, vil eg seie krev veldig kraftige modifikasjonar.

I OECD-samanheng har me svært høg kapasitet i høgare utdanning. Det blei sagt at Kina nærmar seg 60 pst., opp frå 30 pst., av unge som tek høgare utdanning. Me er alt oppe på at 55 pst. av dei unge årskulla no tek høgare utdanning, så sannsynlegvis er me der me bør vere når det gjeld totalkapasiteten. Me skal ha folk som driv med andre ting i samfunnet òg, men me må fortsetje diskusjonen om korleis me innrettar og prioriterer innanfor høgare utdanning.

Få land bruker meir offentlege pengar enn oss på høgare utdanning og forsking. Når det gjeld den samla finansieringa av høgare utdanning, trur eg det for vår del er slik at den offentlege finansieringa utgjer den største delen av kaka i heile OECD-området. Me ligg i toppsjiktet når det gjeld kor mykje offentlege pengar me bruker både på høgare utdanning og på forsking.

Det er annleis med den private finansieringa. Den må bli betre. Difor har me i år kome med strategien for å auke næringslivets investeringar i FoU, forsking og utvikling, og ei rekkje tiltak for å styrkje forskingskompetansen og gjere verkemidla meir effektive. Der må me forsetje arbeidet med full kraft.

Alfred Jens Bjørlo (V) []: Eg takkar for svara, og eg har lyst til å gje regjeringa honnør for å stille ikkje berre med ein statsråd, men faktisk to statsrådar for å svare og delta i debatten her i dag. Det synest eg er bra, og det illustrerer nettopp det som er hovudpoenget mitt med å reise denne saka på Stortinget, nemleg at vi er nøydde til å få til meir sektoroverskridande politikkutvikling viss vi skal møte dei utfordringane som Draghi-rapporten koplar på, ikkje minst gjennom ansvarsområda til dei to statsrådane som no har hatt ordet. Det synest eg er veldig bra.

Det er òg rett, som både statsråd Myrseth og statsråd Hoel er inne på, at Draghi-rapporten ikkje akkurat er nokon hyllest av EU og måten EU har jobba med forskings- og næringspolitikk på i dag. Heller ikkje for oss er dette ein rapport som snakkar om kor fantastisk EU har jobba med desse sakene over lang tid. Tvert imot, det er ei ganske intens sjølvransaking på at her er Europa kome bakpå i forhold til utviklinga som skjer i heile verda rundt oss. Det er eigentleg det som er mitt hovudpoeng med denne interpellasjonen i dag: Den erkjenninga er no i ferd med å søkkje ned i EU, både i EU på eit overordna nivå og i mange EU-land, som dermed no gjer større konkrete grep for å endre og rigge om både sin høgare utdannings- og forskingspolitikk og sin næringspolitikk, og få dette til å hengje mykje tettare saman.

Når statsråd Myrseth snakkar om at vi er nøydde til å samarbeide meir med EU framover, og viser til at ein no etter veldig lang tid omsider har godkjent CBAM osv., er det veldig bra, men vi kjem til å måtte vere mykje tettare på i tida framover. Vi har enno eit etterslep på viktige strategiske samarbeidsområde med EU, eksempelvis energidirektiva, som vi ikkje er om bord på, og ikkje minst den store utfordringa vi har i at EU i stadig større grad jobbar med overordna strategiar som ikkje treffer rammene for og måten EØS-avtalen er sydd saman på, som handlar om enkeltdirektiv. Det har eg lyst til å utfordre statsråd Myrseth på: Korleis skal vi faktisk greie å vere tettare på i næringspolitikken når EU i større og større grad jobbar med sektorovergripande strategiar som vi må vere med på, også når dei strategisk tangerer eksempelvis sikkerheitspolitikk og andre område der vi ikkje er ein del av EUs union.

Til statsråd Hoel – eg har lyst til å utfordre, viss han skal ha ordet etterpå no òg: Kva tenkjer statsråd Hoel om den oppskaleringa Sverige og Finland no gjer på forsking kontra tempoet i den norske forskingsomstillinga?

Statsråd Cecilie Myrseth []: Jeg synes det er veldig mange viktige og kloke betraktninger som blir tatt opp. Mye av dette er vi nok også enige om, og det er at vi må være med på den utviklingen som skjer, og ikke minst at vi må ta den utviklingen vi ser, på alvor. Det må vi selvsagt gjøre. Vi gjør veldig mye bra i Norge. Vi satser på mange, mange områder, men vi lever i den verdenen vi lever i. De tallene man ser for framtiden, også når det kommer rapporter og kunnskap på bordet, skal vi selvfølgelig ta med oss i all form for politikkutvikling.

Det er ingen tvil om at næringspolitikk og forskning og utvikling henger veldig tett sammen. Noe av det første som ble gjort idet jeg ble næringsminister, var at jeg sammen med statsråd Hoel la fram en strategi for å øke næringslivets investeringer i forskning og utvikling. Jeg skal ikke ta på meg æren for at den ble skrevet – det gikk jo ikke på et par dager – men den strategien er kjempeviktig. Et av hovedmålene der er ambisiøst og er også det samme som i EU, dvs. at 3 pst. av BNP skal gå til dette, og at 2 pst. av det skal være innenfor næringslivet. Det er viktig å få opp FoU i næringslivet selv, skal vi nå de målene.

Det er også viktig at vi har en aktiv næringspolitikk, og at vi har virkemidler som kan følge opp. Her er det jo ikke politisk uenighet om at man i det hele tatt skal ha politiske virkemidler, næringsvirkemidler, for at vi som fellesskap skal stille opp og bidra. Vi mener det er viktig at vi gjør nettopp det. Ta f.eks. Innovasjon Norge, hvor gründerbedrifter får god støtte. I fjor var det vel rundt 1 900 virksomheter som fikk støtte gjennom ordninger fra Innovasjon Norge, og vi har styrket de ordningene også i årets budsjett.

Vi har, som jeg har nevnt, mange viktige arbeider som skal legges fram, viktig politikk som nå utvikles, og som selvfølgelig må ses i en helhet. Det gjelder alt fra digitaliseringsstrategien, arbeidet som er på statsråd Hoel sitt felt, til det vi gjør på gründer- og industrifeltet. Vi skal legge fram en stortingsmelding om handel og den globale verdenen vi nå lever i, som også henger sammen med dette, og et veikart for teknologibasert næringsliv.

Poenget mitt er at all politikk som nå utformes, selvsagt må henge sammen. Alt henger sammen med alt, som Gro brukte å si. Ikke minst er det relevant når vi lever i en tid som nå.

Så er det ikke sånn at alle utfordringer i verden kan løses med å fjerne skatt på aksjer.

Statsråd Oddmund Hoel []: Eg blei direkte utfordra av representanten Bjørlo om satsingane til Finland og Sverige – og for så vidt andre europeiske land. Det er svært, svært gledeleg at det har kome så tydelege signal frå Finland og Sverige om at ein ønskjer å satse meir offentlege pengar på forsking og utvikling. Det legg me til grunn at òg blir følgt opp i dei årlege statsbudsjetta som kjem frå Sverige, Finland og dei andre.

Samtidig skal me ikkje skjemmast av den offentlege finansieringa som me i mange, mange år har brukt på norsk forsking og utvikling. Me ligg veldig høgt i OECD-samanheng på den offentlege finansieringa av forsking og utvikling, og dette har det vore tverrpolitisk einigheit om i denne salen gjennom mange år. Det skal me ikkje skjemmast over; det skal me vere stolte av. Det skal me føre vidare, og det gjer me i statsbudsjettet i år. Det har kome nokre overskrifter om ein realnedgang på nokre prosent. Då vil me understreke: Det er reint teknisk fordi kontingenten vår til Horisont Europa har gått ned av valutaårsaker og nokre BNP-justeringar, og me har gått over til ein ny budsjettmodell i Forskingsrådet. Aktiviteten i norsk forsking blir ført vidare på same høge nivå.

Der me har meir å hente, og mykje å hente, er det som næringsministeren nettopp understreka: den private finansieringa av forskinga. Der ligg me altfor lågt i OECD-samanheng og europeisk samanheng. Det er den som verkeleg må løftast. Der er me veldig godt i gang og tek nokre krafttak gjennom strategien for å auke næringslivet si finansiering av forsking og utvikling.

Eg vil òg understreke at Draghi-rapporten legg til grunn at Europa må styrkje konkurransekrafta primært mot Kina og USA. USA er vår viktigaste allierte. Storbritannia er blant våre viktigaste allierte som står utanfor EU. USA og Storbritannia er òg nokre av våre aller viktigaste forskingspartnarar. Det legg me til grunn at skal fortsetje. Me skal framleis styrkje samarbeidet med dei europeiske landa, men me skal òg gå vidare og styrkje samarbeidet med USA og Storbritannia innanfor forsking. Det er i våre nasjonale interesser og i våre sterke forskingsinteresser. Me ønskjer òg å utvikle det nordiske samarbeidet vidare. Som eit eksempel skal eg no på fredag til Göteborg på ein felles nordisk konferanse med representasjon på politisk nivå om kvanteteknologi. Me må samarbeide på ei rekkje nivå.

Rune Støstad (A) []: Takk til representanten Bjørlo for å ta opp et viktig tema om norsk næringsliv og vår framtidige konkurransekraft. Draghi-rapporten peker på en rekke utfordringer som også er svært relevante for Norge. Den understreker behovet for grønn omstilling og økt innovasjon og konkurransekraft i Europa. Jeg mener vi står godt rustet til å møte de utfordringene, takket være en aktiv politikk som setter folk og arbeidsplasser først.

Til tross for krevende tider med pandemi, krig i Europa og høy inflasjon går det godt i norsk næringsliv. Regjeringen har gjennom en aktiv næringspolitikk jobbet målrettet for å styrke både privat sektor og arbeidsplasser over hele landet. Det er ikke tilfeldig at det går bra. Det er resultatet av en målrettet politikk som Arbeiderpartiet og Senterpartiet har ført.

For å sikre framtidens arbeidsplasser satser vi på kompetansebygging, forskning, utvikling og grønne industribedrifter. Vi har lagt fram en strategi – slik vi hørte om før her – for å øke FoU- investeringene i næringslivet, med et ambisiøst mål om å nå 3 pst. av brutto nasjonalprodukt innen 2030, der 2 pst. skal komme fra næringslivet selv. Samtidig har vi lansert en digitaliseringsstrategi som skal styrke både offentlig og privat sektor. Det handler om å øke innovasjonskraften og sikre et konkurransedyktig næringsliv.

Draghi-rapporten understreker viktigheten av en aktiv næringspolitikk, noe som er helt i tråd med regjeringens politikk. Vi har lenge sett verdien av en sterk, aktiv stat som legger til rette for grønn omstilling og økt konkurransekraft, og det er nettopp det vi leverer på nå.

Norge har en unik posisjon i Europa når det gjelder tilgang til kritiske ressurser som mineraler. Regjeringen har inngått viktige handelsavtaler med USA, EU og India som sikrer viktige verdikjeder for Europa. Vi er i gang med en offensiv mineralstrategi som skal styrke Norges posisjon og bidra til det grønne skiftet. Samtidig skal vi fortsette arbeidet med å ivareta norske arbeidsplasser i den omstillingen vi står framfor.

Norge er ved et vendepunkt, og prisveksten ser ut til å dempe seg. Samtidig har vi klart å holde sysselsettingen høy. 145 000 flere har kommet i arbeid siden vi kom i regjering, og de aller fleste i privat sektor. Vi har også klart noe som veldig få andre land kan skilte med, nemlig å holde arbeidsledigheten på et lavt nivå. Vår regjering har lagt vekt på trygg økonomisk styring for å få oss gjennom tøffe tider, for å sikre velferden og for å sikre at folk har en jobb å gå til. Veldig mye tyder på at denne politikken fungerer godt – en politikk som bidrar til å holde folk i arbeid, til flere arbeidsplasser og til en mer rettferdig fordeling som reduserer forskjeller mellom folk.

Helt i tråd med Draghi-rapporten skal vi fortsette å føre en aktiv næringspolitikk der staten har en aktiv rolle. Vi må fortsette å jobbe for å gjøre oss mindre avhengig av eksterne aktører som Kina, for viktige råvarer som mineraler. Næringsministeren er godt i gang med en egen industrimelding. Snart legger hun også fram Norges første gründermelding, som vi har store forventninger til.

Jobb til alle vil alltid være Arbeiderpartiets viktigste sak. Lønnsomme arbeidsplasser over hele landet er fundamentet for vår felles velferdsstat. Draghi-rapporten er relevant for Norge. Som vi hører fra næringsministeren, har regjeringen allerede tatt tak i mange av de utfordringene det blir pekt på.

Kari-Anne Jønnes (H) []: Takk til interpellanten for å sette et viktig tema på dagsordenen.

Norge er et lite land. Vi har mange fantastiske kunnskapsmiljøer, og vi har noen verdensledende. Som et lite land er vi sårbare. Vi må sørge for å bli best på noen områder, det er vi helt avhengig av. Vi må ha kritisk viktig kompetanse i Norge, men det er i samarbeid med EU vi kan sikre vår konkurransekraft og innovasjonsevne på mange områder.

Det er mulig å ha høye ambisjoner for forskning og høyere utdanning også i tider med stramme offentlige budsjetter. Det er viktigere enn noen gang, men det krever en regjering som evner å prioritere spiss, ikke bare bredde.

Vi ser at landene vi liker å sammenligne oss med, prioriterer forskning og kunnskap høyt. Norge vil sakke akterut som nasjon dersom vi ikke prioriterer forskning høyt nok. Det er forskning som skal gjøre det mulig for oss å dra nytte av våre naturgitte fortrinn, og det er forskning som skal gjøre det mulig for det internasjonalt konkurranseutsatte private næringslivet å fortsatt ha store industribedrifter i Norge.

Det er på tide å ta inn over seg konsekvensene av å nedprioritere kunnskap og forskning. Det konkurranseutsatte private næringslivet i Norge overlever bare fordi de er best. OECDs rapport viser fallende produktivitetsvekst i Norge. Nylig falt Norge til 21. plass på Global Innovation Index. Til sammenligning er Sverige på andreplass. Da trenger vi en regjering som tar næringslivet på alvor, og som prioriterer internasjonalt samarbeid høyt.

Det siste norsk næringsliv trenger, er skatter og avgifter som begrenser muligheten. Som politikere er det vår oppgave å legge til rette for at så mye som mulig av kunnskapen og forskningen vi har her i landet, kan omsettes til verdiskaping. Da kan vi ikke ha skatter som gjør det vanskelig å være gründer i Norge. Det betyr jo at vi bidrar helt fram til kunnskap, forskning og kompetanse er gryteklare næringsprosjekter – for så å bidra til at næringsutviklingen skjer et annet sted, et sted der det faktisk lønner seg. Det vil tappe Norge for folk, kunnskap, jobber og skatteinntekter. Det vil bidra til å begrense muligheten for ringvirkning og samskaping, for videre forskning og nye ideer.

Når landene rundt oss styrker forskningen og aktivt legger til rette for næringsutvikling og gründerskap, må vi følge med. Vi må henge med i den internasjonale utviklingen. Da blir prioritering viktigere enn det har vært tidligere. Vi kan ikke lenger investere like mye i alt. Nye initiativ kan ikke alltid følges av nye bevilgninger. Vi må i fellesskap være villig til å være tydelige på hva som er viktig, og hva vi kan gjøre mindre av.

Det å omsette forskning til verdiskaping er noe av det viktigste vi kan bidra til. I tillegg må vi prioritere å løfte norsk forskning og våre fremste kunnskapsmiljøer.

På rangeringer over internasjonalt anerkjente universiteter vokser Kina, Korea og India fram i hurtig tempo, og Japan har vært der lenge. Tyngdepunktet i verden endrer seg.

Norske forskningsmiljøer har en helt sentral rolle i å balansere tyngdepunktet på en god måte. Blant annet derfor er Høyre så tydelig på at vi ikke kan akseptere at forskningsmiljøene våre forvitrer. Vi må kraftsamle. Når tyngdepunktet endrer seg så tydelig som vi ser nå, bekrefter det betydningen av internasjonalt samarbeid for Norge. Vi må samarbeide nordisk og sammen sørge for å utvikle våre naturlige fortrinn og sterke fagmiljøer. Det er ikke folk nok til å utvikle parallelle kompetansemiljøer innenfor alle fagområder.

Vi må styrke vårt samarbeid med EU på så mange områder som mulig. Som nasjon er vi helt avhengig av tett samarbeid med EU på forsknings- og kunnskapsområdet. Norske forskningsmiljøer har hentet hjem EU-midler på et langt høyere nivå enn norske politikere hadde ambisjoner om. Det er derfor viktig å heve ambisjonsnivået og å investere i EU-programmene.

Svaret på om Draghi-rapporten er relevant for Norge, er derfor utvilsomt ja. Vi vil sakke akterut som nasjon om vi ikke evner å ta den på alvor. Forskning, gründerskap og næringsutvikling krever langsiktige og forutsigbare rammer, og det krever politikere som peker retning for deler av forskningen, men som er tydelige på at fri forskning er like viktig som før, for at vi skal løse utfordringene vi ikke kjenner ennå.

Det krever stor satsning på og nært samarbeid med EU. Den kunnskapen vi ikke kan ha i eget land, må vi sørge for at vi kan samarbeide om med våre gode naboer.

Sivert Bjørnstad (FrP) []: Det kommer mange viktige rapporter for tiden. Både Draghi-rapporten og Letta-rapporten, som kom noen uker før, og som handler om utviklingen i det indre markedet, er eksempler på det. Begge rapportene, og for så vidt også den generelle utviklingen i Europa, er viktige, uavhengig av hva man måtte mene om norsk EU-medlemskap. Også for oss som er ambivalente, er dette en viktig rapport og en viktig debatt, for den handler om hvordan vår verdensdel skal og bør utvikle seg de neste generasjonene. Europa er vår verdensdel, enten vi er medlem av EU eller ikke.

Direkte oversatt og uten alt snikksnakket – beklager den uparlamentariske språkbruken – så sier rapporten egentlig at Europa er dritten i midten mellom stormaktene Kina og USA, som står for litt forskjellige systemer og levesett, men som definitivt er de to store økonomiske stormaktene i verden.

Rapporten sier at den største utfordringen er å lukke innovasjonsgapet. De fleste komiteer og representanter på Stortinget er i USA kanskje én gang i perioden, og vi kan ikke unngå å bli imponert over den skaperkraften, entreprenørskapsånden, innovasjonsgleden og verdiskapingen som skjer i det landet. Til tross for alle problemene vi leser om og ser på nyhetene i forbindelse med det forestående valget i USA, er de fremst i verden på akkurat dette. Europa henger langt etter, dessverre.

Fire av de femti største tek-selskapene i verden er europeiske. Det er under 10 pst. Til tross for vår velstand og vår utvikling de siste hundre årene evner vi ikke å få fram de nye, store vinnerne blant selskapene i verden. Produktiviteten i Europa stopper opp, mens den har holdt større fart i USA. USA bruker bl.a. dobbelt så mye på forskning og utvikling innenfor kunstig intelligens som det Europa gjør. Der Europa er aller mest opptatt av reguleringer, er USA aller mest opptatt av utvikling. Dette er ikke mine ord, men Draghi sine ord.

Da jeg kom inn på Stortinget for en del år siden, ble vi fortalt av mange ulike miljøer, både her hjemme og ute, at USA kom til å få trøbbel på mange fronter fordi middelklassen ikke hadde hatt reallønnsvekst på mange tiår. Ifølge Draghi-rapporten har disponibel inntekt siden år 2000 vokst dobbelt så mye i USA som i EU. Vi europeere er fullstendig fraløpt.

Så er spørsmålet: Hva er løsningen? Draghi trekker opp noen linjer. Det første er å ikke smøre tynt utover. Vi må satse på det som vi vet fungerer, f.eks. MNT-fagene, matematikk, naturfag og teknologi. Vi må også satse på IKT og muliggjørende teknologier.

Mange av de samme problemene som Europa har, har også Norge. Siden forsknings- og høyere utdanningsministeren også er her, kan det jo være verdt å diskutere og tenke over, også for oss i Norge: Hvor mange greskmiljøer skal norske universiteter ha? Hvor mange tverrfaglige kjønnsforskningsmiljøer trenger vi ved norske universiteter? Vi må også kraftsamle innsatsen vår. For noen år siden hadde vi noe som het SAK-strategien i høyere utdanning – samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon. Jeg tror vi må tilbake dit for å få til den kraftsamlingen som trengs.

Draghi foreslår å doble det neste forsknings- og innovasjonsprogrammet i EU, det 10. rammeprogrammet, fra 100 til 200 mrd. euro. Det er sannsynligvis veldig lurt, og Norge må være med. Draghi sier videre at man må satse mer på ERC, Det europeiske forskningsrådet. De beste miljøene i Europa må altså styrkes. De verdensledende miljøene, fremragende institusjoner og fremragende forskning må honoreres i større grad enn det man gjør i dag. Igjen: Vi smører for tynt utover.

Selv om jeg mistenker at Venstre og representanten Bjørlo har en baktanke med denne interpellasjonen – å knytte det enda mer til et eventuelt norsk EU-medlemskap – er min oppfordring til hele det politiske spekteret, uavhengig av hva man måtte mene om norsk EU-medlemskap, at dette er viktige debatter vi må ta uansett. Dette kommer til å være viktig for Norge og Europa uavhengig av vår tilknytningsform til EU. Dette handler om framtiden til ikke bare Europa, men også til Norge.

Heidi Nordby Lunde (H) []: Først: Takk til representanten Bjørlo for å løfte debatten. Jeg er enig med forrige taler i at dette er en veldig viktig debatt for Norge, men mener at den ikke kan holdes uavhengig av et spørsmål om vår tilknytning til EU, for det er nettopp det som er kjernen her.

Jeg ønsker å understreke følgende: Norge, norsk industri og norske arbeidsplasser over hele landet er helt avhengig av at det europeiske fellesskapet, og deres 27 medlemsland, lykkes, for det er vårt nærmeste og viktigste marked. Det er en grunn til at Norge er med i EØS-samarbeidet. Det er en grunn til at all erfaring med og alle evalueringer av dette samarbeidet viser at mulighetene EØS-avtalen skaper for Norge, gir oss større økonomisk vekst og velferdsutvikling enn vi ville hatt om vi sto utenfor.

Likevel vil en regjeringspartner si opp Norges viktigste avtale. Da er det ikke betryggende å høre næringsministeren si at regjeringen er våken og følger nøye med. Det vil ikke holde over tid når EU nå går i gang med sine ambisiøse planer for fortsatt grønn omstilling, med styrking av både produktivitet og konkurransekraft som mål.

De investeringene og den regelverksutviklingen som Draghi foreslår i sin rapport, og som mest sannsynlig kommer tilbake i en modifisert form, vil Norge nå stå utenfor. Selv om vi knytter oss til de programmene som nå utgjør mer enn 100 tilleggsavtaler Norge må ha for å henge med og sikre våre interesser, er det ikke nok. Skal dette europeiske samarbeidet lykkes, må de europeiske landene samarbeide tettere og mer langsiktig, og det står Norge utenfor.

Da finanskomiteen nylig besøkte Singapore, ble vi utfordret i fire ulike møter med både norske eksportbedrifter og singaporske miljøer på hvordan Norge ville delta for å følge opp og være en del av framtidens Europa, nettopp på bakgrunn av Draghi-rapporten. Det var det egentlig ingen i komiteen som kunne svare godt på, men jeg skjønner at vi burde ha sagt at vi er våkne og vil følge med.

Litt av bakgrunnen for hvorfor Singapore er opptatt av EU, er at det europeiske fellesskapet nå er en trygg havn i en urolig verden, der økende polarisering, regionalisering og proteksjonisme og handelskrig setter små land som Norge og Singapore i skvis. Jeg tror ingen der ville ha tatt ordene om at Europa og EU er «dritten i midten» i sin munn. Tvert imot ser de på EU som det trygge fellesskapet av liberale demokratier som det fortsatt er godt å samarbeide med. Det er en grunn til at når Singapore innfører en grønn taksonomi, er den identisk med EUs. Det er for å sikre globale verdikjeder der EU er en global normgiver og pådriver.

Jeg hører næringsministeren si at ikke alle problemer i verden løses av skattelette. Det er jeg for så vidt enig i, men man trenger heller ikke å skape problemer gjennom å øke skatt på kunnskap, på arbeid – som arbeidsgiveravgiften – og på norsk eierskap gjennom både økt utbytteskatt og formuesskatt og å straffe gründere og entreprenører som skaper de arbeidsplassene vi skal leve av i framtiden. Når regjeringen ser resultatet av sin egen politikk, strammer de også inn exitskatten og skaper da en berlinmur for investeringer og utflyttinger som en motvekt til egen politikk.

Et av hovedpoengene til Draghi er at europeiske land bruker mye penger på å støtte både forskning, innovasjon og gründerskap, men at de taper bedriftene som dette skaper, ut av Europa – mange av dem til USA.

I Norge setter den norske regjeringen fart på akkurat den samme utviklingen gjennom uforutsigbare rammevilkår, økte skatter og manglende medvirkning til utviklingen av det Europa vi er en del av. Det er derfor jeg vil understreke at vi trenger et tettere og mer integrert samarbeid med EU. Det er ikke mulig å ha denne debatten uten å snakke om det og tro at vi kan stå utenfor, når vi ser at EU nå tar grep for å løse de utfordringene som de anerkjenner og har jobbet med i flere år. I tillegg må vi selvfølgelig, som flere har vært inne på, ha en økt norsk satsing på utdanning, forskning og utvikling.

Alfred Jens Bjørlo (V) []: La meg mest av alt få takke for ein veldig god interpellasjonsdebatt. Takk til alle som har teke ordet og bidrege i debatten. Det gjer at vi no faktisk er i gang med å snakke om oppfølging av Draghi-rapporten også i Noregs nasjonalforsamling på ein måte eg ikkje trur vi hadde fått til viss dette berre hadde vore ein del av ein større budsjettdebatt – som vi skal ha seinare i haust, der vi snakkar om neste år, 2025, og der det er krevjande å få den gode debatten om dei lange linjene.

For å driste meg til nokre svar, som iallfall eg har fått ut frå debatten i dag: Eit av dei spørsmåla eg stilte, var om Draghi-rapporten er relevant for Noreg. Det trur eg vi kan svare eit krystallklart ja på. Det er ingen som er ueinig i det i denne salen i dag.

I den offentlege debatten i Noreg har nokre vore frampå og spurt om vi treng ein norsk Draghi-rapport. Eg trur ikkje vi treng ein eigen rapport. Draghi-rapporten, det biletet den teiknar, og dei utfordringane den dreg opp, trur eg er så dekkjande også for Noreg og vår situasjon at vi neppe treng ein – kall det – norsk Draghi-rapport.

Det vi treng, er Draghi-handling og -oppfølging samt tempo i den oppfølginga, på same måte som EU og land i EU no gjer. Det handlar om at vi raskt må ta grep for å auke vår eiga sikkerheit og sjølvforsyning i eit europeisk perspektiv, i lag med resten av Europa. Då handlar det ikkje berre om at Noreg bak våre tollmurar skal vere sjølvforsynt med landbruksvarer, og at det er det beredskap handlar om. Dette beredskapsbiletet er veldig mykje breiare, og vi må gjere det saman med Norden og saman med Europa.

Det handlar om at vi må sikre at avkarboniseringa, kursen mot ei fossilfri verd og eit fossilfritt Europa, fortset på ein måte som styrkjer og held vår konkurransekraft oppe. Det betyr bl.a. ei storstilt satsing på fornybar energi og at vi jobbar saman i Europa om energipolitikken, ikkje lukkar Noreg inn i ei boble, slik enkelte parti – også i regjering – vil.

Mest av alt handlar det om at vi må jobbe beinhardt med å få fart på innovasjon og teknologiutvikling i Noreg. Det er her det hastar mest, det er her vi verkeleg må setje inn støyten. Det betyr at vi iallfall må sørgje for at alle ungdomar som no vil satse på realfag og teknologi, får sjansen til det. Det er ein jobb vi berre må gjere. Vi må sørgje for at framtidas nye bedrifter og selskap faktisk blir bygde i Noreg. Det næringslivs- og gründeropprøret som no er på gang på grunn av ein skattepolitikk som ikkje er tilpassa det framtidige næringslivet vi skal byggje, er alvorleg. Vi er nøydde til å få bedrifter og verdiskaping ut av den teknologirevolusjonen som er på gang, og så må vi sørgje for at forsking blir ein prioritet uansett – både privat og offentleg – i åra framover.

Statsråd Cecilie Myrseth []: Jeg merker at jeg ser fram til at de ulike alternative budsjettene kommer på bordet, så vi virkelig kan se prioriteringene i de ulike debattene, enten det er støtte til det ene eller det andre feltet, og også skattepolitikken, hvordan den slår inn.

La det ikke være noen tvil om én ting: EØS er vårt aller, aller viktigste marked, det er den aller viktigste handelsavtalen Norge har, og den følger vi opp også for å sikre norske interesser. Så tror jeg man skal være forsiktig med å kaste for mye stein i de ulike EU-debattene i de ulike leirene, for det kan oppstå mange runder.

Det er viktig å si at det Draghi-rapporten viser, er ikke særegne norske utfordringer. Den viser at vi er en del av Europa, og at vi har en del felles utfordringer som vi må ta tak i, både her hjemme og ikke minst i fellesskap med EU.

Jeg mener at vi uansett må kunne vise fram det vi får til i Norge. Det at det går godt, og også at Norge er et godt land både å skape bedrifter i og bo i, og hvor vi har små forskjeller. Det er verdier og ting vi får til i fellesskap som jeg er stolt over, og at vi har lav ledighet i den tiden som vi nå har gått igjennom, kommer ikke av seg selv. Det er ikke minst takket være partene i arbeidslivet.

Jeg vil advare mot å snakke ned våre egne miljøer. Det er ikke sånn at forskningsmiljøene i Norge forvitrer, som en av representantene her sa. Det gjør de ikke. Vi satser på forskning og utvikling, og det skal vi gjøre i tett samarbeid med næringslivet. Derfor har vi lagt fram politikk og strategier som vi skal jobbe for å gjennomføre sammen med forskningsmiljøene og sammen med næringslivet, i tett dialog med de andre europeiske landene, noe som er kjempeviktig. Vi jobber på mange områder nå. Alle departementene gjør det på ulike måter, og det er selvfølgelig viktig at denne politikken samsvarer.

Til slutt: Nå har Høyre allerede gått, men de hadde heller ingen løsninger å komme med. De har egentlig bare et bilde å vise av alt som ikke fungerer i Norge, og det bildet vil ikke jeg være med på å dele. Det er ikke sånn at bare man endrer skattene eller gjør at skatt man har tjent opp i Norge, også må betales, så vil alt gå så mye bedre. Man trenger en aktiv, helhetlig næringspolitikk, og det akter også regjeringen å føre.

Presidenten []: Debatten i sak nr. 2 er avsluttet.