Sak
nr. 2 [10:01:17]
Interpellasjon fra representanten
Alfred Jens Bjørlo til næringsministeren:
«EU-kommisjonen fekk nyleg overlevert Draghi-rapporten, som slår
alarm om Europa si manglande konkurransekraft og innovasjonsevne
samanlikna med Kina og USA. Rapporten foreslår felles strategiar
på EU-nivå for å møte dette, mellom anna ei kraftig auka satsing
på forsking og utvikling innan nøkkelteknologiar (KI, bioteknologi,
kvanteteknologi osv.).
Meiner statsråden Draghi-rapporten er relevant for Noreg, og
kva følger bør rapporten få for prioritering av og langsiktig satsing
på forsking og utvikling innan nøkkelteknologiar i Noreg?»
Alfred Jens Bjørlo (V) [10:02:04 ] : Det denne interpellasjonen
handlar om, er altså Draghi-rapporten, som EU-kommisjonen nyleg
fekk overlevert, og som kort oppsummert slår alarm om den manglande
konkurransekrafta og innovasjonsevna til Europa samanlikna med spesielt
Kina og USA.
Bakgrunnen, kort forklart: USA, Kina og mange
andre asiatiske land ligg no langt over Europa i investeringsnivå
til forsking, og gapet aukar. Kina har på berre ti år dobla andelen
av ungdom som tek høgare utdanning, frå 30 pst til 60 pst., og lanserte
nyleg ein plan for å gjere Kina til det dei kalla «leading education
center with global influence». Merk: Land som Kina set ikkje forsking
og høgare utdanning opp som ein salderingspost til fordel for forsvarsinvesteringar,
dei gjer begge delar fordi dette heng nært i lag for dei. Det handlar
om kven som skal ha det teknologiske overtaket i verda, og også
om kvar næringslivet i framtida skal blomstre og vekse. I ei verd
med aukande rivalisering mellom demokrati og diktatur blir kunnskap
og kompetanse like viktig som våpen og militærmakt i kappløpet om
makt over verdsordenen. I ei verd der nye, raskt framveksande og
samfunnsomformande teknologiar som kunstig intelligens, kvanteteknologi
og bioteknologi er drivarane for utvikling, betyr det noko kvar
dei nye bedriftene blir skapte, kvar talenta søkjer seg til, og
kva spelereglar som skal gjelde. Det er dette Mario Draghi kallar
ei eksistensiell utfordring for Europa. Det er dette som gjer at
Draghi-rapporten no tilrår ei kraftig opptrapping av satsinga på
forsking, på brei front i alle EU-land. Det er det som gjer at Draghi-rapporten
tilrår fleire og meir systematiske koplingar mellom akademia og
næringslivet, tettare kopling mellom utdannings- og forskingspolitikk,
næringspolitikk og sikkerheitspolitikk, og også ein meir koordinert
og felles nærings- og konkurransepolitikk i EU.
Til den som måtte tru at dette berre er fine
ord på eit papir som vil støve ned på ei hylle i Brussel-byråkratiet
– som vi vel alle kan vere einige om er stort nok, uansett om vi
er tilhengjarar eller motstandarar av EU – tru om igjen. Den svenske
regjeringa varsla nyleg at dei vil auke forskings- og innovasjonsbudsjettet
kraftig kvart år dei neste fire åra og kome opp på eit nivå i 2028
som er 6,5 mrd. svenske kroner høgare enn no. Finland er i gang med
eit tilsvarande løft og skal no løfte forskingsinnsatsen opp til
4 pst. av BNP og sørgje for ein massiv auke i utdanning av ungdom
og av doktorgradar. Tyskland lanserte førre månad eit nytt initiativ
for å reise 12 mrd. euro i risikokapital til rask skalering av nye
teknologibedrifter, og den nye EU-kommisjonen er rigga målretta for
å følgje opp Draghi-kommisjonen sin rapport, m.a. med ein ny kommissærpost
for «startups, research and innovation», altså gründerbedrifter,
forsking og innovasjon. Slik kunne eg ha halde fram, men poenget
bør vere tydeleg: Resten av Europa vaknar no. Noreg har ikkje vakna
enno.
I Noreg står ungdom i kø for å ta teknologiutdanning,
men studieplassane som skal matche interessa, finst ikkje. I Noreg
er forskingsfinansiering for tida ein salderingspost i statsbudsjetta.
Diskusjonen som no går føre seg etter framlegginga av neste års
statsbudsjett, handlar ikkje om kor stor veksten blir, men om det
er ein reell nedgang i løyvingane til universitet og forsking, eller
om det berre er eit teknisk grep og at dei i realiteten står ca.
på staden kvil. I Noreg er vi snart den siste skansen i Europa som
enno har særskatt på nasjonalt eigarskap av bedrifter versus utanlandsk
eigarskap, ein særskatt som er dobla av dagens regjering på tre
år. Vi har fått ein skattepolitikk som først jagar nye teknologiselskap
og investorar ut av landet gjennom skjerpa skattlegging og fiendtleg
retorikk, for deretter å prøve å sperre dei inne gjennom ein ny
exitskatt med tilbakeverkande kraft, med eit stadig veksande gründeropprør
landet rundt som resultat. Noreg fall nyleg ut av topp 20-lista over
verdas mest innovative land. Sist veke kom den årlege rangeringa
av verdas beste universitet og høgskular. Ho syner at Noreg er på
jumboplassen i Norden, samtidig som stadig fleire universitet frå
Kina og andre land utanfor Europa kjem inn på lista.
Kva er så svaret til regjeringa? Jo, det er
at Noreg går så det susar. Investeringane er rekordhøge. Arbeidsløysa er
rekordlåg. Eksporten veks. Ja, det er sant, men det fortel veldig
mykje om notida – ei tid der vi lever på den siste og til alt overmål
største petroleumsbølgja – og seier veldig lite om framtida. Det
er framtida Draghi-rapporten handlar om, om korleis teknologi, utdanning
og forsking, innovasjonspolitikk og sikkerheitspolitikk vil hengje
mykje tettare saman, og om korleis vi som samfunn er nøydde til
å snu oss om for å møte det. Det er temaet for interpellasjonen
min her i dag.
Statsråd Cecilie Myrseth [10:07:16 ] : Jeg vil takke interpellanten
for interpellasjonen og for temaet. Jeg kan i hvert fall med en
gang opplyse om og si at vi i Norge er våkne. Representanten Alfred
Bjørlo spør altså om rapporten er relevant for Norge. Det er den
helt åpenbart. Draghi-rapporten handler om europeisk konkurransekraft
og hvordan Europa kan styrke sin globale posisjon i møte med økende
konkurranse og geopolitiske utfordringer. Det er utfordringer som
selvsagt også er sentrale for Norge, og som regjeringen er opptatt
av.
Jeg må understreke at rapporten er ett av flere
kunnskapsgrunnlag som Europas politikere og institusjoner nå kommer
til å bruke som utgangspunkt for utformingen av sin politikk. Den
kommende Europakommisjonen vil også legge fram sine vurderinger
og forslag i tiden som kommer. Vi må selvfølgelig følge nøye med
på det og på andre rapporter som påvirker politikk og ikke minst
regelverksutvikling i EU framover. Vi vil selvfølgelig også koble
oss på dette arbeidet i EØS-sammenheng og gjennom de kontaktflatene
vi har med EU.
Flere av de utfordringene som omtales i Draghi-rapporten,
er også belyst i perspektivmeldingen, som ble lagt fram i august.
Der vises det også til at produktivitetsnivået i Norge er høyt sammenlignet
med andre land, men at veksten i produktivitet både her hjemme og
i sammenlignbare land har gått ned de siste årene. Vi må derfor
fokusere sterkt på produktivitetsutviklingen framover.
Mitt utgangspunkt er klart: Norge er et land
i Europa, og vi må samarbeide der vi har felles interesser med EU.
Det gjelder ikke minst på områder hvor norsk næringsliv ser gode
muligheter for å skape lønnsomme arbeidsplasser og utvikling av
et konkurransekraftig og bærekraftig næringsliv. Som et ledd i det
har regjeringen også signert strategisk industripartnerskap både
med EU og med enkeltland som Tyskland, Frankrike, Sverige og Danmark,
og vi har også etablert en grønn allianse mellom Norge og EU, noe
som skal bidra til en felles innsats for den grønne omstillingen
vi står midt oppe i.
Draghi, men også den norske regjeringen er
opptatt av å avkarbonisere på en måte som også gir næringslivet bedre
konkurransekraft. For å sikre det er CBAM viktig. Derfor går også
regjeringen inn for at CBAM-forordningen skal innføres i Norge.
Draghi er også opptatt av å redusere sårbarheter i verdikjedene.
Norge har nylig signert en samarbeidsavtale med USA om kritiske
mineraler. Rett etter denne interpellasjonen drar jeg til USA, hvor
jeg skal møte amerikanske myndigheter og næringsliv for bl.a. å
diskutere hvordan denne avtalen kan bidra til høyere arbeids- og
miljøstandarder og sikkerhet i verdikjedene til kritiske mineraler.
I en urolig verden, og i en verden som stadig
er i endring, er det behov for kontinuerlig å vurdere hvordan nærings-
og industripolitikken kan tilpasses nye muligheter og utfordringer
best mulig. Derfor har regjeringen satt i gang arbeidet med en ny
industrimelding, for å få fram ny, riktig industripolitikk. I meldingen
vil vi bl.a. forankre en felles forståelse av hvilke utfordringer
og muligheter norsk industri står overfor.
Draghi-rapporten trekker fram kunnskap og kompetanseutvikling
som vesentlige faktorer for å styrke konkurransekraften. Regjeringen
har lagt fram langtidsplanen for forskning og høyere utdanning,
som inneholder høye ambisjoner for digitalisering, datainfrastruktur
og datahåndtering på områder som bl.a. kunstig intelligens, kvanteteknologi
og nevroteknologi, og vi har også økt forskningsinnsatsen på feltet
kunstig intelligens med minst 1 mrd. kr over de neste årene. Vi
er også i gang med arbeidet med den første gründermeldingen i Norge,
som jeg vet at det er mange som venter på. Vi gjør mye.
Jeg er veldig glad for at min kollega forsknings-
og høyere utdanningsministeren også er til stede og kan belyse saken
enda mer.
Alt dette viser at Draghi-rapporten er relevant
for Norge. Regjeringen er fullt i gang med å adressere mange av
de utfordringene som det pekes på, og det vil vi fortsette å gjøre,
i nært samarbeid med både EU og andre land.
Statsråd Oddmund Hoel [10:12:29 ] : Dette hadde eg òg lyst
til å vere med på som forskings- og høgare utdanningsminister. Draghi-rapporten
er studert med stor interesse òg i Kunnskapsdepartementet. Her svarer næringsministeren
på vegner av regjeringa, men eg vil veldig gjerne supplere med nokre
ord som særskilt gjeld forsking og utvikling og høgare utdanning.
Eg konstaterer at rapporten er lesen og blir
flittig kommentert og brukt i debatten om forsking og høgare utdanning
av representantar frå kunnskapssektoren. Det er svært gledeleg,
for det er ein rapport som fortener merksemd og debatt.
Rapporten tek, som interpellanten har sagt,
til orde for ein kraftig auke i finansieringa av forsking og innovasjon
og kritiserer i ganske klare ordelag det noverande rammeprogrammet
til EU, Horisont Europa, for å vere for byråkratisk.
Fleire av framlegga i Draghi-rapporten er i
tråd med regjeringas innspel til det neste rammeprogrammet for forsking
og innovasjon, det nye FP10, og innspela våre til neste Erasmus+-program.
Me er fullt med i begge delar og i det europeiske forskingsområdet.
Det vil vere veldig positivt dersom EU-landa er villige til å styrkje
forskingsfinansieringa, både si eiga i dei nasjonale budsjetta og
det som går gjennom Det europeiske forskingsrådet og Horisont Europa.
Noreg er godt rusta. Norske forskingsmiljø lukkast i stadig større
grad på dei europeiske konkurransearenaane, som Horisont Europa
og ERC, Det europeiske forskingsrådet.
Fleire har òg merka seg at rapporten ønskjer
å styrkje grunnforskinga i Europa kraftig for å knappe inn på forspranget
som USA og Kina har fått. Det er eit syn eg for min del er einig
i. Her satsar regjeringa framleis tungt på grunnforskingstiltak
som Senter for framifrå forsking. Det var elles noko sentrumsregjeringa
i si tid tok initiativet til, då me sat i regjering saman med representanten
Bjørlos parti. Me har satsa vidare på FRIPRO-ordninga, altså den
forskarstyrte forskinga. Me gjekk inn med 1,6 mrd. kr ekstra for
to år sidan, då Forskingsrådet var kome i eit økonomisk uføre. Me
har satsa tungt på grunnforsking, og framover kjem me òg til å måtte
satse tyngre på infrastruktur, som blir meir og meir kostbar for
forskinga.
Når det gjeld grunnforsking, vil eg understreke
at rapporten framfor alt framhevar at ein må knyte grunnforskinga
ved universiteta tettare til næringslivet, til verdiskaping og til
auka konkurransekraft. Her har me ein veg å gå. Norske universitet
har blitt meir næringsretta. Det er ei positiv utvikling på gang,
men her er det meir som må gjerast. Dette er òg snakk om eit kulturspørsmål i
akademia, men me er veldig positive til det.
Noreg kjem godt ut på mange av parametrane
når det gjeld offentleg finansiering av forsking og utdanning, og
det bildet interpellanten har gjeve, vil eg seie krev veldig kraftige
modifikasjonar.
I OECD-samanheng har me svært høg kapasitet
i høgare utdanning. Det blei sagt at Kina nærmar seg 60 pst., opp
frå 30 pst., av unge som tek høgare utdanning. Me er alt oppe på
at 55 pst. av dei unge årskulla no tek høgare utdanning, så sannsynlegvis
er me der me bør vere når det gjeld totalkapasiteten. Me skal ha
folk som driv med andre ting i samfunnet òg, men me må fortsetje
diskusjonen om korleis me innrettar og prioriterer innanfor høgare
utdanning.
Få land bruker meir offentlege pengar enn oss
på høgare utdanning og forsking. Når det gjeld den samla finansieringa
av høgare utdanning, trur eg det for vår del er slik at den offentlege
finansieringa utgjer den største delen av kaka i heile OECD-området.
Me ligg i toppsjiktet når det gjeld kor mykje offentlege pengar
me bruker både på høgare utdanning og på forsking.
Det er annleis med den private finansieringa.
Den må bli betre. Difor har me i år kome med strategien for å auke
næringslivets investeringar i FoU, forsking og utvikling, og ei
rekkje tiltak for å styrkje forskingskompetansen og gjere verkemidla
meir effektive. Der må me forsetje arbeidet med full kraft.
Alfred Jens Bjørlo (V) [10:17:49 ] : Eg takkar for svara, og
eg har lyst til å gje regjeringa honnør for å stille ikkje berre
med ein statsråd, men faktisk to statsrådar for å svare og delta
i debatten her i dag. Det synest eg er bra, og det illustrerer nettopp
det som er hovudpoenget mitt med å reise denne saka på Stortinget,
nemleg at vi er nøydde til å få til meir sektoroverskridande politikkutvikling
viss vi skal møte dei utfordringane som Draghi-rapporten koplar
på, ikkje minst gjennom ansvarsområda til dei to statsrådane som
no har hatt ordet. Det synest eg er veldig bra.
Det er òg rett, som både statsråd Myrseth og
statsråd Hoel er inne på, at Draghi-rapporten ikkje akkurat er nokon
hyllest av EU og måten EU har jobba med forskings- og næringspolitikk
på i dag. Heller ikkje for oss er dette ein rapport som snakkar
om kor fantastisk EU har jobba med desse sakene over lang tid. Tvert
imot, det er ei ganske intens sjølvransaking på at her er Europa kome
bakpå i forhold til utviklinga som skjer i heile verda rundt oss.
Det er eigentleg det som er mitt hovudpoeng med denne interpellasjonen
i dag: Den erkjenninga er no i ferd med å søkkje ned i EU, både
i EU på eit overordna nivå og i mange EU-land, som dermed no gjer større
konkrete grep for å endre og rigge om både sin høgare utdannings-
og forskingspolitikk og sin næringspolitikk, og få dette til å hengje
mykje tettare saman.
Når statsråd Myrseth snakkar om at vi er nøydde
til å samarbeide meir med EU framover, og viser til at ein no etter
veldig lang tid omsider har godkjent CBAM osv., er det veldig bra,
men vi kjem til å måtte vere mykje tettare på i tida framover. Vi
har enno eit etterslep på viktige strategiske samarbeidsområde med
EU, eksempelvis energidirektiva, som vi ikkje er om bord på, og
ikkje minst den store utfordringa vi har i at EU i stadig større grad
jobbar med overordna strategiar som ikkje treffer rammene for og
måten EØS-avtalen er sydd saman på, som handlar om enkeltdirektiv.
Det har eg lyst til å utfordre statsråd Myrseth på: Korleis skal
vi faktisk greie å vere tettare på i næringspolitikken når EU i
større og større grad jobbar med sektorovergripande strategiar som
vi må vere med på, også når dei strategisk tangerer eksempelvis
sikkerheitspolitikk og andre område der vi ikkje er ein del av EUs
union.
Til statsråd Hoel – eg har lyst til å utfordre,
viss han skal ha ordet etterpå no òg: Kva tenkjer statsråd Hoel
om den oppskaleringa Sverige og Finland no gjer på forsking kontra
tempoet i den norske forskingsomstillinga?
Statsråd Cecilie Myrseth [10:21:08 ] : Jeg synes det er veldig
mange viktige og kloke betraktninger som blir tatt opp. Mye av dette
er vi nok også enige om, og det er at vi må være med på den utviklingen
som skjer, og ikke minst at vi må ta den utviklingen vi ser, på
alvor. Det må vi selvsagt gjøre. Vi gjør veldig mye bra i Norge.
Vi satser på mange, mange områder, men vi lever i den verdenen vi
lever i. De tallene man ser for framtiden, også når det kommer rapporter
og kunnskap på bordet, skal vi selvfølgelig ta med oss i all form
for politikkutvikling.
Det er ingen tvil om at næringspolitikk og
forskning og utvikling henger veldig tett sammen. Noe av det første
som ble gjort idet jeg ble næringsminister, var at jeg sammen med
statsråd Hoel la fram en strategi for å øke næringslivets investeringer
i forskning og utvikling. Jeg skal ikke ta på meg æren for at den
ble skrevet – det gikk jo ikke på et par dager – men den strategien
er kjempeviktig. Et av hovedmålene der er ambisiøst og er også det samme
som i EU, dvs. at 3 pst. av BNP skal gå til dette, og at 2 pst.
av det skal være innenfor næringslivet. Det er viktig å få opp FoU
i næringslivet selv, skal vi nå de målene.
Det er også viktig at vi har en aktiv næringspolitikk, og
at vi har virkemidler som kan følge opp. Her er det jo ikke politisk
uenighet om at man i det hele tatt skal ha politiske virkemidler,
næringsvirkemidler, for at vi som fellesskap skal stille opp og
bidra. Vi mener det er viktig at vi gjør nettopp det. Ta f.eks.
Innovasjon Norge, hvor gründerbedrifter får god støtte. I fjor var
det vel rundt 1 900 virksomheter som fikk støtte gjennom ordninger fra
Innovasjon Norge, og vi har styrket de ordningene også i årets budsjett.
Vi har, som jeg har nevnt, mange viktige arbeider som
skal legges fram, viktig politikk som nå utvikles, og som selvfølgelig
må ses i en helhet. Det gjelder alt fra digitaliseringsstrategien,
arbeidet som er på statsråd Hoel sitt felt, til det vi gjør på gründer-
og industrifeltet. Vi skal legge fram en stortingsmelding om handel
og den globale verdenen vi nå lever i, som også henger sammen med
dette, og et veikart for teknologibasert næringsliv.
Poenget mitt er at all politikk som nå utformes,
selvsagt må henge sammen. Alt henger sammen med alt, som Gro brukte
å si. Ikke minst er det relevant når vi lever i en tid som nå.
Så er det ikke sånn at alle utfordringer i
verden kan løses med å fjerne skatt på aksjer.
Statsråd Oddmund Hoel [10:24:14 ] : Eg blei direkte utfordra
av representanten Bjørlo om satsingane til Finland og Sverige –
og for så vidt andre europeiske land. Det er svært, svært gledeleg
at det har kome så tydelege signal frå Finland og Sverige om at
ein ønskjer å satse meir offentlege pengar på forsking og utvikling. Det
legg me til grunn at òg blir følgt opp i dei årlege statsbudsjetta
som kjem frå Sverige, Finland og dei andre.
Samtidig skal me ikkje skjemmast av den offentlege finansieringa
som me i mange, mange år har brukt på norsk forsking og utvikling.
Me ligg veldig høgt i OECD-samanheng på den offentlege finansieringa
av forsking og utvikling, og dette har det vore tverrpolitisk einigheit om
i denne salen gjennom mange år. Det skal me ikkje skjemmast over;
det skal me vere stolte av. Det skal me føre vidare, og det gjer
me i statsbudsjettet i år. Det har kome nokre overskrifter om ein
realnedgang på nokre prosent. Då vil me understreke: Det er reint
teknisk fordi kontingenten vår til Horisont Europa har gått ned
av valutaårsaker og nokre BNP-justeringar, og me har gått over til
ein ny budsjettmodell i Forskingsrådet. Aktiviteten i norsk forsking
blir ført vidare på same høge nivå.
Der me har meir å hente, og mykje å hente,
er det som næringsministeren nettopp understreka: den private finansieringa
av forskinga. Der ligg me altfor lågt i OECD-samanheng og europeisk
samanheng. Det er den som verkeleg må løftast. Der er me veldig
godt i gang og tek nokre krafttak gjennom strategien for å auke
næringslivet si finansiering av forsking og utvikling.
Eg vil òg understreke at Draghi-rapporten legg
til grunn at Europa må styrkje konkurransekrafta primært mot Kina
og USA. USA er vår viktigaste allierte. Storbritannia er blant våre
viktigaste allierte som står utanfor EU. USA og Storbritannia er
òg nokre av våre aller viktigaste forskingspartnarar. Det legg me
til grunn at skal fortsetje. Me skal framleis styrkje samarbeidet
med dei europeiske landa, men me skal òg gå vidare og styrkje samarbeidet
med USA og Storbritannia innanfor forsking. Det er i våre nasjonale
interesser og i våre sterke forskingsinteresser. Me ønskjer òg å
utvikle det nordiske samarbeidet vidare. Som eit eksempel skal eg
no på fredag til Göteborg på ein felles nordisk konferanse med representasjon
på politisk nivå om kvanteteknologi. Me må samarbeide på ei rekkje
nivå.
Rune Støstad (A) [10:27:34 ] : Takk til representanten Bjørlo
for å ta opp et viktig tema om norsk næringsliv og vår framtidige
konkurransekraft. Draghi-rapporten peker på en rekke utfordringer
som også er svært relevante for Norge. Den understreker behovet
for grønn omstilling og økt innovasjon og konkurransekraft i Europa.
Jeg mener vi står godt rustet til å møte de utfordringene, takket
være en aktiv politikk som setter folk og arbeidsplasser først.
Til tross for krevende tider med pandemi, krig
i Europa og høy inflasjon går det godt i norsk næringsliv. Regjeringen
har gjennom en aktiv næringspolitikk jobbet målrettet for å styrke
både privat sektor og arbeidsplasser over hele landet. Det er ikke
tilfeldig at det går bra. Det er resultatet av en målrettet politikk
som Arbeiderpartiet og Senterpartiet har ført.
For å sikre framtidens arbeidsplasser satser
vi på kompetansebygging, forskning, utvikling og grønne industribedrifter.
Vi har lagt fram en strategi – slik vi hørte om før her – for å
øke FoU- investeringene i næringslivet, med et ambisiøst mål om
å nå 3 pst. av brutto nasjonalprodukt innen 2030, der 2 pst. skal
komme fra næringslivet selv. Samtidig har vi lansert en digitaliseringsstrategi
som skal styrke både offentlig og privat sektor. Det handler om
å øke innovasjonskraften og sikre et konkurransedyktig næringsliv.
Draghi-rapporten understreker viktigheten av
en aktiv næringspolitikk, noe som er helt i tråd med regjeringens
politikk. Vi har lenge sett verdien av en sterk, aktiv stat som
legger til rette for grønn omstilling og økt konkurransekraft, og
det er nettopp det vi leverer på nå.
Norge har en unik posisjon i Europa når det
gjelder tilgang til kritiske ressurser som mineraler. Regjeringen har
inngått viktige handelsavtaler med USA, EU og India som sikrer viktige
verdikjeder for Europa. Vi er i gang med en offensiv mineralstrategi
som skal styrke Norges posisjon og bidra til det grønne skiftet.
Samtidig skal vi fortsette arbeidet med å ivareta norske arbeidsplasser
i den omstillingen vi står framfor.
Norge er ved et vendepunkt, og prisveksten
ser ut til å dempe seg. Samtidig har vi klart å holde sysselsettingen
høy. 145 000 flere har kommet i arbeid siden vi kom i regjering,
og de aller fleste i privat sektor. Vi har også klart noe som veldig
få andre land kan skilte med, nemlig å holde arbeidsledigheten på
et lavt nivå. Vår regjering har lagt vekt på trygg økonomisk styring
for å få oss gjennom tøffe tider, for å sikre velferden og for å
sikre at folk har en jobb å gå til. Veldig mye tyder på at denne
politikken fungerer godt – en politikk som bidrar til å holde folk
i arbeid, til flere arbeidsplasser og til en mer rettferdig fordeling
som reduserer forskjeller mellom folk.
Helt i tråd med Draghi-rapporten skal vi fortsette
å føre en aktiv næringspolitikk der staten har en aktiv rolle. Vi
må fortsette å jobbe for å gjøre oss mindre avhengig av eksterne
aktører som Kina, for viktige råvarer som mineraler. Næringsministeren
er godt i gang med en egen industrimelding. Snart legger hun også
fram Norges første gründermelding, som vi har store forventninger
til.
Jobb til alle vil alltid være Arbeiderpartiets
viktigste sak. Lønnsomme arbeidsplasser over hele landet er fundamentet
for vår felles velferdsstat. Draghi-rapporten er relevant for Norge.
Som vi hører fra næringsministeren, har regjeringen allerede tatt
tak i mange av de utfordringene det blir pekt på.
Kari-Anne Jønnes (H) [10:32:15 ] : Takk til interpellanten
for å sette et viktig tema på dagsordenen.
Norge er et lite land. Vi har mange fantastiske
kunnskapsmiljøer, og vi har noen verdensledende. Som et lite land
er vi sårbare. Vi må sørge for å bli best på noen områder, det er
vi helt avhengig av. Vi må ha kritisk viktig kompetanse i Norge,
men det er i samarbeid med EU vi kan sikre vår konkurransekraft
og innovasjonsevne på mange områder.
Det er mulig å ha høye ambisjoner for forskning
og høyere utdanning også i tider med stramme offentlige budsjetter.
Det er viktigere enn noen gang, men det krever en regjering som
evner å prioritere spiss, ikke bare bredde.
Vi ser at landene vi liker å sammenligne oss
med, prioriterer forskning og kunnskap høyt. Norge vil sakke akterut
som nasjon dersom vi ikke prioriterer forskning høyt nok. Det er
forskning som skal gjøre det mulig for oss å dra nytte av våre naturgitte
fortrinn, og det er forskning som skal gjøre det mulig for det internasjonalt konkurranseutsatte
private næringslivet å fortsatt ha store industribedrifter i Norge.
Det er på tide å ta inn over seg konsekvensene
av å nedprioritere kunnskap og forskning. Det konkurranseutsatte
private næringslivet i Norge overlever bare fordi de er best. OECDs
rapport viser fallende produktivitetsvekst i Norge. Nylig falt Norge
til 21. plass på Global Innovation Index. Til sammenligning er Sverige
på andreplass. Da trenger vi en regjering som tar næringslivet på
alvor, og som prioriterer internasjonalt samarbeid høyt.
Det siste norsk næringsliv trenger, er skatter
og avgifter som begrenser muligheten. Som politikere er det vår
oppgave å legge til rette for at så mye som mulig av kunnskapen
og forskningen vi har her i landet, kan omsettes til verdiskaping.
Da kan vi ikke ha skatter som gjør det vanskelig å være gründer
i Norge. Det betyr jo at vi bidrar helt fram til kunnskap, forskning
og kompetanse er gryteklare næringsprosjekter – for så å bidra til
at næringsutviklingen skjer et annet sted, et sted der det faktisk
lønner seg. Det vil tappe Norge for folk, kunnskap, jobber og skatteinntekter.
Det vil bidra til å begrense muligheten for ringvirkning og samskaping,
for videre forskning og nye ideer.
Når landene rundt oss styrker forskningen og
aktivt legger til rette for næringsutvikling og gründerskap, må vi
følge med. Vi må henge med i den internasjonale utviklingen. Da
blir prioritering viktigere enn det har vært tidligere. Vi kan ikke
lenger investere like mye i alt. Nye initiativ kan ikke alltid følges
av nye bevilgninger. Vi må i fellesskap være villig til å være tydelige
på hva som er viktig, og hva vi kan gjøre mindre av.
Det å omsette forskning til verdiskaping er
noe av det viktigste vi kan bidra til. I tillegg må vi prioritere
å løfte norsk forskning og våre fremste kunnskapsmiljøer.
På rangeringer over internasjonalt anerkjente
universiteter vokser Kina, Korea og India fram i hurtig tempo, og
Japan har vært der lenge. Tyngdepunktet i verden endrer seg.
Norske forskningsmiljøer har en helt sentral
rolle i å balansere tyngdepunktet på en god måte. Blant annet derfor
er Høyre så tydelig på at vi ikke kan akseptere at forskningsmiljøene
våre forvitrer. Vi må kraftsamle. Når tyngdepunktet endrer seg så
tydelig som vi ser nå, bekrefter det betydningen av internasjonalt
samarbeid for Norge. Vi må samarbeide nordisk og sammen sørge for å
utvikle våre naturlige fortrinn og sterke fagmiljøer. Det er ikke
folk nok til å utvikle parallelle kompetansemiljøer innenfor alle
fagområder.
Vi må styrke vårt samarbeid med EU på så mange områder
som mulig. Som nasjon er vi helt avhengig av tett samarbeid med
EU på forsknings- og kunnskapsområdet. Norske forskningsmiljøer
har hentet hjem EU-midler på et langt høyere nivå enn norske politikere hadde
ambisjoner om. Det er derfor viktig å heve ambisjonsnivået og å
investere i EU-programmene.
Svaret på om Draghi-rapporten er relevant for
Norge, er derfor utvilsomt ja. Vi vil sakke akterut som nasjon om
vi ikke evner å ta den på alvor. Forskning, gründerskap og næringsutvikling
krever langsiktige og forutsigbare rammer, og det krever politikere
som peker retning for deler av forskningen, men som er tydelige
på at fri forskning er like viktig som før, for at vi skal løse
utfordringene vi ikke kjenner ennå.
Det krever stor satsning på og nært samarbeid
med EU. Den kunnskapen vi ikke kan ha i eget land, må vi sørge for
at vi kan samarbeide om med våre gode naboer.
Sivert Bjørnstad (FrP) [10:37:16 ] : Det kommer mange viktige
rapporter for tiden. Både Draghi-rapporten og Letta-rapporten, som
kom noen uker før, og som handler om utviklingen i det indre markedet,
er eksempler på det. Begge rapportene, og for så vidt også den generelle
utviklingen i Europa, er viktige, uavhengig av hva man måtte mene
om norsk EU-medlemskap. Også for oss som er ambivalente, er dette
en viktig rapport og en viktig debatt, for den handler om hvordan
vår verdensdel skal og bør utvikle seg de neste generasjonene. Europa
er vår verdensdel, enten vi er medlem av EU eller ikke.
Direkte oversatt og uten alt snikksnakket –
beklager den uparlamentariske språkbruken – så sier rapporten egentlig
at Europa er dritten i midten mellom stormaktene Kina og USA, som
står for litt forskjellige systemer og levesett, men som definitivt
er de to store økonomiske stormaktene i verden.
Rapporten sier at den største utfordringen
er å lukke innovasjonsgapet. De fleste komiteer og representanter på
Stortinget er i USA kanskje én gang i perioden, og vi kan ikke unngå
å bli imponert over den skaperkraften, entreprenørskapsånden, innovasjonsgleden
og verdiskapingen som skjer i det landet. Til tross for alle problemene
vi leser om og ser på nyhetene i forbindelse med det forestående
valget i USA, er de fremst i verden på akkurat dette. Europa henger
langt etter, dessverre.
Fire av de femti største tek-selskapene i verden
er europeiske. Det er under 10 pst. Til tross for vår velstand og
vår utvikling de siste hundre årene evner vi ikke å få fram de nye,
store vinnerne blant selskapene i verden. Produktiviteten i Europa
stopper opp, mens den har holdt større fart i USA. USA bruker bl.a.
dobbelt så mye på forskning og utvikling innenfor kunstig intelligens som
det Europa gjør. Der Europa er aller mest opptatt av reguleringer,
er USA aller mest opptatt av utvikling. Dette er ikke mine ord,
men Draghi sine ord.
Da jeg kom inn på Stortinget for en del år
siden, ble vi fortalt av mange ulike miljøer, både her hjemme og ute,
at USA kom til å få trøbbel på mange fronter fordi middelklassen
ikke hadde hatt reallønnsvekst på mange tiår. Ifølge Draghi-rapporten
har disponibel inntekt siden år 2000 vokst dobbelt så mye i USA
som i EU. Vi europeere er fullstendig fraløpt.
Så er spørsmålet: Hva er løsningen? Draghi
trekker opp noen linjer. Det første er å ikke smøre tynt utover. Vi
må satse på det som vi vet fungerer, f.eks. MNT-fagene, matematikk,
naturfag og teknologi. Vi må også satse på IKT og muliggjørende
teknologier.
Mange av de samme problemene som Europa har, har
også Norge. Siden forsknings- og høyere utdanningsministeren også
er her, kan det jo være verdt å diskutere og tenke over, også for
oss i Norge: Hvor mange greskmiljøer skal norske universiteter ha?
Hvor mange tverrfaglige kjønnsforskningsmiljøer trenger vi ved norske
universiteter? Vi må også kraftsamle innsatsen vår. For noen år
siden hadde vi noe som het SAK-strategien i høyere utdanning – samarbeid,
arbeidsdeling og konsentrasjon. Jeg tror vi må tilbake dit for å
få til den kraftsamlingen som trengs.
Draghi foreslår å doble det neste forsknings-
og innovasjonsprogrammet i EU, det 10. rammeprogrammet, fra 100
til 200 mrd. euro. Det er sannsynligvis veldig lurt, og Norge må
være med. Draghi sier videre at man må satse mer på ERC, Det europeiske
forskningsrådet. De beste miljøene i Europa må altså styrkes. De
verdensledende miljøene, fremragende institusjoner og fremragende
forskning må honoreres i større grad enn det man gjør i dag. Igjen:
Vi smører for tynt utover.
Selv om jeg mistenker at Venstre og representanten Bjørlo
har en baktanke med denne interpellasjonen – å knytte det enda mer
til et eventuelt norsk EU-medlemskap – er min oppfordring til hele
det politiske spekteret, uavhengig av hva man måtte mene om norsk
EU-medlemskap, at dette er viktige debatter vi må ta uansett. Dette
kommer til å være viktig for Norge og Europa uavhengig av vår tilknytningsform
til EU. Dette handler om framtiden til ikke bare Europa, men også
til Norge.
Heidi Nordby Lunde (H) [10:42:26 ] : Først: Takk til representanten
Bjørlo for å løfte debatten. Jeg er enig med forrige taler i at
dette er en veldig viktig debatt for Norge, men mener at den ikke
kan holdes uavhengig av et spørsmål om vår tilknytning til EU, for
det er nettopp det som er kjernen her.
Jeg ønsker å understreke følgende: Norge, norsk
industri og norske arbeidsplasser over hele landet er helt avhengig
av at det europeiske fellesskapet, og deres 27 medlemsland, lykkes,
for det er vårt nærmeste og viktigste marked. Det er en grunn til
at Norge er med i EØS-samarbeidet. Det er en grunn til at all erfaring
med og alle evalueringer av dette samarbeidet viser at mulighetene
EØS-avtalen skaper for Norge, gir oss større økonomisk vekst og
velferdsutvikling enn vi ville hatt om vi sto utenfor.
Likevel vil en regjeringspartner si opp Norges
viktigste avtale. Da er det ikke betryggende å høre næringsministeren
si at regjeringen er våken og følger nøye med. Det vil ikke holde
over tid når EU nå går i gang med sine ambisiøse planer for fortsatt
grønn omstilling, med styrking av både produktivitet og konkurransekraft
som mål.
De investeringene og den regelverksutviklingen som
Draghi foreslår i sin rapport, og som mest sannsynlig kommer tilbake
i en modifisert form, vil Norge nå stå utenfor. Selv om vi knytter
oss til de programmene som nå utgjør mer enn 100 tilleggsavtaler
Norge må ha for å henge med og sikre våre interesser, er det ikke
nok. Skal dette europeiske samarbeidet lykkes, må de europeiske landene
samarbeide tettere og mer langsiktig, og det står Norge utenfor.
Da finanskomiteen nylig besøkte Singapore,
ble vi utfordret i fire ulike møter med både norske eksportbedrifter
og singaporske miljøer på hvordan Norge ville delta for å følge
opp og være en del av framtidens Europa, nettopp på bakgrunn av
Draghi-rapporten. Det var det egentlig ingen i komiteen som kunne
svare godt på, men jeg skjønner at vi burde ha sagt at vi er våkne
og vil følge med.
Litt av bakgrunnen for hvorfor Singapore er
opptatt av EU, er at det europeiske fellesskapet nå er en trygg havn
i en urolig verden, der økende polarisering, regionalisering og
proteksjonisme og handelskrig setter små land som Norge og Singapore
i skvis. Jeg tror ingen der ville ha tatt ordene om at Europa og
EU er «dritten i midten» i sin munn. Tvert imot ser de på EU som
det trygge fellesskapet av liberale demokratier som det fortsatt
er godt å samarbeide med. Det er en grunn til at når Singapore innfører
en grønn taksonomi, er den identisk med EUs. Det er for å sikre
globale verdikjeder der EU er en global normgiver og pådriver.
Jeg hører næringsministeren si at ikke alle
problemer i verden løses av skattelette. Det er jeg for så vidt enig
i, men man trenger heller ikke å skape problemer gjennom å øke skatt
på kunnskap, på arbeid – som arbeidsgiveravgiften – og på norsk
eierskap gjennom både økt utbytteskatt og formuesskatt og å straffe
gründere og entreprenører som skaper de arbeidsplassene vi skal leve
av i framtiden. Når regjeringen ser resultatet av sin egen politikk,
strammer de også inn exitskatten og skaper da en berlinmur for investeringer
og utflyttinger som en motvekt til egen politikk.
Et av hovedpoengene til Draghi er at europeiske land
bruker mye penger på å støtte både forskning, innovasjon og gründerskap,
men at de taper bedriftene som dette skaper, ut av Europa – mange
av dem til USA.
I Norge setter den norske regjeringen fart
på akkurat den samme utviklingen gjennom uforutsigbare rammevilkår,
økte skatter og manglende medvirkning til utviklingen av det Europa
vi er en del av. Det er derfor jeg vil understreke at vi trenger
et tettere og mer integrert samarbeid med EU. Det er ikke mulig
å ha denne debatten uten å snakke om det og tro at vi kan stå utenfor,
når vi ser at EU nå tar grep for å løse de utfordringene som de anerkjenner
og har jobbet med i flere år. I tillegg må vi selvfølgelig, som
flere har vært inne på, ha en økt norsk satsing på utdanning, forskning
og utvikling.
Alfred Jens Bjørlo (V) [10:46:55 ] : La meg mest av alt få
takke for ein veldig god interpellasjonsdebatt. Takk til alle som
har teke ordet og bidrege i debatten. Det gjer at vi no faktisk
er i gang med å snakke om oppfølging av Draghi-rapporten også i
Noregs nasjonalforsamling på ein måte eg ikkje trur vi hadde fått
til viss dette berre hadde vore ein del av ein større budsjettdebatt
– som vi skal ha seinare i haust, der vi snakkar om neste år, 2025,
og der det er krevjande å få den gode debatten om dei lange linjene.
For å driste meg til nokre svar, som iallfall
eg har fått ut frå debatten i dag: Eit av dei spørsmåla eg stilte,
var om Draghi-rapporten er relevant for Noreg. Det trur eg vi kan
svare eit krystallklart ja på. Det er ingen som er ueinig i det
i denne salen i dag.
I den offentlege debatten i Noreg har nokre
vore frampå og spurt om vi treng ein norsk Draghi-rapport. Eg trur
ikkje vi treng ein eigen rapport. Draghi-rapporten, det biletet
den teiknar, og dei utfordringane den dreg opp, trur eg er så dekkjande
også for Noreg og vår situasjon at vi neppe treng ein – kall det
– norsk Draghi-rapport.
Det vi treng, er Draghi-handling og -oppfølging samt
tempo i den oppfølginga, på same måte som EU og land i EU no gjer.
Det handlar om at vi raskt må ta grep for å auke vår eiga sikkerheit
og sjølvforsyning i eit europeisk perspektiv, i lag med resten av
Europa. Då handlar det ikkje berre om at Noreg bak våre tollmurar
skal vere sjølvforsynt med landbruksvarer, og at det er det beredskap
handlar om. Dette beredskapsbiletet er veldig mykje breiare, og
vi må gjere det saman med Norden og saman med Europa.
Det handlar om at vi må sikre at avkarboniseringa, kursen
mot ei fossilfri verd og eit fossilfritt Europa, fortset på ein
måte som styrkjer og held vår konkurransekraft oppe. Det betyr bl.a.
ei storstilt satsing på fornybar energi og at vi jobbar saman i
Europa om energipolitikken, ikkje lukkar Noreg inn i ei boble, slik
enkelte parti – også i regjering – vil.
Mest av alt handlar det om at vi må jobbe beinhardt med
å få fart på innovasjon og teknologiutvikling i Noreg. Det er her
det hastar mest, det er her vi verkeleg må setje inn støyten. Det
betyr at vi iallfall må sørgje for at alle ungdomar som no vil satse
på realfag og teknologi, får sjansen til det. Det er ein jobb vi
berre må gjere. Vi må sørgje for at framtidas nye bedrifter og selskap
faktisk blir bygde i Noreg. Det næringslivs- og gründeropprøret som
no er på gang på grunn av ein skattepolitikk som ikkje er tilpassa
det framtidige næringslivet vi skal byggje, er alvorleg. Vi er nøydde
til å få bedrifter og verdiskaping ut av den teknologirevolusjonen
som er på gang, og så må vi sørgje for at forsking blir ein prioritet
uansett – både privat og offentleg – i åra framover.
Statsråd Cecilie Myrseth [10:50:16 ] : Jeg merker at jeg ser
fram til at de ulike alternative budsjettene kommer på bordet, så
vi virkelig kan se prioriteringene i de ulike debattene, enten det
er støtte til det ene eller det andre feltet, og også skattepolitikken,
hvordan den slår inn.
La det ikke være noen tvil om én ting: EØS
er vårt aller, aller viktigste marked, det er den aller viktigste
handelsavtalen Norge har, og den følger vi opp også for å sikre
norske interesser. Så tror jeg man skal være forsiktig med å kaste
for mye stein i de ulike EU-debattene i de ulike leirene, for det
kan oppstå mange runder.
Det er viktig å si at det Draghi-rapporten
viser, er ikke særegne norske utfordringer. Den viser at vi er en del
av Europa, og at vi har en del felles utfordringer som vi må ta
tak i, både her hjemme og ikke minst i fellesskap med EU.
Jeg mener at vi uansett må kunne vise fram
det vi får til i Norge. Det at det går godt, og også at Norge er
et godt land både å skape bedrifter i og bo i, og hvor vi har små forskjeller.
Det er verdier og ting vi får til i fellesskap som jeg er stolt
over, og at vi har lav ledighet i den tiden som vi nå har gått igjennom,
kommer ikke av seg selv. Det er ikke minst takket være partene i
arbeidslivet.
Jeg vil advare mot å snakke ned våre egne miljøer. Det
er ikke sånn at forskningsmiljøene i Norge forvitrer, som en av
representantene her sa. Det gjør de ikke. Vi satser på forskning
og utvikling, og det skal vi gjøre i tett samarbeid med næringslivet.
Derfor har vi lagt fram politikk og strategier som vi skal jobbe
for å gjennomføre sammen med forskningsmiljøene og sammen med næringslivet,
i tett dialog med de andre europeiske landene, noe som er kjempeviktig.
Vi jobber på mange områder nå. Alle departementene gjør det på ulike
måter, og det er selvfølgelig viktig at denne politikken samsvarer.
Til slutt: Nå har Høyre allerede gått, men
de hadde heller ingen løsninger å komme med. De har egentlig bare
et bilde å vise av alt som ikke fungerer i Norge, og det bildet
vil ikke jeg være med på å dele. Det er ikke sånn at bare man endrer
skattene eller gjør at skatt man har tjent opp i Norge, også må
betales, så vil alt gå så mye bedre. Man trenger en aktiv, helhetlig
næringspolitikk, og det akter også regjeringen å føre.
Presidenten [10:53:14 ]: Debatten i
sak nr. 2 er avsluttet.