Presidenten [10:04:22 ]: Presidenten
vil legge opp debatten etter Stortingets forretningsorden § 52,
dvs. at representanter og medlemmer av regjeringen får 15 minutter
i første innlegg, 10 minutter i annet innlegg og deretter en eventuell
kort merknad begrenset til 1 minutt.
Presidenten vil ikke åpne for replikkordskifte.
Helge André Njåstad (FrP) [10:04:55 ] : Etter fyrstegongsbehandlinga
i Stortinget av Innst. 199 L for 2024–2025, om sivil arbeidskraftberedskap,
har Framstegspartiet, Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet samarbeidd
om visse endringar i lovvedtaket. Me har motteke lovteknisk bistand frå
Justis- og beredskapsdepartementet. I tillegg har me hatt samtalar
med ulike juridiske miljø, og eg vil spesielt takka Benedikte Høgberg,
Hans Petter Graver, Advokatforeningen og NIM for gode innspel og
dialog undervegs. Som følgje av den einigheita som eit breitt fleirtal
i Stortinget står bak, er det fremja ein del forslag til lovmerknader
og endringar i lovvedtaket som eg skal gjera greie for. Difor vil
eg lesa opp ein del grunngjevingar som det er viktig følgjer saka
vidare i referatet. Når det gjeld dei punkta eg ikkje gjer greie
for, ligg rammene for lovforslaget fast, i tråd med justiskomiteen
si opphavlege innstilling og proposisjonen frå regjeringa.
Fyrste punkt gjeld når fullmaktene i §§ 28 c
til 28 f kjem til bruk. For det fyrste blir det føreslått endringar
i krava til når fullmaktene i §§ 28 c til 28 f kjem til bruk, samanlikna med
lovvedtaket etter fyrstegongsbehandlinga.
Etter lovvedtakets § 28 a kan Kongen i statsråd
avgjera at fullmakta til å regulera det sivile arbeidslivet, inkludert
pålegg om arbeidsplikt, kjem til bruk dersom «riket er i krig, krig
truer eller rikets selvstendighet eller sikkerhet er i fare». Dette
situasjonskravet svarer til situasjonskravet i anna beredskapslovgjeving,
som t.d. fullmakta i beredskapslova § 3, og det blir brukt for å
beskriva situasjonar øvst i krisespekteret, der landet står overfor
ein eksistensiell trussel med gjennomgripande konsekvensar for nasjonen.
Fullmakter med slike situasjonskrav kan ikkje brukast i fredskriser,
slik som ein pandemi, eller når riket står overfor ein avgrensa
sikkerheitstrussel. Eg viser m.a. til at det blir understreka i
proposisjonen at me i Noreg ikkje er i ein slik krisesituasjon i
dag, og at me aldri har vore det sidan andre verdskrig.
Det er no føreslått i lovmerknaden å ta ut
«rikets sikkerhet» i opplistinga av situasjonar som kan utløysa
fullmaktene. Føremålet med endringa er å gjera det endå klarare
at det berre er i situasjonar øvst i krisespekteret at fullmaktene
kjem til bruk. Føresegna vil med dette avvika noko frå andre beredskapsheimlar
som også berre kan brukast øvst i krisespekteret. Forskjellen er
ikkje stor, men endringa er meint å sikra at ikkje fullmaktene blir
misbrukte eller situasjonskravet tolka utvidande. Bruksområdet for
andre beredskapsheimlar i lovverket er uendra.
Etter lovvedtakets § 28 a kan fullmaktene berre
brukast for å ivareta nærare bestemte føremål. Det er no føreslått
ei endring som er meint å tydeleggjera og forenkla denne føremålsavgrensinga.
Det blir føreslått at fullmaktene berre kan brukast for å «understøtte
forsvaret av landet, beskytte sivilbefolkningen eller ivareta samfunnets
grunnleggende funksjonalitet». Ordlyden vil med denne endringa skilja
seg frå føremålsavgrensinga i beredskapslova § 3, men har likevel mange
likskapstrekk. Å ivareta den grunnleggjande funksjonaliteten i samfunnet
svarer til delar av føremålskravet i beredskapslova § 3, slik som
å tryggja offentleg orden, folkehelsa eller forsyningar til landet.
Vidare vil det å beskytta sivilbefolkninga svara til «vern om sivilbefolkningen»
i beredskapslova. Å støtta opp under forsvaret av landet vil delvis svara
til føremålskravet i beredskapslova § 3, slik som å fremja og tryggja
militære tiltak. Ved å endra ordlyden til «understøtte forsvaret
av landet», blir det tydeleggjort at sivile tiltak berre kan brukast
til å støtta opp under forsvaret, ikkje til aktivt forsvar av landet.
Ny ordlyd i § 28 a blir etter dette som følgjer:
«Når riket er i krig, krig truer eller
rikets selvstendighet er i fare, kan Kongen i statsråd beslutte
at §§ 28 c til 28 f får anvendelse for å understøtte forsvaret av
landet, beskytte sivilbefolkningen eller ivareta samfunnets grunnleggende
funksjonalitet.»
Ein regel om utsett iverksetjing av forskrifter
og reduksjon av varigheita til fastsette forskrifter er eit anna
punkt ein har føreslått å endra, samanlikna med lovvedtaket etter
fyrstegongsbehandlinga. Etter lovvedtakets § 28 b skal forskrifter gjevne
med heimel i §§ 28 c til 28 f bli kunngjorde for Stortinget snarast
mogleg og ha ei varigheit på inntil seks månader om gongen. Det
er no føreslått at forskriftene ikkje kan ta til å gjelda før 48 timar
etter at dei er kunngjorde for Stortinget, med mindre det er fare
ved opphald. Eit slikt varsel før iverksetjing gjev Stortinget betre
grunnlag for å vurdera saka, noko eg er glad for at me har vorte
einige om.
Regulering av arbeidslivet i krig eller sikkerheitspolitisk krise
vil kunna krevja hyppige endringar i eit ofte detaljert regelverk,
som det kan hasta å gjennomføra. Til dømes kan det oppstå eit akutt
behov for reparasjonskompetanse på viktig sivil infrastruktur, der
det er heilt grunnleggjande behov for å få tak i kompetent personell
svært raskt, anten det er snakk om elektrikarar, dataingeniørar
eller andre yrkesgrupper. Då kan det vera behov for å gjennomføra
eit pålegg om arbeidsplikt, eller at personane må arbeida utover
dei gjeldande rammene for arbeidslivet som følgjer av lovgjevinga,
utan at ein har tid eller anledning til å venta før det blir gjennomført.
Sjølv om hovudregelen vil vera at Stortinget blir varsla 48 timar
før forskrifta tek til å gjelda, er det difor viktig at regjeringa
får anledning til å handtera situasjonen med tilstrekkeleg fleksibilitet.
Dette har ein føreslått å løysa ved at det blir opna for unntak
frå kravet om utsett iverksetjing dersom det er fare ved opphald,
som nettopp vil liggja føre når det hastar med gjennomføringa. Fare
ved opphald er eit kjent kriterium frå beredskapslovgjevinga.
Det er også føreslått at forskriftene berre
kan bli gjevne for tre månader om gongen, i staden for seks månader
slik det følgjer av lovvedtaket etter fyrstegongsbehandlinga. Stortinget
vil med det bli hyppigare involvert. Endringane medfører at plikta
til å kunngjera for Stortinget vil bli regulert i § 28 b fyrste
ledd, som skal lyda:
«Forskrifter etter §§ 28 c til 28 f
skal være nødvendige for å oppnå formål angitt i § 28 a, og de skal
være forholdsmessige. De skal blant annet begrenses til de virksomhetene,
bransjene, etatene og områdene der det trengs. Forskriftene skal
meddeles Stortinget snarest mulig etter at de er vedtatt og kan
tidligst tre i kraft 48 timer etter meddelelse, med mindre det er
fare ved opphold. Forskriftene kan bare gjelde for inntil tre måneder
om gangen.»
Plikta til å leggja fram forskrifter for partane
i arbeidslivet for fråsegn før dei blir vedtekne, slik det er angjeve
i Innst. 199 L, blir ståande igjen i § 28 b tredje ledd.
Så litt om avgrensinga til å fråvika lovgjeving:
Det er føreslått ei tydeleg innramming i lovteksten av når anna
lovgjeving kan fråvikast i forskrift. Etter lovvedtakets §§ 28 c,
28 d og 28 e kan forskrifter fråvika anna lovgjeving og privat regulering
i den grad det er nødvendig for å gjennomføra nødvendige og forholdsmessige
tiltak etter lova. Høvet til å fråvika lovgjeving var dermed nokså
klart avgrensa. I tråd med desse avgrensingane, og for å presisera
kva som ligg i kravet til nødvendigheit og forholdsmessigheit, er
det føreslått justeringar i ordlyden. Anna lovgjeving kan berre
setjast til side i den utstrekninga det er nødvendig for regulering
av høvesvis høvet til å etablera og avslutta arbeids- og tenesteforhold
i § 28 c og arbeidsplikt etter § 28 e. Ordlyden i § 28 c andre punktum
blir etter dette som følgjer:
«Gjeldende lover eller privat regulering
av betydning for etablering og avslutning av arbeids- og tjenesteforhold,
kan fravikes i den utstrekning det er påkrevd for gjennomføring
av tiltak etter første punktum.»
Ordlyden i § 28 e andre ledd fjerde punktum
blir etter dette som følgjer:
«Gjeldende lover og privat regulering
som er til hinder for den konkrete reguleringen av arbeidsplikten,
kan fravikes i den utstrekning det er påkrevd.»
For begge føresegnene vil ordet «påkrevd» bli
sett inn i lovteksten. Eit krav om nødvendigheit følgjer allereie
av § 28 b, men det er grunn til å gjentaka dette i relasjon til
derogasjonsretten, slik at det blir heilt klart at anna lovgjeving ikkje
kan fråvikast utover det som er nødvendig for å gjennomføra tiltaket.
Når det gjeld yrkesgrupper som er unnatekne
frå arbeidsplikt, er det ei endring der enkelte yrkesgrupper skal
vere unnatekne frå arbeidsplikt utover det som gjekk fram av lovvedtaket.
Stortingsrepresentantar og embetsdomarar er representantar for høvesvis
den lovgjevande og den dømande makta. Desse yrkesgruppene har ei
særstilling etter Grunnlova. Arbeidsplikt som hindrar utøving av
den lovgjevande og den dømande makta, vil vera i strid med Grunnlova
og vil dermed ikkje kunna fastsetjast med heimel i lovvedtaket.
Det er no føreslått å tydeleggjera dette ytterlegare i eit eksplisitt
unntak frå arbeidsplikt for stortingsrepresentantar og embetsdomarar.
Bakgrunnen for endringa er at ein vil understreka betydninga av
at Stortinget og domstolane fungerer uavhengig av den utøvande makta,
også i sikkerheitspolitisk krise og krig.
Ny ordlyd i § 28 e fyrste ledd tredje og fjerde
punktum blir etter dette som følgjer:
«Stortingsrepresentanter og embetsdommere
kan ikke pålegges arbeidsplikt. Det samme gjelder personer som er
eller har vært statsborgere av et land Norge er i krig med.»
Så litt om involvering av partane i arbeidslivet.
Der er det føreslått ei presisering om at ein skal leggja fram for
partane i arbeidslivet forskrifter om førehandsutpeiking, øvingar
og registrering. I Innst. 199 L er det teke inn eit nytt fyrste
punktum i tredje ledd om at forskrifter etter §§ 28 c til 28 f skal leggjast
fram for partane i arbeidslivet for fråsegn før dei blir vedtekne,
med mindre det er openbert unødvendig eller vil medføra ei uforsvarleg
forseinking. Det er no føreslått ein mekanisme for involvering av
partane i arbeidslivet i § 28 g òg. Det er føreslått å ta inn eit
nytt ledd i § 28 g som viser til reglane om høyring av forskrifter
i forvaltningslova § 37 andre til fjerde ledd, for å understreka
at dei det særleg vedkjem, så langt som mogleg skal få anledning
til å uttala seg før forskriftene blir fastsette. Ordlyden i § 28 g
femte ledd blir etter dette som følgjer:
«Forskrifter etter denne paragrafen
skal forelegges partene i arbeidslivet etter reglene i forvaltningsloven § 37
annet til fjerde ledd.»
Til slutt er det når det gjeld opplysningsplikta,
føreslått innskrenkingar samanlikna med det som gjekk fram av lovvedtaket.
Slik opplysningsplikt, som vil kunna gjelda utan hinder av teieplikt,
kan i enkelte tilfelle vera nødvendig. Etter lovvedtakets § 28 h
gjekk det fram at opplysningsplikta også gjeld opplysningar omfatta
av bevisforbodet i straffeprosesslova § 119 fyrste ledd og tvistelova
§ 22-5 fyrste ledd. Dette omfattar opplysningar som er fortrudde
nærare bestemte profesjonsbaserte yrkesgrupper i stillinga deira,
slik som prestar, advokatar og legar. Det er no føreslått at opplysningsplikta
ikkje skal gjelda denne typen opplysningar. Bakgrunnen for endringa
er at opplysningar nokon gjev til slike yrkesutøvarar, har eit særskilt
vern fordi ein skal kunna søkja hjelp eller råd frå profesjonelle
utan at ein skal risikera at opplysningar som blir delte, blir gjevne
vidare. Ordlyden i § 28 h blir etter dette som følgjer:
«Enkeltpersoner, virksomheter og offentlige
organer plikter uten hinder av taushetsplikt å gi opplysninger som er
nødvendige for gjennomføringen av vedtak etter dette kapittelet.
Dette gjelder ikke opplysninger som nevnt i straffeprosessloven
§ 119 første ledd og tvisteloven § 22-5 første ledd.»
Då har eg gjort greie for dei endringane som
dei nemnde partia har føreslått sidan sist behandling. I den tida
me no lever i, treng me å få på plass eit lovverk på dette feltet.
Difor har Framstegspartiet, som var det partiet som ville bruka
meir tid på dette lovarbeidet, valt å finna løysingar som betre
ivaretek Stortinget si rolle, og retta opp andre svakheiter som vart
påpeika ved lovbehandlinga, framfor å senda det tilbake til regjeringa,
som ville betydd meir tid og ytterlegare tilarbeiding.
Med det tek me opp dei forslaga som er lagde
inn som lause forslag.
Presidenten [10:17:17 ]: Representanten
Helge André Njåstad har tatt opp de forslagene han refererte til.
Odd Harald Hovland (A) [10:17:28 ] : Debatten den siste tida
har vist at lovforslaget engasjerer breitt. Det er bra. Det har
kome fram mange synspunkt som har vore med på å setje delar av lovforslaget
i eit nytt perspektiv.
Me skal vere glade for det offentlege ordskiftet
me har i dette landet, og at det kan bidra til grundige vurderingar,
sånn som dei me no har fått. Samtidig er det viktig at lovforslaget framleis
byggjer på utgreiinga i proposisjonen og innstillinga, med enkelte
justeringar og klargjeringar. Det har representanten Njåstad gjort
grundig og godt greie for.
Som han viste til, er det fremja forslag om
justeringar av lovvedtaket som bl.a. presiserer når fullmaktene
kan utløysast, ytterlegare regulering av involvering av partane
i arbeidslivet og tydeleggjering av korleis Stortinget skal involverast.
Justeringane er sjølvsagt gjorde med lovteknisk bistand frå Justisdepartementet.
Med dette lovforslaget står me no betre rusta
om det utenkjelege skulle skje, og det gjer det samtidig meir føreseieleg
for den enkelte. Me får ei regulering som gjev rammer for mobilisering
av sivil arbeidskraft i tilfelle det verste skulle skje: at landet
vårt er i ein sikkerheitspolitisk krise eller krig.
Det er viktig at me får dette på plass. Me
vil no kunne kome i gang med dei førebuingane som lovforslaget legg
opp til, og som det er viktig at me jobbar med no, i fredstid. Det handlar
om å styrkje vår beredskap.
Eg vil takke dei tre andre partia for godt
samarbeid, og for at me no får gjennomført dette arbeidet.
Ingunn Foss (H) [10:19:07 ] : Som representanten Njåstad, justiskomiteens
leder, har redegjort for, har det etter førstegangsbehandlingen
vært forhandlinger mellom Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Høyre
og Senterpartiet, hvor vi med god hjelp fra Justis- og beredskapsdepartementet
har kommet fram til endringer i lovvedtaket som et bredt flertall i
Stortinget stiller seg bak.
Sivilbeskyttelsesloven er viktig for å gi et
felles juridisk rammeverk for å møte trusler på en koordinert og
effektiv måte. Justeringene som nå er gjort, er helt kurante innstramminger
av loven som ikke endrer det grunnleggende formålet: å gjøre Norge
forberedt om krise og krig skulle ramme landet vårt. Høyre støtter
endringene i lovvedtaket.
Else Marie Rødby (Sp) [10:20:05 ] : Som justiskomiteens leder
redegjorde godt for, og som de øvrige talerne også har sagt, er
Senterpartiet en av forslagsstillerne som utgjør flertallet i saken.
Jeg slutter meg for øvrig til det som er redegjort for, både hva
gjelder de enkelte bestemmelsene, og det som er beskrevet som prosessen
i saken.
Jeg skal være kort og vil bare understreke
at sakens natur, der disse helt spesielle fullmaktene kommer til
anvendelse kun i situasjoner øverst i krisespekteret, gjør betydningen
av og behovet for et bredt flertall som det vi har i dag, spesielt viktig.
Senterpartiet støtter de forslagene som er lagt fram, og som er
redegjort for.
Torgeir Knag Fylkesnes (SV) [10:21:04 ] : Først vil eg gi honnør
til dei partia som sette på nødbremsen og snudde i denne saka. Det
står det respekt av, og eg meiner verkeleg ikkje at det skal vere
eit grunnlag for å raljere. Slik skal ein gjere det – eit eksempel
til etterfølging, vil eg seie.
Så til den konkrete stemmegivinga i denne saka:
Venstre kjem til å løfte eit forslag i debatten som vi vil støtte
primært, og så kjem vi subsidiært til å støtte dei endringane som
fleirtalet har lagt på bordet no.
Denne saka viser bl.a. at vi sjølvsagt har
behov for å ha nokre lovar og reglar som er skrudd saman for krisesituasjonar,
altså dersom Noreg hamnar i alvorlege problem der det verkeleg hastar
med å handle. Kva skal vi gjere da? Skal det vere normal behandling
på Stortinget, skal presidenten lese opp sakene, og så skal det
gå til behandling i komiteen, med høyring osv., når tiltaka hastar
veldig? Sjølvsagt må vi ha reglar som gjer at ein kan fråvike det
i veldig spesielle situasjonar.
Det vi i SV har reagert på, er det vi, sett
på spissen, kan seie er ei slags demokratisk bevisstløyse i måten
ein har skrudd saman det opphavlege forslaget på – det som kom frå fleirtalet.
Der har ein tatt det for langt, slik at ein ser på demokratiet nesten
som eit problem i krisesituasjonar, ikkje som ei avgjerande viktig
forankring også i krise. Ein kunne altså hamne i situasjonar der
Stortinget møter dagleg, presidenten set seg på plassen sin, og
det blir innkalla til møte, gongongen går, men fordi ein har hamna
i ein alvorleg situasjon som nasjon, blir da Stortinget sett i ein
slags demokratisk karantene. Det er ein alvorleg situasjon, det
er absurd, og det vitnar kanskje om at ein ikkje tenkjer nøye gjennom
at demokratiet er ein styrke, ein grunnleggjande styrke, også i
krise.
Eg skal ikkje dra det ut til ein større diskusjon
enn akkurat dette. Eg vil berre seie at vi kjem til å stemme slik
vi gjer. Eg trur det er veldig viktig at slike typar lovar har breiast mogleg
forankring. Det er ingen grunn til at vi skal vere djupt ueinige
om korleis demokratiske spelereglar skal vere, også i krisesituasjonar,
slik det har blitt i dag. Vi meiner framleis dette har store manglar,
men det som er lagt fram, er vesentleg betre. Difor kan eg anbefale
SVs gruppe å stemme subsidiært for det som er lagt fram.
Tobias Drevland Lund (R) [10:24:22 ] : Det opprinnelige forslaget
fra regjeringen om nytt kapittel i sivilbeskyttelsesloven og utvidede
krisefullmakter til regjeringen var på mange måter en krise i seg
selv. At noen partier – heldigvis, får man si – snudde i tolvte
time, skal vi være veldig glad for. Det er aldri for sent å snu.
Det vi har foran oss i dag, er riktignok gode
og store forbedringer fra sist, men Rødt kommer likevel til å gå
imot loven og støtte forslaget fra Venstre om at loven ikke bifalles. Den
prosessen som har ledet oss hit, mener vi på mange måter har vært
skremmende. Det var knapt noen skikkelig offentlig debatt før professor
Høgberg tok til Facebook i påsken, noe som heldigvis snudde helt
om på denne saken. At Stortinget var i ferd med å vedta disse krisefullmaktene
til regjeringen, og på mange måter og i for stor grad frasi seg
sin egen rolle som lovgivende forsamling og kontrollør av regjeringens
virke, er skremmende.
Rødt mener altså primært at denne loven må
sendes tilbake til regjeringen og departementet for en ordentlig
og helhetlig gjennomgang.
Den forrige runden med sivilbeskyttelsesloven
og den debatten som kom i dagene før saken opprinnelig skulle vedtas
av Stortinget, viste at mange i denne salen ikke engang var klar
over hva man var i ferd med å vedta. Vi må gjenreise folks tillit
til at vi som lovgivende forsamling vet og skjønner hva vi holder
på med. Vi kan ikke vedkjenne oss å vedta en lov som er såpass svakt
forankret, og som fremdeles kan ha alvorlige menneskerettslige og
konstitusjonelle svakheter. En lov som gir utvidede krisefullmakter
til utøvende makt i en potensiell krise eller krig, må være godt
forankret, både menneskerettslig og konstitusjonelt og ikke minst
hos folk.
Rødts primære holdning er altså at loven ikke
bør vedtas. Derfor kommer vi til å støtte forslaget fra Venstre
om at loven ikke bifalles, men vi kommer likevel til å stemme subsidiært for
de forslagene som foreligger her i dag, for det er helt nødvendige
forbedringer av en lov som det ellers ikke er så veldig mye positivt
å si om.
Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) [10:27:15 ] : Det norske totalforsvaret
er en bærebjelke i vår nasjonale beredskap og i vårt nasjonale forsvar.
Det er det enighet om. Det er også enighet om at det er behov for
å kunne pålegge en arbeidsplikt i krise og krig, og at regjeringen
trenger noen krisefullmakter der hvor det ikke er tid til en ordinær
stortingsbehandling. Det er med andre ord enighet om mye av bakgrunnen
og behovene som framgikk av proposisjonen, men der stopper også
veldig mye av enigheten opp. Forslaget fra regjeringen gikk altfor
langt, og det ga regjeringen altfor vide fullmakter uten at disse
ble underlagt tilstrekkelig politisk og demokratisk kontroll.
Forslaget som var i proposisjonen, og som for
så vidt fortsatt foreligger, er skikkelig inngripende. Det gir regjeringen
muligheten til å kunne pålegge oss tvungent arbeid, dvs. ikke bare
vi som tilfeldigvis sitter her nå – og kanskje noen av oss også
etter valget – men alle. Det kan regjeringen gjøre uten først å
forsøke frivillighet, og de kan fjerne arbeidstakerrettigheter.
Forslaget gir regjeringen muligheten til å gjøre dette nærmest uten
formelle krav til at Stortinget er involvert, og til at regjeringen
selv skulle ha muligheten til å definere når rikets sikkerhet er
i fare – og dermed kunne utløse disse veldig omfattende fullmaktene
til seg selv, til og med når Stortinget var samlet og kunne behandle
saken.
Nettopp fordi dette forslaget er så inngripende,
er det viktig med tilstrekkelig gode skranker – ikke nødvendigvis
fordi vi er så fryktelig redd for at den regjeringen vi har i dag,
skal misbruke dette og ta til seg mer makt på bekostning av Stortinget,
men for å forsikre oss mot at det skal kunne skje i framtiden. Det
er også viktig med tanke på hvilke signaler man sender ut til resten
av Europa og til resten av verden.
Det var flere tunge aktører som advarte mot
disse lovendringene, inkludert NIM, LO, NHO og professor Moltumyr Høgberg.
Forslaget «kan i verste fall utgjøre en trussel for demokratiet»,
sa assisterende direktør i NIM til Aftenposten før dette forslaget
ble behandlet i Stortinget. Det var en bekymring som ble delt av
veldig mange av de organisasjonene vi hadde på høring, og som det
juridiske fagmiljøet ropte varsko om i mediene i forkant av behandlingen.
Vi erkjenner, sammen med alle andre som er
i denne salen, at det finnes situasjoner hvor man må ta raske beslutninger,
hvor en krise oppstår, og hvor sikkerhetspolitiske trusler kan gjøre
det nødvendig å handle med kraft og handle raskt, noe også de forslagene
som vi la inn i den saken, tok høyde for.
Forslaget i proposisjonen var bl.a. begrunnet
med et ønske om å skulle forhåndsforankre noen av disse problemstillingene
og avveiningene som måtte gjøres, slik at det skulle sikres bedre
demokratisk forankring. Det er et mål som vi støtter, men det som
lå til grunn for det forslaget, var at man faktisk gikk i motsatt
retning, noe flertallet i denne salen var i ferd med å gå med på.
Vi hadde som kjent lagt inn en rekke forslag
– altså som våre subsidiære standpunkt i saken, da vi mente det
var riktig å sende den tilbake – til hvordan dette i større grad
kunne underlegges bedre demokratisk kontroll og hindre maktmisbruk i
situasjoner hvor vi ikke nødvendigvis har den regjeringen vi har
i dag, men disse ble altså stemt ned.
Det jeg har sagt til nå, har vært utdrag fra
innlegget jeg holdt sist vi behandlet denne saken i Stortinget.
I innstillingen hadde vi med et sitat fra professor Moltumyr Høgberg,
hvor hun sier:
«Hovedutfordringen med lovforslaget
er imidlertid at det legger få føringer, dvs. at det inneholder
få ‘definerte grenser’. Dette er til tross for at det gis en svært
omfattende overføring av lovgivningsmyndighet til den utøvende makt,
også når Stortinget kan samles. Lovforslagets målsetting om å være
en god rammelov slår altså ikke til. I stedet er lovforslagets fokus,
gjennomgående og paragraf for paragraf, å overføre myndighet fra
den lovgivende til den utøvende makt, og det med svært få rettslige
begrensninger.»
Dette var noe vi fikk høre etter at vi hadde
hørt henne i den muntlige høringen, sammen med en hel rekke andre
høringsinstanser. Alt dette skjedde før denne saken ble votert gjennom
i Stortinget – mot kun 20 stemmer.
Til tross for dette var det først i etterkant
av førstegangsvoteringen at denne saken faktisk fikk den oppmerksomheten den
fortjener. Det var etter et Facebook-innlegg fra den nevnte professoren,
altså Moltumyr Høgberg, i påsken, hvor flere partier – bra nok –
tråkket på bremsen, men det ble påstått at det var på grunn av «ny
informasjon i saken». Det er beviselig helt feil, og det er åpenbart
helt feil med tanke på det jeg nettopp leste opp, og som jeg sto
og sa fra denne talerstolen i april da vi behandlet saken første
gang.
Når det er sagt: Jeg er selvfølgelig glad for
at det er flere partier som nå snur, og som ser at det er behov
for flere av de skrankene vi tok til orde for i førstegangsbehandlingen,
men jeg håper virkelig at denne saken vil være en påminnelse om at
vi som er i denne salen, må være obs på at vi innimellom kan tendere
til å risikere å kaste på båten de verdiene vi forsøker å beskytte
når vi står her og lager lover, også for krisetider.
Det er helt absurd at det måtte en Facebook-status
til – i tillegg til advarselen som var blitt framført, både fra
denne talerstolen og fra veldig mange av de høringsinstansene vi
hørte fra. Det kan kanskje være en påminnelse om at det kan være klokt
å lytte til høringsinstansene.
Vi ser nå at en del partier har gått sammen
om å komme opp med noen forslag for å imøtegå noe av kritikken som
har blitt framført i saken, men vårt primærstandpunkt er, som flere
har varslet allerede, at saken burde vært returnert til departementet,
slik at man får gode og gjennomtenkte vurderinger og regler, akkurat
slik vi mente sist denne saken ble behandlet. Når det i tillegg
er slik at vi ikke har gode nok forarbeider fra Stortinget i form
av merknader fra flertallet som gjenspeiler hva partiene faktisk
stemmer på, og de føringene som følger med et slikt viktig forarbeid
– med unntak, selvfølgelig, av våre og SVs merknader – mener vi
at dette er en lov som fortjener et mer grundig arbeid, både i departementet
og i Stortinget.
De omfattende endringene som nå har blitt gjort
av de partiene som har satt seg sammen, bekrefter nettopp det vi
påpekte i april – at dette var et svakt og forhastet lovarbeid som ga
regjeringen altfor mye makt på bekostning av Stortingets rolle.
Mange av de grundige vurderingene av helt sentrale problemstillinger
har vi fortsatt ikke, verken i proposisjonen eller i flertallsmerknadene
fra Stortinget, noe vi mener vi burde kunne forvente å ha i en så
viktig sak.
Som jeg nevnte i stad, framgikk det av proposisjonen
at noe av formålet med lovendringene var å forhåndsforankre en del
av disse sentrale problemstillingene og sørge for større grad av
demokratisk forankring mens vi ikke er i en krisesituasjon. Det
inntreffer jo ikke når vi ikke får et ordentlig lovarbeid i denne
saken. Jeg synes det er synd at disse endringene nå presses gjennom
i en annengangsvotering, hvor vi må sitte og høre på at lovbestemmelsene
leses opp fra Stortingets talerstol, i stedet for at de er argumentert
for og drøftet godt i en lovproposisjon og i en innstilling fra
komiteen.
Vi har som kjent allerede beredskapsloven § 3,
som vil kunne ivareta behovet for å kunne utskrive en arbeidsplikt dersom
en slik situasjon skulle oppstå, så det er jo ikke slik at vi står
uten noe dersom en krise plutselig skulle inntreffe.
Vi kommer til å stemme subsidiært for de endringene som
blir gjort. De går i stor grad i samme retning som våre subsidiære
forslag den gangen saken ble behandlet første gang. De gir en bedre
sikkerhet mot misbruk og en hevet terskel og sikkerhetsmekanisme.
Derfor kommer vi til å stemme subsidiært for disse. Imidlertid skulle
vi selvfølgelig ønske at en så viktig sak som dette, hvor store
deler av Stortinget ikke fikk med seg det som skjedde i første omgang,
fikk en mer grundig behandling.
Jeg tar opp Venstres forslag i saken, om at
loven ikke bifalles.
Presidenten [10:37:01 ]: Da har representanten
Ingvild Wetrhus Thorsvik tatt opp det forslaget hun refererte til.
Kjell Ingolf Ropstad (KrF) [10:37:12 ] : Jeg tar ordet for
en stemmeforklaring fra Kristelig Folkepartis side. Vi sitter jo
ikke i komiteen, men jeg kunne egentlig langt på vei slutte meg
til det representanten Thorsvik nå sa i et grundig og godt innlegg.
Når Stortinget valgte å trekke i nødbremsen, som vi var veldig glade
for at en gjorde, tenker vi at det ville ha vært klokt heller å
sende saken tilbake til regjeringa og fått en ny proposisjon og
en enda grundigere behandling.
Det er altså primærstandpunktet til Kristelig
Folkeparti, men i likhet med de andre partiene vil vi subsidiært
støtte de endringene som er kommet.
Jeg hørte på saksordføreren i hans gode innlegg,
og det var mange momenter der som jeg syntes var veldig positive, spesielt
når det gjelder en tydeligere innramming av det, en sikkerhetsventil
med at det tar 48 timer og skal innom Stortinget, og f.eks. dette
med opplysningsplikten og inkludering av arbeidslivets parter. Det
er altså mange punkter der som jeg synes er gode. Samtidig er det
noe med alvoret over saken, og at det hadde vært best om en hadde
hatt en proposisjon.
Med det vil jeg altså bare varsle at vi subsidiært
vil støtte forslagene her.
Statsråd Astri Aas-Hansen [10:38:33 ] : Jeg er glad for at
vi nå har landet et lovforslag som fastsetter rammene for regulering
av det sivile arbeidslivet i krig, når krig truer eller når rikets
selvstendighet er i fare. Vi må – dessverre – være forberedt på
de verst tenkelige situasjoner der friheten vår er truet, særlig
sett i lys av den sikkerhetspolitiske situasjonen. Med dette lovforslaget
står vi bedre rustet om det utenkelige skulle skje, og det gir samtidig
bedre forutberegnelighet for den enkelte.
Debatten den siste tiden har vist at lovforslaget
engasjerer bredt. Det er bra. Det har kommet mange synspunkter som har
vært med på å sette deler av lovforslaget i et nytt perspektiv.
Jeg er glad for at det offentlige ordskiftet har bidratt til den grundige
vurderingen av dette lovforslaget som jeg nå oppfatter at vi har
fått. Samtidig mener jeg det er viktig at lovforslaget fortsatt
bygger på den grundige utredningen i proposisjonen og innstillingen,
med enkelte justeringer og klargjøringer. Saksordføreren redegjorde
godt for dette i sin innledning.
Som saksordføreren viste til, er det fremmet
forslag om justeringer av lovvedtaket som bl.a. presiserer når fullmaktene
kan utløses, ytterligere regulering av involvering av partene i
arbeidslivet og tydeliggjøring av hvordan Stortinget skal involveres.
Justeringene har funnet sin løsning gjennom god dialog mellom stortingsgruppene,
og med lovteknisk bistand fra Justis- og beredskapsdepartementet.
Når denne loven vedtas, vil vi endelig få på
plass en lovregulering som gir rammer for mobilisering av sivil
arbeidskraft i tilfelle det verste skulle skje: at landet vårt er
i en sikkerhetspolitisk krise eller krig. Dette ble faktisk etterlyst
av Stortinget allerede i 1950, da beredskapsloven ble vedtatt –
så noen vil si at det var på høy tid.
Likevel er denne loven bare ett skritt på veien.
Vi vil nå komme i gang med det neste, som er de forberedelsene som lovforslaget
legger opp til, og som det er viktig at vi arbeider med nå i fredstid.
Jeg håper at Stortinget nå vedtar lovforslaget.
Det vil være et viktig bidrag for å styrke vår beredskap for situasjoner øverst
i krisespekteret.
Bjørnar Skjæran (A) [10:41:58 ] : Jeg var litt usikker på om
jeg skulle ta ordet, men jeg synes det er på sin plass å berømme
det gode samarbeidet som har vært i denne saken.
Da saken ved en tidligere behandling ble utsatt
her i salen, ga vi fra Arbeiderpartiets side uttrykk for at det
var en utsettelse vi støttet. Vi syntes det var rett. Hvis flere
partier trengte mer tid og ønsket å gå dypere inn i saken og diskutere sider
ved denne loven, var det riktig at Stortinget tok seg den tiden.
Det er en viktig lov i den tiden vi lever i – jeg hadde nær sagt:
dessverre – og det er viktig med en bred forankring når det gjelder
denne typen lov. Nå har Stortinget vist – litt på samme måte som
ved behandlingen av langtidsplanen for Forsvaret – at man klarer
å finne løsninger som kan samle bredt. Det er bra for Norge, og
det er bra for Stortinget at vi er i stand til det.
Jeg skal være veldig åpen om det som skjedde:
Etter utsettelsen her i salen hadde jeg to samtaler med Fremskrittspartiets
parlamentariske leder der vi ganske raskt ble enige om at vi burde
møtes – de to partiene – for å lage en grovskisse som kunne legges
fram for de andre partiene som hadde stemt for denne loven ved første
gangs votering. Den jobben ble gjort av komitéleder Helge André
Njåstad, Hadia Tajik og Odd Harald Hovland. Det var videre gode
diskusjoner med Senterpartiet og Høyre – og vi har landet, slik
at vi kan ha dette til behandling i dag. Det synes jeg er veldig
bra.
I motsetning til dem som mener at dette har
vært en dårlig behandling, synes jeg rett og slett at Stortinget
har jobbet på en god måte. Det har vært god støtte fra departementet,
som har støttet opp om denne prosessen, noe som gjør at vi i dag kan
vedta en lov der vi gjør viktige justeringer – som gjør at en bra
lov er blitt bedre. Det er sånn vi jobber på vårt beste her i salen.
Votering, se voteringskapittel
Presidenten [10:44:08 ]: Flere har ikke
bedt om ordet til sak nr. 1.
Sakene nr. 2–28 vil bli behandlet under ett.