Stortinget - Møte tirsdag den 13. mai 2025 (under arbeid)

Dato: 13.05.2025
President: Ingrid Fiskaa

Søk

Innhold

Merknader

Referatet er under arbeid. Innleggene blir publisert fortløpende så snart de foreligger.

Formalia

President: Ingrid Fiskaa

Minnetale over tidligere stortingsrepresentant Arent M. Henriksen

Presidenten []: Vyrde medrepresentantar! Me minnest tidlegare stortingsrepresentant Arent Mikal Henriksen, som gjekk bort 7. november 2024, 78 år gamal.

Arent M. Henriksen representerte SV frå Sør-Trøndelag i til saman tolv år. Han sat på Stortinget i periodane 1973–1977 og 1981–1989. Han var medlem av finanskomiteen heile åttitalet. Historia i partiet er at han som finanspolitisk ansvarleg knuste mang ein ønskedraum. Det er vel ein tradisjon alle finanspolitikarar kan kjenna seg att i.

Henriksen kom frå Salten, med ein bakgrunn som forma både det politiske prosjektet hans og verdiane hans. Han hadde eit sterkt engasjement for arbeid, næringsliv og levekår, særleg for dei som hadde minst.

Han engasjerte seg tidleg i politikken, og han var aktiv i AUF før han vart medlem i det som etter kvart vart SV.

Han var oppteken av at politikk måtte føra til reell endring. Arent M. Henriksen var difor ein talsmann for samarbeid på venstresida, og ein av dei som meinte at det var nødvendig å byggja breie politiske alliansar for å få gjennomslag. Det var ikkje først og fremst partipolitiske markeringar som dreiv han – det var ønsket om å betra folks liv.

Henriksen var ein nøktern og rasjonell folkevald, kjent for å stilla kritiske spørsmål òg i eige parti. Han forvalta midlane til fellesskapen med varsemd og meinte at ansvarlegheit og solidaritet måtte gå hand i hand.

Etter tida på Stortinget tok han med seg det same engasjementet tilbake til lokalsamfunnet, m.a. som ordførar i Bjugn kommune. Han heldt fast ved den same grunnleggjande overtydinga: at politikk skal tena fellesskapen, og særleg dei som treng det mest.

Arent hadde fleire framståande posisjonar i offentlegheita etter åra på Stortinget. Han var generalsekretær i Noregs Fiskarlag, direktør for Fosen Mekaniske Verksteder og styreleiar i NSB.

Henriksen vil bli hugsa som ei stillferdig, men tydeleg stemme – ein mann med integritet, realpolitisk kløkt og eit stort hjarte for dei som elles ofte fell utanfor dei politiske sirklane.

På vegner av Stortinget uttrykkjer eg vår takk for innsatsen han la ned i teneste for demokratiet og fellesskapen. Vi lyser fred over minnet hans.

Representantane høyrde ståande på presidentens minnetale.

Presidenten []: Representantane Kjell Ingolf Ropstad, Mani Hussaini, Turid Kristensen, Else Marie Rødby, Tobias Hangaard Linge, Morten Wold, Ove Trellevik, Willfred Nordlund, Hadia Tajik, Linda Hofstad Helleland, Maria Aasen-Svensrud, Erlend Wiborg og Kjerstin Wøyen Funderud, som har vore permitterte, har igjen teke sete.

Dei følgjande innkalla vararepresentantane tek no sete:

For Aust-Agder: Ramani Nordli

For Hedmark: Per Martin Sandtrøen

Utanriksminister Espen Barth Eide overleverte 3 kgl. proposisjonar (sjå under Referat).

Presidenten []: Representanten Tone Wilhelmsen Trøen vil setja fram eit representantforslag.

Tone Wilhelmsen Trøen (H) []: På vegne av representantene Erlend Svardal Bøe, Sandra Bruflot, Kari-Anne Jønnes og meg selv vil jeg fremsette et representantforslag om spesialistgodkjenning av sykepleiere.

Presidenten []: Representanten Marit Knutsdatter Strand vil setja fram eit representantforslag.

Marit Knutsdatter Strand (Sp) []: På vegne av Erling Sande, Bengt Fasteraune og meg selv vil jeg sette fram et representantforslag om fornying av naturskadeordningen.

Presidenten []: Representantforslaga vil verta handsama etter reglementet.

Før sakene på dagens møtekart vert tekne opp til handsaming, vil presidenten opplysa om at møtet i dag held fram utover kl. 16.

Sakene nr. 1 og 2 vil bli behandla under eitt.