Andre visepresident Nils T. Bjørke [09:01:49 ] : Presidentskapet
legg med dette fram Innst. 432 S for 2023–2024, om val til Stortingets
kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og sikkerheitsteneste,
EOS-utvalet. Innstillinga er samrøystes.
Etter EOS-kontrollova vel Stortinget eit utval
til å kontrollera EOS-tenestene som vert utførte av den offentlege
forvaltninga eller i regi av ho. Valet skjer etter innstilling frå
Stortingets presidentskap. Utvalet skal ha sju medlemer, medrekna
leiar og nestleiar, som vert valde for ein periode på inntil fire
år. Medlemene kan berre attveljast éin gong og til saman ha vervet
i åtte år.
Valperioden for fire av EOS-utvalets medlemer
går ut 30. juni 2024. To av desse tek ikkje attval.
Eg vil kort nemna at reglane om oppnemningstid
og maksimal funksjonstid i EOS-utvalet vart endra med verknad frå
1. januar 2023. Lovendringa fekk verknad for dei som allereie var
medlemer av EOS-utvalet, og som allereie var valt for fem år. Det
påverka også intervalla for Stortingets val av medlemer.
Presidentskapet meiner at det bør leggjast
til rette for at Stortinget vel medlemer til EOS-utvalet annakvart år.
Som det er gjort greie for i innstillinga,
gjer dette at medlemet og leiaren av utvalet, som er på attval etter
ein valperiode på fem år, berre kan attveljast for tre år. Vidare,
for å leggja til rette for at Stortinget vel medlemer til EOS-utvalet
annakvart år, føreslår presidentskapet at dei to nye medlemene vert
valde for tre år, sjølv om dei kan veljast for «inntil fire år».
Det vert føreslått at noverande leiar av EOS-utvalet, Astri
Aas-Hansen, vert vald som leiar av EOS-utvalet for ytterlegare tre
år, og at noverande medlem av utvalet, Erling Johannes Husabø, vert
vald som medlem for nye tre år, begge frå 1. juli 2024 til 30. juni
2027.
Som nye medlemer av EOS-utvalet føreslår presidentskapet
at Åsa Elvik og Hege Solbakken vert valde for tre år, frå 1. juli
2024 til 30. juni 2027.
Eg viser elles til merknadene og legg fram
tilrådinga frå eit samrøystes presidentskap.