Presidenten [16:46:23 ]: Etter ønske
fra kommunal- og forvaltningskomiteen vil presidenten ordne debatten
slik: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer
av regjeringa.
Videre vil det – innenfor den fordelte taletid
– bli gitt anledning til inntil fem replikker med svar etter innlegg
fra medlemmer av regjeringa, og de som måtte tegne seg på talerlisten
utover den fordelte taletid, får også en taletid på inntil 3 minutter.
Siri Gåsemyr Staalesen (A) [16:47:06 ] (ordfører for saken):
Med økende klimaendringer kommer mer ekstremvær. Alvorlige skred-
og rasulykker de siste årene viser nødvendigheten av å sikre at
alt lovverk har nødvendige sikkerhetsmekanismer. God og helhetlig
planlegging som tar hensyn til dagens og framtidens klimaendringer,
står helt sentralt på veien mot et klimatilpasset samfunn. I dette
arbeidet har kommunene et særlig stort ansvar for å fatte gode vedtak
som gir innbyggerne trygghet og forutsigbarhet.
Regjeringen Stoltenberg påpekte viktigheten
av å samle all informasjon om grunnforhold og skredfare i en stortingsmelding
våren 2012. I meldingen Hvordan leve med farene, skrev regjeringen:
«Slik samfunnsnyttig informasjon bør
være tilgjengelig uavhengig av om den er i offentlig eller privat
eie.»
Det har ikke skjedd noen endringer siden 2012,
selv om NVE tok til orde for å lovfeste en innmeldingsplikt, bl.a.
knyttet til beredskap.
Regjeringen fremmer i dag et lovforslag som
går ut på en lovfesting av innmelding av grunnundersøkelser og naturfareutredninger
og tilgjengeliggjøring på internett. Det er i dag mulighet til å
melde inn både grunnundersøkelser og naturfareutredninger, men dette
er frivillig.
En samlet komité er positiv til å etablere
en ordning med pliktig innmelding av grunnundersøkelser og naturfareutredninger
til offentlige registre. Komiteen mener en lovfestet innmelding
av naturfareutredninger og grunnundersøkelser vil gi gevinster for
næringslivet, sivilsamfunnet og offentlig sektor. En samlet komité mener
videre at en lovfestet innmelding vil ha en samfunnsøkonomisk gunstig
sideeffekt ved at det ikke blir gjennomført overlappende grunnundersøkelser,
naturutredninger eller naturfareutredninger i samme område. Komiteen
viser til at økt tilgang til relevant kunnskap kan bidra til at
eventuell fare for naturskade avdekkes tidlig i planprosessen.
Birgit Oline Kjerstad (SV) [16:49:32 ] : SV støttar dette lovforslaget
om plikt til å rapportere inn grunnundersøkingar og naturfareutgreiingar.
Vi støttar det både fordi ein kan spare resursar med å samle slik informasjon
på ein stad, fordi ein kan unngå dobbeltrapportering, og fordi vi
meiner at kunnskapen om naturfare bør tilhøyre og vere tilgjengeleg
for fellesskapet. Ikkje minst er det viktig for kommunane, som har
ansvaret for arealdisponeringa og godkjenninga av reguleringsplanar,
og for utbyggjarane, som må vurdere flaum- og skredfare i forslaga
sine til reguleringsplanar. For begge desse er dette viktig.
I fjor fremja eg eit forslag om å setje fart
på arbeidet med marine grunnkart i kystsona. Eg er oppteken av at det
er viktig å samle kunnskap om areal, medrekna naturmangfald og skred-
og flaumfare, i kartløysingar som er tilgjengelege for den bruken
som plan- og bygningslova krev. Difor har eg formulert ein merknad
i denne saka, om at ein skal sjå digitale kart og denne lovendringa i
samanheng med kvarandre.
Eg synest det er kjempebra at vi får vedteke
denne innrapporteringsplikta, og eg håpar at informasjonen blir
lagd til rette på ein måte som gjer han lett å bruke i arbeid med
gode digitale kart og planar. SV vil rose regjeringa for å ha kome
med dette lovforslaget, og vi har ikkje eigne forslag i saka.
Statsråd Erling Sande [16:51:19 ] : Eg er svært nøgd med at
det er brei semje om dei lovendringane regjeringa har føreslått
i denne saka. Lovforslag om pliktig innmelding av rapportar om grunnundersøkingar
og naturfareutgreiingar gjer det mogleg å få betre oversikt og innsyn
i sånne rapportar, anten dei er laga på oppdrag av offentlege eller
private instansar.
Den nye føresegna i § 2-4 i plan- og bygningslova
vil bidra til å auke samfunnssikkerheita. Vi har dei seinare åra
hatt fleire alvorlege naturhendingar der m.a. kvikkleireskred har
ført til tap av menneskeliv og store materielle øydeleggingar. Tragedien
vi hugsar best frå nyare tid, er katastrofen i Gjerdrum kommune,
som tok med seg fleire bustader i Nystulia i Ask. Betre kunnskap
om grunnforhold vil kunne førebyggje slike ulykker og vere til hjelp
i beredskapsarbeidet.
Lovproposisjonen følgjer opp eit forslag frå
Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE, og Gjerdrum-utvalet,
om at rapportar frå grunnundersøkingar og naturfareutgreiingar skal
gjerast ope tilgjengelege i databasar via Noregs vassdrags- og energidirektorat
og Norges geologiske undersøkelse, NGU, gjennom denne innmeldingsordninga.
Informasjon om allereie utførte undersøkingar av grunnforhold og
naturfareutgreiingar vil kunne vere eit supplement til nye undersøkingar.
På den måten kan ein redusere kostnadene til samfunnet ved etablering
av tiltak og gjere det offentlege kartgrunnlaget endå betre, i tillegg
til å få betre beredskap og krisehandtering. Betre kunnskap om grunnforhold,
flaum- og rasfare skapar også tryggleik i lokalmiljøa der folk bur eller
oppheld seg.
Regjeringa er oppteken av å førebyggje skadeverknad
av naturhendingar som følgje av ekstremvêr og andre naturforhold.
Lovproposisjonen som Stortinget no er i ferd med å sluttbehandle,
er eit viktig steg på vegen til eit meir robust samfunn. Frå regjeringa
si side vil Energidepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet
no følgje opp lovvedtaket med naudsynte føresegner i ei forskrift.
Desse føresegnene vil tre i kraft samstundes med lova og så snart
det tekniske innmeldingssystemet er på plass.
Presidenten [16:53:34 ]: Flere har ikke
bedt om ordet til sak nr. 11.
Votering, se onsdag 5. juni