Presidenten [10:15:59 ]: Etter ønske
fra transport- og kommunikasjonskomiteen vil presidenten ordne debatten
slik: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer
av regjeringen.
Videre vil det – innenfor den fordelte taletid
– bli gitt anledning til inntil fem replikker med svar etter innlegg
fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte tegne på talerlisten
utover den fordelte taletid, får også en taletid på inntil 3 minutter.
Geir Inge Lien (Sp) [10:16:21 ] (ordførar for saka): Eg vil
takke komiteen for eit godt samarbeid og forslagsstillarane for
å ha sett saka på kartet. Dette prosjektet er viktig for sikkerheita,
framkomelegheita og utviklinga av ein heil region. Veibustkrysset
på E39 i Suldal kommune i Møre og Romsdal er svært utsett for ulykker.
Det er ei vegstrekning der det har vore fleire ulykker og dødsulykker
i løpet av dei siste åra.
Veibustkrysset i Suldal kommune har ei høg
trafikkbelastning, med ein ÅDT på minst 17 000 bilar i døgnet. Strekninga
krysset ligg i, er svært viktig for næringslivet og for folk i regionen.
Vegstrekninga er tilknytt eit større næringsområde, mange bustader
og har svært mykje tungtrafikk og bilar som går inn og ut av E39.
Det er klart vi må byggje planfritt kryss der.
Veibustkrysset er som sagt eit viktig kryss
som det hastar med å få realisert. Dette prosjektet er til godt
under 200 mill. kr og er ferdig regulert – det vi kallar gryteklart.
Prosjektet har ei brei tilslutning i komiteen, slik eg oppfattar
det.
Prosjektet Vegsund–Breivika låg inne i NTP-en
for 2018–2029, men vart beklagelegvis teke ut av NTP av Høgre-regjeringa
for perioden 2022–2033. Det kunne gjort at vi kunne ha vore godt
i gang i dag. Når det er sagt, meiner vi at ein ikkje bør styre
vegpolitikken etter eit representantforslag. Difor er det utruleg
gledeleg at Veibustkrysset har fått ein spesiell status i komande
NTP, der det er eitt av seks prosjekt som er prioritert av prosjekt
til under 1 mrd. kr.
Det er svært gledeleg at Veibustkrysset har
fått ei så høg prioritering i ny Nasjonal transportplan for 2025–2036
av Arbeidarparti–Senterparti-regjeringa. No er det berre eit rimeleg
godt og klart signal til Statens vegvesen om snarlegast oppstart.
Liv Kari Eskeland (H) [10:19:00 ] : Me har mange trafikkfarlege
kryss og vegstrekningar her i landet. Kvart år døyr det altfor mange
personar i trafikken, og enno fleire vert hardt og alvorleg skadde.
I tillegg har me eit vegnett som hindrar at næringstransport og
privatbilistar kjem effektivt fram. Dette er ei stor utfordring
for landet vårt.
Då Høgre sat i regjering saman med Framstegspartiet,
gjorde me eit skikkeleg løft for å få fart på vegbygginga, og me
prioriterte samferdsel og infrastruktur på ein heilt annan måte
enn dei føregåande regjeringane hadde gjort. For oss var det viktig
å byggja landet, men det var òg viktig å tryggja vegane og ferdselsårene
våre mot ras og skred og sikra framkomelegheit. Gode vegar får ned
ulykkestala, noko me har sett når dei gode vegprosjekta står ferdige.
Kvar stortingsperiode vert det lagt fram ein
ny NTP – eit plandokument som fortel kva ambisjonar den til ei kvar
tid sitjande regjeringa har for infrastruktur og samferdsel. Frå
vår periode i regjering hadde me nokre stolpar som var slått ned.
Me bygde landet saman, me bygde stein på stein, og me var føreseielege
i våre prioriteringar. Me reformerte vegsektoren, me strukturerte
NTP i porteføljar, og me sette samfunnsnytte og tryggleik høgt.
Prosjekt under 1 mrd. kr låg i porteføljen
til Statens vegvesen eller Nye vegar, utan at slike prosjekt vart
særskilt prioriterte frå Stortingets side eller kommenterte i NTP.
Difor vart dette prosjektet teke ut.
Regjeringa har nyleg lagt fram sitt forslag
til NTP, og Veibustkrysset står omtala her. Regjeringspartia har
allereie vore ute og feira at prosjektet ligg inne. Det betyr at
denne regjeringa har gått bort frå prinsippet om ikkje å omtala
prosjekt under 1 mrd. kr. Me får ha tru på at omtalen som ligg i
NTP, er god nok, der det står at strekninga kan vera aktuell i planperioden.
Me håper at dette gjev tryggleik nok til at den feiringa regjeringspartia
allereie har føreteke, er rettkomen.
Av same grunn som at me ikkje har lagt inn
prosjekt under 1 mrd. kr i NTP, ser Høgre at det er krevjande om Stortinget
skulle prioritera på enkeltprosjekt her i stortingssalen utan å
sjå porteføljen i ein heilskap. Som eg innleia med, er det mange
kryss som hadde fortent Stortingets merksemd om me skulle ha lagt
oss på det nivået. Det betyr at me ikkje kjem til å stemma for framlegget,
men legg til grunn at det finn si prioritering i denne perioden
i porteføljen til Statens vegvesen.
Frank Edvard Sve (FrP) [10:22:02 ] : Framstegspartiet har ved
mange anledningar fremja framlegg om tiltak for trafikktrygging
og for trygge vegar, men har vorte nedstemt gong etter gong. Vi
har også teke initiativ til ein initiativdebatt i Stortinget angåande
trafikktrygging, som var ein god debatt der alle partia var veldig
einige om at trafikktrygging er viktig. Underteikna og fleire frå
Framstegspartiet fremja framlegg angåande Solevågseidet–Veibust–Blindheim–Moa
fleire gonger i denne perioden, og dette framlegget er på nytt i
tråd med det.
Det er veldig bra at regjeringa har sett forslaga
våre og på mange måtar tydelegvis lytta til oss, for no ligg dette
prosjektet omtalt i NTP, men det er omtalt og ingenting anna. Det
høyrer med til historia at det området vi snakkar om her, altså
Solevågseidet–Veibust–Blindheim–Moa, er ein av dei verste dødsvegane
i Noreg. Det er fem drepne dei tre siste åra – rett nok ingen i
det konkrete Veibustkrysset, men det er veldig mange ulykker i Veibustkrysset,
og det er veldig alvorlege ulykker i området. Det er altså heile
strekninga her som er utfordringa. Den har regjeringa prestert å
leggja i avviklingsporteføljen sin, så ho er ikkje lagt inn i NTP
i det heile. Når det er sagt, er det bra at Veibustkrysset er lagt
inn. Det er bra. Det er viktig og nødvendig.
Så er det sånn at det ikkje står noko om når
det skal kome. Når eg høyrer på representanten frå Høgre, vert eg
litt undrande til kva politikken eigentleg fører til – kva ein ønskjer
for å få gjort noko med dei verste områda i Noreg når det gjeld
dødsulykker og andre ulykker. Då burde ein eigentleg støtte dette
forslaget. Ein seier at det ikkje er denne måten ein driv politikk
på. Kva måte driv ein politikk på då? Ein legg det ikkje inn i NTP,
og ein prioriterer det ikkje når vi fremjar framlegg om viktige
trafikktryggingstiltak. Det faktisk å vere med og gjere ting i praksis
er viktig.
Grunnlaget for det framlegget vi fremja i denne
saka, er å få fart i systemet, få gjort noko i praksis. No er det Statens
vegvesen som skal prioritere dette på eigen basis. Vi i Stortinget
skal liksom ikkje seie noko om det, men dei skal få styre med sitt.
Eg kan love at vi skal følgje med på at dette prosjektet vert gjennomført
så fort som mogleg. Det er det som er insentivet vårt med å få det inn
i revidert budsjett. Det burde ha vore sett i gang så fort som mogleg.
Ja, Statens vegvesen kan ta det innanfor budsjetta sine, men her
må ein trykkje på. Stortinget er vår moglegheit til å gjere det
i denne salen, og det gjer vi no, og vi kjem til å følgje opp regjeringa
inntil det vert eit regjeringsskifte neste haust. Det er godt mogleg
at det er vi som må gjere det i denne saka likevel, ser det ut til.
Då er framlegget teke opp.
Presidenten [10:24:59 ]: Representanten
Frank Edvard Sve har tatt opp det forslaget han refererte til.
Statsråd Jon-Ivar Nygård [10:25:16 ] : Representantforslaget
handler om å framskynde utbedringen av E39 Veibustkrysset i Sula
kommune. Veibustkrysset ligger på strekningen E39 Veibust–Blindheim–Moa,
som går gjennom Ålesund og Sula kommuner i Møre og Romsdal. Veien
er hovedinnfartsåre til Ålesund fra sør og er en av de mest trafikkerte
veiene i fylket. Det var om lag 22 000 biler per døgn i gjennomsnitt
i 2022. Dette er en veistrekning der det, som man har vært inne
på allerede, har vært fem døde i tre ulykker i løpet av de tre siste årene.
Veistrekningen er tilknyttet et større næringsområde med svært mye
tungbiltrafikk som skal ut på E39.
For denne regjeringen er det viktig å gjøre
noe med Veibustkrysset. I ny Nasjonal transportplan er dette nevnt
som et av seks veiprosjekter med kostnad under 1 mrd. kr som det
er aktuelt å starte opp i første seksårsperiode. Det betyr at det
prosjektet er prioritert av denne regjeringen.
Prosjektet E39 Veibustkrysset er ikke omfattet
av Statens vegvesens porteføljestyring fordi det er et prosjekt
som har en anslått kostnad under 1 mrd. kr. Statens vegvesen har,
som man også har vært inne på allerede, en generell fullmakt til
å pådra forpliktelser utover budsjettåret for prosjekter med kostnad
under 1 mrd. kr.
Muligheten til å starte opp nye prosjekter
i 2024 avhenger selvfølgelig av den økonomiske situasjonen hos Statens
vegvesen. Statens vegvesen er delegert ansvaret for å vurdere nettopp
det handlingsrommet.
Sula kommune har vedtatt en reguleringsplan
der et nytt planskilt kryss på E39 ved Veibust skal erstatte dagens
T-kryss.
Byggingen omfatter heving av dagens E39 for
å bygge en ny kulvert som tilfredsstiller gjeldende krav til høyde
og bredde. Det skal bygges ny vei fra Kongshaugstranda opp til krysset
ved E39. For å få et mer trafikksikkert kollektivtilbud bygges det
et nytt kollektivområde ved Kongshaugstranda.
Presidenten [10:27:25 ]: Det blir replikkordskifte.
Frank Edvard Sve (FrP) [10:27:38 ] : Vi kan i denne saka på
ein måte snakke positivt om ei veldig viktig sak, ei sak vi tydelegvis
er ganske einige om at må prioriterast, men tidspunktet er det store
spørsmålet. Dette prosjektet vil ta to til to og eit halvt år å
få realisert. Vi har ingen å miste i området. Det er dagleg, nesten
kvar time, nestenulykker der, og det smell i dette krysset kvar
månad.
Spørsmålet mitt til statsråden er rett og slett
kva han vil gjere for å sørgje for at Statens vegvesen faktisk prioriterer
dette livsfarlege krysset så fort som i det heile mogleg.
Statsråd Jon-Ivar Nygård [10:28:26 ] : Jeg mener det er et
veldig tydelig signal når regjeringen omtaler det i sitt forslag
til ny Nasjonal transportplan. Det vil være sånn at når ny NTP har
vært til behandling i Stortinget, vil vi legge den til grunn for
våre budsjetter. Det betyr at vi må sørge for at det er tilstrekkelig
med midler til denne typen mindre investeringstiltak.
Frank Edvard Sve (FrP) [10:28:48 ] : Det er godt å høyre at
ein er framoverlent i den saka. Vi skal følgje det tett opp, eg
trur ikkje nokon treng å bekymre seg for det. Det som bekymrar oss,
er at det gjeld heile strekninga Solavågseidet–Veibust–Blindheim–Moa.
Det er riktig som statsråden sa, at Blindheimstunnelen er den mest
trafikkerte eittløpstunnelen i Noreg, med 22 000 bilar i døgnet.
Denne strekninga har altså regjeringa prestert å leggje i avviklingsporteføljen.
Det er kanskje dødsveg nummer to i Noreg når det gjeld alvorlege ulykker
og dødsulykker den siste tida – dei siste åra.
Kva er grunnlaget for at ein har utelate heile
området og ikkje teke det med i NTP –spesielt Blindheimstunnelen,
som kanskje er ein av Noregs desidert farlegaste tunellar? Kva er
grunnlaget for at han er teken heilt ut av NTP?
Statsråd Jon-Ivar Nygård [10:29:40 ] : Som representanten er
kjent med, er det sånn at når vi skal lage ny Nasjonal transportplan,
må vi prioritere hardt. Da er det ikke plass til alle prosjektene.
Jeg vil advare mot å kalle utviklingsporteføljen for en avviklingsportefølje. Det
er ikke sånn vi beskriver utviklingsporteføljen i NTP. Tvert imot
sier vi at dette er prosjekter som kan være aktuelle ved ny rullering
av NTP. Når man lager en nasjonal transportplan, er det en tolvårsplan.
Når det har gått fire år, har man forhåpentligvis gjennomført fire
år med prosjekter i planen, og da blir det handlingsrom til å legge
inn nye prosjekter. Det er ikke noe mer komplisert enn det – at
det ikke er plass til alt i en NTP.
Presidenten [10:30:20 ]: Replikkordskiftet
er avsluttet.
De talere som heretter får ordet, har også
en taletid på inntil 3 minutter.
Sigbjørn Gjelsvik (Sp) [10:30:39 ] (leiar i komiteen): Veibustkrysset
er eit særdeles viktig kryss å få gjort noko med. Det ligg på ei
trafikkfarleg strekning med høg trafikkmengd, som ein har høyrt
her frå statsråden, med årsdøgntrafikk på 22 000. Det har vore mange ulukker,
og det er stort behov. I tillegg til at det er ein høg årsdøgntrafikk,
er òg mykje av trafikken der pulserande – det er relativt nært ikkje
berre eitt, men to ferjeleie. Det gjeld både trafikken som kjem
på E39 frå Solavågen, og trafikken som kjem over Hareid–Sulesund.
All denne trafikken som skal vidare, må via Veibust og deretter
Blindheimstunnelen og vidare inn.
Så vil eg berre seie at det engasjementet som
har vore her over tid, er særdeles forståeleg og særdeles viktig,
både frå lokalbefolkning, frå industrien på Veibust og frå andre
som altfor ofte vert vitne til alvorlege ulukker, og at ein har
behov for å få gjort noko med vegen.
Eg registrerer historieforteljinga til Høgre
og representanten Eskeland i denne saka. Det er altså slik at strekninga
Vegsund–Breivika, inklusive Veibust, har vore inne i NTP tidlegare.
Som saksordføraren sa, låg den strekninga inne i NTP for 2018–2029.
I utgangspunktet var det òg eit politisk fleirtal i Ålesund kommune
som ville prioritere den strekninga inn som ein del av bypakka.
Etter at dåverande samferdselsminister, Jon Georg Dale frå Framstegspartiet,
greip inn i prosessen, var det ikkje lenger fleirtal i Ålesund kommune
for det. Det vart teke ut av bypakka. Seinare blei prosjektet òg teke
ut av høgreregjeringa ved rullering av NTP.
Det gjeld altså heile strekninga frå Vegsund
til Breivika, der det er behov for å få gjort noko med både Blindheimstunnelen
og andre viktige punkt. No må vi iallfall i fyrste omgang sørgje
for å få gjort noko med Veibustkrysset. Eg er glad for engasjementet
og initiativet som vert teke i salen her, med det representantforslaget
vi behandlar i dag.
Regjeringa har vore veldig tydeleg på at dette
krysset er eitt av seks mindre prosjekt i Noreg som skal prioriterast
i Nasjonal transportplan. Det er ei tydeleg prioritering som vert
gjort. Eg meiner det er viktig – òg på mindre prosjekt – å single
ut nokre prosjekt som Vegvesenet får ei tydeleg bestilling på å
gjennomføre, og som ein må finne rom for så raskt som mogleg.
Geir Inge Lien (Sp) [10:33:44 ] : Eg vil takke for ein god
debatt i ei viktig sak. Eg vil berre seie til representanten Liv
Kari Eskeland at det ikkje er noka sak som er for lita til å engasjere
seg i politisk. Desse prosjekta betyr utruleg mykje. Som representanten
før meg her no uttalte, er dette prosjektet utruleg viktig for regionen, og
det har òg ein historikk. Det låg inne i eit større prosjekt, altså
Vegsund–Breivika, med utruleg stor døgntrafikk, ein ÅDT på 22 000
bilar. Det er ei utruleg viktig strekning å ha fokus på, det er
vi heilt klare på. Då er det viktig å starte med eit sånt prosjekt
som Veibustkrysset. Eg må berre seie at då den strekninga blei tatt
ut av NTP 2022–2033 av Høgre, var det eit rimeleg stort prosjekt som
blei tatt ut.
Eg er veldig glad no for at vi er på sporet
igjen, og at vi kan få starta realiseringa av Veibustkrysset snarast.
Liv Kari Eskeland (H) [10:35:16 ] : Me held på å jobba med
Nasjonal transportplan i komiteen, og det er der me gjer prioriteringane
våre. Det er der me tek dei store diskusjonane om korleis vegsektoren
skal utvikla seg dei neste tolv åra. Eg kan heller ikkje sjå at
sitjande regjering har lagt inn Vegsund–Breivika i den komande nasjonale
transportplanen som høgt prioritert i første periode. Når eg sa
at me hadde eit prinsipp om ikkje å leggja inn prosjekt under 1 mrd. kr
i vår NTP, altså den frå 2018–2029, var det altså eit prinsipp,
og det var grunnen til at dette prosjektet vart teke ut, men eg
helsar denne runden velkomen. Me treng all den utviklinga me kan
få av dei viktige vegprosjekta me har her i landet, der det er trafikkfarleg,
og eg håpar at me har ei regjering som i større grad prioriterer
veg og vegsikkerheit enn det me til no har sett.
Frank Edvard Sve (FrP) [10:36:36 ] : Mitt engasjement og min
iver i det politiske arbeidet er å arbeide for små og store saker
i område vi har ansvaret for. Veibustkrysset er eit godt døme på
ei slik sak.
Trafikktrygging og trygge vegar er noko Framstegspartiet
har jobba med lenge, og det er liten tvil om at det faktisk nyttar
å stå på, det nyttar å lyfte det fram. Eg trur at dette huset og
alle politiske parti er nøydde til å leggje større vekt på trafikktrygging
og sikre vegar, og det må få ei høgare prioritering enn det det
har fått i ein del samanhengar.
Vi ser også av den framlagde nasjonale transportplanen
– og eg beklagar det veldig – at heile denne strekninga, Solavågseidet–Veibust–Blindheim–Moa,
er heilt ute dei tolv åra i NTP. Det er heilt riktig som leiaren
i komiteen sa her, at det er i den tolvårsperioden ein skal planleggje
prosjektet, men ein har altså teke ut ei av Noregs desidert farlegaste
vegstrekningar. Det er veldig bra, som eg har sagt – eg har skrytt
av regjeringa – at Veibustkrysset no er sett i fokus, men det er
veldig spesielt at denne strekninga, altså E39 totalt sett, ikkje
ligg inne.
Det er heilt rett, som det også var sagt frå
leiaren i komiteen, at det ikkje er 22 000 bilar i døgnet som er
rådande for det området. Det er 44 000, eller kanskje 65 000, fordi
ein får trafikken frå to av landets desidert største ferjestrekningar
i pulseringar rett inn i krysset, og det gjer utfordringa endå større.
Det er heilt riktig som komitéleiaren sa, så eg hadde håpt og trudd
at dette kunne kome inn. Vi får sjå kva vi klarar å gjere i det
politiske arbeidet framover og med ei eventuell ny regjering. Eg
trur ein må ha ein ny kurs, der ein fokuserer på trafikktrygging
og trygge vegar betydeleg meir enn ein har gjort no.
Når det er sagt, er denne saka på ein måte
eit steg i rett retning. Det har ført til at regjeringa har lagt
inn Veibustkrysset. Ein skal vere såpass ærleg og ordentleg at ein
er fornøgd med det som faktisk er bra også, for dette er viktig
for dei folka som køyrer der kvar einaste dag, og som eigentleg
risikerer livet kvar dag i det krysset.
Eg håper inderleg at vi får dette fort opp
og fram. Eg har stilt spørsmål til statsråden om han gjer det han
kan for at Vegvesenet vert instruert til å få dette på plass, at det
vert nok pengar til Statens vegvesen, slik at prosjekta kjem i gang,
helst i 2024. Som eg sa, skal eg love at kjem det ikkje i gang i
2024, er det ikkje siste gongen ein får høyre om denne saka i denne
salen. Det skal eg love.
Sigbjørn Gjelsvik (Sp) [10:39:43 ] : Eg merka meg at representanten
Eskeland meiner at om ein har prosjekt som er under 1 mrd. kr, skal
ikkje Stortinget ha noko å gjere med den typen prosjekt i det heile
teke, og at det nærmast ikkje er viktig korleis Vegvesenet prioriterer innanfor
ramma, som – i NTP-perioden – for mindre prosjekt er snakk om titals
milliardar kroner. Det er veldig mange viktige prosjekt der.
Det er interessant at Høgre sjølv har vore
med på å definere det ein kallar for utbetringsstrekningar, som
òg er prosjekt under 1 mrd. kr i NTP, og som går under potten for
mindre investeringar.
Om dette hadde vore ei strekning det skulle
gjerast noko med, med tiltak under 1 mrd. kr, kunne Høgre ha vore
med på det. Dette er eitt punkt som er særdeles trafikkfarleg, og
der det har vore mange alvorlege ulykker. Då seier vi frå regjeringspartia
si side – med god støtte frå Framstegspartiet her i salen – at det
krysset må vi få gjort noko med. Det er ei tydeleg prioritering
og bestilling frå vår side. Saman med eit fåtal andre mindre prosjekt
i NTP er det noko vi har sagt at vi må få fortgang i, og som vi
forventar at Statens vegvesen følgjer opp i etterkant.
Presidenten [10:40:59 ]: Flere har ikke
bedt om ordet til sak nr. 2.
Votering, se voteringskapittel