Stortinget - Møte fredag den 12. mai 2023

Dato: 12.05.2023
President: Svein Harberg

Sak nr. 5 [09:37:17]

Interpellasjon fra representanten Anne Kristine Linnestad til kommunal- og distriktsministeren: «Solberg-regjeringen prioriterte digitalising av offentlig sektor for å forenkle, fornye og forbedre hverdagen for innbyggere og næringsliv. Det ble blant annet investert i digitale fellesløsninger og innført insentiver for samarbeid og innovasjon på tvers av sektorer og forvaltningsnivåer. En offentlig sektor som ikke henger med i svingene på digitalisering vil medføre store kostnader og ulemper for folk og bedrifter. Hva gjør regjeringen for å fortsette arbeidet med å modernisere offentlig sektor?»

Talere

Anne Kristine Linnestad (H) []: Norge har kommet langt i arbeidet med digitalisering. Vi har en befolkning med høy digital kompetanse, vi har konkurransedyktige bedrifter og mange gode digitale løsninger. Men vi må digitalisere mer for å gjøre offentlig sektor mer tilgjengelig for å gjøre innbyggernes og bedriftenes hverdag bedre og enklere. Regjeringen Solberg la bl.a. fram Én digital offentlig sektor: Digitaliseringsstrategi for offentlig sektor 2019–2025, nettopp for å forenkle, fornye og forbedre hverdagen for innbyggere og næringsliv. Det er bl.a. investert i digitale fellesløsninger og innført insentiver for samarbeid på tvers av sektorer og forvaltningsnivåer. Hensikten med strategien var å understøtte digital transformasjon i hver enkelt virksomhet og i offentlig sektor som helhet.

Verden står ikke stille, og den snurrer kanskje enda fortere rundt nå enn den gjorde i 2019. Det er fremdeles et stort potensial for å utnytte ny og digital teknologi for å tilby innbyggere og næringsliv enda bedre tjenester og legge til rette for en enklere hverdag for oss alle. Ved å digitalisere mer kan det flyttes ressurser fra administrasjon til bedre velferdstjenester. Digitalisering frigjør ressurser som kan brukes i f.eks. helse, skole og samferdsel. Teknologien innebærer store utfordringer, men også muligheter. Gjennom å automatisere arbeidsprosesser i offentlig sektor og ta i bruk nye teknologier kan offentlige virksomheter benytte ressursene mer effektivt for bedre og mer innovative tjenester til den enkelte bruker.

En offentlig sektor som derimot ikke henger med i svingene, vil kunne føre til unødvendig store kostnader og ulemper for folk og bedrifter – og ikke minst for offentlig sektor i seg selv. Så hva gjør regjeringen for å fortsette arbeidet med å modernisere offentlig sektor?

Statsråd Sigbjørn Gjelsvik []: For Senterpartiet og Arbeidarpartiet i regjering er det grunnleggjande viktig å leggje til rette for at folk skal kunne bu, arbeide og leve eit godt liv, i heile Noreg. Ein heilt avgjerande faktor for det er at vi for det første sørgjer for å ha dei grunnleggjande strukturane på plass. Vi må sørgje for at alle i heile Noreg, både husstandar, verksemder og offentleg verksemd, har tilgang på moderne høghastigheitsbreiband, at vi i tillegg har godt utbygde mobilnett, at ein sørgjer for ein sikker og trygg infrastruktur, og at ein òg satsar vidare på forsterka ekom – eksempelvis.

Det er utruleg viktig at vi fokuserer vidare på digitalisering innanfor offentleg sektor. Eit digitalt taktskifte handlar sjølvsagt om løyvingar i budsjett. I budsjettet for inneverande år er det godt over milliarden til ulike digitaliseringstiltak, mange av dei viktige digitaliseringstiltak i offentleg sektor, men det er òg viktig korleis vi på andre område bidrar til å setje digitalisering i fokus.

I førre veke gav Digitaliseringsdirektoratet tilsegn om medfinansiering til bl.a. Folkehelseinstituttet, Direktoratet for byggkvalitet og UDI. Til saman vart det gjeve tilsegn på 132,5 mill. kr. Prosjekta vil ha stor samfunnsøkonomisk lønsemd. Dei åtte prosjekta som det til saman er snakk om, som no har fått førebels tilsegn om midlar, har til saman ein netto noverdi på om lag 1,4 mrd. kr over ti år. Dei omfattar nytteeffektar i statleg, kommunal og privat sektor, og dessutan hos innbyggjarane.

Tida tillèt ikkje å gå i djupna på alle enkelttiltak som regjeringa har jobba med, men eg vil nemne nokre konkrete eksempel på både modernisering og digitalisering som er viktige for innbyggjarane, og som er høgt prioriterte av regjeringa.

Det eine er modernisering på innkrevjingsfeltet. Skatteetaten er i gang med det store moderniseringsprogrammet sitt for statleg innkrevjing. Programmet, som skal gå over sju år, vil gje store gevinstar for offentleg forvalting, næringsliv og innbyggjarar. For å oppnå størst moglege gevinstar har programmet ei heilskapleg og samordna tilnærming til regelverksutvikling, prosessutvikling og teknologiutvikling. Skatteetaten samarbeider med fire andre etatar, politiet, Nav, Brønnøysundregistera og Lånekassa, for å utvikle samanhengande tenester. Når fleire etatar samarbeider om å utvikle samanhengande tenester, oppnår både innbyggjarar og næringsliv store gevinstar. Programmet skal bl.a. samordne alle utleggprosessar, slik at arbeidsgjevarane får eit samla utleggstrekk per tilsett via a-ordninga. Dette gjev store forenklingar for arbeidsgjevarane og betre personvern for dei tilsette. Programmet skal òg forenkle livsløpet til små næringsdrivande i enkeltpersonføretak og mindre AS ved å gjere økonomisk informasjon og framtidige betalingskrav tilgjengelege på ein betre og meir oversiktleg måte for nyetablerte verksemder. Dette vil òg førebyggje gjeldsproblem.

Eg vil òg nemne den omfattande digitaliseringa som skjer i helse- og omsorgstenesta. Regjeringa vil byggje vidare på dei nasjonale e-helseløysingane. Slik vil vi få kommunane og sjukehusa til å jobbe betre saman og få på plass ny teknologi og nye system som heile helsetenesta har behov for. Dette er det felles grunnlaget til helse- og omsorgstenesta for sikker deling av helseopplysningar. Næringa kan lage gode og innovative løysingar basert på data i dei nasjonale komponentane.

Alle som har behov for sikker og brukarvenleg digital identitet, skal få det. Det er målet i den nye nasjonale strategien til regjeringa for e-ID i offentleg sektor. Noreg er eit føregangsland innan digitalisering, men enkelte grupper fell utanfor. I eit moderne samfunn er ein elektronisk ID, eller e-ID, inngangsporten til mykje av det ein treng i livet, både banktenester, helseinformasjon og kommunikasjon med Nav eller skatteetaten. For dei som ikkje får e-ID på høgt tryggingsnivå, vert livet sett på hald. Viktige mål og tiltak i strategien er difor bl.a. at alle som har behov, skal få tilgang til ein sikker og brukarvenleg digital identitet. Ein skal greie ut korleis ein kan lage sikre og brukarvenlege digitale løysingar.

Eg vil òg understreke at det vert gjort mykje viktig digitaliseringsarbeid på andre felt, bl.a. i Kartverket og Direktoratet for byggkvalitet, som er viktig for både kommunar, fylke og ikkje minst innbyggjarane.

Anne Kristine Linnestad (H) []: Jeg vil takke statsråden for et grundig svar, men vil følge opp noen punkter. Gjennom DSOP samarbeider finansnæringen og en rekke statlige aktører om digitalisering av viktige prosesser i samfunnet, og per i dag deltar – som ministeren sa – skatteetaten, Brønnøysundregistrene, Digdir, Nav, politiet og Kartverket. Allerede realiserte prosjekter og prosjekter underveis har hittil estimert gevinster for offentlig sektor, bedrifter og forbrukere på nærmere 50 mrd. kr med full utnyttelse, regnet over en tiårsperiode. I tillegg fører prosjektene til mer brukervennlige og tryggere digitale løsninger, som ikke utelukkende kan regnes i kroner og øre.

Samtidig er det viktig at man klarer å sørge for et regelverk som er tilpasset digitale prosesser. Eksisterende regelverk bør kanskje endres slik at de åpner for digitalt førstevalg. En nøkkel til slike offentlig-private samarbeidsprosjekter er mer effektiv bruk og deling av data. Det opprinnelige formålet for datainnhentingen kan i noen tilfeller legge begrensninger på videre deling, og partene kan også være underlagt ulike regelverk som kan ha betydning for hva som kan deles.

Statsråden nevnte a-ordningen, som er et konkret eksempel på et forenklings- og effektiviseringsprosjekt på pensjonsområdet. Her får pensjonsleverandører av privat tjenestepensjon tilgang til opplysninger om inntekts- og arbeidsforhold fra skatteetaten og Nav til ajourhold av tjenestepensjonsavtalen. Ordningen vil gi næringslivet en stor besparelse fordi arbeidsgivere nå kun må rapportere ett sted. Det vil gi riktigere og mer effektiv beregning av pensjonsinnskudd og dessuten bidra til bedre datakvalitet i a-ordningen for oppfølging og kontroll.

Dagens regelverk gjør imidlertid at leverandører av offentlig tjenestepensjon ikke har hjemmel til å gjenbruke opplysningene fra a-ordningen på lik linje med de private. Det kan gi svært stor verdi for f.eks. kommuner, fylkeskommuner og helseforetak, som ikke administreres av Statens pensjonskasse, dersom leverandører av offentlig tjenestepensjon også får nødvendige hjemler, slik at opplysninger fra a-ordningen kan gjenbrukes til ajourhold av offentlige tjenestepensjonsordninger, på lik linje med leverandører av privat tjenestepensjon.

Det er behov for langsiktighet, forutsigbarhet og tilstrekkelig finansiering for å sikre suksess for digitaliseringsprosjektene, og det trengs handlekraft og initiativ. Hvilke vurderinger har regjeringen gjort rundt mulige tilpasning av regelverk og lover for å støtte digitale prosesser og effektiv og trygg datadeling, og hvilke konkrete planer har regjeringen for å følge dette opp?

Statsråd Sigbjørn Gjelsvik []: Eg takkar interpellanten for eit viktig initiativ og tydelege og gode innspel til regjeringa sitt arbeid. Som eg viste til allereie i mitt første svar, vert det gjort eit viktig og stort arbeid i offentleg sektor, på ulike nivå og i ei rekkje statlege etatar, for både betre koordinering og betre informasjonsflyt. Samtidig er eg oppteken av at vi skal vareta personvernet – bl.a. i forholdet mellom skatteetat, politi og Nav – og difor er det viktig at vi heile tida jobbar med god regelverksutvikling som er tilpassa den nye verkelegheita vi står i, der ein har auka bruken av digitale løysingar.

Eg vil òg framheve at digitalisering innanfor offentleg sektor er viktig på ein brei skala av område. Eg nemnde på slutten av mitt førre innlegg at det innanfor både Kartverket og Direktoratet for byggkvalitet er store og pågåande prosessar som er viktige for å kunne effektivisere og gjere slik at kostnader for kommunar og fylke går ned. Det inneber at ein kan få meir effektive prosessar når det gjeld tidsbruk, og ikkje minst levere betre tenester til både innbyggjarar og næringsdrivande rundt i Noreg. Blant anna gjer Kartverket eit stort og viktig arbeid med digital høgdemodell som er utruleg spennande og viktig. Det er kjempeeffektivt og vil gje betre planlegging ute i kommunane med omsyn til å modellere – i ei tid med større klimaendringar, større konsekvensar av klima og klimatilpassing i kommunane – korleis effekten av ulike tiltak vil kunne slå ut, kvar det er trygt å planleggje, kvar ein bør vere på vakt, og kva som er konsekvensane av ulike val ein tek.

Tilsvarande gjeld det ein allereie gjer knytt til marine grunnkart. Dei prosjekta ein har hatt med det, er viktige arbeid som bør vidareførast for å dokumentere dei store verdiane vi har langs kysten og i hava våre, men òg for korleis vi skal finne fram til den rette balansen mellom næringsutvikling og det å vareta av viktige miljø- og naturkvalitetar.

Heilt avslutningsvis har eg lyst til å framheve den kjempestore og viktige jobben som vart gjord av ei rekkje aktørar innanfor offentleg verksemd, bl.a. Digitaliseringsdirektoratet, då ein fekk ei stor tilstrøyming av flyktningar til Noreg, for å sørgje for at dei raskt kunne få ein digital identitet og slik ikkje måtte setje livet sitt i Noreg på vent i lang tid. Det har ein jobba målretta og effektivt med.

Anne Kristine Linnestad (H) []: Jeg registrerer at i statsrådens svar fikk jeg egentlig ikke noe svar. Det var ikke så mye om regler, lover og endringer av disse i det svaret, slik jeg kunne høre, og marine grunnkart skal Stortinget behandle om ikke så lenge.

Jeg har brukt mye av våren på å besøke både kommuner og bedrifter som effektiviserer prosesser og bedrer kvaliteten i offentlige tjenester, og det bekymrer meg at flere kommuner og offentlige virksomheter ikke prioriterer å teste ut digitale løsninger, særlig ikke på repetitive oppgaver. Ofte finnes det gode løsninger, men få kommuner tar dem i bruk. I Trondheim kommune har de brukt kunstig intelligens for å forutsi arbeidsbehov, slik at ansatte jobber når behovet er størst. Det betyr at arbeidet oppleves mer forutsigbart, samtidig som kvaliteten på tjenestene øker og sykefraværet går ned.

I Midt-Telemark har de automatisert besøksplanleggingen i hjemmetjenesten. Det kommer oftere et kjent ansikt inn døren til brukerne, og ansatte bruker mer tid med brukeren enn på bilkjøring mellom dem. Som en spin-off kan Midt-Telemark nå planlegge arbeidsstyrken bedre i forhold til behovet. De ansatte og brukerne opplever kontinuitet og økt kvalitet på tjenestene, og behovet for vikarer er redusert.

Skal vi klare å levere velferd til fellesskapet i møte med de demografiske utfordringene vi vet kommer, er vi avhengige av å gjøre mer med de ressursene vi allerede har. Slik jeg ser det, vil kunstig intelligens kunne være nøkkelen til å effektivisere arbeid som frigjør mer tid til bedre tjenester og menneskelig omsorg.

Så hva mener egentlig regjeringen om bruk av kunstig intelligens i offentlig sektor, og har de en konkret plan som skal sørge for at flere kommuner tar i bruk ny teknologi bl.a. for å bedre velferdstjenestene?

Statsråd Sigbjørn Gjelsvik []: Eg registrerer at det har vore ein diskusjon i det offentlege dei siste vekene om kunstig intelligens. Det ligg ein eksisterande strategi for kunstig intelligens, med nokre viktige prinsipp som vi styrer etter, og som vi jobbar målretta etter i ulike samanhengar, og som oppdaterer korleis vi jobbar når det gjeld kunstig intelligens.

Så vil eg seie at omgrepet «kunstig intelligens» er av og til litt framandgjerande, i tillegg til at det er eit sekkeomgrep som inneheld og rommar veldig mykje forskjellig. Når ein i desse dagar snakkar om kunstig intelligens, tenkjer dei fleste kanskje på chatte-robotar og nye funksjonalitetar som bl.a. har dukka opp på Snapchat, men kunstig intelligens handlar om så mykje meir.

Eksempelvis: Eg besøkte Haukeland sjukehus litt tidlegare i år og såg korleis dei jobbar med bl.a. prosjekt knytt til kunstig intelligens i kreftbehandling. Kvifor det? Jo, for det første fordi radiologar er ein avgrensa ressurs. Vi har store utfordringar. Dessverre er det mange som får kreft i det norske samfunnet, men heldigvis er det mange som får god behandling og har gode prognosar. Men skal ein klare å utvikle gode tenester, eksempelvis innanfor kreftbehandling, handlar det òg om korleis ein på ein sikker og trygg måte tek i bruk ny teknologi. Det er nettopp det eg var inne på i mitt førre svar, og som eg starta svaret mitt til Linnestad med, då ho spurde om regelverksutvikling. Helseområdet er nettopp eit område der ein har sett på korleis ein kan ta i bruk kunstig intelligens, og der ein har regelverksutvikling for å ramme inn i kva slags samanhengar ein skal bruke det.

Så er det framleis slik at det er folk som i siste instans sit og gjer eit arbeid, som brukar den viktige kunnskapen som ein får gjennom nye automatiserte prosessar, der ein kan få inn meir informasjon om bl.a. prøvesvar innanfor kreft, og som kan gje betre prognosar og betre tenester for dei det gjeld.

På mange område vert det gjort eit kjempeviktig arbeid, òg innanfor næringslivet og i dialog mellom offentleg og privat sektor, i skjeringspunktet der. Det er nokon i debatten som nærmast framstiller det som at det er snakk om ja eller nei til kunstig intelligens. Det handlar om at vi skal ta i bruk ny teknologi på ein fornuftig måte som varetek personvernet, og som ser på dei moglegheitene som det gjev.

Presidenten []: Debatten i sak nr. 5 er dermed omme.