Sak nr. 5 [09:37:17]
Interpellasjon
fra representanten Anne Kristine Linnestad til kommunal- og distriktsministeren:
«Solberg-regjeringen prioriterte
digitalising av offentlig sektor for å forenkle, fornye og forbedre
hverdagen for innbyggere og næringsliv. Det ble blant annet investert
i digitale fellesløsninger og innført insentiver for samarbeid og
innovasjon på tvers av sektorer og forvaltningsnivåer. En offentlig
sektor som ikke henger med i svingene på digitalisering vil medføre
store kostnader og ulemper for folk og bedrifter.
Hva gjør regjeringen for å fortsette
arbeidet med å modernisere offentlig sektor?»
Anne Kristine Linnestad (H) [09:38:11 ] : Norge har kommet
langt i arbeidet med digitalisering. Vi har en befolkning med høy
digital kompetanse, vi har konkurransedyktige bedrifter og mange
gode digitale løsninger. Men vi må digitalisere mer for å gjøre
offentlig sektor mer tilgjengelig for å gjøre innbyggernes og bedriftenes
hverdag bedre og enklere. Regjeringen Solberg la bl.a. fram Én digital
offentlig sektor: Digitaliseringsstrategi for offentlig sektor 2019–2025,
nettopp for å forenkle, fornye og forbedre hverdagen for innbyggere
og næringsliv. Det er bl.a. investert i digitale fellesløsninger
og innført insentiver for samarbeid på tvers av sektorer og forvaltningsnivåer.
Hensikten med strategien var å understøtte digital transformasjon
i hver enkelt virksomhet og i offentlig sektor som helhet.
Verden står ikke
stille, og den snurrer kanskje enda fortere rundt nå enn den gjorde
i 2019. Det er fremdeles et stort potensial for å utnytte ny og
digital teknologi for å tilby innbyggere og næringsliv enda bedre
tjenester og legge til rette for en enklere hverdag for oss alle.
Ved å digitalisere mer kan det flyttes ressurser fra administrasjon
til bedre velferdstjenester. Digitalisering frigjør ressurser som
kan brukes i f.eks. helse, skole og samferdsel. Teknologien innebærer
store utfordringer, men også muligheter. Gjennom å automatisere
arbeidsprosesser i offentlig sektor og ta i bruk nye teknologier
kan offentlige virksomheter benytte ressursene mer effektivt for bedre
og mer innovative tjenester til den enkelte bruker.
En offentlig sektor
som derimot ikke henger med i svingene, vil kunne føre til unødvendig
store kostnader og ulemper for folk og bedrifter – og ikke minst
for offentlig sektor i seg selv. Så hva gjør regjeringen for å fortsette
arbeidet med å modernisere offentlig sektor?
Statsråd Sigbjørn Gjelsvik [09:40:20 ] : For Senterpartiet
og Arbeidarpartiet i regjering er det grunnleggjande viktig å leggje
til rette for at folk skal kunne bu, arbeide og leve eit godt liv,
i heile Noreg. Ein heilt avgjerande faktor for det er at vi for
det første sørgjer for å ha dei grunnleggjande strukturane på plass.
Vi må sørgje for at alle i heile Noreg, både husstandar, verksemder og
offentleg verksemd, har tilgang på moderne høghastigheitsbreiband,
at vi i tillegg har godt utbygde mobilnett, at ein sørgjer for ein
sikker og trygg infrastruktur, og at ein òg satsar vidare på forsterka
ekom – eksempelvis.
Det er utruleg
viktig at vi fokuserer vidare på digitalisering innanfor offentleg
sektor. Eit digitalt taktskifte handlar sjølvsagt om løyvingar i
budsjett. I budsjettet for inneverande år er det godt over milliarden
til ulike digitaliseringstiltak, mange av dei viktige digitaliseringstiltak
i offentleg sektor, men det er òg viktig korleis vi på andre område
bidrar til å setje digitalisering i fokus.
I førre veke gav
Digitaliseringsdirektoratet tilsegn om medfinansiering til bl.a.
Folkehelseinstituttet, Direktoratet for byggkvalitet og UDI. Til
saman vart det gjeve tilsegn på 132,5 mill. kr. Prosjekta vil ha
stor samfunnsøkonomisk lønsemd. Dei åtte prosjekta som det til saman
er snakk om, som no har fått førebels tilsegn om midlar, har til
saman ein netto noverdi på om lag 1,4 mrd. kr over ti år. Dei omfattar
nytteeffektar i statleg, kommunal og privat sektor, og dessutan
hos innbyggjarane.
Tida tillèt ikkje
å gå i djupna på alle enkelttiltak som regjeringa har jobba med,
men eg vil nemne nokre konkrete eksempel på både modernisering og
digitalisering som er viktige for innbyggjarane, og som er høgt
prioriterte av regjeringa.
Det eine er modernisering
på innkrevjingsfeltet. Skatteetaten er i gang med det store moderniseringsprogrammet
sitt for statleg innkrevjing. Programmet, som skal gå over sju år,
vil gje store gevinstar for offentleg forvalting, næringsliv og
innbyggjarar. For å oppnå størst moglege gevinstar har programmet
ei heilskapleg og samordna tilnærming til regelverksutvikling, prosessutvikling
og teknologiutvikling. Skatteetaten samarbeider med fire andre etatar,
politiet, Nav, Brønnøysundregistera og Lånekassa, for å utvikle
samanhengande tenester. Når fleire etatar samarbeider om å utvikle
samanhengande tenester, oppnår både innbyggjarar og næringsliv store
gevinstar. Programmet skal bl.a. samordne alle utleggprosessar,
slik at arbeidsgjevarane får eit samla utleggstrekk per tilsett
via a-ordninga. Dette gjev store forenklingar for arbeidsgjevarane
og betre personvern for dei tilsette. Programmet skal òg forenkle
livsløpet til små næringsdrivande i enkeltpersonføretak og mindre
AS ved å gjere økonomisk informasjon og framtidige betalingskrav
tilgjengelege på ein betre og meir oversiktleg måte for nyetablerte
verksemder. Dette vil òg førebyggje gjeldsproblem.
Eg vil òg nemne
den omfattande digitaliseringa som skjer i helse- og omsorgstenesta.
Regjeringa vil byggje vidare på dei nasjonale e-helseløysingane.
Slik vil vi få kommunane og sjukehusa til å jobbe betre saman og
få på plass ny teknologi og nye system som heile helsetenesta har
behov for. Dette er det felles grunnlaget til helse- og omsorgstenesta
for sikker deling av helseopplysningar. Næringa kan lage gode og
innovative løysingar basert på data i dei nasjonale komponentane.
Alle som har behov
for sikker og brukarvenleg digital identitet, skal få det. Det er
målet i den nye nasjonale strategien til regjeringa for e-ID i offentleg
sektor. Noreg er eit føregangsland innan digitalisering, men enkelte grupper
fell utanfor. I eit moderne samfunn er ein elektronisk ID, eller
e-ID, inngangsporten til mykje av det ein treng i livet, både banktenester,
helseinformasjon og kommunikasjon med Nav eller skatteetaten. For
dei som ikkje får e-ID på høgt tryggingsnivå, vert livet sett på hald.
Viktige mål og tiltak i strategien er difor bl.a. at alle som har
behov, skal få tilgang til ein sikker og brukarvenleg digital identitet.
Ein skal greie ut korleis ein kan lage sikre og brukarvenlege digitale
løysingar.
Eg vil òg understreke
at det vert gjort mykje viktig digitaliseringsarbeid på andre felt,
bl.a. i Kartverket og Direktoratet for byggkvalitet, som er viktig
for både kommunar, fylke og ikkje minst innbyggjarane.
Anne Kristine Linnestad (H) [09:45:42 ] : Jeg vil takke statsråden
for et grundig svar, men vil følge opp noen punkter. Gjennom DSOP
samarbeider finansnæringen og en rekke statlige aktører om digitalisering
av viktige prosesser i samfunnet, og per i dag deltar – som ministeren
sa – skatteetaten, Brønnøysundregistrene, Digdir, Nav, politiet
og Kartverket. Allerede realiserte prosjekter og prosjekter underveis
har hittil estimert gevinster for offentlig sektor, bedrifter og
forbrukere på nærmere 50 mrd. kr med full utnyttelse, regnet over
en tiårsperiode. I tillegg fører prosjektene til mer brukervennlige
og tryggere digitale løsninger, som ikke utelukkende kan regnes
i kroner og øre.
Samtidig er det
viktig at man klarer å sørge for et regelverk som er tilpasset digitale
prosesser. Eksisterende regelverk bør kanskje endres slik at de
åpner for digitalt førstevalg. En nøkkel til slike offentlig-private
samarbeidsprosjekter er mer effektiv bruk og deling av data. Det
opprinnelige formålet for datainnhentingen kan i noen tilfeller
legge begrensninger på videre deling, og partene kan også være underlagt
ulike regelverk som kan ha betydning for hva som kan deles.
Statsråden nevnte
a-ordningen, som er et konkret eksempel på et forenklings- og effektiviseringsprosjekt på
pensjonsområdet. Her får pensjonsleverandører av privat tjenestepensjon
tilgang til opplysninger om inntekts- og arbeidsforhold fra skatteetaten
og Nav til ajourhold av tjenestepensjonsavtalen. Ordningen vil gi næringslivet
en stor besparelse fordi arbeidsgivere nå kun må rapportere ett
sted. Det vil gi riktigere og mer effektiv beregning av pensjonsinnskudd
og dessuten bidra til bedre datakvalitet i a-ordningen for oppfølging og
kontroll.
Dagens regelverk
gjør imidlertid at leverandører av offentlig tjenestepensjon ikke
har hjemmel til å gjenbruke opplysningene fra a-ordningen på lik
linje med de private. Det kan gi svært stor verdi for f.eks. kommuner, fylkeskommuner
og helseforetak, som ikke administreres av Statens pensjonskasse,
dersom leverandører av offentlig tjenestepensjon også får nødvendige
hjemler, slik at opplysninger fra a-ordningen kan gjenbrukes til
ajourhold av offentlige tjenestepensjonsordninger, på lik linje
med leverandører av privat tjenestepensjon.
Det er behov for
langsiktighet, forutsigbarhet og tilstrekkelig finansiering for
å sikre suksess for digitaliseringsprosjektene, og det trengs handlekraft
og initiativ. Hvilke vurderinger har regjeringen gjort rundt mulige tilpasning
av regelverk og lover for å støtte digitale prosesser og effektiv
og trygg datadeling, og hvilke konkrete planer har regjeringen for
å følge dette opp?
Statsråd Sigbjørn Gjelsvik [09:48:45 ] : Eg takkar interpellanten
for eit viktig initiativ og tydelege og gode innspel til regjeringa
sitt arbeid. Som eg viste til allereie i mitt første svar, vert
det gjort eit viktig og stort arbeid i offentleg sektor, på ulike
nivå og i ei rekkje statlege etatar, for både betre koordinering
og betre informasjonsflyt. Samtidig er eg oppteken av at vi skal
vareta personvernet – bl.a. i forholdet mellom skatteetat, politi
og Nav – og difor er det viktig at vi heile tida jobbar med god
regelverksutvikling som er tilpassa den nye verkelegheita vi står
i, der ein har auka bruken av digitale løysingar.
Eg vil òg framheve
at digitalisering innanfor offentleg sektor er viktig på ein brei
skala av område. Eg nemnde på slutten av mitt førre innlegg at det
innanfor både Kartverket og Direktoratet for byggkvalitet er store
og pågåande prosessar som er viktige for å kunne effektivisere og
gjere slik at kostnader for kommunar og fylke går ned. Det inneber
at ein kan få meir effektive prosessar når det gjeld tidsbruk, og
ikkje minst levere betre tenester til både innbyggjarar og næringsdrivande
rundt i Noreg. Blant anna gjer Kartverket eit stort og viktig arbeid med
digital høgdemodell som er utruleg spennande og viktig. Det er kjempeeffektivt
og vil gje betre planlegging ute i kommunane med omsyn til å modellere
– i ei tid med større klimaendringar, større konsekvensar av klima
og klimatilpassing i kommunane – korleis effekten av ulike tiltak
vil kunne slå ut, kvar det er trygt å planleggje, kvar ein bør vere
på vakt, og kva som er konsekvensane av ulike val ein tek.
Tilsvarande gjeld
det ein allereie gjer knytt til marine grunnkart. Dei prosjekta
ein har hatt med det, er viktige arbeid som bør vidareførast for
å dokumentere dei store verdiane vi har langs kysten og i hava våre,
men òg for korleis vi skal finne fram til den rette balansen mellom
næringsutvikling og det å vareta av viktige miljø- og naturkvalitetar.
Heilt avslutningsvis
har eg lyst til å framheve den kjempestore og viktige jobben som
vart gjord av ei rekkje aktørar innanfor offentleg verksemd, bl.a.
Digitaliseringsdirektoratet, då ein fekk ei stor tilstrøyming av flyktningar
til Noreg, for å sørgje for at dei raskt kunne få ein digital identitet
og slik ikkje måtte setje livet sitt i Noreg på vent i lang tid.
Det har ein jobba målretta og effektivt med.
Anne Kristine Linnestad (H) [09:52:10 ] : Jeg registrerer at
i statsrådens svar fikk jeg egentlig ikke noe svar. Det var ikke
så mye om regler, lover og endringer av disse i det svaret, slik
jeg kunne høre, og marine grunnkart skal Stortinget behandle om
ikke så lenge.
Jeg har brukt
mye av våren på å besøke både kommuner og bedrifter som effektiviserer
prosesser og bedrer kvaliteten i offentlige tjenester, og det bekymrer meg
at flere kommuner og offentlige virksomheter ikke prioriterer å
teste ut digitale løsninger, særlig ikke på repetitive oppgaver.
Ofte finnes det gode løsninger, men få kommuner tar dem i bruk.
I Trondheim kommune har de brukt kunstig intelligens for å forutsi
arbeidsbehov, slik at ansatte jobber når behovet er størst. Det
betyr at arbeidet oppleves mer forutsigbart, samtidig som kvaliteten
på tjenestene øker og sykefraværet går ned.
I Midt-Telemark
har de automatisert besøksplanleggingen i hjemmetjenesten. Det kommer
oftere et kjent ansikt inn døren til brukerne, og ansatte bruker mer
tid med brukeren enn på bilkjøring mellom dem. Som en spin-off kan
Midt-Telemark nå planlegge arbeidsstyrken bedre i forhold til behovet.
De ansatte og brukerne opplever kontinuitet og økt kvalitet på tjenestene,
og behovet for vikarer er redusert.
Skal vi klare
å levere velferd til fellesskapet i møte med de demografiske utfordringene
vi vet kommer, er vi avhengige av å gjøre mer med de ressursene
vi allerede har. Slik jeg ser det, vil kunstig intelligens kunne
være nøkkelen til å effektivisere arbeid som frigjør mer tid til bedre
tjenester og menneskelig omsorg.
Så hva mener egentlig
regjeringen om bruk av kunstig intelligens i offentlig sektor, og
har de en konkret plan som skal sørge for at flere kommuner tar
i bruk ny teknologi bl.a. for å bedre velferdstjenestene?
Statsråd Sigbjørn Gjelsvik [09:54:20 ] : Eg registrerer at
det har vore ein diskusjon i det offentlege dei siste vekene om
kunstig intelligens. Det ligg ein eksisterande strategi for kunstig
intelligens, med nokre viktige prinsipp som vi styrer etter, og
som vi jobbar målretta etter i ulike samanhengar, og som oppdaterer
korleis vi jobbar når det gjeld kunstig intelligens.
Så vil eg seie
at omgrepet «kunstig intelligens» er av og til litt framandgjerande,
i tillegg til at det er eit sekkeomgrep som inneheld og rommar veldig
mykje forskjellig. Når ein i desse dagar snakkar om kunstig intelligens, tenkjer
dei fleste kanskje på chatte-robotar og nye funksjonalitetar som
bl.a. har dukka opp på Snapchat, men kunstig intelligens handlar
om så mykje meir.
Eksempelvis: Eg
besøkte Haukeland sjukehus litt tidlegare i år og såg korleis dei
jobbar med bl.a. prosjekt knytt til kunstig intelligens i kreftbehandling.
Kvifor det? Jo, for det første fordi radiologar er ein avgrensa
ressurs. Vi har store utfordringar. Dessverre er det mange som får
kreft i det norske samfunnet, men heldigvis er det mange som får
god behandling og har gode prognosar. Men skal ein klare å utvikle
gode tenester, eksempelvis innanfor kreftbehandling, handlar det
òg om korleis ein på ein sikker og trygg måte tek i bruk ny teknologi.
Det er nettopp det eg var inne på i mitt førre svar, og som eg starta
svaret mitt til Linnestad med, då ho spurde om regelverksutvikling.
Helseområdet er nettopp eit område der ein har sett på korleis ein
kan ta i bruk kunstig intelligens, og der ein har regelverksutvikling
for å ramme inn i kva slags samanhengar ein skal bruke det.
Så er det framleis
slik at det er folk som i siste instans sit og gjer eit arbeid,
som brukar den viktige kunnskapen som ein får gjennom nye automatiserte
prosessar, der ein kan få inn meir informasjon om bl.a. prøvesvar
innanfor kreft, og som kan gje betre prognosar og betre tenester
for dei det gjeld.
På mange område
vert det gjort eit kjempeviktig arbeid, òg innanfor næringslivet
og i dialog mellom offentleg og privat sektor, i skjeringspunktet
der. Det er nokon i debatten som nærmast framstiller det som at det
er snakk om ja eller nei til kunstig intelligens. Det handlar om
at vi skal ta i bruk ny teknologi på ein fornuftig måte som varetek
personvernet, og som ser på dei moglegheitene som det gjev.
Presidenten
[09:57:18 ]: Debatten i sak nr. 5 er dermed omme.