Presidenten: Vyrde
medrepresentantar!
Tidlegare stortingsmann
Johan Syrstad gjekk bort 16. desember 2019. Han møtte fyrste gong
på Stortinget som fast møtande vara for Per Borten i mars 1968,
i samband med at Einar Moxnes rykka opp og vart fiskeriminister.
Deretter vart han igjen fast møtande då Korvald-regjeringa troppa
på, og Einar Moxnes vart landbruksminister. Ved valet i 1977 vart
han vald inn på Stortinget på eigen kjøl, og han vart sitjande i
to periodar, fram til 1985. Då satt han fyrst i kyrkje- og undervisningskomiteen
og deretter i landbrukskomiteen, kor han var nestleiar.
Stortingsvervet
var likevel berre ein del av eit samla politisk liv i kommunepolitikken,
fylkespolitikken og rikspolitikken, slik det ofte er. Arbeidsdagen
i Senterpartiet starta for alvor då han kom inn i kommunestyret i
Meldal i 1955. Etter to periodar kom han inn i formannskapet, kor
han satt i tre periodar. I 1960 vart han leiar, eller formann, som
det då heitte, i Sør-Trøndelag Senterparti.
Mjølkeprodusenten
Johan Syrstad arbeidde òg i mange år i landbruksrøyrsla, både i
Bondelaget og i samvirket, der landbrukssamvirket hadde særleg glede av
arbeidsinnsatsen hans. Han spela ein viktig og til dels leiande
rolle i både Trøndelag melkesentral, Norske Melkeprodusenters Landsforbund
og Norske Meieriers Salgssentral, NMS. Han var den fyrste leiaren
i NMS som ikkje var frå Austlandet.
Men arbeidskapasiteten
rakk òg til meir, for Johan Syrstad var òg aktiv i kristeleg arbeid.
I fire tiår var han aktiv i soknerådet i Meldal, om enn med nokre
avbrekk innimellom. Han var òg ein sentral tillitsvald i Misjonsselskapet
i Trøndelag. Heimbygda hadde nytte av han på mange andre vis òg.
Han la ned ein stor innsats i den lokale sparebanken, og han forfatta
lokalhistoriske skrifter. Og i ein alder då dei fleste går av med
pensjon, innleia han ei tiårig karriere som formann i A/S Meldal Samfunnshus.
Ved båra hans vart
det understreka frå mange hald at Johan Syrstad var ein samfunnsbyggjar,
og det var lagt stor vekt på at han var både triveleg, romsleg og
raus. Han søkte aldri merksemd for eigen del og greidde fint å arbeida
med politisk gjennomslag utan å skapa oppstuss i Oslo-redaksjonane.
Ein skal likevel
hugsa at Syrstad ein gong, i samband med Stortinget si handsaming
av det såkalla dobbeltvedtaket, i all hast vart flydd heim over
Atlanteren for å redda Willoch-regjeringa frå nederlag, og at han
på denne måten stansa eit mogleg regjeringsskifte i Noreg. I møte
med den politiske dramatikken sørgde altså Johan Syrstad for å hindra
krise. Det fortel mykje om både mannen og politikaren.
Det er ei ære å
lysa fred over Johan Syrstad sitt gode minne.