Interpellasjon fra representanten Alfred Jens Bjørlo til kommunal- og distriktsministeren: «Regjeringa varslar i Hurdalsplattforma at ein vil følgje opp tilrådingane frå Brandtzæg- og Norman-utvala i NOU 2020: 12 og NOU 2020: 15 om fornying av distriktspolitikken. Utvala peikar på at desentralisering av statlege arbeidsplassar for å skape ein variert arbeidsmarknad også i distriktsregionar utan tunge statlege institusjonar er eit viktig element i ein forsterka distriktspolitikk. Norman-utvalet foreslår å prøve ut fleire desentraliserte, samlokaliserte mindre einingar av statlege verksemder, etter modell av «Statens Hus»-pilotane, og Solberg-regjeringa tok initiativ til å prøve ut «flytterett til eigen jobb» for tilsette i staten. Korleis vil regjeringa følgje opp og forsterke arbeidet med desentralisering av statlege arbeidsplassar, slik at mellom anna fleire statleg tilsette kan få fridom til å ta jobben med seg ut av dei største byane utan at sjølve institusjonane vert flytta?»