Stortinget - Møte tirsdag den 22. oktober 2019

Dato: 22.10.2019
President: Tone Wilhelmsen Trøen

Sak nr. 3 [10:25:36]

Interpellasjon fra representanten Ingrid Heggø til olje- og energiministeren: «I bygdelag og øysamfunn rundt om i Noreg er utbygginga av vindkraft i ferd med å skape ei mistru og eit tap av tillit til sentrale styresmakter som er veldig alvorleg. Tusenvis av norske borgarar føler avmakt, raseri og djup fortviling over det dei opplever som statleg godkjende overgrep mot natur og menneske, at grunnleggande lovverk som skal verne menneske, dyr og natur, blir tilsidesett og oversett. Utbyggingar skjer i strid med kommuneplanar, med store avvik og endra føresetnader, og blir iverksett før ankehandsaming er ferdig. Dette gjeld både nye prosjekt og endring av opphavlege konsesjonssøknader. Folkeopprøret på Haramsøy, Frøya, Bremanger og i mange andre bygdelag og øysamfunn gjer sterkt inntrykk, og ikkje minst korleis dei føler seg behandla av NVE og Olje- og energidepartementet. Kva er statsråden sitt svar til tusenvis av norske borgarar som opplever at statlege vedtak går sterkt ut over helse, livskvalitet, bulyst og tillit?»

Talere

Ingrid Heggø (A) []: I historia om Noreg har tilgangen på fornybar kraft lenge vore Noreg sitt store fortrinn. Med utgangspunkt i rein og billig vasskraft har små stader rundt omkring i Distrikts-Noreg fått stor industri, produsert på verdas reinaste energi.

På same vis er vi nordmenn stolte av vår vakre, reine og urørte natur. Friluftsliv og nærleiken til naturen er ein del av den norske folkesjela, og den mest hurtigvaksande næringa i Noreg er reiseliv, basert på naturen.

Det eg set fokus på i denne interpellasjonen, er vindkraftutbygginga, at utbygging av vindkraft er i ferd med å skapa ei mistru og eit tap av tillit til sentrale styresmakter som er veldig alvorleg. Samstundes vil vi ha meir rein energi.

Nasjonal rammeplan for vindkraft skulle vera eit konfliktdempande tiltak, men det vart ein augeopnar – landet rundt. Så var nesten alle fylke også involvert i planen. Rammeplanen og utpeikinga av område var analysar på eit heilt overordna nivå, og dei utpeika områda hadde eit samla areal på 29 000 km2.

No har det i fleire månader vore stor usikkerheit, der lokalbefolkninga fryktar at dei vert overkøyrde. Det vert stilt store spørsmålsteikn ved regjeringa si handtering av rammeplanen og prosessen: Kva no når rammeplanen er skrota? Motstanden i folket aukar. Har regjeringa lytta og lært? Har regjeringa teke innover seg kvifor tusenvis av norske borgarar føler avmakt, raseri og djup fortviling over det dei opplever som statleg godkjende overtramp mot natur og menneske, og at grunnleggjande lovverk som skal verna menneske, dyr og natur, vert tilsidesett og oversett?

Statsråden har sagt at konsesjonsvilkåra skal verta gjennomgått på nytt, og at søknadene vert sette på vent inntil det er kome avklaringar på konsesjonssystemet. Men lite er sagt om kva nye kriterium som skal inn, og kva vektinga av dei ulike kriteria vert. Lite er sagt om dette gjeld alle konsesjonar som er innvilga, men ikkje sette i gang. Lite er sagt om frysvedtaket også gjeld utviding og fornying av konsesjonar.

Men statsråden har sagt at der det er stor motstand, skal det ikkje verta gjeve konsesjon. Dersom dette er rett, burde vel alle søknader der det er stor motstand, verta avslått no, i staden for at dei vert sette på vent, og så må det eventuelt søkjast på nytt, etter nye kriterium. Då ville iallfall regjeringa ha synleggjort at ein faktisk har lytta til folkeopprøret, til alle som har sagt nei. No sit dei fleste med ei kjensle av at regjeringa har kjøpt seg eit pusterom, og ein sit att med manglande tillit og uroa over om ein faktisk vert lytta til i praksis.

Dersom statsråden er sitert rett i NRK, er det framleis grunn til uro, for der seier han at han

  • «ser et behov for å gjøre noe med konsesjonssystemet nettopp for å gjøre et godt system enda bedre for å forebygge konflikter som vi har sett det har vært rundt enkelte utbygginger av vindkraft».

Eit «godt system enda bedre». Utsegna vitnar lite om at statsråden har teke inn over seg den massive kritikken frå folk som påpeikar at dei føler seg overkøyrde og makteslause.

Det har skjedd ei markant endring i folk sitt syn på vindkraft, spesielt det siste halve året. Den sterke motstanden og kritikken av ulike vindkraftprosjekt viser at ei god lokal forankring av potensielle prosjekt er både riktig og viktig.

Det har skjedd ei rivande utvikling innan vindmøller, på storleik og arealbruk. Det er godteke store avvik og endra føresetnader frå opphavlege konsesjonssøknader mange stader. Befolkninga føler seg lurt når det i si tid vart sagt ja til lyktestolpar og dei får eit «Eiffeltårn» i fjellheimen sin. Difor må ein gjennomgå regelverket knytt til etablering av vindkraft med spesiell fokus på lokal forankring og innflytelse. Denne gjennomgangen bør også supplerast med ein gjennomgang av dei lokale ringverknadene av anlegga. Det er viktig for den nasjonale energidebatten at framtidas energibehov vert utgreidd. Her trengst det meir kunnskap.

Eg er som sagt glad for at rammeplanen vart skrota. Men no må vi få ein samla, heilskapleg plan der vind, vatn og nett vert sett i ein samanheng. Naturen må òg få ein eigenverdi. For det som uroar når rammeplanen vert skrinlagd, er om ein på nytt får ei bit-for-bit-utbygging og framleis godtek at områda til vindkraft vert valde av utbyggjaren, som inngår avtale med grunneigarane lenge før konsensjonssøknad vert innsend.

Når ein i tillegg veit at fleire utbyggingar skjer i strid med kommuneplanar, med store avvik og endra føresetnader, og at anleggsverksemd vert sett i verk før ankehandsaminga er ferdig – ja, då vitnar ikkje dette om god offentleg kontroll eller om eit godt system.

I bygdelag og øysamfunn rundt om i Noreg er utbygging av vindkraft i ferd med å skapa ei mistru og tap av tillit. Og korleis skal folk få tillit til at dei vert høyrde, dersom frysavgjerda som er teke, har mange unntak?

I 2020 og 2021 går svært mange konsesjonar ut. Desse konsesjonane er gjevne på eit heilt anna kunnskapsgrunnlag og under andre føresetnader og burde etter mitt syn terminerast når konsesjonstida utgår. Desse konsesjonane må iallfall ikkje automatisk vidareførast og utvidast etter gamle konsesjonsvilkår. Er statsråden samd i det?

FN sitt naturpanel har publisert klare åtvaringar om at endra arealbruk er den største trusselen mot artsmangfaldet på jorda, ein større trussel enn klimaendringane. Og det er ikkje berre at vindmøllene er vortne større, planeringa rundt kvart turbintårn er no om lag ei halv fotballbane, og så kjem tilkomstveg og oppstillingsplass. Det er store og svært synlege naturinngrep vi snakkar om. For å ta eit eksempel: Arealet det er søkt om til vindkraft langs Sognefjorden, er på 43 km2. Det er over 5 000 fotballbaner. Det er enorme areal. Og kva sit ein att med av lokale ringverknader? Auka nettleige. Utbygginga av vindkraft på Guleslettene i Bremanger gav ei auka nettleige fordelt på innbyggjarane til nettselskapet med 170 mill. kr.

Og dei fleste har fått med seg at eigedomsskatten har denne regjeringa sett under press, likeeins kva som inngår av produksjonsutstyr i skattegrunnlaget. Folk opplever at ein får lite igjen til fellesskapet for å stilla naturen til rådvelde, og då aukar motstanden.

Det er unisont at ein ikkje skal byggja i urørt natur. Det er eg einig i, men eg vil også slå eit slag for dei som har stilt naturen sin til disposisjon for fellesskapet tidlegare, f.eks. ved vasskraftutbygging, der naturmangfaldet nett er i ferd med å koma tilbaka, såra i naturen har byrja å gro. Her er naturen endå meir sårbar. Også her må innbyggjarane sine krav til «nok er nok» få gjennomslag.

Konsekvensane av vindkraftutbygging må synleggjerast for befolkninga. Der vart nok den nasjonale rammeplanen på mange måtar ein augeopnar for mange. For det har skjedd så store endringar i befolkninga sitt syn på vindkraft berre i det siste halvåret. Det er synleggjort at inngrepa og føreslegne areal er enorme storleikar. Og det er mange paradoks. Ved vindkraftutbygging kan ein nytta gravemaskiner i myr, medan ein bonde ikkje kan dyrka ein einaste ny kvadratmeter myr. Utslepp vert det no av begge delar. Burde ein kravd totalrekneskap på CO2 ved alle utbyggingar? Kvifor er skatte- og avskrivingsreglane så veldig forskjellige for vatn og vind?

Arbeidarpartiet har lenge etterlyst ein heilskapleg, samla plan der vind, vatn og nett vert sett i samanheng. Vil statsråden ta denne utfordringa?

Statsråd Kjell-Børge Freiberg []: La meg innledningsvis få understreke at jeg tar engasjementet rundt vindkraft på største alvor. På bakgrunn av høringen av forslaget om nasjonal ramme for vindkraft har regjeringen nylig varslet at vi ikke kommer til å gjennomføre en nasjonal ramme med de utpekte områdene for ny vindkraft. Så er det, som representanten Heggø viser til, også varslet endringer i konsesjonsbehandlingen, som jeg kommer tilbake til.

Vindkraften som nå bygges ut, er et resultat av en villet politikk. I to tiår har forskjellige regjeringer og storting lagt til rette for utbygging av vindkraft. Jeg vil minne om at den rød-grønne regjeringen allerede i 2005 i Soria Moria-erklæringen foreslo å innføre et pliktig grønt elsertifikatmarked.

Regjeringen Stoltenberg II fremmet i 2011 forslag om et felles elsertifikatmarked sammen med Sverige. Elsertifikatsystemet ble det sentrale virkemiddelet for å støtte utbygging av fornybar energi. Stortingets ønske har altså vært at det skal bygges ut mer vindkraft i Norge enn det kraftmarkedet ga grunnlag for.

Nå har teknologiutvikling og fallende kostnader bedret lønnsomheten på vindkraft. Konsesjonene som nå realiseres, er gitt både av dagens regjering og den forrige regjeringen.

Jeg har stor respekt for lokaldemokratiet, og med noen ytterst få unntak i form av utvidelser av vindkraftverket på Kvaløy i Troms og en liten del av en vindkraftkonsesjon i Kvinesdal, som berører Lyngdal kommune, har denne regjeringen ikke gitt konsesjoner til vindkraftverk der vertskommunen har vært imot. God lokal forankring har i praksis vært avgjørende for at vindkraftverk skal få konsesjon. Nær alle vindkraftprosjektene som nå bygges, er derfor basert på konsesjoner som har fått støtte i vertskommunene. Vi har derimot sagt nei til flere prosjekter der kommunene har vært for.

Spørsmålet om det bør tillates vindkraft i et område avgjøres i selve konsesjonsprosessen. Dette er åpne og demokratiske prosesser, der kommuner og andre synspunkter på et prosjekt blir hørt. Dersom en utbygger har fått konsesjon, kan ikke denne trekkes tilbake fordi kommunen i etterkant har ombestemt seg. Vindkraft innebærer betydelige investeringer der de vesentlige kostnadene er bundet opp mot kontrakter før byggingen starter. Investorer, entreprenører og konsesjonærer må derfor kunne ha tillit til de beslutninger som er fattet.

Vindkraft underlegges en omfattende konsesjonsbehandling som inkluderer konsekvensutredninger etter plan- og bygningsloven, og vurdering av naturmangfold, slik naturmangfoldloven krever. I tillegg vurderes prosjektene i tråd med nasjonale retningslinjer for støy og skyggekart, internasjonale urfolksrettigheter og regionale og kommunale planer.

Vi har i mange saker sagt nei til vindkraft, bl.a. av hensyn til hubro, rovfugl, villrein, landskap, samisk reindrift osv. Av alle de planer for vindkraft NVE har hatt befatning med, er det en klar overvekt av prosjekter som av ulike årsaker ikke har fått konsesjon.

Jeg erkjenner at det er en utfordring når det går svært lang tid fra et prosjekt får konsesjon til det faktisk blir bygd. Når vindkraft er blitt lønnsomt uten støtte, og det ikke lenger er frister i elsertifikatsystemet å ta hensyn til, er det heller ingen grunn til at konsesjoner skal bli liggende urealisert lenge. Derfor har regjeringen varslet innstramming av praksis med forlengelse av byggefrister.

Tiden fra et prosjekt får konsesjon til det bygges gjør også at det skjer teknologiutvikling mens prosjektet modnes. Særlig de siste årene har det skjedd en markant økning i turbinstørrelse. Dette gjør at enkelte mener det blir bygd et annet prosjekt enn det som fikk konsesjon. Her er forutsigbarhet viktig. Både NVE og Olje- og energidepartementet har tatt grep for å sikre at utredninger i prosjektfasen etter konsesjon blir tilstrekkelig utredet, offentliggjort og vurdert. Ytterligere justering og innstramminger kommer også her til å bli vurdert.

Samtidig vil jeg få understreke at muligheten til å benytte den nyeste teknologien på den vindkraften som bygges, har gitt store samfunnsøkonomiske gevinster i form av høyere produksjon og større verdiskapning. Høyden på turbinene blir typisk trukket fram som noe negativt. Dette tenker jeg vi skal ha respekt for. Moderne turbiner er virkelig høye, men samtidig er det viktig å være klar over at høyere turbiner også gir færre turbiner med tilsvarende færre veier og arealinngrep.

Jeg blir selvsagt også berørt av det engasjementet og folkeopprøret som er der ute. Så mitt svar til interpellanten er at vi gjennom denne prosessen med nasjonal ramme har fått mer kunnskap om prosessen rundt utbygging av vindkraft. Vi har også gjennomført en bred høring og vi lytter til innspillene. Og nå kommer vi til å se på et allerede godt konsesjonssystem i den hensikt å gjøre den enda bedre.

Så vil jeg også minne interpellanten om at vi har satt en stopper for elsertifikatsystemet.

Denne debatten handler om balansen mellom å ta i bruk norsk natur og samtidig bygge ut lønnsom fornybar kraft som vi har behov for. Det er reelle og til dels vanskelige avveininger omkring vindkraft. Derfor er det viktig med en offentlig debatt om vindkraft, men vi må alle bidra til at debatten holdes på et saklig og opplyst nivå.

Ingrid Heggø (A) []: Eg takkar statsråden for svaret, men vi må passa oss så det ikkje berre vert fagre ord når vi står her og snakkar om at vi skal lytta til folk og kva dei meiner. Det må faktisk handling til.

Eg spurde statsråden om kva som var statsråden sitt svar til tusenvis av norske borgarar som enno er uroa og opplever at dei statlege vedtaka går sterkt ut over helse, livskvalitet, bulyst og tillit. Det spørsmålet gjeld sjølvsagt også gjevne konsesjonar. Der oppfatta eg ikkje eit konkret svar frå statsråden.

Eg skal vera meir presis: Med utgangspunkt i den aukande motstanden mot vindkraft i dag, som statsråden seier han vil lytta til, ber eg om ei utdjuping om kva som eigentleg skjer i praksis med dei søknadene som ligg føre no. Er det berre vertskommunane ein skal lytta til, og berre dei det gjeld? Og vert det no gjeve ein «go» på søknadene der lokalbefolkninga har sagt ja? Og med omsyn til innvilga konsesjonar: Korleis vert innramminga av endra føresetnader og avvik? Eller sagt på ein annan måte: Kva endringar av avvik kan ein godta utan at det utløyser ei ny konsesjonsbehandling og vert nye høyringar? Vil ein sjå på dette i det heile, eller er gjevne konsesjonar gjevne konsesjonar, som no vil få ein «go»? Vert fornying av konsesjonar og utviding no underlagde same konsekvensutgreiing og nye konsesjonsvilkår med oppdatert kunnskapsgrunnlag?

Eg oppfattar at frysvedtaket enno berre gjeld for søknader etter rammeplanen, men det håper eg at statsråden kan utdjupa litt meir. Eg lurer også på på kva måte Stortinget vert involvert i utarbeiding, eventuelt konfirmering, av desse endra konsesjonsvilkåra, og når det skjer.

Eg må ta opp igjen spørsmålet mitt om kva som skjer med konsesjonar som går ut, for dei er jo gjevne under heilt andre føresetnader og på eit heilt anna kunnskapsgrunnlag. Dei er 25 år gamle. Det hjelper jo lite viss ein på den eine sida stoppar behandlinga på grunn av folkeleg motstand, mens ein på den andre sida samtidig fornyar og utvidar andre søknader.

Statsråd Kjell-Børge Freiberg []: Representanten viser til fagre ord. Jeg viser til konkret handling sett i forhold til at vi nettopp har hatt en bred høring om nasjonale rammer, som også utgjør et kunnskapsgrunnlag om virkningen av vindkraft. Det ble offentliggjort, sendt ut på en bred høring der vi ba om innspill. Jeg mener faktisk at regjeringen skal ha honnør, for vi gjør det vi har sagt vi skal gjøre. Vi lyttet til de innspillene som kom. Det gjør at vi ikke går videre med de 13 utpekte områdene. Det gjør også at vi setter i gang et arbeid for å endre konsesjonssystemet.

Jeg viser til at vi ikke har behandlet konsesjoner, verken gamle eller nye, siden 1. april. Vi har også varslet at før vi har konkludert med hvilke endringer som vil komme i konsesjonssystemet, kommer vi ikke til å konsesjonsbehandle nye prosjekt. Det tenker jeg er klokt, for historien – der vi står i dag – rundt vindkraft, viser at vi har behov for å ta noen grep, bl.a. med konsesjonssystemet. Konsesjoner som er gitt, er gitt. Det foreligger en forpliktelse når noen har fått en rettighet. Det handler om forutsigbarhet. Det handler om ryddighet.

Men det er ikke sånn, hvis man har fått en rettighet, at man kan gjøre akkurat som man vil. Har man fått en konsesjon for noen år tilbake og skal starte å bygge nå, må man ha en godkjent detaljplan. Er det avvik i kunnskapen fra konsesjonen ble gitt og til detaljplanen ble behandlet, er det det verktøyet vi har nettopp for å legge til grunn akkurat den kunnskapen vi har og skal ha på byggetidspunktet. Derfor er det også gjort endringer, både fra NVE og fra Olje- og energidepartementet, i en rekke konsesjoner gjennom ordinær behandling og klagebehandling –nettopp fordi man har fått ny kunnskap.

Avslutningsvis konstaterer jeg bare at Heggø, som representerer Arbeiderpartiet, også er for utbygging av vindkraft, og etter det innlegget kan det stilles spørsmål om man har endret politisk mening.

Lars Haltbrekken (SV) []: Folk er bekymret for sine naturområder. De er bekymret for de store inngrepene vi har sett fra en del vindkraftutbygging i det siste. Jeg kan skjønne det. Naturen er vårt felles livsgrunnlag. Våre liv avhenger av en frisk og velfungerende natur med intakte økosystem.

Dette var også en av grunnene til at Stortinget for noen år siden ba om en plan for vindkraftutbyggingen. Man ville bort fra den planløse utbyggingen, hvor hvert enkelt prosjekt ble sett på for seg, og over til en helhetlig tilnærming. NVEs forslag, som kom tidligere i år, møtte stor motstand, og det er ikke så rart. Mange av områdene de mente det gikk an å se for seg vindkraft i, er sårbare naturområder eller viktige områder for det norske urfolk, samene.

Regjeringen sitt svar på dette var i forrige uke å skrinlegge den nasjonale rammen for vindkraft. Jeg tror det er et dårlig svar. Det vi får da, er en fortsatt planløs nedbygging, en bit-for-bit-nedbygging av viktige naturområder.

Om lag halvparten av det norske energiforbruket er fossilt. Vi trenger mer fornybar energi og satsing på energisparing om vi skal løse klimakrisen. Skal vi få til det uten å ødelegge verdifull natur, trengs det en helhetlig plan, ikke en bit-for-bit-nedbygging, som regjeringen nå igjen legger opp til.

Samtidig med at regjeringen varslet at de skroter den nasjonale vindkraftrammen, varslet de at de ville se på konsesjonsreglene og konsesjonsprosessene. Det er på høy tid. Vi har flere ganger sett at det er gjort svært dårlige kartlegginger av naturverdiene i forkant av både vind- og vannkraftutbygginger. I flere saker om utbygging av vannkraft har miljø- og friluftsorganisasjonene sørget for tilleggsutredninger som har avdekket et langt større naturmangfold i områdene der det var planlagt bygd ut, enn utbyggerne fikk kjennskap til fra rapportene de hadde bestilt. NVE har avdekket lignende forhold tidligere i en rekke småkraftsaker.

Jeg lurer derfor på om statsråden i forbindelse med gjennomgangen av konsesjonsprosessene og regelverket vil sørge for at det stilles strengere krav til de naturkartleggingene som skal gjøres før vedtak fattes, og om statsråden og regjeringen vil komme til Stortinget med sitt forslag til nytt konsesjonsregelverk.

I tillegg vil jeg be statsråden sørge for at det ikke gis tillatelse til oppstart av anleggsvirksomhet før alle lovpålagte naturundersøkelser er gjort, vurdert og tatt hensyn til, og at alle eventuelle klager er ferdigbehandlet.

Jeg vil også avslutningsvis be statsråden om å vurdere, i forbindelse med sin gjennomgang av konsesjonsprosessene, et regelverk hvor stor vindkraftutbygging behandles i Stortinget og ikke bare av regjeringen. Et slikt regelverk har vi på vannkraftsiden. Større vannkraftutbygginger behandles av Stortinget, ikke bare av regjeringen, og det er en svakhet at vi ikke har fått til det på vindkraftsiden – foreløpig.

Bjørnar Moxnes (R) []: Jeg vil først gratulere folkebevegelsene landet rundt som har reist seg mot naturødeleggende vindkraft, med en viktig etappeseier. Regjeringen hadde ikke trukket nasjonal ramme for vindkraft i forrige uke uten den brede motstanden mot at naturen bygges ned bit for bit, som vi nå ser landet rundt.

Men det å skrote rammeplanen er ikke nok. I mange av områdene hvor det er stor lokal motstand, er konsesjonene allerede gitt. De gamle konsesjonene har flere fellestrekk som gjør at det er nødvendig å behandle dem på nytt. I mange av tilfellene ble det ikke tatt tilstrekkelige miljøhensyn. Mange har endret det som skal bygges, i forhold til det som ble skissert i opprinnelig søknad, og naturkartleggingen har vært utilstrekkelig.

På Hitra og på Sørmarksfjellet har man funnet hubro, en truet art, underveis i byggeprosessen. Vi vet også mer om miljøkonsekvensene av vindmøller i bruk. Bare på Smøla er 100 havørn drept av vindmøller. I Tyskland vet man at 1 200 tonn insekter dør i møtet med vindmøller hvert år. I Egersund finner vi et eksempel på at det som ble bygd, ikke er det de søkte om – området med inngrep er blitt tre ganger større enn det som var oppgitt i søknaden. I mange av prosjektene vet vi at vindmøllene som bygges, er større enn det som ble lagt til grunn under vurderingene i forkant. Og større vindkraftturbiner endrer lydbildet, veiene må bli større for å frakte større deler, og faren for iskast om vinteren øker.

I tillegg må vi nå se på helheten. Hittil har vindkraftverk fått konsesjon uten å se det totale inngrepet i sammenheng. Det fører til at sårbar natur bygges ned bit for bit, og det er en stor trussel mot det biologiske mangfoldet. FNs naturpanel la i mai fram en rapport som viste hvordan tap av leveområder er en av de største årsakene til at opp mot en million plante- og dyrearter er truet.

Vindkraftanlegg i Norge bygges stort sett i uberørt natur. Det kreves i snitt 800 meter vei for hver vindturbin. Veiene krever sprenging og andre inngrep for å være store nok til å frakte deler til vindkraftturbiner på langt over 100 meter.

Mange av konsesjonene må uansett behandles på nytt, fordi utbyggingen er utsatt i forhold til hva som lå inne i søknaden. En tillatelse varer ikke evig, men når det gjelder vindparker, oppfører staten seg sånn. Etter hvert som miljøkonsekvensene av vindkraftanleggene er blitt mer kjent, har den lokale motstanden naturlig nok økt, og det oppleves som et klart demokratisk overtramp når ny kunnskap ikke betyr noe. Rødt mener at det lokale folkestyret er viktig, og at anlegg som har flertallet i befolkningen lokalt mot seg, derfor ikke bør bygges.

Det er også juridisk tvilsomt at det å få utsettelse ikke skal kreve noen nye vurderinger. Det sier bl.a. forskningsprofessor Ole Kristian Fauchald, som er blant Norges fremste miljøjurister. Han uttaler følgende:

«Igangsettingsfrist er et vilkår i konsesjonen, og en utsettelse av denne er en omgjøring av konsesjonen. Det innebærer at en søknad om fristforlengelse i utgangspunktet skal følge samme saksbehandlingsregler som en ordinær søknad. Ut fra dette blir det uholdbart å hevde at man ved et slikt vedtak kan bygge på «kunnskapsgrunnlaget på vedtakstidspunktet». Ved vedtak om fristforlengelse må kunnskapsgrunnlaget oppdateres».

I klima- og miljøspørsmål har Rødt og vindkraftmotstanderne to tanker i hodet på en gang. Vi kan ikke redde klimaet på en måte som samtidig ødelegger naturen og økosystemene som vi er avhengig av for ren luft, rent vann og for maten vi spiser. Derfor må det nå strammes inn på praksisen, og vi må få en endring av hvordan Stortinget får til behandling det som så langt er gitt av konsesjoner til vindkraftverk.

Abid Q. Raja hadde her overtatt presidentplassen.

Ingrid Heggø (A) []: Eg vil starta med å seia at Arbeidarpartiet har føreslege ein heilskapleg plan der vind, vatn og nett vert sette inn i denne heilskaplege planen og sett i samanheng, men regjeringa har stemt det ned. Arbeidarpartiet har heller aldri vore redd for ny kunnskapsinnhenting og å bruka denne, og vi har alltid sagt at utbygginga må vera lokalt forankra.

Korleis vert konsesjonssystemet endra? Det har vi ikkje fått eit einaste svar på. Kva skal vektleggjast? Framleis ingen svar. Det vi har fått svar på, er at det vert ikkje konsesjonsbehandla nye prosjekt, så det må bety at òg der det har vore eit lokalt ja i denne runden, kjem det ingen nye prosjekt.

Kor store avvik mellom konsesjonen som er gjeve, og detaljplanen kan godtakast? Det har heller ikkje statsråden sagt noko om. Kva med kraftskatteutvalet? Heller ikkje her klarte regjeringa å få på plass ein samla plan. Kva skal til for å få rusta opp fornybar vasskraft?

Eigedomsskatten har som sagt denne regjeringa sett under press. Maskinskatten er teken bort frå vasskraft, der enkelte kommunar har fått kompensert med berre 18 pst. Kva skjer med maskinskatten på vindkraft? Kva vert det igjen lokalt? Kvifor er det eigentleg så stor skilnad på avskrivingsreglar og skattereglar på vatn og vind? Det er heller ikkje svart på.

Kraftskatteutvalet som regjeringa nedsette, skulle nettopp sjå på skattereglane som kunne vera til hinder for å få utnytta potensialet som låg i opprusting og utbetring av vasskraft. Dei gjekk i staden laus på konsesjonslova i dette utvalet, på samfunnskontrakten, noko ein samla bransje er samd om slett ikkje er til hinder for verken opprusting eller utbetring. Tvert om er det med på å sikra lokal ringverknad for dei som stiller naturen sin til rådvelde for fellesskapet.

Vind betalar heller ikkje grunnrenteskatt eller naturressursskatt, og i motsetnad til all anna industri, som har 20 års avskriving, er det 5 års avskriving for vind. Berre avskrivingsreglane utgjer 2–3 øre per kilowattime.

Det har vore ein kort, men god debatt. Eg ser fram til å fortsetja debatten seinare.

Statsråd Kjell-Børge Freiberg []: Representanten Heggø sa at det har vært «ein kort, men god debatt». Den har i alle fall vært kort, og så har vel debatten også vært litt springende. Jeg skal prøve å svare ut noen av de spørsmålene som kom.

Skrotingen av nasjonal ramme: Det regjeringen har sagt, er at vi ikke går videre med det som var ett av forslagene som lå i nasjonal ramme, nemlig å peke ut områder, som lå som et forslag fra NVE – de 13 områdene. Det går vi ikke videre med. Men den jobben som er gjort, gir jo et kunnskapsgrunnlag, som vi definitivt tar med oss: Vi vet mer om vindkraft, vi vet mer om virkningen av vindkraft etter nasjonal ramme enn hva vi gjorde før. Det er kunnskap man selvfølgelig tar med seg når man skal gjøre et system mer robust, sett i forhold til det konsesjonssystemet som har vært en del av debatten her.

Og hva skal man gjøre med konsesjonssystemet? Jeg mener at jeg viste det i mitt hovedinnlegg: Vi skal stramme inn tidsfrister, vi skal klargjøre ting – og ja, vi skal også se på krav til konsekvensutredning, som settes i forbindelse med de ulike konsesjonene som behandles.

Så har jeg avslutningsvis lyst til å minne om det jeg sa i mitt hovedinnlegg. Det har vært en villet politikk å få bygget ut vindkraft i Norge, fra ulike regjeringer. Det var Stoltenberg-regjeringen som innførte elsertifikatene, nettopp for å få i gang bygging av vindkraft. Og sett opp mot den kritikken som kommer, har jeg lyst til å minne om at både Frøya og Haram, som er to konsesjoner det er stor oppmerksomhet rundt, er konsesjoner som ikke er gitt av denne regjeringen, men av den forrige regjeringen. Det vi gjør, er at vi stopper opp, vi tar på alvor de tilbakemeldingene vi bl.a. har fått etter å ha invitert til debatt, nettopp for å gjøre noe med det systemet som også lå til grunn da Frøya og Haram fikk sine konsesjoner fra den forrige regjeringen.

Presidenten: Debatten i sak nr. 3 er avsluttet.