Ingrid Heggø (A) [10:27:00 ] : I historia om Noreg har tilgangen
på fornybar kraft lenge vore Noreg sitt store fortrinn. Med utgangspunkt
i rein og billig vasskraft har små stader rundt omkring i Distrikts-Noreg fått
stor industri, produsert på verdas reinaste energi.
På same vis er
vi nordmenn stolte av vår vakre, reine og urørte natur. Friluftsliv
og nærleiken til naturen er ein del av den norske folkesjela, og
den mest hurtigvaksande næringa i Noreg er reiseliv, basert på naturen.
Det eg set fokus
på i denne interpellasjonen, er vindkraftutbygginga, at utbygging
av vindkraft er i ferd med å skapa ei mistru og eit tap av tillit
til sentrale styresmakter som er veldig alvorleg. Samstundes vil
vi ha meir rein energi.
Nasjonal rammeplan
for vindkraft skulle vera eit konfliktdempande tiltak, men det vart
ein augeopnar – landet rundt. Så var nesten alle fylke også involvert
i planen. Rammeplanen og utpeikinga av område var analysar på eit
heilt overordna nivå, og dei utpeika områda hadde eit samla areal
på 29 000 km2 .
No har det i fleire
månader vore stor usikkerheit, der lokalbefolkninga fryktar at dei
vert overkøyrde. Det vert stilt store spørsmålsteikn ved regjeringa
si handtering av rammeplanen og prosessen: Kva no når rammeplanen
er skrota? Motstanden i folket aukar. Har regjeringa lytta og lært?
Har regjeringa teke innover seg kvifor tusenvis av norske borgarar
føler avmakt, raseri og djup fortviling over det dei opplever som
statleg godkjende overtramp mot natur og menneske, og at grunnleggjande
lovverk som skal verna menneske, dyr og natur, vert tilsidesett
og oversett?
Statsråden har
sagt at konsesjonsvilkåra skal verta gjennomgått på nytt, og at
søknadene vert sette på vent inntil det er kome avklaringar på konsesjonssystemet. Men
lite er sagt om kva nye kriterium som skal inn, og kva vektinga
av dei ulike kriteria vert. Lite er sagt om dette gjeld alle konsesjonar
som er innvilga, men ikkje sette i gang. Lite er sagt om frysvedtaket
også gjeld utviding og fornying av konsesjonar.
Men statsråden
har sagt at der det er stor motstand, skal det ikkje verta gjeve
konsesjon. Dersom dette er rett, burde vel alle søknader der det
er stor motstand, verta avslått no, i staden for at dei vert sette
på vent, og så må det eventuelt søkjast på nytt, etter nye kriterium.
Då ville iallfall regjeringa ha synleggjort at ein faktisk har lytta
til folkeopprøret, til alle som har sagt nei. No sit dei fleste
med ei kjensle av at regjeringa har kjøpt seg eit pusterom, og ein
sit att med manglande tillit og uroa over om ein faktisk vert lytta
til i praksis.
Dersom statsråden
er sitert rett i NRK, er det framleis grunn til uro, for der seier
han at han
Eit «godt system
enda bedre». Utsegna vitnar lite om at statsråden har teke inn over
seg den massive kritikken frå folk som påpeikar at dei føler seg
overkøyrde og makteslause.
Det har skjedd
ei markant endring i folk sitt syn på vindkraft, spesielt det siste
halve året. Den sterke motstanden og kritikken av ulike vindkraftprosjekt
viser at ei god lokal forankring av potensielle prosjekt er både riktig
og viktig.
Det har skjedd
ei rivande utvikling innan vindmøller, på storleik og arealbruk.
Det er godteke store avvik og endra føresetnader frå opphavlege
konsesjonssøknader mange stader. Befolkninga føler seg lurt når
det i si tid vart sagt ja til lyktestolpar og dei får eit «Eiffeltårn»
i fjellheimen sin. Difor må ein gjennomgå regelverket knytt til
etablering av vindkraft med spesiell fokus på lokal forankring og
innflytelse. Denne gjennomgangen bør også supplerast med ein gjennomgang
av dei lokale ringverknadene av anlegga. Det er viktig for den nasjonale
energidebatten at framtidas energibehov vert utgreidd. Her trengst
det meir kunnskap.
Eg er som sagt
glad for at rammeplanen vart skrota. Men no må vi få ein samla,
heilskapleg plan der vind, vatn og nett vert sett i ein samanheng.
Naturen må òg få ein eigenverdi. For det som uroar når rammeplanen
vert skrinlagd, er om ein på nytt får ei bit-for-bit-utbygging og
framleis godtek at områda til vindkraft vert valde av utbyggjaren,
som inngår avtale med grunneigarane lenge før konsensjonssøknad
vert innsend.
Når ein i tillegg
veit at fleire utbyggingar skjer i strid med kommuneplanar, med
store avvik og endra føresetnader, og at anleggsverksemd vert sett
i verk før ankehandsaminga er ferdig – ja, då vitnar ikkje dette
om god offentleg kontroll eller om eit godt system.
I bygdelag og
øysamfunn rundt om i Noreg er utbygging av vindkraft i ferd med
å skapa ei mistru og tap av tillit. Og korleis skal folk få tillit
til at dei vert høyrde, dersom frysavgjerda som er teke, har mange
unntak?
I 2020 og 2021
går svært mange konsesjonar ut. Desse konsesjonane er gjevne på
eit heilt anna kunnskapsgrunnlag og under andre føresetnader og
burde etter mitt syn terminerast når konsesjonstida utgår. Desse konsesjonane
må iallfall ikkje automatisk vidareførast og utvidast etter gamle
konsesjonsvilkår. Er statsråden samd i det?
FN sitt naturpanel
har publisert klare åtvaringar om at endra arealbruk er den største
trusselen mot artsmangfaldet på jorda, ein større trussel enn klimaendringane.
Og det er ikkje berre at vindmøllene er vortne større, planeringa
rundt kvart turbintårn er no om lag ei halv fotballbane, og så kjem
tilkomstveg og oppstillingsplass. Det er store og svært synlege
naturinngrep vi snakkar om. For å ta eit eksempel: Arealet det er
søkt om til vindkraft langs Sognefjorden, er på 43 km2 . Det er over 5 000 fotballbaner.
Det er enorme areal. Og kva sit ein att med av lokale ringverknader?
Auka nettleige. Utbygginga av vindkraft på Guleslettene i Bremanger
gav ei auka nettleige fordelt på innbyggjarane til nettselskapet
med 170 mill. kr.
Og dei fleste
har fått med seg at eigedomsskatten har denne regjeringa sett under
press, likeeins kva som inngår av produksjonsutstyr i skattegrunnlaget.
Folk opplever at ein får lite igjen til fellesskapet for å stilla
naturen til rådvelde, og då aukar motstanden.
Det er unisont
at ein ikkje skal byggja i urørt natur. Det er eg einig i, men eg
vil også slå eit slag for dei som har stilt naturen sin til disposisjon
for fellesskapet tidlegare, f.eks. ved vasskraftutbygging, der naturmangfaldet nett
er i ferd med å koma tilbaka, såra i naturen har byrja å gro. Her
er naturen endå meir sårbar. Også her må innbyggjarane sine krav
til «nok er nok» få gjennomslag.
Konsekvensane
av vindkraftutbygging må synleggjerast for befolkninga. Der vart
nok den nasjonale rammeplanen på mange måtar ein augeopnar for mange. For
det har skjedd så store endringar i befolkninga sitt syn på vindkraft
berre i det siste halvåret. Det er synleggjort at inngrepa og føreslegne
areal er enorme storleikar. Og det er mange paradoks. Ved vindkraftutbygging kan
ein nytta gravemaskiner i myr, medan ein bonde ikkje kan dyrka ein
einaste ny kvadratmeter myr. Utslepp vert det no av begge delar.
Burde ein kravd totalrekneskap på CO2 ved
alle utbyggingar? Kvifor er skatte- og avskrivingsreglane så veldig
forskjellige for vatn og vind?
Arbeidarpartiet
har lenge etterlyst ein heilskapleg, samla plan der vind, vatn og
nett vert sett i samanheng. Vil statsråden ta denne utfordringa?
Statsråd Kjell-Børge Freiberg [10:37:09 ] : La meg innledningsvis
få understreke at jeg tar engasjementet rundt vindkraft på største
alvor. På bakgrunn av høringen av forslaget om nasjonal ramme for
vindkraft har regjeringen nylig varslet at vi ikke kommer til å
gjennomføre en nasjonal ramme med de utpekte områdene for ny vindkraft.
Så er det, som representanten Heggø viser til, også varslet endringer
i konsesjonsbehandlingen, som jeg kommer tilbake til.
Vindkraften som
nå bygges ut, er et resultat av en villet politikk. I to tiår har
forskjellige regjeringer og storting lagt til rette for utbygging
av vindkraft. Jeg vil minne om at den rød-grønne regjeringen allerede
i 2005 i Soria Moria-erklæringen foreslo å innføre et pliktig grønt
elsertifikatmarked.
Regjeringen Stoltenberg
II fremmet i 2011 forslag om et felles elsertifikatmarked sammen
med Sverige. Elsertifikatsystemet ble det sentrale virkemiddelet
for å støtte utbygging av fornybar energi. Stortingets ønske har
altså vært at det skal bygges ut mer vindkraft i Norge enn det kraftmarkedet
ga grunnlag for.
Nå har teknologiutvikling
og fallende kostnader bedret lønnsomheten på vindkraft. Konsesjonene
som nå realiseres, er gitt både av dagens regjering og den forrige regjeringen.
Jeg har stor respekt
for lokaldemokratiet, og med noen ytterst få unntak i form av utvidelser
av vindkraftverket på Kvaløy i Troms og en liten del av en vindkraftkonsesjon
i Kvinesdal, som berører Lyngdal kommune, har denne regjeringen
ikke gitt konsesjoner til vindkraftverk der vertskommunen har vært
imot. God lokal forankring har i praksis vært avgjørende for at
vindkraftverk skal få konsesjon. Nær alle vindkraftprosjektene som
nå bygges, er derfor basert på konsesjoner som har fått støtte i
vertskommunene. Vi har derimot sagt nei til flere prosjekter der
kommunene har vært for.
Spørsmålet om
det bør tillates vindkraft i et område avgjøres i selve konsesjonsprosessen.
Dette er åpne og demokratiske prosesser, der kommuner og andre synspunkter
på et prosjekt blir hørt. Dersom en utbygger har fått konsesjon,
kan ikke denne trekkes tilbake fordi kommunen i etterkant har ombestemt
seg. Vindkraft innebærer betydelige investeringer der de vesentlige kostnadene
er bundet opp mot kontrakter før byggingen starter. Investorer,
entreprenører og konsesjonærer må derfor kunne ha tillit til de
beslutninger som er fattet.
Vindkraft underlegges
en omfattende konsesjonsbehandling som inkluderer konsekvensutredninger
etter plan- og bygningsloven, og vurdering av naturmangfold, slik
naturmangfoldloven krever. I tillegg vurderes prosjektene i tråd
med nasjonale retningslinjer for støy og skyggekart, internasjonale
urfolksrettigheter og regionale og kommunale planer.
Vi har i mange
saker sagt nei til vindkraft, bl.a. av hensyn til hubro, rovfugl,
villrein, landskap, samisk reindrift osv. Av alle de planer for
vindkraft NVE har hatt befatning med, er det en klar overvekt av
prosjekter som av ulike årsaker ikke har fått konsesjon.
Jeg erkjenner
at det er en utfordring når det går svært lang tid fra et prosjekt
får konsesjon til det faktisk blir bygd. Når vindkraft er blitt
lønnsomt uten støtte, og det ikke lenger er frister i elsertifikatsystemet
å ta hensyn til, er det heller ingen grunn til at konsesjoner skal bli
liggende urealisert lenge. Derfor har regjeringen varslet innstramming
av praksis med forlengelse av byggefrister.
Tiden fra et prosjekt
får konsesjon til det bygges gjør også at det skjer teknologiutvikling
mens prosjektet modnes. Særlig de siste årene har det skjedd en
markant økning i turbinstørrelse. Dette gjør at enkelte mener det blir
bygd et annet prosjekt enn det som fikk konsesjon. Her er forutsigbarhet
viktig. Både NVE og Olje- og energidepartementet har tatt grep for
å sikre at utredninger i prosjektfasen etter konsesjon blir tilstrekkelig
utredet, offentliggjort og vurdert. Ytterligere justering og innstramminger
kommer også her til å bli vurdert.
Samtidig vil jeg
få understreke at muligheten til å benytte den nyeste teknologien
på den vindkraften som bygges, har gitt store samfunnsøkonomiske
gevinster i form av høyere produksjon og større verdiskapning. Høyden
på turbinene blir typisk trukket fram som noe negativt. Dette tenker
jeg vi skal ha respekt for. Moderne turbiner er virkelig høye, men
samtidig er det viktig å være klar over at høyere turbiner også
gir færre turbiner med tilsvarende færre veier og arealinngrep.
Jeg blir selvsagt
også berørt av det engasjementet og folkeopprøret som er der ute.
Så mitt svar til interpellanten er at vi gjennom denne prosessen
med nasjonal ramme har fått mer kunnskap om prosessen rundt utbygging
av vindkraft. Vi har også gjennomført en bred høring og vi lytter
til innspillene. Og nå kommer vi til å se på et allerede godt konsesjonssystem
i den hensikt å gjøre den enda bedre.
Så vil jeg også
minne interpellanten om at vi har satt en stopper for elsertifikatsystemet.
Denne debatten
handler om balansen mellom å ta i bruk norsk natur og samtidig bygge
ut lønnsom fornybar kraft som vi har behov for. Det er reelle og
til dels vanskelige avveininger omkring vindkraft. Derfor er det viktig
med en offentlig debatt om vindkraft, men vi må alle bidra til at
debatten holdes på et saklig og opplyst nivå.
Ingrid Heggø (A) [10:45:34 ] : Eg takkar statsråden for svaret,
men vi må passa oss så det ikkje berre vert fagre ord når vi står
her og snakkar om at vi skal lytta til folk og kva dei meiner. Det
må faktisk handling til.
Eg spurde statsråden
om kva som var statsråden sitt svar til tusenvis av norske borgarar
som enno er uroa og opplever at dei statlege vedtaka går sterkt
ut over helse, livskvalitet, bulyst og tillit. Det spørsmålet gjeld
sjølvsagt også gjevne konsesjonar. Der oppfatta eg ikkje eit konkret
svar frå statsråden.
Eg skal vera meir
presis: Med utgangspunkt i den aukande motstanden mot vindkraft
i dag, som statsråden seier han vil lytta til, ber eg om ei utdjuping
om kva som eigentleg skjer i praksis med dei søknadene som ligg føre
no. Er det berre vertskommunane ein skal lytta til, og berre dei
det gjeld? Og vert det no gjeve ein «go» på søknadene der lokalbefolkninga
har sagt ja? Og med omsyn til innvilga konsesjonar: Korleis vert
innramminga av endra føresetnader og avvik? Eller sagt på ein annan
måte: Kva endringar av avvik kan ein godta utan at det utløyser
ei ny konsesjonsbehandling og vert nye høyringar? Vil ein sjå på
dette i det heile, eller er gjevne konsesjonar gjevne konsesjonar,
som no vil få ein «go»? Vert fornying av konsesjonar og utviding
no underlagde same konsekvensutgreiing og nye konsesjonsvilkår med oppdatert
kunnskapsgrunnlag?
Eg oppfattar at
frysvedtaket enno berre gjeld for søknader etter rammeplanen, men
det håper eg at statsråden kan utdjupa litt meir. Eg lurer også
på på kva måte Stortinget vert involvert i utarbeiding, eventuelt
konfirmering, av desse endra konsesjonsvilkåra, og når det skjer.
Eg må ta opp igjen
spørsmålet mitt om kva som skjer med konsesjonar som går ut, for
dei er jo gjevne under heilt andre føresetnader og på eit heilt
anna kunnskapsgrunnlag. Dei er 25 år gamle. Det hjelper jo lite
viss ein på den eine sida stoppar behandlinga på grunn av folkeleg
motstand, mens ein på den andre sida samtidig fornyar og utvidar
andre søknader.
Statsråd Kjell-Børge Freiberg [10:48:43 ] : Representanten
viser til fagre ord. Jeg viser til konkret handling sett i forhold
til at vi nettopp har hatt en bred høring om nasjonale rammer, som
også utgjør et kunnskapsgrunnlag om virkningen av vindkraft. Det
ble offentliggjort, sendt ut på en bred høring der vi ba om innspill. Jeg
mener faktisk at regjeringen skal ha honnør, for vi gjør det vi
har sagt vi skal gjøre. Vi lyttet til de innspillene som kom. Det
gjør at vi ikke går videre med de 13 utpekte områdene. Det gjør
også at vi setter i gang et arbeid for å endre konsesjonssystemet.
Jeg viser til
at vi ikke har behandlet konsesjoner, verken gamle eller nye, siden
1. april. Vi har også varslet at før vi har konkludert med hvilke
endringer som vil komme i konsesjonssystemet, kommer vi ikke til
å konsesjonsbehandle nye prosjekt. Det tenker jeg er klokt, for
historien – der vi står i dag – rundt vindkraft, viser at vi har
behov for å ta noen grep, bl.a. med konsesjonssystemet. Konsesjoner
som er gitt, er gitt. Det foreligger en forpliktelse når noen har
fått en rettighet. Det handler om forutsigbarhet. Det handler om
ryddighet.
Men det er ikke
sånn, hvis man har fått en rettighet, at man kan gjøre akkurat som
man vil. Har man fått en konsesjon for noen år tilbake og skal starte
å bygge nå, må man ha en godkjent detaljplan. Er det avvik i kunnskapen
fra konsesjonen ble gitt og til detaljplanen ble behandlet, er det
det verktøyet vi har nettopp for å legge til grunn akkurat den kunnskapen
vi har og skal ha på byggetidspunktet. Derfor er det også gjort
endringer, både fra NVE og fra Olje- og energidepartementet, i en rekke
konsesjoner gjennom ordinær behandling og klagebehandling –nettopp
fordi man har fått ny kunnskap.
Avslutningsvis
konstaterer jeg bare at Heggø, som representerer Arbeiderpartiet,
også er for utbygging av vindkraft, og etter det innlegget kan det
stilles spørsmål om man har endret politisk mening.
Lars Haltbrekken (SV) [10:52:09 ] : Folk er bekymret for sine
naturområder. De er bekymret for de store inngrepene vi har sett
fra en del vindkraftutbygging i det siste. Jeg kan skjønne det.
Naturen er vårt felles livsgrunnlag. Våre liv avhenger av en frisk
og velfungerende natur med intakte økosystem.
Dette var også
en av grunnene til at Stortinget for noen år siden ba om en plan
for vindkraftutbyggingen. Man ville bort fra den planløse utbyggingen,
hvor hvert enkelt prosjekt ble sett på for seg, og over til en helhetlig tilnærming.
NVEs forslag, som kom tidligere i år, møtte stor motstand, og det
er ikke så rart. Mange av områdene de mente det gikk an å se for
seg vindkraft i, er sårbare naturområder eller viktige områder for
det norske urfolk, samene.
Regjeringen sitt
svar på dette var i forrige uke å skrinlegge den nasjonale rammen
for vindkraft. Jeg tror det er et dårlig svar. Det vi får da, er
en fortsatt planløs nedbygging, en bit-for-bit-nedbygging av viktige
naturområder.
Om lag halvparten
av det norske energiforbruket er fossilt. Vi trenger mer fornybar
energi og satsing på energisparing om vi skal løse klimakrisen.
Skal vi få til det uten å ødelegge verdifull natur, trengs det en
helhetlig plan, ikke en bit-for-bit-nedbygging, som regjeringen nå
igjen legger opp til.
Samtidig med at
regjeringen varslet at de skroter den nasjonale vindkraftrammen,
varslet de at de ville se på konsesjonsreglene og konsesjonsprosessene.
Det er på høy tid. Vi har flere ganger sett at det er gjort svært dårlige
kartlegginger av naturverdiene i forkant av både vind- og vannkraftutbygginger.
I flere saker om utbygging av vannkraft har miljø- og friluftsorganisasjonene sørget
for tilleggsutredninger som har avdekket et langt større naturmangfold
i områdene der det var planlagt bygd ut, enn utbyggerne fikk kjennskap
til fra rapportene de hadde bestilt. NVE har avdekket lignende forhold tidligere
i en rekke småkraftsaker.
Jeg lurer derfor
på om statsråden i forbindelse med gjennomgangen av konsesjonsprosessene
og regelverket vil sørge for at det stilles strengere krav til de
naturkartleggingene som skal gjøres før vedtak fattes, og om statsråden
og regjeringen vil komme til Stortinget med sitt forslag til nytt
konsesjonsregelverk.
I tillegg vil
jeg be statsråden sørge for at det ikke gis tillatelse til oppstart
av anleggsvirksomhet før alle lovpålagte naturundersøkelser er gjort,
vurdert og tatt hensyn til, og at alle eventuelle klager er ferdigbehandlet.
Jeg vil også avslutningsvis
be statsråden om å vurdere, i forbindelse med sin gjennomgang av
konsesjonsprosessene, et regelverk hvor stor vindkraftutbygging behandles
i Stortinget og ikke bare av regjeringen. Et slikt regelverk har
vi på vannkraftsiden. Større vannkraftutbygginger behandles av Stortinget,
ikke bare av regjeringen, og det er en svakhet at vi ikke har fått
til det på vindkraftsiden – foreløpig.
Bjørnar Moxnes (R) [10:56:33 ] : Jeg vil først gratulere folkebevegelsene
landet rundt som har reist seg mot naturødeleggende vindkraft, med
en viktig etappeseier. Regjeringen hadde ikke trukket nasjonal ramme
for vindkraft i forrige uke uten den brede motstanden mot at naturen
bygges ned bit for bit, som vi nå ser landet rundt.
Men det å skrote
rammeplanen er ikke nok. I mange av områdene hvor det er stor lokal
motstand, er konsesjonene allerede gitt. De gamle konsesjonene har
flere fellestrekk som gjør at det er nødvendig å behandle dem på
nytt. I mange av tilfellene ble det ikke tatt tilstrekkelige miljøhensyn.
Mange har endret det som skal bygges, i forhold til det som ble
skissert i opprinnelig søknad, og naturkartleggingen har vært utilstrekkelig.
På Hitra og på
Sørmarksfjellet har man funnet hubro, en truet art, underveis i
byggeprosessen. Vi vet også mer om miljøkonsekvensene av vindmøller
i bruk. Bare på Smøla er 100 havørn drept av vindmøller. I Tyskland
vet man at 1 200 tonn insekter dør i møtet med vindmøller hvert
år. I Egersund finner vi et eksempel på at det som ble bygd, ikke
er det de søkte om – området med inngrep er blitt tre ganger større
enn det som var oppgitt i søknaden. I mange av prosjektene vet vi
at vindmøllene som bygges, er større enn det som ble lagt til grunn
under vurderingene i forkant. Og større vindkraftturbiner endrer
lydbildet, veiene må bli større for å frakte større deler, og faren
for iskast om vinteren øker.
I tillegg må vi
nå se på helheten. Hittil har vindkraftverk fått konsesjon uten
å se det totale inngrepet i sammenheng. Det fører til at sårbar
natur bygges ned bit for bit, og det er en stor trussel mot det
biologiske mangfoldet. FNs naturpanel la i mai fram en rapport som
viste hvordan tap av leveområder er en av de største årsakene til
at opp mot en million plante- og dyrearter er truet.
Vindkraftanlegg
i Norge bygges stort sett i uberørt natur. Det kreves i snitt 800
meter vei for hver vindturbin. Veiene krever sprenging og andre
inngrep for å være store nok til å frakte deler til vindkraftturbiner
på langt over 100 meter.
Mange av konsesjonene
må uansett behandles på nytt, fordi utbyggingen er utsatt i forhold
til hva som lå inne i søknaden. En tillatelse varer ikke evig, men
når det gjelder vindparker, oppfører staten seg sånn. Etter hvert
som miljøkonsekvensene av vindkraftanleggene er blitt mer kjent,
har den lokale motstanden naturlig nok økt, og det oppleves som
et klart demokratisk overtramp når ny kunnskap ikke betyr noe. Rødt
mener at det lokale folkestyret er viktig, og at anlegg som har
flertallet i befolkningen lokalt mot seg, derfor ikke bør bygges.
Det er også juridisk
tvilsomt at det å få utsettelse ikke skal kreve noen nye vurderinger.
Det sier bl.a. forskningsprofessor Ole Kristian Fauchald, som er
blant Norges fremste miljøjurister. Han uttaler følgende:
«Igangsettingsfrist er et vilkår
i konsesjonen, og en utsettelse av denne er en omgjøring av konsesjonen.
Det innebærer at en søknad om fristforlengelse i utgangspunktet
skal følge samme saksbehandlingsregler som en ordinær søknad. Ut
fra dette blir det uholdbart å hevde at man ved et slikt vedtak kan
bygge på «kunnskapsgrunnlaget på vedtakstidspunktet». Ved vedtak
om fristforlengelse må kunnskapsgrunnlaget oppdateres».
I klima- og miljøspørsmål
har Rødt og vindkraftmotstanderne to tanker i hodet på en gang.
Vi kan ikke redde klimaet på en måte som samtidig ødelegger naturen
og økosystemene som vi er avhengig av for ren luft, rent vann og
for maten vi spiser. Derfor må det nå strammes inn på praksisen,
og vi må få en endring av hvordan Stortinget får til behandling
det som så langt er gitt av konsesjoner til vindkraftverk.
Abid Q. Raja hadde
her overtatt presidentplassen.
Ingrid Heggø (A) [11:01:51 ] : Eg vil starta med å seia at
Arbeidarpartiet har føreslege ein heilskapleg plan der vind, vatn
og nett vert sette inn i denne heilskaplege planen og sett i samanheng,
men regjeringa har stemt det ned. Arbeidarpartiet har heller aldri
vore redd for ny kunnskapsinnhenting og å bruka denne, og vi har
alltid sagt at utbygginga må vera lokalt forankra.
Korleis vert konsesjonssystemet
endra? Det har vi ikkje fått eit einaste svar på. Kva skal vektleggjast?
Framleis ingen svar. Det vi har fått svar på, er at det vert ikkje konsesjonsbehandla
nye prosjekt, så det må bety at òg der det har vore eit lokalt ja
i denne runden, kjem det ingen nye prosjekt.
Kor store avvik
mellom konsesjonen som er gjeve, og detaljplanen kan godtakast?
Det har heller ikkje statsråden sagt noko om. Kva med kraftskatteutvalet? Heller
ikkje her klarte regjeringa å få på plass ein samla plan. Kva skal
til for å få rusta opp fornybar vasskraft?
Eigedomsskatten
har som sagt denne regjeringa sett under press. Maskinskatten er
teken bort frå vasskraft, der enkelte kommunar har fått kompensert
med berre 18 pst. Kva skjer med maskinskatten på vindkraft? Kva vert
det igjen lokalt? Kvifor er det eigentleg så stor skilnad på avskrivingsreglar
og skattereglar på vatn og vind? Det er heller ikkje svart på.
Kraftskatteutvalet
som regjeringa nedsette, skulle nettopp sjå på skattereglane som
kunne vera til hinder for å få utnytta potensialet som låg i opprusting
og utbetring av vasskraft. Dei gjekk i staden laus på konsesjonslova
i dette utvalet, på samfunnskontrakten, noko ein samla bransje er
samd om slett ikkje er til hinder for verken opprusting eller utbetring.
Tvert om er det med på å sikra lokal ringverknad for dei som stiller
naturen sin til rådvelde for fellesskapet.
Vind betalar heller
ikkje grunnrenteskatt eller naturressursskatt, og i motsetnad til
all anna industri, som har 20 års avskriving, er det 5 års avskriving
for vind. Berre avskrivingsreglane utgjer 2–3 øre per kilowattime.
Det har vore ein
kort, men god debatt. Eg ser fram til å fortsetja debatten seinare.
Statsråd Kjell-Børge Freiberg [11:05:02 ] : Representanten
Heggø sa at det har vært «ein kort, men god debatt». Den har i alle
fall vært kort, og så har vel debatten også vært litt springende.
Jeg skal prøve å svare ut noen av de spørsmålene som kom.
Skrotingen av
nasjonal ramme: Det regjeringen har sagt, er at vi ikke går videre
med det som var ett av forslagene som lå i nasjonal ramme, nemlig
å peke ut områder, som lå som et forslag fra NVE – de 13 områdene.
Det går vi ikke videre med. Men den jobben som er gjort, gir jo
et kunnskapsgrunnlag, som vi definitivt tar med oss: Vi vet mer
om vindkraft, vi vet mer om virkningen av vindkraft etter nasjonal
ramme enn hva vi gjorde før. Det er kunnskap man selvfølgelig tar
med seg når man skal gjøre et system mer robust, sett i forhold
til det konsesjonssystemet som har vært en del av debatten her.
Og hva skal man
gjøre med konsesjonssystemet? Jeg mener at jeg viste det i mitt
hovedinnlegg: Vi skal stramme inn tidsfrister, vi skal klargjøre
ting – og ja, vi skal også se på krav til konsekvensutredning, som
settes i forbindelse med de ulike konsesjonene som behandles.
Så har jeg avslutningsvis
lyst til å minne om det jeg sa i mitt hovedinnlegg. Det har vært
en villet politikk å få bygget ut vindkraft i Norge, fra ulike regjeringer.
Det var Stoltenberg-regjeringen som innførte elsertifikatene, nettopp
for å få i gang bygging av vindkraft. Og sett opp mot den kritikken
som kommer, har jeg lyst til å minne om at både Frøya og Haram,
som er to konsesjoner det er stor oppmerksomhet rundt, er konsesjoner
som ikke er gitt av denne regjeringen, men av den forrige regjeringen.
Det vi gjør, er at vi stopper opp, vi tar på alvor de tilbakemeldingene
vi bl.a. har fått etter å ha invitert til debatt, nettopp for å
gjøre noe med det systemet som også lå til grunn da Frøya og Haram
fikk sine konsesjoner fra den forrige regjeringen.
Presidenten: Debatten
i sak nr. 3 er avsluttet.