Stortinget - Møte fredag den 14. juni 2019

Dato: 14.06.2019
President: Magne Rommetveit

Innhold

Formalia

President: Magne Rommetveit

Presidenten: Representantane Åshild Bruun-Gundersen, Eirik Sivertsen og Lene Vågslid, som har vore permitterte, har igjen teke sete.

Det ligg føre to permisjonssøknader:

  • frå Senterpartiets gruppe om permisjon for representanten Siv Mossleth i dagane 16. og 17. juni for å delta i møte i OSSEs parlamentariske forsamling i Riga i Latvia

  • frå Arbeiderpartiets stortingsgruppe om sjukepermisjon for representanten Anette Trettebergstuen i tida frå og med 17. juni til og med 21. juni

Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:

  1. Søknadene vert handsama straks og innvilga.

  2. Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida:

  • For Hedmark fylke: Tone Merete Sønsterud 17. juni til 21. juni For Nordland fylke: Kari Anne Bøkestad Andreassen 17. juni

Presidenten: Representanten Freddy André Øvstegård vil setja fram eit representantforslag.

Freddy André Øvstegård (SV) []: På vegne av representantene Karin Andersen Marian Hussein, Sheida Sangtarash og meg selv har jeg gleden av å sette fram et forslag om styrket krisesentertilbud for voldsutsatte.

Presidenten: Representanten Solfrid Lerbrekk vil setja fram eit representantforslag.

Solfrid Lerbrekk (SV) []: I dag er det reinhaldarane sin dag, og difor vil eg på vegner av representantane Audun Lysbakken, Torgeir Knag Fylkesnes, Sheida Sangtarash og meg sjølv setja fram eit representantforslag om arbeidsvilkår framfor anbodsregime.

Presidenten: Forslaga vil verta handsama på reglementsmessig måte.