President: Magne Rommetveit
Presidenten: Representantane
Åshild Bruun-Gundersen ,
Eirik Sivertsen og
Lene Vågslid ,
som har vore permitterte, har igjen teke sete.
Det ligg føre to
permisjonssøknader:
frå
Senterpartiets gruppe om permisjon for representanten Siv Mossleth i
dagane 16. og 17. juni for å delta i møte i OSSEs parlamentariske
forsamling i Riga i Latvia
frå
Arbeiderpartiets stortingsgruppe om sjukepermisjon for representanten
Anette Trettebergstuen i tida
frå og med 17. juni til og med 21. juni
Etter
forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:
Søknadene
vert handsama straks og innvilga.
Følgjande
vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida:
Presidenten: Representanten
Freddy André Øvstegård vil setja fram eit representantforslag.
Freddy André Øvstegård (SV) [09:01:20 ]: På vegne av representantene
Karin Andersen Marian Hussein, Sheida Sangtarash og meg selv har
jeg gleden av å sette fram et forslag om styrket krisesentertilbud
for voldsutsatte.
Presidenten: Representanten
Solfrid Lerbrekk vil setja fram eit representantforslag.
Solfrid Lerbrekk (SV) [09:01:54 ]: I dag er det reinhaldarane
sin dag, og difor vil eg på vegner av representantane Audun Lysbakken,
Torgeir Knag Fylkesnes, Sheida Sangtarash og meg sjølv setja fram
eit representantforslag om arbeidsvilkår framfor anbodsregime.
Presidenten: Forslaga
vil verta handsama på reglementsmessig måte.