Stortinget - Møte tirsdag den 9. april 2019

Dato: 09.04.2019
President: Eva Kristin Hansen

Søk

Innhold

Sak nr. 9 [17:08:24]

Interpellasjon fra representanten Kjersti Toppe til helseministeren: «Dokumentaren om Siw i Stavanger Aftenblad gir oss historia til ei av dei rundt 6 000 menneska i Noreg som er ekstra hardt ramma av rusproblem og psykiske lidingar, og som skårar aller dårlegast på levekårundersøkingar, og som hjelpeapparatet ikkje når inn til. Siw gjekk til grunne. Avisa Nordland har fortalt historia om Mia, eit anna alvorleg døme på ei ung kvinne som fell mellom alle stolar i hjelpeapparatet. Mia har vore akuttinnlagd 24 gonger i løpet av tre år, i løpet av 200 dagar i fengsel har ho gjord 41 forsøk på å ta sitt eige liv. Mia treng langvarig behandling, ikkje fengsel. Helseministeren har uttalt at ein må bruke dokumentaren om Siw til å lære, og at det verkar klart at Mia ikkje har fått god nok koordinert hjelp og oppfølging. Kva vil statsråden gjere for å sikre at dei mest sårbare menneska får hjelp og koordinerte tenester både frå sjukehus og kommune, og for å hindre at menneskeliv går til grunne»?

Talere

Kjersti Toppe (Sp) []: Dette er ein interpellasjon som eg ikkje ønskjer å stilla, som burde vore unødvendig, for vi har eit godt helsevesen i Noreg, og vi har ei velutvikla omsorgsteneste. Men nokre har det betre enn andre, og denne interpellasjonen handlar om dei andre. Den handlar om dei aller mest sårbare, og ei slik sårbar gruppe er menneske som slit med dobbeltdiagnosen rus og psykiatri. Ei anna sårbar gruppe er psykisk sjuke i fengsel. Mange av desse får ikkje nødvendig helsehjelp. Mange går til grunne. Finst det behandlingsresistente pasientar? Er det ein menneskerett å gå til grunne? Meiner helseministeren at det er ein menneskerett å gå til grunne?

Stavanger Aftenblad har fortalt om Siw, ei kvinne som vart funnen død i ein kommunal bustad i Stavanger første arbeidsdag etter påske i 2015. Ho vart 45 år og døydde av ein overdose. Lesarane vert tatt med tilbake til ungdomstida til Siw og vidare gjennom livet hennar. Historia er ei skildring av eit liv med rus, psykisk liding og sosial nød som gradvis utviklar seg til det verre – vald og prostitusjon. Det er òg ei skildring av eit samla hjelpeapparat som ikkje evnar å hjelpa ein person i nød. Mange visste og forstod at dette kom til å gå gale, men få meinte at dei sjølve kunne ha gjort det betre. Det var til slutt brannvesenet som etter tilsyn sende bekymringsmelding til kommunen. Det seier litt. Siw trengte eit heilt anna tilbod enn ho fekk. Siw utgjorde ein stor risiko for seg sjølv. Ho levde eit hardt liv i Stavanger. Gjekk det som det måtte gå? Siws historie er ei historie om eit system av hjelpeapparat som ikkje fungerer, trass i mange gode hjelparar. Ein lesar skreiv dette om saka:

«For meg, som ikke er så flink til å involvere meg eller gjøre meg kjent med narkomane, sårbare og skakkjørte, så er det nettopp viktig å få et innblikk, så jeg ikke mister av syne hva et menneske er, hva et medmenneske er, og hva et inkluderende og varmt samfunn egentlig er.»

Det er dette interpellasjonen eigentleg handlar om.

Siws historie har ført til fleire debattar om hjelpeapparatet, og det er veldig bra. Helseministeren har sjølv uttalt at Siw har gitt ei av landets mest utsette grupper eit ansikt. Det er sant, for Siw er – eller var – ikkje aleine. Ein antar at det i Noreg er rundt 6 000 menneske som er ekstra hardt ramma av rusproblem og psykiske lidingar, som skårar aller dårlegast på levekårundersøkingar, som har kortare levetid, og som hjelpeapparatet ikkje når inn til.

Siw var altså ei av de mange som går til grunne kvart år, og det verste er at vi veit kven dei er. Spørsmålet er kva helseministeren meiner at han og regjeringa vil gjera av nasjonale tiltak for ei av dei mest utsette gruppene, dei med omfattande rus- og psykiatriproblematikk, slik at dei får omsorg, forsvarleg helsehjelp og tenester der ein samarbeider om dei, både kommunar og spesialisthelseteneste. Eg lurer på kva helseministeren meiner at kommunar og helseføretak skal læra av historia om Siw, og kva for systemendringar som er nødvendige. For det er jo ikkje slik at det er den enkelte sosialarbeidaren, miljøarbeidaren, legen eller sjukepleiaren som er skuld i denne situasjonen, men at våre helsetenester ikkje snakkar saman, og at ansvaret på mange måtar vert pulverisert.

Avisa Nordland har på liknande vis fortalt historia om ei anna kvinne, som vert kalla Mia, som eit alvorleg eksempel på ei ung kvinne som òg fell mellom alle stolar i hjelpeapparatet. Mia har vore akuttinnlagt 24 gonger i løpet av eitt år – inn og ut av psykiatrien. Det vert fortalt i artikkelen om ein gong da eit akutteam rykka ut for å vurdera Mia for ei ny innlegging – da vart ho innlosjert på hotell. Ho er ikkje i stand til å ta vare på seg sjølv. Det ein les i artikkelen, verkar veldig sterkt og heilt utruleg. I løpet av 200 dagar i fengsel har ho gjort 41 forsøk på å ta sitt eige liv. Mia treng langvarig behandling, ho treng ikkje fengsel, ho vert ein av dei mange som er psykisk sjuke, og som det er urett er i fengsel. Ho vert i artikkelen omtalt som jenta som ingen kan hjelpa. Men kan det eigentleg stemma? Ho går i skytteltrafikk mellom fengsel, institusjon og sjukehus – frå Nordlandssjukehuset til Bodø fengsel, frå Bodø fengsel via Nordlandssjukehuset til Bredtveit kvinnefengsel, frå Bredtveit kvinnefengsel via Ahus psykiatri tilbake til Bredtveit, frå Bredtveit kvinnefengsel til institusjonen RIBO i Saltdal, frå RIBO til Nordlandssjukehuset psykiatrisk, tilbake til RIBO via sjukehuset i Kristiansand og Nordlandssjukehuset, vidare til Trondheim fengsel, frå Trondheim fengsel via Østmarka psykiatriske sjukehus tilbake til Trondheim fengsel, til Nordlandssjukehuset, no sikkerheitsposten, og deretter til Bredtveit.

Mia er alvorleg psykisk skada, så kvifor skal ho behandlast i fengsel, der isolasjon gjer ho enda sjukare? Kvifor vert ho send som pakkepost rundt omkring? Og korleis går det an å ha 24 akuttinnleggingar i løpet av eitt år i psykisk helsevern utan at nokon reagerer, set seg ned og ser kva som må til for at denne kvinna skal få eit verdig liv og eit behandlingsopplegg som ho ikkje vert sjuk av? Korleis er det mogleg å sitja i fengsel i 200 dagar og forsøkja å ta livet sitt over 40 gonger utan at nokon seier stopp og gir ho eit anna tilbod? Ho er ei ung kvinne i starten av 20-åra. I artikkelen står det at ho ser ut som eit barn. Er det slik at vi i rike Noreg ikkje har eit tilbod til slike som ho?

For nokre år sidan var vi forferda over ei på mange måtar liknande historie, om Ida, glassjenta, om korleis eit barn under barnevernsomsorg vart flytta rundt, rive opp frå nærmiljøet, opplevde massiv tvangsbruk og eit offentleg hjelpeapparat som ikkje snakka saman, eit hjelpeapparat som var mest opptatt av å forsvara systemet, forsvara seg sjølv og sikra at journal og protokoll var rett ført – ikkje at ein gjorde det rette. Barneministeren sa den gongen unnskyld til Ida – det var veldig bra – og ho sa vidare at rapporten om Ida måtte verta pensum for alle som jobba i barnevernet. Mia, som Avisa Nordland skriv om, har òg vore under barnevernets omsorg og har òg opplevd massive omskifte, flyttingar, tvang på institusjon, i fengsel. Kva har vi eigentleg lært av Ida, og kva skal vi læra av Mia og av Siw?

FNs torturkomité har i år retta kritikk mot norske myndigheiter for vår praktisering av langvarig isolasjon i fengsel. Ifølgje komiteen er isolasjon av innsette med store psykiske utfordringar i strid med menneskerettslege standardar og burde vore avskaffa. Komiteen uttrykte òg bekymring for manglande psykisk helseoppfølging i fengsel og viste til at det er veldig høg førekomst av psykiske lidingar blant innsette i norske fengsel. Alvorleg mangel på sengeplassar i psykisk helsevern fører til at innsette vert isolerte i staden for å få helsehjelp.

Som Siw gir eit ansikt til ei av dei mest utsette gruppene, dei med rusproblematikk og psykiske lidingar, gir Mia-saka ei konkretisering og gir oss historia til ei av dei mange psykisk sjuke som er inn og ut av fengsel, og som aldri burde vore der. Eit år og tre månader etter at ho vart fengsla første gong, har ho hatt seks brot på straffelova og risikerer forvaring – mange av brota mens ho sat i varetekt.

Dette har òg reist spørsmålet om tvangstiltak etter helse- og omsorgstenestelova § 10-2, som opnar for at ein kan tvangsinnleggja frå kommunen si side i inntil tre månader. Eg håpar statsråden kan kommentera akkurat det. Spørsmålet som eg vil stilla, er: Kva gjer statsråden for å sikra at dei mest sårbare menneska får hjelp og koordinerte tenester frå både sjukehus og kommune for å hindra at menneskeliv går til grunne, og kva gjer ein spesielt for dei mange med psykisk sjukdom som er i fengsel, og personar med omfattande ruslidingar og psykiatrisk liding?

Statsråd Bent Høie []: Det gjør sterkt inntrykk å lese historiene til Siw og Mia. Jeg er glad for at Stavanger Aftenblad og Avisa Nordland forteller disse historiene. Jeg er også glad for at representanten tar opp dette til debatt i Stortinget.

Det handler om to unge mennesker med omfattende hjelpebehov som ikke har fått god nok hjelp. Dette kan, som vi har sett, få tragiske konsekvenser. Vi vet at mennesker med alvorlige psykiske lidelser og rusavhengighet har betydelig kortere levealder enn andre. Forskjellen i levealder kan være opp mot 20 år sammenliknet med befolkningen generelt. Dette er en forskjell vi ikke kan være bekjent av. De to sakene representanten Toppe omtaler i sin interpellasjon, viser med all tydelighet at pasienter innen rus og psykisk helse lett havner mellom to stoler. Mennesker med sammensatte hjelpebehov skal ha tilgang til gode og sammenhengende tjenester. Det finnes flere gode hjelpetiltak, men svikten skjer dessverre ofte i overgangen og i sammenhengen mellom disse.

Mange får god hjelp, men vi har fortsatt en vei å gå før vi kan være sikre på at alle mennesker med store og sammensatte behov får et godt nok hjelpetilbud. Derfor fortsetter regjeringen å prioritere psykisk helse- og rusfeltet høyt. Vi satser spesielt på helsefremming, forebygging og bedre behandling. Enkelthistorier om pasienter som faller mellom ulike stoler, og som ikke får god nok hjelp, gjør dypt inntrykk. Det er viktig at vi bruker disse hendelsene til å lære hvordan vi kan lage enda bedre tjenester, slik at vi unngår at flere opplever det samme som Siw og Mia.

Regjeringen er opptatt av å sikre god helsehjelp til den enkelte pasient. Det betyr at tjenestene må organiseres med utgangspunkt i nettopp pasientens behov. Spesialisthelsetjenesten og kommunehelsetjenesten må samarbeide bedre. For å legge til rette for dette har vi satt i gang flere tiltak. Fra årsskiftet ble de første seks pakkeforløpene innen psykisk helse og rus gjort tilgjengelig. Jeg er glad for at ett av disse pakkeforløpene er rettet mot nettopp utredning og behandling av barn og unge. Fra 1. januar i år kunne de første pasientene henvises til pakkeforløp innen både psykisk helse og rus. I løpet av 2019 vil ytterligere tre pakkeforløp bli satt i verk. Disse skal bidra til økt brukermedvirkning, likeverdig behandling, bedre ivaretakelse av den somatiske helsen, levevaner og ikke minst bedre samhandling. Med pakkeforløpene får pasienten vite hva som skal skje, når det skal skje, og hvem som har ansvaret. Hver pasient får sin egen koordinator, som skal være pasientens og de pårørendes kontaktperson. Alle disse elementene er helt avgjørende for at vi skal unngå den typen opplevelser som Siw og Mia har hatt.

Hjelpetilbudet til pasienter med særlige utfordringer blir mange steder organisert gjennom såkalte ACT-team og FACT-team. Dette er team som gir behandling på pasientens hjemmebane, tilpasset pasientens behov. Dette er altså ikke tilbud om plass på en lukket institusjon eller et langtidsopphold på en sengepost, men det er tjenester der spesialisthelsetjenesten og kommunen sammen gir koordinert hjelp. Vi ønsker å stimulere til at enda flere slike team etableres mellom kommunene og spesialisthelsetjenesten. ACT-teamene har en helhetlig tilnærming og hjelper mennesker med alvorlige psykiske lidelser, sammensatte behov og eventuell samtidig rusproblematikk. Evalueringer viser at for denne pasientgruppen er tvangsbruken redusert med opptil 70 pst.

I tillegg har pasientene fått bedre livskvalitet, og antall liggedøgn i spesialisthelsetjenesten har blitt halvert. Vi ønsker at det skal etableres flere ACT-/FACT-team. I 2018 ble det derfor gitt tilskudd til etablering og drift av åtte ACT-team, 38 FACT-team og 21 forprosjekter over ordningen Tilbud til mennesker med langvarige og/eller sammensatte tjenestebehov. Det har vært en betydelig økning i antall team siden utgangen av 2017.

Psykisk helsevern blir også et av hovedtemaene i den nye Nasjonal helse- og sykehusplan som legges fram senere i år. Her skal vi tydeliggjøre hvordan vi ønsker at psykisk helsevern skal utvikles videre. De siste årene har vi sett en vekst på nærmere 2 000 årsverk i kommunalt psykisk helse- og rusarbeid. Staten har en ordning der kommuner som yter særlig ressurskrevende helse- og omsorgstjenester til enkeltmottakere, kan søke om å få finansiert deler av disse utgiftene. I 2015 la vi fram Opptrappingsplanen for rusfeltet. Med bevilgningene for 2019 har regjeringen hittil bevilget 1,8 mrd. kr til oppfølging av planen.

God tilgjengelighet er en viktig forutsetning for å kunne hjelpe mennesker som søker behandling for rusproblemer – ofte i kombinasjon med psykiske lidelser. For å få til det må kapasiteten på tjenestene være god. Jeg er derfor glad for at vi har nærmest halvert ventetiden til rusbehandling de seneste årene. I tillegg har vi gjeninnført den gylne regel. Det innebærer at veksten innen psykisk helsevern og tverrfaglig spesialisert rusbehandling hver for seg skal være større enn for somatikken. Vi har også satt i gang arbeidet med en rusreform under overskriften Fra straff til hjelp, og vi har for kort tid siden lansert enda en ny overdosestrategi.

Jeg vil også berøre fengsler, som interpellanten også var inne på. Alle innsatte har rett til de samme helsetjenestene som befolkningen for øvrig, innen alle tre delene av spesialisthelsetjenesten. Det er vertskommunene for fengslene som har ansvar for å tilby innsatte helse- og omsorgstjenester etter helse- og omsorgsloven. Det er helseregionen der fengselet geografisk er plassert, som har ansvaret for å tilby innsatte spesialisthelsetjenester – innen både somatikk, psykisk helsevern og tverrfaglig spesialisert rusbehandling.

Vi har over tid bygd opp behandlingstilbudene for rusavhengige i fengslene. Det er i dag 17 fengsler som har egne rusmestringsenheter for innsatte med rusproblemer. I tillegg er det egne poliklinikker innen psykisk helsevern ved de største fengslene, og vi ønsker å styrke dette tilbudet. Vi vet at mange innsatte står på bar bakke ved løslatelse etter soning. Mange står bokstavelig talt med en plastpose med personlige eiendeler i hånden – uten noe rusfritt sosialt nettverk, bolig eller arbeid. Derfor lanserte fem departementer i 2017 en fireårig nasjonal strategi for samordnet tilbakeføring etter gjennomført straff. Denne strategien skal bidra til å unngå den «plastposesituasjonen» som jeg nettopp beskrev. Som en del av den nevnte strategien har regjeringen nylig inngått en intensjonsavtale med KS om samarbeid ved løslatelse etter straffegjennomføring.

Regjeringens inkluderingsdugnad skal få flere med nedsatt arbeidsevne eller hull i cv-en inn i arbeidslivet. I 2019 har vi bevilget 125 mill. kr til dette. Svak eller ingen tilknytning til arbeidslivet er en av årsakene til at mange mennesker med psykiske lidelser og rusproblemer havner mellom flere stoler. Det er et paradoks når vi vet at tilknytning til arbeidslivet både kan være en beskyttende faktor for sykdomsutvikling og en viktig faktor i forbedringsprosessen til den enkelte. Blant satsingene i inkluderingsdugnaden er 55 mill. kr til individuell jobbstøtte, en metode som gjennom samtidig bistand fra Nav og helsetjenesten skal hjelpe personer med alvorlige psykiske lidelser eller rusproblemer inn i ordinært arbeid.

Avslutningsvis vil jeg vise til regjeringens nye politiske plattform, Granavolden-erklæringen. Her fremgår det at regjeringen vil styrke behandlingstilbudet innen psykisk helsevern i kriminalomsorgen. I tillegg understrekes det at regjeringen vil redusere bruken av isolasjon. Jeg nevner disse to elementene fordi representanten Toppe også viser til at begge de to kvinnene hadde sonet i fengsel, og hun tok opp denne problemstillingen i sitt innlegg. Vi vet at mange innsatte har til dels omfattende psykiske lidelser – ofte forbundet med rusproblemer. Det er derfor viktig at justisministeren og jeg sammen arbeider for at innsatte skal få den hjelpen de har behov for, og for at isolasjon under soning begrenses så mye som mulig. Isolasjon kan i seg selv føre til en forverret psykisk helse.

Kjersti Toppe (Sp) []: Takk til statsråden for innlegget hans. Eg opplever at statsråden er opptatt av denne gruppa, og eg skal innrømma at dette ikkje er enkelt. Dette er faktisk krevjande, og det utfordrar helsetenesta vår på det som er aller mest grunnleggjande, nemleg samarbeid og ansvar. Det handlar ofte om unge menneske som ikkje får hjelp, som hamnar mellom alle stolar.

Så har eg utfordra statsråden og regjeringa på kva ein ser for seg av konkrete tiltak, slik at det faktisk fører til ei endring – at det ikkje alltid vert slik at desse marginaliserte gruppene har stor risiko for å gå til grunne, rett og slett. Eg er einig med statsråden i at mykje av det som vert gjort, òg er til gagn for denne gruppa, slik som at ein skal styrkja rus- og psykisk helse-feltet. Pakkeforløpet kan òg bidra for denne gruppa, og ACT-team og FACT-team kan òg vera eit veldig godt tilbod for nettopp å få til samhandlinga mellom kommune- og spesialisthelseteneste. Like eins er det med rusreform og overdosestrategi.

Eg har likevel ei bekymring for at desse tiltaka vil fungera for veldig mange, men at dei gruppene med ei historie som den eg skildrar her, er veldig sårbare, veldig marginaliserte, og dei vil ofte ikkje sjølve verta behandla. Det utfordrar tenesta, og da er ein nøydd til å følgja dei opp på ein heilt annan måte enn kanskje veldig mange andre for å få dette til. Så eg kunne ønskt at statsråden kunne vera einig i at akkurat denne gruppa vi snakkar om her, må vi sjå på ekstra – sjå om vi kan ha nokon spesielle tiltak som kan hjelpa kommunar og sjukehus i eit samarbeid, for å få det til å fungera mykje betre.

Eg er glad for det som statsråden tar opp om isolasjon og tvang i fengsel. Det får eg altfor lita tid til å snakka om, men Mia-saka handlar veldig mykje om det – at personar som er psykisk sjuke, aldeles ikkje får god nok helsehjelp i fengsel og faktisk vert sjukare av å vera der.

Statsråd Bent Høie []: Det er ikke enkelt; det er jeg helt enig med representanten i. Det er krevende å koordinere og å få mange av de ulike hjelpetilbudene vi har, til å henge godt sammen rundt den enkelte. Samtidig handler det veldig ofte om det enkle. Det handler om å ha en bolig der en føler seg trygg. Det handler om en langvarig relasjon til få personer i helsetjenesten som en etter hvert bygger opp tillit til, sånn at en i det en gjerne kan beskrive som det gylne øyeblikket – der en er mottakelig for mer hjelp eller ser en forbedring i livssituasjonen – får grepet fatt i det og tatt det i bruk. Og det handler om muligheten til å delta i arbeid og aktivitet, og ikke minst om grunnleggende helsehjelp.

Det er nettopp der jeg ser at ACT- og FACT-teamene når fram. Det er en ordning som er laget for kanskje nettopp den ene promillen av innbyggerne våre som sannsynligvis Mia tilhører og Siw tilhørte.

Fra jeg veldig tidlig var aktiv i lokalpolitikken, husker jeg veldig godt historiene jeg fikk fra administrasjonen i kommunen om de håpløse vi hadde i kommunen, de det ikke var mulig å hjelpe. Dette er nettopp den ene promillen, og de er ikke håpløse. Det er hjelpetilbudet vi har tilbudt dem, som har skapt håpløsheten og ikke bidratt til å hjelpe dem videre. Samtidig som jeg startet som lokalpolitiker, møtte jeg også en ung engasjert mann som jeg ble delvis kjent med, og som jeg ikke møtte igjen før for kort tid siden. I mellomtiden hadde han vært én av denne ene promillen, men ikke vært blant dem som hjelpeapparatet kanskje tidligere sa det ikke var mulig å hjelpe. Han hadde vært innlagt store deler av året, ofte på tvang. Nå bor han i egen bolig, tar høyere utdanning og har fått en helt annen livssituasjon – nettopp gjennom at han på et tidspunkt fikk oppfølging av et ACT-team i sin kommune.

Det forteller meg at det er håp, og jeg er helt enig med representanten i at en ikke skal gi opp noen, men alltid ha tro på at det er mulig å utgjøre en forskjell. Vi må bli enda flinkere til å tilpasse tilbudene våre rundt den enkelte.

Tellef Inge Mørland (A) []: Det er en viktig interpellasjon representanten Kjersti Toppe har tatt opp. Gjennom historiene til Siw og Mia gir det muligheten for å reise en debatt rundt de aller mest sårbare innenfor psykisk helse og rus.

Det er gjerne historier om rus og psykiske lidelser som er fortellingen om hvordan det går når tidlig innsats svikter, for stort sett er ikke starten psykiske lidelser og tunge rusproblemer. Ofte er veien dit ganske lang, men vi ser konsekvensene av at samfunnet ikke har lyktes i å hjelpe på veien, og dermed at utfordringene har fått lov til å utvikle seg.

Helseministeren er inne på bl.a. innføringen av pakkeforløp for psykisk helse og rus. Jeg tror det kan være mye positivt med innføringen av den typen pakkeforløp. Samtidig er det også helt avgjørende at ressursene følger med når man innfører pakkeforløpene. Arbeiderpartiet har for 2019 foreslått å styrke kommunenes økonomi med 3,5 mrd. kr og sykehusenes økonomi med 1,6 mrd. kr mer enn regjeringen. Det er selvsagt ikke hele svaret, men forutsetningen for at en skal få til god samhandling er også at en har de folkene som trengs for å lykkes i en slik type arbeid.

Så handler det også om at man samhandler for å finne gode løsninger, og ikke bruker situasjonen til å skyve ansvaret over på hverandre. Vi hadde tidligere i dag en sak rundt nedbyggingen av sengeplasser i psykiatrien. Det er i hvert fall min opplevelse at den nedbyggingen ikke nødvendigvis alltid skjer på grunn av faglige argumenter og fordi kommunene står klare til å ta over, men at det er økonomisk begrunnet. Kanskje særlig i denne typen saker som Kjersti Toppe reiser i interpellasjonen, er det helt avgjørende at det er de faglige argumentene som får lov til å vinne, og ikke en trang økonomisk situasjon som tvinger fram løsninger som er dårlig for enkeltpersonen, men som også gjør at samfunnet vil oppleve å ha disse personene i hjelpeapparatet kanskje hele livet deres, fordi en ikke gjør det skikkelig når en først setter inn innsatsen.

Så skal jeg ta et litt annet eksempel, og det er dem som kanskje er på vei ut av de utfordringene de står i. I fjor hadde vi en sak rundt ettervern, der en samlet opposisjon, inkludert Kristelig Folkeparti, var veldig opptatt av at vi måtte få til en bedre samhandling for dem som har hatt rusutfordringer, har vært inne til behandling og skal ut og tilbake i en kommune – en sak der det ble et flertall for en integrering av behandlingstilbudet for pasienter med rusrelaterte lidelser og/eller psykiske lidelser, der flertallspartiene pekte på at helseforetakene måtte forpliktes på sitt ansvar for oppfølging og tilrettelegging etter utskrivelse fra døgnbehandling.

Da vi behandlet budsjettet, var svaret fra Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre på nettopp dette punktet at dette utfordret ansvarsfordelingen mellom spesialisthelsetjenesten og kommunene i oppfølgingen av pasienter etter utskriving fra døgnbehandling. Ja, det kan så være, men jeg tror det er helt nødvendig hvis vi skal lykkes, at ikke den ene instansen slipper taket før den andre har vist at den har tatt over ansvaret. Her trenger vi fleksibilitet i systemet, ikke rigide grenser for at dette er spesialisthelsetjenestens ansvar eller kommunehelsetjenestens ansvar, og at man da får muligheten til å skylde på hverandre, men tvert imot å stå sammen om ønsket om å samhandle til det beste for hver enkelt.

Jeg tror absolutt at vi i denne salen har et tverrpolitisk felles mål om å hjelpe disse gruppene, men så er forutsetningen at det følges opp med en vilje til å sette inn både riktige og tilstrekkelige ressurser.

Bård Hoksrud (FrP) []: I sykepleierutdanningen lærer studentene at mennesker er sammensatt på mange vis, og synliggjør dette gjennom å dele mennesker inn i fire områder: det fysiske, det psykiske, det åndelige og det sosiale. Alle områder er like viktige for å oppnå en helhet.

Gjennom flere tiår har vi i Norge jobbet for å likestille psykisk helse og fysisk helse. Det skal ikke bety noe hvor du har vondt, om det er i hjertet eller i sjela, i hodet eller i tankene, i øynene eller i synsoppfattelsen. Etter hvert har medisinen og psykologien funnet hverandre, og vi har forstått at ting henger sammen, i alle fall på et overordnet plan. Vi vet nå at psykiske symptomer, plager og lidelser kan ha fysiske årsaker, og omvendt.

I Norge skal du få like rask og god hjelp uansett hva dine plager er. Derfor skjærer det i hjerterota når en hører historier som dem om Mia og Siw – to unge, sårbare mennesker som ikke fikk den hjelpen de trengte da de trengte den, ungdommer som opplevde å ikke bli sett, selv om flere sto rundt og så. Hvordan kan dette skje, spør vi oss. Hvorfor så vi ikke? Hvorfor kunne vi ikke hjelpe?

Det finnes dessverre flere som Mia og Siw rundt om i vårt langstrakte land. Fortsatt forsker vi på hvorfor. Heldigvis for dem sees og forståes de fleste, men noen når vi dessverre ikke inn til.

Interpellanten Toppe spør statsråden hva han kan gjøre for å sikre at de mest sårbare menneskene får hjelp og koordinerte tjenester, både fra sykehus og fra kommune, og for å hindre at menneskeliv går til grunne.

Denne regjeringen har fra dag én satset på oppbygging av psykiske helsetjenester og tjenester til rusavhengige, bl.a. gjennom den gylne regel. Forebygging av psykiske lidelser er et stort satsingsområde, og kommunene har fått økt sine budsjetter for å bygge opp skolehelsetjeneste og helsestasjon, for opprettelse av psykologstillinger og for å bygge ut gode samarbeidsrutiner mellom første- og andrelinjetjenesten. Jeg mener at mye av det formelle, koordinerte samarbeidet allerede er planlagt og ligger til rette for bruk. Mye er også tatt i bruk, men disse tjenestene skal utvikles og utføres av fagpersoner – fagpersoner som skal respektere hverandres faglighet, fagpersoner som sammen finner den rette veien å gå, fagpersoner som er trygge nok til å legge egne mål til side for å stille det viktigste spørsmålet i møtet med pasienten og brukeren: Hva er viktigst for deg?

Jeg har tenkt og tenkt. Kan noe menneske hindre at et menneskeliv går tapt? Jeg tror noen ganger, men ikke alltid. Det betyr ikke at vi skal gi opp. Vi skal fortsette å søke etter svar gjennom samtaler med mennesker som har det vanskelig, samtaler med pårørende, med organisasjonene. Spesielt har jeg tro på at tett samarbeid med ungdommene i Forandringsfabrikken kan være med og gi oss svar vi ikke kjente til fra før.

I går var jeg i et møte ved noe som heter Frisk Bris-prosjektet i Bamble, som nettopp tar for seg noe av det jeg opplevde at også representanten Tellef Inge Mørland tok opp, dette at man må jobbe sammen, både kommunehelsetjeneste, spesialisthelsetjeneste, Nav osv., og at man har noen som sørger for at mennesker som sliter, og som har store utfordringer med både rus og psykiatri, får hjelp til å komme i gang igjen, sånn at de kan komme tilbake. For det å være utenfor, det å stå utenfor det sosiale fellesskapet, er tøft, og det handler om hvordan vi kan sørge for at folk kommer inn igjen.

Derfor er dette så viktig, og derfor er jeg veldig glad for den debatten representanten Toppe tar opp. Jeg opplever også at statsråden er veldig klar på at dette er en viktig debatt, og at det er viktige diskusjoner. For det handler om å hjelpe mennesker, noen av dem som sitter aller nederst ved bordet, og om å ha de gode tiltakene, de som gir verdighet, de som gir respekt, og de som hjelper folk tilbake på en god måte.

Kjersti Toppe (Sp) []: Takk til dei som har tatt ordet.

Helseministeren sa at ein ikkje skal gi opp nokon, og det er eg glad for at han seier. Han kommenterte at eg sa at dette var krevjande med å seia at det òg eigentleg er enkelt. Eg er ikkje ueinig i det heller, for det som kanskje er krevjande i helsetenesta vår – så fragmentert den trass alt er – er å sikra det som er enkelt, det som er heilt basalt.

Statsråden sa at det handlar om langvarige relasjonar, bustad, «det gylne øyeblikket», arbeid og aktivitet og grunnleggjande helsehjelp, og det er heilt rett, men særleg det siste. Først og fremst handlar det om at dei ikkje døyr, at dei ikkje tar livet sitt. Når det er kome så langt, er det faktisk det det handlar om.

Så er det dette med ACT- og FACT-team og styrking av rus, psykisk helse: Sjølvsagt er dette den plattforma som vi må ha, dei rammene som vi må ha der ute, for òg å hjelpa denne gruppa. Men eg trur at vi kan ha masse ressursar til psykisk helse, masse ressursar til kommunane og til helsetenesta – og likevel kan denne gruppa på ein måte forsvinna mellom alle stolar. For det handlar òg om system, både i kommunane og på sjukehusa, og så handlar det om systemsamarbeid mellom dei to.

Og det er jo rart, når vi høyrer om Mia, som har hatt 24 akuttinnleggingar på eitt år i psykisk helsevern: Uavhengig av om ein har eit slikt eller sånt tilbod, meiner eg at det er urovekkjande at det ikkje vert tatt grep. Eg må få seia det, for da vert det jo òg mykje vanskelegare å oppdaga dei som faktisk er i faresona og setja inn tiltak tidlegare, slik at ein ikkje vert skada. For jo lenger det går, og jo meir skada ein vert, jo vanskelegare vert det å få eit betre liv igjen, jo vanskelegare å behandla.

Eg kunne ønskt at statsråden sa noko om tvangsproblematikken, for det er ei kjensgjerning at for nokon av desse er det slik at for lite tvang òg kan vera skadeleg. Dette med tvang frå kommunen si side har kome opp, no når det er vanskelegare å tvangsinnleggje når ein er samtykkekompetent, noko som alle er einige i. Eg synest dette òg er noko ein må tora å diskutera. Eg veit det skal koma eit utval som seier noko om dette, men likevel ville det vera bra om statsråden sa noko om dette.

Statsråd Bent Høie []: Takk for en god debatt. Jeg oppfatter at det ikke er noen uenighet om hva som er vårt felles mål. Det er også veldig mye enighet om virkemidlene.

FACT- og ACT-team vil etter min oppfatning være en veldig god måte å jobbe på for dem som har så store og sammensatte behov. Representanten Toppe har helt rett i at vi må håpe at vi i framtiden klarer å ha en helsetjeneste som er organisert slik at vi klarer å fange opp folk tidligere, før det går så lang tid, og at man får mer systematisk hjelp. Jeg har stor tro på at hvis vi lykkes med det arbeidet som nå er i gang med pakkeforløp – et system for å håndtere og gi oppfølging og behandling til den enkelte og organisere tjenestene på et tidligere tidspunkt, som dette vil bidra til – vil vi forhåpentligvis unngå at noen kommer i den situasjonen at de har behov for så sammensatte tjenester som det som er utgangspunktet for denne debatten.

Så tar representanten opp spørsmålet om tvang. Mitt utgangspunkt er at jeg er bekymret for tvangsbruken i den norske helsetjenesten. Fordi variasjonen er så stor, er det all grunn til å tro at det er for høy bruk av tvang.

Så er det selvfølgelig også, som representanten var inne på, noen ganger riktig å bruke tvang. Det er f.eks. riktig å bruke tvang hvis man er redd for at en person kan ta sitt eget liv. Man kan bruke tvang hvis man er redd for at en person utgjør en alvorlig fare for andre.

Så har vi behov for en grunnleggende diskusjon om regelverk og lovgivning på dette området. Derfor er jeg glad for at det nå er ganske kort tid til tvangslovutvalget legger fram sine forslag. Tvangslovutvalget skal nettopp se på regelverket på dette området, som jo i dag i veldig stor grad ikke er tilpasset den enkelte bruker, fordi vi har ulikt regelverk innen psykisk helse, rus, somatikk, og kommunene og spesialisthelsetjenesten har ulikt regelverk.

Mange har, som vi har vært inne på i denne debatten, samtidige rusrelaterte, psykiske og somatiske helseutfordringer. De får samtidig hjelp både fra kommune- og spesialisthelsetjenesten, og man kan selv tenke seg hvor mange mulige kombinasjoner det er av tvangsregelverk i møte med en person, og det blir komplisert. Jeg er veldig spent på det arbeidet tvangslovutvalget har gjort. Jeg er sikker på at det vil føre til mye debatt videre om nettopp det temaet.

Presidenten: Debatten i sak nr. 9 er avslutta.